Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

8 Fullmakt frå Stortinget til å innføre tolltiltak mot Russland

For land som er medlem i WTO (World Trade Organization), gjeld det eit grunnprinsipp om bestevilkårsbehandling. Dette vil seie at når eit WTO-medlem får ein handelsfordel – til dømes lågare tollsats på ei vare – skal dei andre medlemane som hovudregel få den same fordelen. Noreg og Russland er båe medlemar av WTO.

På grunn av krigen i Ukraina har EU og G7-landa sagt at dei ikkje reknar seg som forplikta til å gje Russland bestevilkårsbehandling. Noreg har òg vore med på å gje ei sams fråsegn i WTO, der vi seier at vi vil nytte dei tiltaka mot Russland som vi meiner er naudsynte for å beskytte våre grunnleggjande tryggingsinteresser. Eit slikt tiltak kan vere å gå vekk frå bestevilkårsbehandling. Formuleringane i fråsegna er henta frå reglane om tryggleiksunntak i WTO sitt avtaleverk. Land som USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand har allereie auka tollsatsane overfor Russland, medan EU ikkje har. Andre tiltak kan òg bryte med bestevilkårsprinsippet, til dømes tiltak som gjer at russiske varer og tenester ikkje får like gode handelsvilkår som andre WTO-medlemar.

Stortinget kan vedta auka tollsatsar overfor Russland, men dette kan ta noko tid. Departementet foreslår difor at Kongen i statsråd får fullmakt til å innføre tolltiltak i forskrift. Då kan Noreg raskare følgje opp med naudsynte endringar, på eige initiativ eller òg i lys av kva andre land føretek seg på området.

Departementet foreslår at Kongen i statsråd skal ha fullmakt til å innføre tolltiltak overfor eitt eller fleire land når Noreg meiner at vilkåra i tryggleiksunntaket i Generalavtalen om tolltariffar og handel 1994 (GATT 1994) artikkel XXI er oppfylte. Fullmakta gjer då at Kongen i statsråd kan innføre tolltiltak i krigstid, eller annan krisesituasjon i internasjonale høve, når Noreg meiner dette er naudsynt for å beskytte sine grunnleggjande tryggingsinteresser. Dette avgrensar fullmakta i tråd med føremålet. Departementet foreslår at fullmakta skal følgje av ei ny føresegn i stortingsvedtaket om toll for 2022.

Med ei fullmakt som nemnt ovanfor, kan regjeringa innføre fleire tiltak. Det kan særleg vere aktuelt å auke tollsatsane på russiske varer. I 2021 importerte Noreg varer frå Russland for ca. 22 mrd. kroner. Dei største varekategoriane er aluminium, mineralolje, rapsolje (mesteparten til fôr), ammoniakk, fiskefôr og bildekk. Difor kan det vere mest aktuelt å auke tollsatsane på desse varene. Det er Kongen i statsråd som etter avgjerd i regjeringa må ta ei endeleg avgjerd om å innføre eventuelle tolltiltak. Viss dette vert aktuelt, må ein fyrst vurdere dei administrative og økonomiske følgjene av tiltaka.

Viss ein skal endre tollsatsane for russiske varer, må tolletaten endre sine IT-system. Etaten har difor varsla at det kan ta noko tid frå Kongen i statsråd tek ei avgjerd om tiltak til desse kan ta til å gjelde.

Departementet syner til framlegg om vedtak om endring i stortingsvedtak om toll for 2022. Det er uklart om ei endring i vedtaket vil endre tollinntektene. Eit eventuelt framlegg om endra løyving for tollinntekter vil verte behandla i Nysalderinga for 2022.

Til forsida