Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

8 Tilgang til nettarkivet

8.1 Bakgrunn

Departementet meiner at den beste måten å sikre personvernet og dei kulturhistoriske omsyna på er å avgrense tilgangen til materialet. Når det gjeld materialet i nettarkivet, legg ein derfor opp til ein differensiert tilgang for å leggje til rette for ei tilstrekkeleg sikring av det materialet som inneheld personopplysningar.

8.2 Gjeldande rett

Tilgang til og bruk av både fysisk og digitalt materiale er i utgangspunktet berre for forsking og dokumentasjon, jf. pliktavleveringslova § 1.

8.3 Høyringa

Av omsyn til personvernet la departementet i høyringa opp til ei tilgangsavgrensing for materialet i nettarkivet som er strengare enn for pliktavlevert materiale elles. I tillegg til kravet om at det berre skal givast tilgang dersom materialet skal brukast til forskings- og dokumentasjonsformål, la departementet opp til at private nettsider som inneheldt sensitive personopplysningar, berre skulle opnast for tilgang for forskarar på særskild terminal ved Nasjonalbiblioteket. Klausulert materiale blei foreslått fullstendig tilgangsavgrensa i klausuleringsperioden.

8.4 Høyringsinstansane

Det var sju av høyringsinstansane som hadde direkte merknader til tilgangen til nettarkivet.

Nasjonalbiblioteket skreiv:

Nasjonalbiblioteket ser at det er behov for å begrense tilgangen til det mest sensitive materialet som er høstet fra Internett, da det kan være belastende for den det gjelder at dette forblir tilgjengelig. Ut fra et bevaringsperspektiv er en begrensning i tilgangen til dette materialet klart en bedre løsning enn at innholdet slettes fra det nasjonale minnet.
Den differensierte tilgangen som er foreslått vil gjøre det mulig å gi videre tilgang til det materialet som ikke byr på personvernmessige utfordringer, samtidig som det kun gis restriktiv tilgang etter søknad til det mest sensitive materialet. Dette er en god løsning som også er håndterbar praktisk sett.

Nasjonalbiblioteket meinte også at det er viktig at kategoriseringa blir klar, og at det må opnast for at materiale kan overførast frå éin kategori til ein annan etter nærare avtale.

Norsk Journalistlag meinte at journalistar bør ha same tilgang til materialet som forskarar.

Norsk Redaktørforening understreka at det er viktig at dokumentasjonsomgrepet ikkje blir gjort for snevert. Tilgang til denne typen historisk materiale er viktig frå ein journalistisk ståstad. Det er dessutan uklart korleis dei forskjellige kategoriane nettmateriale skal gjerast tilgjengeleg. Dei meinte dessutan at det er underleg med 70 års klausulering.

Norsk Bibliotekforening var opptekne av at pliktavlevert materiale i digital form blir gjort tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon også utanfor lokala til Nasjonalbiblioteket. Denne merknaden var knytt til alt digitalt materiale.

NTNU – Universitetsbiblioteket understreka at tilgang til nettdokument må kunne skje frå arbeidsplassane til forskarane, uavhengig av tilgangskategori. Sikring må skje på annan måte enn gjennom avgrensing til utstyr og lokalitet.

8.5 Vurdering og forslag frå departementet

Avgrensing av tilgangen til nettarkivet er både ein nødvendig og god måte å sikre personvernet på. At det er få av høyringsinstansane som uttrykkeleg har uttalt seg om dette, oppfattar departementet som eit godt grunnlag for å byggje på forslaget i høyringsnotatet.

For å imøtekome dei høyringsinstansane som har uttrykt bekymring for personvernet ved innsamling og bevaring av nettdokument, foreslår departementet å avgrense tilgangen ikkje berre til sensitive personopplysningar, men også til personopplysningar som ikkje er allment kjende. På bakgrunn av dette foreslår departementet å gi tilgang til nettarkivet i samsvar med ei inndeling av materialet i kategoriar som følgjer:

Tilgang

Materiale

Kategori 1:

Nettarkiv ope for alle

Til dømes nettsider frå statlege institusjonar

Kategori 2:

Nettarkiv ope i lokala til Nasjonalbiblioteket og universitets- og høgskulebiblioteka

Sider frå nettstader med ansvarleg redaktør for innhaldet og sider som ikkje inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende

Kategori 3:

Nettarkiv ope for forskarar etter søknad på særskild terminal ved Nasjonalbiblioteket

Digitale dokument som ikkje har vore underlagde eit redaktøransvar, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende

Kategori 4:

Nettarkiv ikkje tilgjengeleg

Klausulert nettinnhald

Materiale i kategori 1 vil vere ope tilgjengeleg på nettstaden til Nasjonalbiblioteket. Dette vil kunne omfatte digitale dokument frå nettsider frå offentlege institusjonar og sider der Nasjonalbiblioteket har gjort avtale med sideeigarar om allmenn tilgang.

Kategori 2 vil innehalde dokument med ein ansvarleg redaktør for innhaldet, slik at dei personvernrelaterte problemstillingane vil vere minimale. Denne kategorien vil ein kunne gjere tilgjengeleg på eigne terminalar ved universitets- og høgskulebibliotek.

Kategori 3 i nettarkivet vil omfatte nettsider som ikkje er underlagde eit redaktøransvar, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende. Dette vil kunne vere heimesider eller bloggar som inneheld informasjon som ikkje er enkelt tilgjengeleg gjennom andre kanalar, slik som økonomiske forhold og familiære forhold i tillegg til sensitive personopplysningar som ikkje er allment kjende. Denne delen av nettarkivet vil bli gjort tilgjengeleg berre for forskarar i lokala til Nasjonalbiblioteket, på særskilde terminalar. Tilgang til denne delen av nettarkivet kan ein berre få etter søknad.

Kategori 4 vil kunne innehalde digitale dokument som inneheld dokument med sensitive personopplysningar som kan klausulerast for ein periode. Dette vil vere nettdokument som kan innehalde personopplysningar som i dag blir rekna som sensitive, men som i eit tidsperspektiv har såpass høg bevaringsverdi at dei ikkje bør slettast frå arkivet. I Arkivverket gjer ein dei same vurderingane for arkivmateriale. Klausulert materiale skal gjerast tilgjengeleg berre etter avtale med den som har kravd klausuleringa.

Digitale dokument, det vil seie dokument som er gjorde tilgjengelege digitalt, som e-bøker, digitale aviser og filmar, vil bli gjorde tilgjengelege på tilsvarande måte som fysiske dokument, det vil seie ved pliktavleveringsinstitusjonane. Dette er Nasjonalbiblioteket og universitets- og høgskulebibliotek.

Nasjonalbiblioteket vil ha høve til å gjere digitale dokument frå Internett tilgjengelege for allmenta på nettsidene sine etter samtykke frå den som er ansvarleg for nettstaden. Dette vil først og fremst vere offisielle nettsider som høyrer til offentlege institusjonar, som til dømes regjeringa.no og stortinget.no. På same måten kan det omfatte nettsider som Nasjonalbiblioteket er bedne om å sikre, som pandemi.no, som var Helsedirektoratets informasjonssider om pandemien i 2009.

Departementet foreslår ei eiga føresegn om tilgang til materiale i det digitale nettarkivet. Bruk av pliktavlevert materiale som er opphavsrettsleg verna, skal regulerast nærare i åndsverklovgivinga.

Til forsida