Prop. 141 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet (tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans»)

Til innhaldsliste

2 Tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans»

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 77 (NY) Tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans», kan overførast

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 120 mill. kroner på posten.

Årleg blir det frakta gods som tilsvarar over 180 000 trailerar på Dovrebana. Det tilsvarer om lag 500 trailerar dagleg. Ein tredjedel av landtransporten mellom Oslo og Trondheim blir frakta på jernbane. Å frakte gods på bane er meir miljøvennleg og gir betre trafikktryggleik. Tal på persontogavgangar er redusert på Rørosbana for å kunne auke tal på godsavgangar. Innstilte togavgangar vil i stor grad bli erstatta av alternativ transport. Dette vil gi eit dårlegare togtilbod for personar som vanlegvis reiser med tog på Rørosbana, men er ei nødvendig prioritering for å kunne oppretthalde delar av den tapte godskapasiteten. Den auka godskapasiteten på Rørosbana er ikkje tilstrekkeleg til å bøte på mengda gods som til dagleg vert frakta på Dovrebana. Toga er kortare som følgje av kortare kryssingsspor, køyrelengda til Trondheim er lengre og sidan Rørosbana ikkje er elektrifisert er det nødvendig å føre fram gods med dieseldrevne lokomotiv. Dette gir samla sett lågare lønnsemd ved å føre fram gods på Rørosbana samanlikna med Dovrebana. Samferdselsdepartementet foreslår difor å opprette ei mellombels støtteordning som skal sørge for å oppretthalde nødvendig godstransport på bane så lenge det ikkje er mogleg å frakte gods på Dovrebana.

Det er mogleg etter artikkel 50 i det alminnelege gruppeunntaket til statstøtteregelverket (GBER) å gi tilskot som skal dekke tap som følgje av ei naturkatastrofe for inntil seks månader etter hendinga har funne stad. Ei slik ordning må meldast til ESA etter eigne reglar. Støtte utover unntaksperioden vil bli meldt på førehand til ESA på vanleg måte.

Ordninga vil dekke tap frå dagen då brua kollapsa, 14. august 2023. Ordninga skal dekke 95 pst. av tapa mottakarane av tilskot har hatt som følgje av brukollapsen. Målgruppa for ordninga er godsoperatørar som på tidspunktet for brukollapsen var tildelt ruteleiar for å frakte gods på Dovrebana og som har direkte tap som følgje av kollapsen. Tap som følgje av auka kostnadar og reduserte inntekter skal reknast ut i tråd med retningslinjer fastsett i statsstøtteregelverket. Ein uavhengig sakkunnig skal ha vurdert om det er ei direkte følgje mellom brukollapsen og tapet det blir søkt om å dekke. Dette kan til dømes vere ein uavhengig revisor eller autorisert regnskapsførar.

Jernbanedirektoratet vil få ansvaret for forvaltninga av den mellombelse tilskotsordninga. Jernbanedirektoratets ansvar omfattar mellom anna handsaming av søknader om støtte, vedtak, utbetaling og tilbakebetaling av tilskot, oppfølging og kontroll. Jernbanedirektoratet blir gitt høve til å avgjere intervall for utbetaling for tilskot. Tilskotmottakarar skal gjere rekneskap tilgjengeleg for Jernbanedirektoratet slik at samla tilskot ikkje blir høgare enn kva mottakarane har krav på. Tilskotet skal legge til rette for at selskapa som mottek støtte driv så effektivt som mogleg så lenge dei mottek støtte, slik at behovet for tilskot ikkje blir høgare enn nødvendig.

Kongen i statsråd samtykte 15. september 2023 til å utgiftsføre utan løyve inntil 75 mill. kroner i statsrekneskapen for 2023 på posten, jf. løyvingsreglementet § 11, andre avsnitt, andre og tredje punktum. Pådratte utgifter innanfor dette samtykket er omfatta av den foreslåtte løyvinga på posten.