Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

2 Formuesskattesats for upersonlege skattytarar

I statsbudsjettet for 2022 vedtok Stortinget å auke den statlege formuesskattesatsen for personlege skattytarar og dødsbu frå 0,15 til 0,25 pst. etter framlegg frå regjeringa, jf. Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) Endring av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 punkt 4.5 og Stortinget sitt skattevedtak for inntektsåret 2022 § 2-1. Denne skattesatsen bør vere den same for personlege og upersonlege skattytarar, slik han var i 2021 og tidlegare år. Regjeringa foreslår difor å auke formuesskattesatsen for upersonlege skattytarar frå 0,15 til 0,25 pst. for inntektsåret 2022. Auken gjeld til dømes samvirkeføretak, stiftingar og sparebankar. Dei er formuesskattepliktige til staten, men ikkje til kommunane.

Endringa vil gje eit meirproveny på 180 mill. kroner påløpt. Heile provenyet vert bokført i 2023.

Departementet syner til framlegg om endring av Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2022 § 2-2.

Til forsida