Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

9 Mållova

Det følgjer av mållova § 1 fyrste punktum at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere likestilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Det same gjeld for private rettssubjekt når det treffer enkeltvedtak eller utferdar forskrift, jf. annet punktum. Paragrafen gir uttrykk for eit prinsipp om at norske offentlege organ pliktar å kjenne begge målformene, og at private kan nytte begge målformene når dei vender seg til offentlege organ. Dei materielle reglane i mållova «om plikt til å nytte bokmål og nynorsk» gjeld likevel berre for «statstenesta» jf. § 2 til lova.

Om statsføretak er omfatta av dei materielle reglane følgjer ikkje av ordlyden i lova. Spørsmålet er omtala i St.meld. nr. 48 (2002–2003) kapittel 12.6. Her heiter det at:

«Det har lenge vore uklårt kor langt verkeområdet for målbruksreglane strekkjer seg når det gjeld ulike statstilknytte organ eller verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga, men i staden eigne rettssubjekt, så som til dømes aksjeselskap, føretak, særlovselskap, stiftingar eller liknande.»

Vidare heiter det:

«Føretak som følgjer den ordinære statsføretakslova, bør omfattast av målbruksreglane, eventuelt med individuelle tilpassingar. Statsføretaksforma representerer ei form for fristilling frå den ordinære forvaltninga, men skal samstundes leggja til rette for å ivareta særlege sektorpolitiske omsyn og sterkare politisk styring og kontroll enn det som er tilfelle for til dømes statlege aksjeselskap. Tilknytinga til staten er dermed så pass nær at det er rimeleg å krevja at dei også tek kulturpolitiske omsyn, samstundes som dei ikkje er utsette for så sterk konkurranse frå private at slike omsyn kan representera alvorlege ulemper.»

Infrastrukturføretaket vil etter dette vere omfatta av verkeområdet til mållova.

Etter mållova § 3 kan Kongen gjere unntak, heilt eller dels, for visse organ eller verksemder som blir omfatta av verkeområdet til lova.

Samferdselsdepartementet ser ingen særskilde omsyn som taler for å gjere unntak for infrastrukturføretaket frå verkeområdet til mållova. Infrastrukturføretaket vil dermed vere underlagd mållova.