Prop. 134 L (2015–2016)

Endringar i burettslagslova mv. (omfanget av legalpanteretten)

Til innhaldsliste

4 Endring i husbanklova (retting av inkurie)

Stortinget vedtok lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken, jf. Ot.prp. nr. 6 (2008–2009) om lov om Husbanken, Innst. O. nr. 53 (2008–2009) og Besl. O. nr. 69 (2008–2009). Ved ein inkurie kom det inn ei endring om tilsetjingsforholdet for administrerande direktør i § 4 første ledd. Føresegna lyder: «Husbanken vert leidd av ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd.» Ordet «utnemnd» inneber etter fast språkbruk at stillinga er eit embete. Utan ei eiga føresegn om åremål i lov vil embetet då vere fast.

Riktig nemning i lova skulle vore «vert tilsett» av Kongen i statsråd, slik gjeldande rett hadde vore sidan Husbanken blei oppretta. Stillinga som administrerande direktør i Husbanken har vore, og skal vere, ei tenestemannsstilling med tilsetjing på åremål, og Kongen i statsråd skal ha tilsetjingsretten. Det var difor ikkje tilsikta frå departementet si side å endre tilsetjingsforholdet til administrerande direktør. Det går heller ikkje fram av Ot.prp. nr. 6 (2008–2009) elles at det skulle vere noka endring. Departementet føreslår å rette feilen, slik at direktøren framleis kan tilsetjast som tenestemann. Åremål vil bli nytta etter samtykke frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samsvar med lov om statens tjenestemenn m.m. § 3 nr. 2 bokstav f og § 3 nr. 1 i forskrift til lova.

Departementet føreslår å rette inkurien ved å erstatte «utnemnd» med «tilsett» i § 4 første ledd.

Departementet har ikkje sett det som nødvendig å sende framlegget til retting av inkurien på høyring.

Til forsida