Prop. 119 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2023 m.m.)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2023 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2023 m.m.)

I

I statsbudsjettet for 2023 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

(Ny)

01

Driftsutgifter, blir løyvd med

4 164 000 000

502

71

Tariffavtalte avsetjingar m.m.

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med

11 200 000

frå kr 221 900 000 til kr 233 100 000

II

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2023 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne og Unio i samsvar med protokollen 28. april 2023 mellom staten og Akademikerne og protokollen 29. april 2023 mellom staten og Unio, jf. vedlegg 1 og 2.

III

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2023 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat og YS Stat i samsvar med protokollen 28. april 2023 mellom staten og LO Stat og YS Stat, jf. vedlegg 3.

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II eller III) som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.