Prop. 113 S (2014-2015)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

5 Saker til informasjon

5.1 Kampflybase Ørland – etableringskostnadar

Vedtak om lokalisering av kampflybasen

Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012), at hovudbasen og den framskotne operasjonsbasen for dei nye kampflya til Forsvaret skal etablerast ved Ørland hovudflystasjon og Evenes flystasjon. Det vart òg vedteke å flytte styrkeproduksjonen i Luftforsvaret knytt til luftvern og basesett frå Bodø og Rygge til Ørland. I same proposisjon vart Stortinget informert om at denne flyttinga, saman med overgangen frå ein struktur med F-16-fly i Bodø og på Ørland til ein struktur med F-35-fly på Ørland med ein framskoten operasjonsbase på Evenes, ville krevje ei nyinvestering i basestrukturen på om lag 5 100 mill. kroner (2011-kroner). I brev av 19. april 2012 frå Forsvarsdepartementet vart Utanriks- og forsvarskomiteen gjeve eit fullstendig oversyn over dei på det dåverande tidspunktet kjende kostnadane knytte til basealternativa Ørland, Bodø og Evenes. Dei estimerte kostnadane inkluderte, i tillegg til nyinvesteringar, òg tiltak for utbetring og fornying av eksisterande bygg og anlegg i basealternativa. Denne informasjonen, som var ein del av grunnlaget (konseptuell løysing) for å tilrå ny kampflybaseløysing, vart lagt ved Innst. 388 S (2011–2012) i samband med Stortinget si handsaming av saka. Den konseptuelle løysinga vart kvalitetssikra i tråd med retningslinene for store statlege investeringar.

Justeringar lagt fram for Stortinget i etterkant av stortingsvedtaket

Stortinget vedtok seinare gjennom handsaminga av Innst. 375 S (2011–2012), jf. Prop. 111 S (2011–2012), at ein skulle setja opp eit eige kapittel i forsvarsbudsjettet for å gjera dei samla kostnadane for anskaffinga av F-35-flya og baseløysinga for dei nye flya meir synlege. Stortinget vart gjennom Prop. 1 S (2012–2013) informert at ein ville skilja kostnadane ved å etablera kampflybasen for F-35-flya og den framskotne operasjonsbasen på Evenes frå kostnadane knytte til flyttinga av Luftforsvaret sine avdelingar frå Rygge og Bodø til Ørland. På grunn av desse endringane vart kostnadane knytte til F-35 basestruktur på Ørland og Evenes endra til 4 850 mill. kroner (2012-kroner). Rekna i 2015-kroner er denne kostnaden 5 203 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2014–2015).

Status i arbeidet med å etablera den nye kampflybasen på Ørland

Forsvarsdepartementet har i samarbeid med Forsvaret, etter at desse vedtaka vart gjort, vidareutvikla operativt konsept, konseptet for styrkeproduksjon og vedlikehaldskonseptet for F-35, og gjort nye utgreiingar baserte på dei føresetnadane som låg til grunn for baseløysinga i Prop. 73 S (2011–2012). I tillegg er ny reguleringsplan for Ørland hovudflystasjon til behandling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosessane er framleis ikkje endeleg avslutta, og kostnadskonsekvensane er difor heller ikkje endeleg klarlagde. Kostnadane ved å innløysa eller gjennomføra støytiltak på støyfølsame bygg avheng av dei endelege reguleringsføresegnene, og kan eventuelt verta vesentleg auka samanlikna med tidlegare kostnadsoverslag frå Forsvarsbygg.

Gjennom dei nye utgreiingane har ein vidare funne at kostnadane for nokre av tiltaka for å etablera den nye kampflybasen er høgare enn kostnadane som var lagde til grunn i baseutgreinga frå 2011. Det ville òg vore tilfelle for dei andre basealternativa. Om ein til dømes hadde vald å leggja basen i Bodø eller Evenes, ville etablering av skvadronsbygg og vedlikehaldsbygg fått den same auke i kostnadar som på Ørland. Mellom anna er kvadratmeterprisen i dag høgare, både grunna høgare prisar i byggemarknaden og at ein no står overfor strengare krav til informasjons-, materiell- og personelltrygging. Til dømes ser ein i prosjekteringa av spesialbygga for F-35-flya at kvadratmeterprisen vil verta nærast dobbelt så høg som det ein la til grunn i 2011.

Den venta kostnaden på 5 203 mill. kroner (2015) som Stortinget allereie er orientert om, vil framleis dekkje dei fleste av dei nye behova knytte til baseløysinga for F-35. Etablering av nytt ammunisjonslager og kostnadar for å betra støyisoleringa av eigne bygningar inne på Ørland hovudflystasjon kan likevel ikkje lengre realiserast innanfor dei opphavlege føresetnadane for baseløysinga. Gjennomføringa av desse to prosjekta er venta å føra med seg ein kostnad på rundt 460 millionar kroner utover den opphavelege utrekna kostnaden for baseløysinga. Det same forholdet gjer seg òg gjeldande for investeringar i bustadar og kvarter for befal og vernepliktige mannskap på basen. Dette er personellrelaterte investeringar som både er naudsynte for å etablera den nye kampflybasen for F-35 og som samstundes støttar opp under omstillinga av Luftforsvaret. Kostnadane til nye bustadar og kvarter er òg venta å kome på om lag 460 millionar kroner.

Samla vil etableringa av F-35-basen på Ørland og omstillinga av Luftforsvaret krevje EBA-investeringar for om lag 920 millionar kroner utover den opphavelege kostnaden for baseløysinga. Det er i tillegg til dette framleis noko uvisse knytt til kostnadar rundt trygging av basen og tryggingsnivået til garasjane som skal nyttast for F-35-flya. Arbeidet med konseptet for trygging av F-35-flya må mellom anna måtte vurderast i lys av den endra tryggingspolitiske situasjonen, og dette kan leia til at det vert naudsynt med eit høgare tryggingsnivå for garasjane enn det som var lagt til grunn i 2011. Kostnadane for desse tiltaka, og konsekvensane av reguleringsplanvedtaket, vil ikkje vera endelege klare før konsept- og kravstillingsarbeidet er avslutta.

Behov for fornying av eldre bygningar ved Ørland hovudflystasjon

Det er i tillegg til behovet for nyinvesteringar identifisert eit stort behov for å fornya mange av dei eksisterande bygningane på Ørland. Dette vart som tidlegare nemnd allereie peika på i Forsvarsdepartementet si konseptuelle løysing for lokalisering av den framtidige kampflybasen frå 2011. Målet med denne fornyinga var å syta for at basen på Ørland hadde dei bygningane Luftforsvaret treng, utover det ein skulle byggja for F-35-flya, i heile levetidsperspektivet til dei nye kampflya. For Ørland var det venta at denne fornyinga ville kosta 3 904 mill. kroner (2011-kroner).

Forsvarsdepartementet har no sett på behovet for fornying av bygningsmassen på Ørland, som ikkje er knytt til F-35-flya, i meir detalj. Gjennom inspeksjonar av bygningane på Ørland har ein funne ut at desse er i dårlegare stand enn det som vart lagt til grunn i 2011. Mellom anna er det identifisert behov for å forsera fornyingstiltak av eksisterande vern og trygging av basen, rullebanen, banelys, brannøvingsfelt, idrettshall, bustadar, mannskapsforlegningar, vedlikehaldsfasilitetane for bakkemateriell og forsyningsbygga. Dette er investeringar som var inkludert i kostnadsbiletet i den konseptuelle løysinga frå 2011, men som må gjerast tidlegare enn føresett. Samla har ein funne behov for å gjennomføra fornyingstiltak for om lag 2 510 millionar kroner i perioden frå 2015 til 2027.

Avslutning

Dei identifiserte behova for å auka investeringane knytte til realiseringa av kampflybasen og naudsynte fornyingstiltak på Ørland, vil verta dekte over Forsvarsdepartementet sine budsjettpostar. Departementet vil arbeida vidare for å sjå om det er mogeleg å redusera kostnadane for realisering av kampflybasen.

Det er viktig å understreka at endringane i behov og krav til dei ulike bygga i baseløysinga for F-35-flya på Ørland òg ville ha påverka dei andre forslaga til basealternativ på tilsvarande måte. Samla er det difor Forsvarsdepartementet si vurdering at skilnaden i det totale kostnadsbiletet mellom Ørland og dei andre alternativa, som vart utgreia i den konseptuelle løysinga, ikkje er avgjerande endra sidan basevalet vart tatt.

5.2 Ørland hovudflystasjon – baneforlenging

Ørland hovudflystasjon skal tene både sivil og militær lufttrafikk. Både militære og sivile direktiv, forskrifter og retningsliner vert lagde til grunn når det gjeld teknisk utforming og kvalitet på basen sine flyoperative flater. Lengda på hovudrullebanen skal tilfredsstille nasjonale behov knytte til å utføra styrkeproduksjon med F-16 og dei nye F-35-flya, og NATO sitt operative krav til banelengde for overvakingsflyet AWACS. Samstundes skal rullebanen vera rusta til å tene operative behov og transportbehov, mellom anna trafikk med større transportfly og tankfly.

Lengda på den eksisterande rullebanen på Ørland hovudflystasjon er 2 714 meter. For at Ørland hovudflystasjon skal tilfredsstilla nasjonale styrkeproduksjonsbehov ved innføring og bruk av F-35-flya og NATO sitt operative krav til banelengde for ein AWACS-base, er det behov for å forlenga rullebanen. I tillegg er det behov for å gjennomføra omfattande fornyingstiltak relatert til banelys og toppdekke på den eksisterande rullebanen. Desse tiltaka måtte ein ha gjennomført uavhengig av etablering av ny kampflybase på Ørland hovudflystasjon. Det er òg meldt inn behov for å byggja ei ny armerings-/omlastingsplattform og fornya meir av elektro-infrastrukturen på dei resterande flyoperative flatene. Omfang og tidspunkt for ei gjennomføring av desse tiltaka er ikkje endeleg fastsett.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget hausten 2015 med meir informasjon om saka.

5.3 Einskapshelikopter til Forsvaret

Prosjektet Einskapshelikopter til Forsvaret vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 7 (2000–2001) til St.prp. nr. 1 (2000–2001). Prosjektet omfattar levering av 14 NH90-helikopter til Kystvakta og fregattane. Helikoptra skulle ha vore leverte i perioden 2005–2008, men leveransane er svært forseinka. Stortinget vart i Prop. 1 S (2014–2015) informert om status i dei planlagde leveransane av NH90 maritime helikopter, og at det var risiko for at leveransen av det sjette NH90-helikopteret ville bli forseinka. Forsvaret har per april 2015 teke imot totalt fem NH90-helikopter. Det sjette helikopteret er det fyrste norske NH90-helikopteret som vert levert med sonar. Helikopteret er òg det siste i rekkja av ein såkalla Initial Operational Capability-konfigurasjon (IOC) og set standarden for industrien si løysning for korrigering av manglar på dei fem tidlegare leverte helikoptra. Det er venta at leverandøren leverer det sjette helikopteret i løpet av hausten 2015 og samstundes utbetrar manglane på dei fem tidlegare leverte helikoptra. Manglane består i feil på navigasjonssystema og individuelle avvik i produksjon på kvart einskilde helikopter.

Forsvaret skal ta imot dei nemnde seks helikoptra i ein IOC-konfigurasjon. Desse helikoptra gjev ein initiell operativ kapasitet til Kystvakta. Helikoptra oppfyller ikkje alle krava i kontrakten, men tilfredsstiller krav knytte til trening og start av ei initiell operativ og teknisk evaluering med sikte på ein begrensa operativ leveranse.

Det er viktig å streke under at kystvakthelikoptra ikkje er meint å overta Redningstenesta sine oppgåver, men at dei skal ha ei supplerande rolle ved å kunne gje støtte til søk- og redningsaksjonar, slik som omtala i Kystvaktloven § 14. Mykje har skjedd på utstyrssida etter at prosjektet vart vedteke i 2001. Sjølv om helikopteret og besetninga primært skal brukast til myndigheitsutøving og suverenitetshevding, er det ei klår forventning at Forsvaret skal støtte det sivile samfunn ved å yte helikopterstøtte til folk i naud til havs på ein god måte. Kystvakthelikoptra skal ikkje bemannast eller utrustast som redningshelikoptra, men det er likevel naudsynt å oppgradera og komplettera utrustinga til dei fartybaserte IOC-helikoptra. For å kunne oppnå ein initiell søk- og redningskapasitet, er det naudsynt å endra omfanget og bruka om lag 10 mill. kroner av avsettinga til usikkerheit til dette føremålet.

Frå januar i år har det vore mogeleg å nytta NH90 til avgrensa kystvaktsoperasjonar frå land. Frå medio 2015 skal ein kunne operera helikoptra frå kystvaktfarty, men det er hefta med uvisse om løysinga for tauing og parkering av helikopter i skipshangar vert klar i tide. Samstundes skal ein til hausten starta utprøvinga av helikoptra på fregattane.

Leveransane av den endelege versjonen, med opptil fire helikopter i året, vil gå føre seg i tidsromet 2017–2020. Prosessen med å ferdigstilla design og kvalifisera den endelege versjonen er i sluttfasen, men nokre krevjande område står att.

Kostnadsramma for prosjekt Einskapshelikopter til Forsvaret er 6 878 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetting for usikkerheit.

5.4 Ubåtkapasitet etter 2020

Ubåtar er ein sentral militær kapasitet for Noreg. Gjennom evne til å operera skjult, kombinert med stor slagkraft, bidreg ubåtar i stort monn til Forsvaret si avskrekkjande effekt. Ubåtar har stor innverknad på militære operasjoner i det maritime domenet, både over og under vatn, og betraktast som ein kapasitet som er av vesentleg betyding for å oppretthalda ein krigsførebyggjande terskel. For ein maritim nasjon som Noreg, er ubåtar ein av dei viktigaste kapasitetane i vårt forsvar.

Våre seks Ula-klasse ubåtar vart fasa inn i Forsvaret i perioden 1989–1992, med ei forventa teknisk levetid på 30 år, det vil seie til tidleg på 2020-talet. Ved pågåande oppdaterings- og oppgraderingsprosjekt, samt planlagt oppkjøp av kritiske reservedelar, legg Forsvarsdepartementet til grunn at Ula-klassen vil kunne haldast operativ til rundt midten av 2020-talet, med utfasing av siste farty rundt 2028. Det vert her synt til punkt 3.4 i proposisjonen om prosjekt Mellomløysing Ula-klassen, som er meint å sikra dette.

Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av norsk ubåtkapasitet. Av alternativa nyskaffing av ein ny ubåtklasse og levetidsforlenging av dagens Ula-klasse, var nyskaffing det klårt beste alternativet. Nye ubåtar, til erstatning for Ula-klassen når den har passert 35 års teneste, vil sikra at Noreg har ein relevant ubåtkapasitet for framtida. Ei levetidsforlenging ville vore hefta med stor risiko og usikkerheit. I tillegg ville kostnadane for ei omfattande levetidsforlenging vore høge i forhold til den nytta ein ville fått ut av investeringa i form av auka levetid og operativ relevans. Det vil ikkje vere mogeleg å sikra at ei levetidsforlenging av Ula-klassen vil gje akseptabel operativ yting, særleg med tanke på evne til å kunne operera skjult som er det viktigaste aspektet for ein ubåt sin operative relevans.

Prosjektet for framtidig ubåtkapasitet er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil, etter planen, bli ferdigstilt i løpet av 2016. Eit eventuelt investeringsprosjekt vil deretter bli fremja for Stortinget.

Nye ubåtar vil måtte skaffast frå utlandet då Noreg sjølv ikkje har verftsindustri med kompetanse eller tradisjonar for å byggja ubåtar. Valet av leverandørar og industrielle samarbeidspartnarar vil i alle høve ta utgangspunkt i Forsvaret sitt behov, og i forholdet mellom pris og kvalitet. Ein nyskaffing av ubåtar vil venteleg basera seg på eksisterande design frå kvalifiserte produsentar. Industrielle aspekt vil bli utgreia i inneverande fase av prosjektet, og samarbeid i ein tidleg fase mot relevant industri for å redusera prosjektrisiko vil bli fortløpande vurdert. Norsk industri har betydeleg kompetanse på enkelte delsystem til ubåtar. Det vil difor vere naturleg at kvalifisert norsk industri vurderast for eigna roller i ei framtidig ubåtframskaffing, til dømes som leverandørar av delsystem.

Tida frå kontrakt til fyrste leveranse frå ein byggeserie med ubåtar er minst sju år, og den totale leveransen vil strekkja seg over minst eit tiår. Dette inneber at eit prosjekt må verta vedteke, kontraktforhandla og sett i verk i tide slik at ein får ei erstatning på plass før alle Ula-klasse ubåtane er utfasa. Dette er ein føresetnad for at Noreg skal ha ein kontinuerlig ubåtkapasitet.

Internasjonalt samarbeid er høgt prioritert. Forsvarsdepartementet har gjennom fleire år arbeidd for å få på plass gode samarbeidsløysingar for framtidas ubåtar. Eit omfattande samarbeid opp mot ein annan nasjon synast som ei lovande løysing, men viktige avklaringar må på plass for å sikra eit langsiktig samarbeid. Arbeidet på dette området held fram opp mot aktuelle nasjonar.

Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for ubåtkapasiteten, inkludert talet på ubåtar, utrusting og operasjonskonsept, etter at definisjonsfasen i prosjektet er gjennomførd. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt skal leggjast fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.

5.5 Sensorar for militær luftromsovervaking

Forsvaret må kontinuerleg kunne overvaka norsk luftrom og tilstøytande område. Luftromsovervaking er ein viktig føresetnad for kontroll med, og hevding av, suverenitet i norsk luftrom. For å kunne møta dei operative utfordringane i framtida og ivareta ein effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, er det naudsynt å oppretthalda ein moderne og oppdatert sensorstruktur.

Store delar av dagens sensorstruktur for militær luftromsovervaking må fornyast for å møta framtida sine operative utfordringar. I tillegg er sensorane i ferd med å passera si levetid. Forsvaret nyttar i dag radarsystem til overvaking av luftrommet over Noreg, og fleire av desse radarane er no så gamle at dei snart ikkje lenger let seg vedlikehalda og halde i operativ stand innanfor akseptable kostnadar. Det vil være naudsynt å gjennomføra enkelte oppdateringar og kjøp av kritiske reservedelar for å kunne halda dagens radarsystem operativt til 2024–2026. Dei nyaste radarane (SINDRE II) har ei levetid til om lag 2030.

Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av ein kapasitet til militær luftromsovervaking. Av alternativa som blei vurderte, var ei vidareføring av eit bakkebasert radarkonsept det klårt beste alternativet. Dei andre alternativa bygde på sensorar plasserte i ulike plattformar som ubemanna fly, tradisjonelle fly, luftballongar og satellittar. Desse alternativa var urealistiske med bakgrunn i ein kombinasjon av umodne konsept, kompleksitet og tilgjengelegheit i tid.

Prosjektet for nye sensorar for militær luftromsovervaking er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil etter planen bli ferdigstilt i 2016. For å kunne møte dei operative utfordringane i framtida, samt ivareta ei effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, vil val av teknologi bli gjort i tett samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt. Der industrien kan kome med nyttige bidrag, vil han bli spurd til råds.

Det er etablert eit statleg nordisk samarbeid, under leiing av Sverige, for å vurdera ei felles anskaffing av bakkebaserte sensorar. Samarbeid med andre nasjonar kan òg være aktuelt. Forsvaret samarbeidar òg med Avinor AS om utveksling av radardata.

Tida frå kontrakt til fyrste leveranse av nye sensorar vil vere minst to år. Den totale leveransen vil strekkje seg over endå fleire år, avhengig av endelig ambisjon og talet på sensorar. Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for sensorkapasiteten, inkludert talet på og type sensorar, plassering og moglegheiter for eit eventuelt samarbeid, etter at definisjonsfasen er gjennomført. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt vert lagt fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.