Prop. 105 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland

Til innhaldsliste

6 Fylkeskommunal garanti

Rogaland fylkeskommune vedtok i fylkesutvalet 23. juni 2015 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for låneopptaket til bompengeselskapet på inntil 16 mrd. kr til finansieringa av E39 Rogfast, jf. kapittel 3. Ut frå planlagd framdrift for prosjektet vil lånegjelda vere høgast i 2025. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt førehandstilsegn om godkjenning av den fylkeskommunale garantien. Førehandstilsegnet byggjer på finansieringsopplegget slik det er lagt fram i proposisjonen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ta endeleg stilling til garantien etter at Stortinget har fatta vedtak i saka.

Den fylkeskommunale garantien vil først komme til utbetaling dersom det ikkje blir mogleg å handtere gjelda etter at gjennomsnittstaksten er auka med 20 pst. ut over prisstigninga og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.