Prop. 134 S (2016–2017)

Samferdselspakke for Kristiansandsregionen i Vest-Agder, fase 1 – forlenging av bompengeordninga

Til innhaldsliste

4 Forslag til revidert takst- og rabattstruktur

Lokale styresmakter har slutta seg til justeringar i takst- og rabattstrukturen i tråd med innhaldet i Prop. 1 S Tillegg nr. 2 (2015–2016), jf. Innst. 13 S (2015–2016). Endringane inneber at dagens rabatt på 20 pst. for lette køyretøy med lokal avtale blir ført vidare for alle køyretøy med elektronisk brikke i takstgruppe 1. For tunge køyretøy i takstgruppe 2 blir det ikkje lenger rabatt. Som kompensasjon for dette er det lagt til grunn ein reduksjon i grunntaksten for køyretøy i takstgruppe 2. Det blir inga endring i ordninga med timesregel og passeringstak. Avgrensing av rushperiodane blir også ført vidare som i dag.

Følgjande takstgrupper og takstar blir etter dette lagt til grunn for perioden som avtalen blir forlengd:

  • Takstgruppe 1 (køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): 21 kr i rushperiodane og 14 kr utanom rushperiodane. Dette er ei vidareføring av takstar som gjeld i dag.

  • Takstgruppe 2 (køyretøy med tillaten totalvekt frå og med 3 501 kg med unnatak av køyretøy i køyretøygruppe M1): 36 kr i rushperiodane og 24 kr utanom rushperiodane. Dette inneber ein reduksjon på høvesvis 6 kr og 4 kr samanlikna med takstar som gjeld i dag.

Som omtala i Prop. 1 S (2015–2016), legg regjeringa opp til ei ny organisering av bompengesektoren med fem regionale bompengeselskap. Samferdselsdepartementet føreset at Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1 blir lagt inn i eit av dei nye regionale bompengeselskapa når dei er etablerte.