Prop. 24 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda.

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av desse fullmaktene sidan forrige rapportering.

4.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt om forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved to høve:

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen

Olje- og energidepartementet tok 16. desember 2014 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av gassfunnet Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen. Rutil blir bygd ut med eit produksjonsanlegg på havbotnen knytt til Gullfaks A-plattforma. Frå Gullfaks A blir gassen transportert via Statpipe til Kårstø eller via Far North Liquids and Associated Gas System (FLAGS) til St. Fergus i Storbritannia. Produksjonen er planlagt å ta til første kvartal 2017. Rettshavarane er Statoil Petroleum AS (51 prosent), Petoro AS (30 prosent) og OMV Norge AS (19 prosent).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4,6 mrd. 2014-kroner.

Plan for utbygging og drift av Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen vart vedteken ved kongeleg resolusjon 20. mars 2015.

Maria

Departementet tok 5. mai 2015 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Maria-feltet. Maria-feltet blir bygt ut med eit produksjonsanlegg på havbotnen knytt til fleire vertsplattformer. Utbyggingsløysinga utnyttar ledig kapasitet i eksisterande infrastruktur på Haltenbanken. Dette er ei kostnadseffektiv utbygging av feltet. Brønnstraumen frå Maria-feltet blir sendt til Kristin-innretninga for prosessering og måling. Oljen blir så send frå Kristin-feltet til Åsgard-feltet for lagring før utskiping med skytteltankarar. Rikgassen frå Maria-feltet vil bli eksportert via Åsgard transportsystem til Kårstø for utskiljing av NGL og kondensat. Salsgassen blir sendt vidare til marknadene gjennom Gassled. Produksjonen er planlagt å ta til hausten 2018. Rettshavarane på Maria-feltet er operatøren Wintershall Norge AS (50 prosent), Petoro AS (30 prosent) og Centrica Resources (Norge) AS (20 prosent).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 15,3 mrd. 2015-kroner.

Plan for utbygging og drift av Maria-feltet vart vedteken ved kongeleg resolusjon 4. september 2015.

4.2 Fullmakt XIII – Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

Fullmakt om overføring av eigedomsrett mot bruksrett har blitt nytta ved eitt høve:

Valemon

Rettshavarane i Valemonfeltet og Valemon Rich Gas Pipeline Joint Venture inngjekk 23. juni 2014 ei avtale om overføring av eigedomsrett til Valemon Rich Gas Pipeline. Eigarskapen vart overført til rettshavarane i Valemon Rich Gas Pipeline Joint Venture den 9. oktober 2014. Staten har ein direkte eigardel i Valemonfeltet på 30 prosent og ein eigardel på 30 prosent i Valemon Rich Gas Pipeline Joint Venture. SDØE sin del av investeringane i Valemon Rich Gas Pipeline utgjer nær 224 mill. kroner.

4.3 Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve

Fullmakt om overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve har blitt nytta ved eitt høve:

Delta S23 Parkes Tune Extension

Funnet Delta S23 Parkes Tune Extension ligg i utvinningsløyvene 104 (Oseberg Unit) og 190 (Tune Unit). I følgje petroleumsloven § 4-7, skal rettshavarane, dersom ein petroleumsførekomst strekkjer seg over fleire blokker som ikkje har same rettshavarar, bli samde om den mest rasjonelle samordninga av verksemda knytt til førekomsten og om fordelinga mellom utvinningsløyva. Olje- og energidepartementet har i et vedtak av 28. oktober 2015 godkjend denne samordningsavtalen i samsvar med petroleumsloven § 4-7.

Rettshavarane er samde om at Oseberg Unit får rett til å produsere også dei voluma av Delta S23 Parkes Tune Extension som ligg innafor Tune Unit, mot eit vederlag som vil bli fastsett endeleg på eit seinare tidspunkt når meir informasjon frå brønndata er kjend.

Avtalen dekkjer også ei mogleg framtidig frådeling av flankereservane, og seinare overføring av eigardelar dersom dette er naudsynt for at Oseberg Unit fortsatt skal kunne produsere reservane.

Olje- og energidepartementet ga 16. november 2015 samtykke til at Petoro kan delta i samordning og seinare overføring av eigardelar i utvinningsløyvene 104 og 190 i samsvar med fullmakt XV, pkt. 2 i Prop. 1 S (2014–2015).

Til forsida