Prop. 12 L (2015–2016)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn (endring i tilskottsreglane ved avviklinga av buplikta for prestane i Den norske kyrkja)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

Etter lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 19 og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn § 2 har trus- og livssynssamfunn krav på tilskott frå staten som om lag svarar til det staten har budsjettert til Den norske kyrkja, rekna per medlem. Formålet er økonomisk likebehandling av Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn.

Alle prestane får ein lønnskompensasjon frå 1. september 2015 i samsvar med avtale mellom Kulturdepartementet og tjenestemannsorganisasjonane for prestene. Budsjettverknaden av lønnskompensasjonen er rekna til 68,5 mill. kroner for 2016. Ein ytterlegare verknad på 8,5 mill. kroner er resultat av at arbeidsgivar frå 1. september 2015 skal betale arbeidsgivaravgift av differansen mellom husleigeverdien som skatteetaten har bestemt for den einskilde boligen, og den husleiga som prestane faktisk betaler.

Dei gjeldande lovføresegnene vil føre til at løyvinga på til saman 77 mill. kroner til Den norske kyrkja som følgje av avviklinga av tenestebustad- og bupliktordninga, skal inngå i grunnlaget for statstilskott til trudoms- og livssynssamfunna. Etter departementet sitt syn er det ei urimeleg løysing.

Den norske kyrkja har framleis ei særleg tilknyting til staten. Ordninga med lønnskompensasjon til prestane må ein sjå i samanheng med at staten framleis er arbeidsgivar for prestane, og at ordninga er eit resultat av forhandlingar mellom staten og tjenestemannsorganisasjonane.

Den aktuelle løyvinga til Den norske kyrkja representerer ikkje nokon økonomisk vinst for prestane eller Den norske kyrkja. Verknaden er økonomisk nøytral, samla sett. Departementet meiner etter dette at det er grunn til å halde den aktuelle løyvinga til Den norske kyrkja utanfor tilskottsgrunnlaget til andre trus- og livssynssamfunn, sjølv om ein ikkje prinsipielt kan utelukke at løyvingane kan påverke den religiøse verksemda i Den norske kyrkja.