Prop. 105 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane er vurdert av Statens vegvesen gjennom bruk av Regional transportmodell (RTM) og empiriske trafikkdata. Erfaringar frå andre bompengeprosjekt er også nytta. Den endelege tilrådinga byggjer på ei samanstilling av resultata frå dei ulike analysane og ei vurdering av desse.

Trafikktala er kalkulerte med utgangspunkt i trafikken på ferjesambanda Mortavika – Arsvågen og Mekjarvik – Kvitsøy. Årsdøgntrafikken var i 2015 på 4 180 køyretøy i sambandet Mortavika – Arsvågen og 140 køyretøy i sambandet Mekjarvik – Kvitsøy. I sambandet Mortavika – Arsvågen utgjer tungtrafikken om lag 15 pst. av den totale trafikken. Då dette er ei viktig lokal og regional transportåre for næringslivet og godstransporten, er det lagt til grunn like mykje tungtrafikk i det nye fastlandssambandet. Dette påverkar den totale trafikkveksten som kan forventast på strekninga, fordi prognosane for framtidig trafikkutvikling har ein høgare vekst for tunge køyretøy enn for lette.

Med bakgrunn i dette legg Statens vegvesen til grunn at med ein gjennomsnittleg bompengetakst på 374 kr per køyretøy i 2017-prisnivå, vil årsdøgntrafikken i fastlandssambandet E39 Rogfast liggje på om lag 5 950 køyretøy i 2025.

For den generelle trafikkutviklinga er det tatt utgangspunkt i prognosane som vart utarbeidde for Rogaland i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023. Fram til 2026 er det rekna med ein gjennomsnittleg årleg trafikkvekst på 1,0 pst. som er noko lågare enn dei fylkesvise prognosane. Deretter er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1,6 pst. i perioden 2026–2030 og 1,2 pst. etter 2030.