Prop. 117 S (2014-2015)

Nokre saker om luftfart, veg og jernbane

Til innhaldsliste

4 Jernbaneformål

4.1 Ringeriksbanen – oppheving av tidlegare vedtak om traséval

Utgreiinga av ein framtidig jernbane mellom Sandvika og Hønefoss, Ringeriksbanen, og koplingane mot planane om ny E16 på same strekning er sist omtalt i Prop. 1 S (2014–2015).

I Innst. 450 S (2012–2013) om Nasjonal transportplan 2014–2023 uttalte eit fleirtal i Stortinget at det ikkje var behov for ei ny konseptvalutgreiing for Ringeriksbanen, men bad m.a. om at Jernbaneverket fekk eit utgreiingsoppdrag der det blir vurdert utbyggingsalternativ med dobbeltspor og høgare hastigheitsstandard enn det som tidlegare har vore utgreidd. Fleirtalet la til grunn at planlegginga blir lagt opp slik at prosjektet kan startast så tidleg som mogeleg i siste seksårsperiode av planperioden. Dette er gjenteke i Innst. 13 S (2013–2014). I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 blei det sett av 1,5 mrd. kr til planlegging og oppstart av Ringeriksbanen.

Samferdselsdepartementet bad på denne bakgrunn Jernbaneverket, saman med Statens vegvesen, om å gå gjennom og supplere føreliggjande utgreiingar før det blir teke stilling til oppstart av planlegging etter Plan- og bygningslova. Det tverretatlege arbeidet har samanheng med dei tette koplingane ei ny jernbanelinje til Hønefoss vil ha mot planane for ny E16 på same strekning. Etatane har i tre ulike rapportar, den siste overlevert i månadsskiftet januar/februar 2015, gitt ei rekkje tilrådingar for det vidare arbeidet. Dei tilrår m.a. ein meir eller mindre felles trasé for både veg og jernbane frå Kroksund til Hønefoss. Utgreiingane viser at det med ulike grep er mogleg med ei rask planlegging med byggjestart i begynninga av siste seksårperiode i planperioden 2014–2023.

Stortinget har behandla Ringeriksbanen fleire gonger. I samband med Innst. S. nr. 67 (2002–2003), jf. St.prp. nr. 66 (2001–2002), gjorde Stortinget vedtak om trasé for banen. Det blei vedteke at den vidare planlegginga av nedkortinga av Bergensbanen (Ringeriksbanen) tek utgangspunkt i korridoren over Åsa. M.a. i Innst. S. nr. 13 (2007–2008) bad eit fleirtal på Stortinget om at Kroksundalternativet blei vurdert på nytt. Ei slik vurdering er no gjort i det tverretatlege arbeidet, og dei to transportetatane tilrår ein annan trasé enn det gjeldande stortingsvedtaket.

Ringeriksbanen er eit svært stort prosjekt, og tilrådingane frå dei to etatane blir derfor no kvalitetssikra eksternt. Kvalitetssikringa er venta å vere ferdig i juni 2015. Deretter tek regjeringa sikte på å behandle saka.

Ei avgjerd om oppstart av formell planlegging av Ringeriksbanen er bunden av Stortingets tidlegare vedtak om traséval. Samferdselsdepartementet meiner at planlegginga av Ringeriksbanen ikkje bør vere avhengig av tidlegare stortingsvedtak om traséval, og foreslår derfor at dette blir oppheva. Det er normalt regjeringa som tek stilling til overordna traséval for ulike veg- og banestrekningar. For å få gjennomført ein raskast mogleg planprosess i tråd med nemnde innstillingar frå Stortinget, vil det vere teneleg om regjeringa, slik det er vanleg i denne typen saker, tek endeleg stilling til trasévalet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake med ei orientering i budsjettproposisjonen for 2016.

4.2 Driftsansvaret for godsterminalar

Jernbaneverket tok i 2014 over driftsansvaret for godsterminalar med tilhøyrande jernbaneinfrastruktur som tidlegare var drifta av CargoNet/RailCombi, jf. Prop. 93 S (2013–2014) og Prop. 1 S (2014–2015) for Samferdselsdepartementet. Det ble samtidig vedteke at Jernbaneverket skulle setje ut sjølve terminaldrifta på konkurranse. Jernbaneverket arbeider med å leggje til rette for konkurranseutsetting av denne. I første omgang gjeld det terminalane på Ganddal og Brattøra.

Jernbaneverket har oppretta ei eiga eining som skal ha ansvaret for forvaltninga av godsterminalane.

Jernbaneverket har teke over ansvaret for innpasseringskontrollen på Brattøra og Alnabru godsterminal og eigarskapen til dei fastmonterte lastekranene på Alnabru. Vidare har Jernbaneverket gjennomført strakstiltak for å betre tryggleiken på dei godsterminalane som etaten har teke over. Etaten har òg sett i gang arbeidet med å kjøpe eit terminaloperasjonssystem. Systemet skal leggje til rette for betre utnytting av areala som eit ledd i arbeidet med å effektivisere godstransporten med jernbane. Systemet er òg viktig for betre å ivareta tryggleiken på godsterminalane.

Jernbaneverket har berekna utgiftene til desse aktivitetane til 62 mill. kr i 2015. Utgiftene blir dekt innanfor gjeldande løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald.