Prop. 117 S (2014-2015)

Nokre saker om luftfart, veg og jernbane

Til innhaldsliste

2 Luftfartsformål

2.1 Utgreiing av ny lufthamn Bodø

Ved behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtok Stortinget å opprette ein hovudbase for kampfly på Ørland og leggje ned Bodø hovudflystasjon. Forsvaret eig i dag store areal ved Bodø flystasjon, som etter kvart skal avhendast. Det er eit lokalt ønske om at det blir bygd ein heilt ny flyplass lengre sør på Forsvaret sitt område, slik at areala nær byen blir frigjorde til byutvikling. I dag ligg Bodø lufthamn mellom byen og areala som vil bli frigjorde etter kvart som Forsvaret flytter ut.

Samferdselsdepartementet har bedt Avinor om å gjennomføre ein samfunnsøkonomisk analyse av ei ny lufthamn i Bodø. Samanlikningsgrunnlaget skal vere ei vidareføring av den noverande lufthamna med eventuelle nødvendige tilpassingar. Aktuelle aktørar skal involverast i arbeidet. Analysen skal vere ferdig innan 1. februar 2016 og vil inngå som ein del av departementet sitt arbeid med neste stortingsmelding om Nasjonal transportplan.