Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

8 Offentleglova

Statsføretak er omfatta av offentleglova. I § 2 er verkeområdet til lova regulert, og i fyrste ledd bokstav c og d heiter det at lova gjeld for:

  • «c) sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, og

  • d) sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.»

Statsføretak vil vere omfatta av bokstav c og d. Med heimel i offentleglova § 2 tredje ledd kan Kongen gi forskrift om at lova ikkje skal gjelde for statsføretak dersom det må reknast som naudsynt ut frå omsynet til arten av verksemda, konkurransesituasjonen eller andre særlege tilhøve. Det same gjeld dersom det gjeld unntak frå innsynsretten for det alt vesentlege av dokumenta til verksemda når særlege tungtvegande omsyn tilseier det.

Samferdselsdepartementet ser ingen særskilde omsyn som taler for å gjere unntak for infrastrukturføretaket frå offentleglovas føresegner. Infrastrukturføretaket har eit viktig samfunnsoppdrag i forvaltninga og utviklinga av jernbanens infrastruktur, og departementet meiner det er viktig at verksemda er tilstrekkeleg open og gjennomsiktig for å sikre kontrollen frå ålmenta og tilliten til det offentlege. Infrastrukturføretaket vil dermed vere underlagd offentleglova.

Det går fram av offentlegforskrifta § 11 annet ledd at eit statleg organ som utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav c, eller står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav d, er klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet har avslått eit krav om innsyn. Det vil etter dette vere Samferdselsdepartementet som vert klageinstans for infrastrukturføretakets avgjerd om avslag på krav om innsyn.