Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

5 Talet på avleveringseksemplar

5.1 Bakgrunn og gjeldande rett

I samsvar med pliktavleveringslova § 4 skal dokument av papir, eller papirliknande medium, mikroformer og fotografi avleverast i sju eksemplar. Lydfesting, film, videogram, EDB-dokument og kombinasjonar av desse skal avleverast i to eksemplar, og opptak av kringkastingsprogram skal avleverast i eitt eksemplar. I instruksen1 § 2 er det fastsett føresegner om vidaresending av dei pliktavleverte eksemplara til universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Vidare skal Sametingets bibliotek i Karasjok ha eit eksemplar når det meste av innhaldet er på samisk.

Der kostnadene er særleg høge, kan ein etter pliktavleveringslova § 5 andre ledd søkje om refusjon for produksjonskostnadene.

Da pliktavleveringslova blei skriven, hadde Noreg berre fire universitet. I dag har fleire utdanningsinstitusjonar fått universitetsstatus, og mykje forsking skjer også ved høgskulane. Fordi høgskulane og dei nye universiteta ikkje er mottakarar av pliktavlevert materiale, ønskte departementet innspel om moglege endringar i fordelinga av pliktavlevert materiale.

5.2 Høyringa

Lova har som formål å gjere tilgjengeleg pliktavlevert materiale for forsking og dokumentasjon. Høyringsutkastet inneheldt to alternative forslag til kor mange eksemplar som skal pliktavleverast, og fordelinga av dette materialet. Avleveringa representerer ein kostnad for utgivaren og produsenten fordi ho skal gjerast vederlagsfritt, og kan til ein viss grad også vere eit kommersielt tap for opphavsmannen. Det er derfor sett ei grense for kor mange eksemplar som kan krevjast.

Begge forslaga i høyringa hadde som formål å gi alle forskingsinstitusjonane betre tilgang til det pliktavleverte materialet og å bidra til eit meir effektivt system for fordeling av dei pliktavleverte dokumenta. Det eine forslaget var avlevering av maksimalt fem eksemplar til bevaring i Nasjonalbiblioteket. Desse fem eksemplara var det tenkt skulle fordelast med eitt til sikringsmagasinet, eitt lesesaleksemplar hos Nasjonalbiblioteket og tre til fjernlån til universitets- og høgskulesektoren. Dette forslaget føreset at Nasjonalbiblioteket har eit godt fungerande depotbibliotek, og at alt utlån av pliktavlevert materiale skjer derfrå. Dette forslaget inneber også at pliktavlevert materiale ikkje vil inngå som ein del av samlingane til universitetsbiblioteka.

Det andre forslaget var avlevering av maksimalt sju eksemplar. Dei sju eksemplara blei foreslått fordelte med eitt til sikringsmagasinet, eitt lesesaleksemplar og eitt til fjernlåndepotet. Dei siste fire eksemplara tenkte ein skulle gjerast tilgjengelege for distribusjon til universitets- og høgskulebiblioteka, basert på bestillingar frå ein katalog. Nasjonalbiblioteket ville vere ansvarleg for å innrette den mest økonomiske ordninga for vidarefordeling av eksemplara, i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. Det ville vere rimeleg at dei fire universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har førsterett til materialet.

Det blei også foreslått å endre spesifikasjonen av konkrete medium til ei presisering av at både digitale og fysiske dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta, skal avleverast. Døme på kva medium dette vil omfatte, er papirdokument, lydopptak, film, video, kringkastingsprogram, e-bøker, dataspel og dokument frå Internett. Det konkrete talet på dei forskjellige medietypane innanfor maksimaltalet vil bli fastsett i forskrift.

5.3 Høyringsinstansane

Det var berre åtte av høyringsinstansane som hadde konkrete merknader til forslaget om talet på avleveringseksemplar. Universiteta var delte mellom alternativ 1 og alternativ 2, men dei var einige i at det er viktig med avlevering av det digitale grunnlagsmaterialet.

Den norske Forleggerforening ønskte å føre vidare gjeldande ordning. Dei skreiv:

Forleggerforeningen vil anbefale en videreføring av dagens ordning med 7 eksemplar, og at det ikke innføres fjernlånsordninger som vil undergrave forfatternes og forlagenes interesser.

Nasjonalbiblioteket føretrekte alternativet med fem eksemplar, med den grunngivinga at den løysinga som blir skissert for alternativet med sju eksemplar til distribusjon etter bestilling frå universitets- og høgskulebiblioteka, vil bli for ressurskrevjande.

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet meiner at høyringsrunden ikkje har gitt eit klart nok svar på om det er formålstenleg å gå ned frå sju til fem avleveringseksemplar. Nasjonalbibliotekets innspel om at det vil vere ressurskrevjande å opne for vidarefordeling av det pliktavleverte materialet etter bestilling frå dei enkelte universitets- og høgskulebiblioteka, taler for å ikkje gå inn på ei slik ordning inntil vidare.

Departementet foreslår å endre gjeldande ordning slik at sju avleveringseksemplar blir eit maksimum, jf. § 4 første ledd første punktum. Det blir da opp til Nasjonalbiblioteket å avgjere kor mange eksemplar det er behov for å avlevere innanfor denne maksimumsgrensa.

Departementet foreslår vidare å fjerne spesifikasjonen av konkrete medium i strekpunkta i § 4 og erstatte dette med ei presisering av at avleveringsplikta omfattar både digitale og fysiske dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta. Ei endring der det ikkje blir opplyst om typar medium i lova, vil bidra til å understreke at lova er medieuavhengig, og opnar for betre kostnadseffektivitet, både for produsentar/utgivarar og Nasjonalbiblioteket. Nærare føresegner knytte til talet på eksemplar av dei ulike media vil bli fastsette i forskrift. Også kven som skal få eksemplar, reglar for bruken av det digitale materialet og korleis dei avleverte eksemplara skal forvaltast, vil måtte regulerast i forskrift med heimel i denne lova og åndsverklova.

Fotnotar

1.

Instruks for institusjonar som forvaltar dokument innkomne etter lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument av 25. juni 1990

Til forsida