Prop. 116 L (2014-2015)

Endringar i lov om lønnsplikt under permittering (arbeidsgivarperioden)

Til innhaldsliste

3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Som følgje av at arbeidsgivarperioden blir kortare, vil dei permitterte få rett til dagpengar under permittering frå eit tidlegare tidspunkt enn etter gjeldande reglar. Det vil medføre ein auke av dagpengeutbetalingane for 2015 med om lag 85 mill. kroner. Den samla effekten i 2016 er anslått til 185 mill. kroner.