Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

9 Informasjonsplikt og retten til tilsvar

Behandling av personopplysningar bør som utgangspunkt skje på bakgrunn av eit informert samtykke. Det er derfor viktig at Nasjonalbiblioteket informerer om at opne, allment tilgjengelege nettsider blir samla inn og lagra for ettertida. Det må dessutan informerast om at dersom ein ikkje ønskjer at ei side skal lagrast i nettarkivet fordi ho ikkje er meint for allmenta, må ein sjølv syte for å avgrense tilgangen til ho. I praksis vil det som oftast innebere ei eller anna form for passordvern.

Ein informasjonsstrategi bør ha som mål å bevisstgjere både allmenta generelt og spesifikke målgrupper om at Nasjonalbiblioteket vil lagre nettpublisert stoff. Eit viktig tiltak er å inngå eit samarbeid med NORID1 for å nå eigarane av alle norske domene. Dette tiltaket sikrar informasjon til dei som eig eit domene, men ikkje nødvendigvis til dei som ytrar seg på dette domenet. Derfor må informasjon via NORID supplerast med meir målretta tiltak for spesifikke grupper. Det vil vere særleg aktuelt for ungdom og unge vaksne. Ein kan til dømes informere gjennom skuleverket og i lærarutdanningsinstitusjonar. Sosiale medium, faglege nettverk og interesseorganisasjonar kan vere andre relevante informasjonskanalar, i tillegg til annonseringsplassar på sentrale nettstader.

Både av omsyn til personvernet og ytringsfridommen vil det vere tenleg at Nasjonalbiblioteket etablerer ei ordning der merknader eller tilsvar kan knytast til innhald som finst i nettarkivet. Det er teknisk mogleg å knyte ein kommentar til ei gitt nettside, som kan identifiserast ved ein URL-kode. Ei slik ordning vil ein kunne gjennomføre utan at det blir gitt allmenn tilgang til arkivet for å søkje etter personopplysningar. Det vil seie at ein positivt må vite kva slags informasjon som er lagra om ein sjølv. Dersom ein ikkje veit akkurat kva som er lagra, kan ein be Nasjonalbiblioteket om å søkje opp denne informasjonen. Dette kan til dømes vere aktuelt ved identitetstjuveri. Da vil vedkomande i neste runde kunne få ei nemndavgjerd på at informasjonen skal klausulerast, eller i yttarste konsekvens slettast. Private brev som er lagde ut på ein nettstad utan at avsendaren har ønskt det, kan bli hausta. Dette er informasjon som avsendaren kan søkje tilgangsavgrensa, eller til og med sletta, om den uønskte publikasjonen blir oppdaga.

Fotnotar

1.

Registreringseininga for .no-domenet driv og held ved like den sentrale databasen for alle norske domenenamn.

Til forsida