Prop. 18 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet 2018

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det er foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, til om lag 19,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1800, post 71 Tilskot til Norsk Oljemuseum.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (CIP) vart avslutta i 2013. Det er sett av 1,8 mill. kroner under posten i 2018 for å dekkje uteståande forpliktingar for den norske deltakinga i programmet. Olje- og energidepartementet er blitt underretta om at det ikkje vil bli utbetalingar til CIP i 2018.

Innlemming i EØS-avtala av forordning 714/2009 om grensekryssande krafthandel og forordning 713/2009 som sikrar norsk deltaking i EUs byrå for samarbeid mellom nasjonale reguleringsmyndigheiter på energiområdet, ACER, er ikkje tredd i kraft. Det er sett av 2,8 mill. kroner i økonomisk bidrag til ACER under posten som ikkje vil påløpe i 2018.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med til saman 4,6 mill. kroner, til 3,2 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til Norsk Oljemuseum

Utstillinga «Energi – problemet eller løsningen?» har vore i drift ved museet i fem år og Norsk Oljemuseum foreslår å skifte ut utstillinga med ei ny utstilling med nytt oppdatert og moderne innhald. Den nye utstillinga skal handle om utfordringane verda og Noreg står overfor som følgje av auka energibehov og klimaendringar. Utstillingsprosjektet har ei kostnadsramme på 5 mill. kroner. Det er foreslått at staten støttar den nye utstillinga med 1,5 mill. kroner over Olje- og energidepartementets budsjett. Norsk Oljemuseum vil medverke med 0,5 mill. kroner av finansieringa frå sin eigenkapital, mens Equinor ASA har gitt tilsegn om støtte for dei resterande 3 mill. kroner.

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, til 15 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Oljedirektoratet har motteke fleire søknader enn venta i samband med konsesjonsrunden i år i førehandsdefinerte område, TFO 2018, noko som gir auka arbeidsmengd til behandling av søknader. Arbeidet med å behandle konsesjonssøknader er gebyrfinansiert.

Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til 305,7 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 01 Gebyrinntekter.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling) er anslått å bli 10 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving. Reduksjonen skuldast mindre aktivitet i enkelte prosjekt som følgje av forseinka signering av nye institusjonsavtaler.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1815 Petoro AS

Post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS

Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast

Petoro Iceland AS har frå 2013 til 2018 forvalta statens deltakarpartar i tre utvinningsløyve på islandsk sokkel. I tråd med tilrådinga frå operatøren vart det i januar 2018 bestemt ikkje å føre vidare aktiviteten i det siste aktive løyvet. Islandske myndigheiter ser på løyvet som bortfalle.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga under post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS med om lag 1,1 mill. kroner, til 400 000 kroner for dekning av utgifter som har komme til i 2018.

Vidare er det foreslått å redusere løyvinga under post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel med om lag 18,4 mill. kroner, til 350 000 kroner for dekning av utgifter som har komme til i 2018.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

Store nedbørsmengder i slutten av oktober, kombinert med snøsmelting i fjellet, førte til store lokale overfløymingar, endringar i elve- og bekkeløp og omfattande masseavlagring i Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har berekna eit løyvingsbehov på til saman 55 mill. kroner til krise- og hastetiltak som følgje av flaumen. Krisetiltaka er berekna til 25 mill. kroner og omfattar oppreinsking og å avverje akutt fare for ytterlegare skadar. Hastetiltaka er berekna til 30 mill. kroner. Det er uvisse knytt til dei estimerte kostnadene for hastetiltak og framdrifta i arbeida då planlegginga er i ein tidleg fase.

På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med totalt 55 mill. kroner, til om lag 316,5 mill. kroner.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til internasjonale rådgivingsoppdrag og bistand innanfor vass- og energisektoren, er anslått å bli 5 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike program.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1830 Forsking og næringsutvikling

Post 70 Tilskot til Nordisk Energiforsking

Noreg medverkar til finansieringa av Nordisk Energiforsking som er finansiert i fellesskap av dei nordiske landa etter ein fastsett fordelingsnøkkel basert på landa sitt brutto nasjonalprodukt. Olje- og energidepartementet har utbetalt om lag 10,3 mill. kroner til Nordisk Energiforsking i 2018.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, til 10,3 mill. kroner.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Posten omfattar utgifter til TCM Operations DA som står for drifta av testanlegga for CO2-fangst på Mongstad og TCM Assets AS som står som eigar av anlegga ved teknologisenteret og betalar den kommunale eigedomsskatten.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 193 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med tilbakebetaling/avrekning av driftsutgifter for 2017.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2018 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpost

Gjeldande løyving 20181

Forslag til ny løyving for 2018

Endring

2440

30

Investeringar

25 000

24 000

-1 000

Sum kap. 2440

25 000

24 000

-1 000

5440

24.1

Driftsinntekter

153 200

184 000

30 800

24.2

Driftsutgifter

-28 300

-30 100

-1 800

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100

-2 100

-

24.4

Avskrivingar

-26 000

-24 000

2 000

24.5

Renter av statens kapital

-3 300

-3 100

200

24

Driftsresultat

93 500

124 700

31 200

30

Avskrivingar

26 000

24 000

-2 000

80

Renter av statens kapital

3 300

3 100

-200

Sum kap. 5440

122 800

151 800

29 000

Kontantstraum til SDØE:

Innbetalingar2

153 200

184 000

30 800

Utbetalingar3

55 400

56 200

800

Netto kontantstraum frå SDØE

97 800

127 800

30 000

1 Gjeldande løyving for 2018 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 13. desember 2017 og seinare endringar i 2018 (revidert budsjett), jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018)

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er redusert med 1 000 mill. kroner, til 24 000 mill. kroner. Nedgangen skuldast lågare investeringsoverslag for Johan Sverdrup, redusert produksjonsboring som følgje av forseinka oppstart av Cat J-riggane på Oseberg og Gullfaks, og endra boreplanar for enkelte felt.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 30 800 mill. kroner, til 184 000 mill. kroner. Auken skuldast høgare prisføresetnader for olje og gass. Vidare blir noko høgare gassproduksjon motverka av noko lågare oljeproduksjon. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2018 på 632 kroner per fat samanlikna med 519 kroner per fat i revidert budsjett 2018.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 1 800 mill. kroner, til 30 100 mill. kroner. Auken skuldast høgare tariffkostnader grunna auka sal av gass, høgare produksjonskostnader med venta auke i vedlikehaldskostnader i fjerde kvartal, og auka kostnader til kjøp av tredjepartsgass.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 2 000 mill. kroner, til 24 000 mill. kroner. Nedgangen skuldast oppdatert reservegrunnlag, og lågare sal av olje og investeringar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 200 mill. kroner, til 3 100 mill. kroner. Nedgangen skuldast oppdatert rentesats.

Endringar i underpostar omtalt over medfører at overslaget for driftsresultatet til SDØE er auka med 31 200 mill. kroner, frå 93 500 mill. kroner til 124 700 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 97 800 mill. kroner til 127 800 mill. kroner, ein auke på 30 000 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2018.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Tabell 2.2 Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande overslag

Nytt overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-80 000

-106 500

-26 500

24.2

Driftsutgifter

75 200

101 700

26 500

24.3

Avskrivingar

4 600

4 600

-

24.4

Renter av statens kapital

200

200

-

24.5

Investeringsformål

0

0

-

24.6

Reguleringsfond

-5 000

-5 000

-

24

Driftsresultat

-5 000

-5 000

0

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 26,5 mill. kroner, til 106,5 mill. kroner. Auken skuldast høgare omsetning som følgje av auka oppdragsmengde, i hovudsak i region Vest.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 26,5 mill. kroner, til 101,7 mill. kroner. Auken heng saman med utgiftsauke til varer, tenester og underleveransar som følgje av den auka aktiviteten.

Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

NVE Anlegg legg opp til å selje utstyr mv. som til saman er venta å gi netto om lag 1,4 mill. kroner i auka inntekter, jf. kap. 5490, post 01 Sal av utstyr mv. Det er foreslått at NVE Anlegg kan nytte salsinntektene til investeringar i nytt utstyr.

På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,4 mill. kroner.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 02 Ymse inntekter

Gjennom behandlinga av Prop. 119 S (2014–2015), jf. Innst. 360 S (2014–2015), og Prop. 122 S (2015–2016), jf. Innst. 400 S (2015–2016), vart løyvinga til Petoro auka med høvesvis 7 mill. kroner og 5,3 mill. kroner, til dekning av ekstern juridisk og teknisk bistand i samband med to rettstvistar; Norne-Alve valdgift og kontantoppgjer Statfjord. Tvistane handla om spørsmål av teknisk karakter og gjaldt blant anna avtaler regulert av forskrift om bruk av innretningar av andre. Det var usemje om kostnadsdeling og kontantoppgjer.

Sakene er no avslutta og Petoro har orientert departementet om at 1,3 mill. kroner av midlane ikkje er nytta. Petoro vil betale tilbake dei unytta midlane til Olje- og energidepartementet.

På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,3 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til om lag 29,1 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 01 Driftsutgifter.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Posten omfattar inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomført i regi av NVE. Nytt overslag gir grunnlag for å auke løyvinga med 6 mill. kroner, til 27 mill. kroner.

Kap. 5490 NVE Anlegg

Post 01 Sal av utstyr mv.

NVE Anlegg legg opp til å selje utstyr mv. som til saman er venta å gi netto om lag 1,4 mill. kroner i auka inntekter i 2018.

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 1,6 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande auke under kap. 2490, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

Equinor ASA har utbetalt totalt om lag 10 590 mill. kroner i utbytte til Olje- og energidepartementet for tredje og fjerde kvartal 2017 og første kvartal 2018. For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2018 tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2018.

Det er på den bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 366 mill. kroner, til 14 910 mill. kroner.

Til forsida