Prop. 23 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Løyvinga på posten omfattar pliktige kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i. Kontingentane blir utbetalte i ulike valutaer, men hovudsakeleg euro og dollar.

Nye overslag viser eit mindrebehov på 152,6 mill. kroner til FN sine fredsbevarande operasjonar. Dette skuldast ein uventa budsjettreduksjon drive fram av USA. I tillegg er berre ein mindre del av den regionale vernestyrken utplassert i operasjonar i Sør-Sudan (UNMISS). Også i andre operasjonar har talet på personell vore lågare enn det mandata legg opp til og som det vart budsjettert med tidlegare.

Utover dette er det i OECD/DAC bestemt at den ODA-godkjende delen av tilskotet til FN sine fredsbevarande operasjonar, som blir budsjettert på kap. 170 FN-organisasjonar mv.,post 78 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m. no er endra frå 7 pst. til 15 pst. Dette medfører eit mindrebehov på 19,5 mill. kroner på kap. 116, post 70 og ein tilsvarande auke under kap. 170, post 78.

Det er eit meirbehov til Nordisk ministerråd på 36 mill. kroner grunna etterslep på ei rekning frå 2016. Vidare er eit meirbehov på 4,7 mill. kroner relatert til nytt NATO-hovudkvarter.

Andre justeringar (netto reduksjon 11,9 mill. kroner) er i hovudsak relaterte til lågare budsjettert forbruk i EFTA og EFTA-organ (6,4 mill. kroner), Europarådet (2,6 mill. kroner) og Den internasjonale straffedomstolen (2,6 mill. kroner),

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med netto 135,5 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

EØS-finansieringsordninga (2009–2014)

Post 75 EØS-finansieringsordninga 2009–2014, kan overførast

Post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2014, kan overførast

Løyvinga under post 75 EØS-finansieringsordninga 2009–2014 er på 549 mill. kroner og under post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2014 på 761 mill. kroner. Inkludert ubrukt løyving overførd frå 2016 utgjer disponible midlar på post 75 i alt 724,2 mill. kroner og post 76 i alt 773,6 mill. kroner.

Norge, Island og Liechtenstein har forplikta seg til å løyve inntil 1 798,1 mill. euro gjennom EØS-finansieringsordningane 2009–2014. 2017 er det siste året med løyving under desse postane.

Nye overslag frå Financial Mechanism Office (FMO) i Brussel, som m.a. byggjer på innmelde behov frå mottakarlanda av EØS-midlar, syner at utbetalingsprosenten under EØS-finansieringsordningane no er rekna til 92,7 pst. av avtalebeløpet for begge ordningane. Dette er ein auke på 0,2 prosent-poeng frå tidlegare overslag.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med til saman 255 mill. kroner, av dette

  • post 75 EØS-finansieringsordninga 2009–2014 med 107 mill. kroner

  • post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2014 med 148 mill. kroner.

Den nye EØS-finansieringsordninga (2014–2021)

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Løyvinga under post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 er på 264 mill. kroner og under post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 på 238 mill. kroner. Inkludert ubrukt løyving overførd frå 2016 utgjer disponible midlar på post 77 i alt 276,9 mill. kroner og post 78 i alt 247,7 mill. kroner.

Framdrifta i rammeforhandlingane med enkelte mottakarland går tregare enn forventa. I tillegg er framdrifta i dei landa der rammeavtalane er underteikna lågare enn forventa. Det er stor variasjon i framdrifta i mottakarlanda.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvingane med samla 241 mill. kroner, av dette

  • post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 med 124 mill. kroner

  • post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 med 117 mill. kroner.

Kap. 118 Nordområdetiltak m.m.

Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast, kan nyttast under post 01

Ved stortingshandsaminga av RNB 2017, jf. Prop. 129 S (2016–2017), Innst. 401 S (2016–2017), vart det på denne posten løyvd 5 mill. kroner til etablering av eit kompetansesenter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø. Regjeringa har bestemt at senteret skal leggjast til Nærings- og fiskeridepartementet, og i 2018-budsjettet er utgiftene til senteret foreslått løyvde under Nærings- og fiskeridepartementet.

I samråd med Nærings- og fiskeridepartementet foreslår Utanriksdepartementet at budsjettmidlar for 2017 blir overførde frå Utanriksdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet, kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Løyvinga på posten blir derfor foreslått redusert med 5 mill. kroner.

Til forsida