Prop. 26 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Omtale av forslag til utgiftsendringar

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 555 000 kroner, frå 490,1 til 489,6 mill. kroner, for inndekning av forslag om å auke løyvinga til administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond, jf. omtale under kap. 2421, post 78.

Post 27 Etablering av støtteregister

Det blei løyvd 22,6 mill. kroner for 2022 til etablering av eit støtteregister. Ein oppdatert og meir moderne versjon av det allereie etablerte Registeret for offentleg støtte, forvalta av Brønnøysundregistra, blei peikt på som ei mogeleg tilnærming. Det har vore krevjande å vurdere korleis ei slik tilnærming kan samordnast med det arbeidet som skjer i prosjektet Digitilskudd. Oppstart av etablering av registeret er derfor forsinka, og midlane er ikkje brukt. Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering i løyvingsreglementet og samstundes sikre kontinuitet i arbeidet i første halvår 2023, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 13,2 mill. kroner, frå 22,6 til 9,4 mill. kroner, og i tillegg tilføye stikkordet «kan overførast» på posten for 2022, jf. forslag til vedtak II, 1.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

I 2022 er det løyvd 4 mill. kroner til refusjon av utgifter til pålagde miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss og i Mjøsa. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet 2 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 4 til 2 mill. kroner.

Post 80 Kompensasjonsordning for utgifter til innreisekarantene ved bruk av utanlandsk arbeidskraft

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 5 til 1,5 mill. kroner. Endringa er basert på at det er få klagesaker igjen som kan gi utbetalingar under ordninga.

Post 82 Mellombels støtteordning for publikumsopne arrangement

Ordninga blei oppretta i 2021 med ei ramme på 350 mill. kroner. Den blei vidareført for første halvår 2022 med ei ramme på 85 mill. kroner. Gjennom revidert nasjonalbudsjett 2022 blei ramma redusert til 30 mill. kroner. Ordninga er no avvikla. Innovasjon Noreg har i 2022 innvilga 13 mill. kroner i tilskot under ordninga, og dette er i hovudsak betalt ut. Det må reknast med nokre midlar til forvalting av ordninga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 16,5 mill. kroner, frå 30 til 13,5 mill. kroner.

Kap. 902 Justervesenet

Post 01 Driftsutgifter

Koronapandemien har medført lågare reiseutgifter. Dei reduserte utgiftene kan likevel ikkje motsvare dei reduserte inntektene frå gebyr og sal av tenester, då Justervesenet i perioden har hatt utgifter sjølv om dei ikkje kunne gjere inntektsgjevande oppgåver som tilsyn. Dette gjeld mellom anna utgifter til løn og andre faste kostnader. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 128,1 til 126,1 mill. kroner.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard

Post 01 Driftsutgifter

Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard forventar ikkje å bruke den totale løyvinga for 2022. Årsaka til lågare forbruk er i hovudsak lågare lønnskostnader som følgje av fleire oppseiingar, og at det tek tid å tilsetje nye medarbeidarar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 300 000 kroner, frå 61,4 til 61,1 mill. kroner.

Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast

Det er gitt ei løyving på 10,9 mill. kroner i 2022 og overført om lag 1 mill. kroner frå 2021. Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard ventar å bruke om lag 8 mill. kroner i løpet av året. Årsaka til at forbruket ikkje blir høgare i 2022, er at fleire tiltak tek lengre tid enn venta som følgje av eksterne forhold eller manglande interne ressursar til oppfølging. Dette gjeld mellom anna mogleg sikringsarbeid i Arendal, innkjøp knytt til opprydding i Folldal og sikringsarbeid ved Knaben gruver.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 10,9 til 7,4 mill. kroner.

Post 31 Miljøtiltak Løkken, kan overførast

Det er gitt ei løyving på om lag 7 mill. kroner i 2022 og overført 2,6 mill. kroner frå 2021. Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard ventar å utbetale om lag 4,3 mill. kroner i løpet av året. Årsaka til at utbetalingane ikkje blir høgare i 2022 er mellom anna manglande interne ressursar til oppfølging av tiltak.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 7 til 2 mill. kroner.

Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Fleire av prosjekta har hatt lågare framdrift enn føresett, mellom anna fordi tilgangen til anlegga til Instituttet for energiteknikk (IFE) har vore avgrensa som følgje av sikkerheitsklareringar, og at rekrutteringsprosessar og anskaffingar har teke lengre tid enn planlagt. Norsk nukleær dekommisjonering har i 2022 vektlagt planlegging av overdraging frå IFE og konsesjonssøknad, mellomlagring og handtering av brukt brensel, noko som har ført til at andre prosjekt har blitt utsett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 50 mill. kroner, frå 277,5 til 227,5 mill. kroner.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving

Berekningane for budsjettering av ordninga byggjer på faktiske utbetalingar og tal på sjøfolk for dei fem føregåande terminane og historiske utbetalingar. Gjennom året har det vore ein auke i talet på sjøfolk og høg aktivitet i skipsfartsmarknadene. Det har særleg vore auka aktivitet i den generelle tilskotsmodellen for skip i NOR. Det ventast at den auka aktiviteten vil halda fram i fjerde termin, og det ventast i tillegg ytterlegare auka aktivitet i tilskotsmodellane for petroleumsskip i NOR og konstruksjonsskip i NIS. Vidare har det vore auka lønnsnivå blant sjøfolka i ordninga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 88 mill. kroner, frå 2 205 til 2 293 mill. kroner.

Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Sjøfartsdirektoratet har ein meirinntektsfullmakt på kap. 3910, post 03. Meirinntektene på denne posten kan nyttast til å dekkje tilsvarande meirutgifter på kap. 910, post 01.

Med bakgrunn i auka inntekter under kap. 3910, post 03 gjer Nærings- og fiskeridepartementet av omsyn til realistisk budsjettering framlegg om å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 454,6 til 460,1 mill. kroner.

Kap. 912 Klagenemndssekretariatet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønns- og pensjonsutgifter og andre driftsutgifter for Klagenemndssekretariatet. Løyvinga dekkjer òg honorara og andre utgifter til nemndene.

DNB Bank ASA påklaga i desember 2021 Konkurransetilsynet sitt vedtak om å forby føretakssamanslutninga mellom DNB Bank ASA og Sbanken ASA til Konkurranseklagenemnda. Konkurranseklagenemnda tok klagen til følgje og vedtok 16. mars 2022 å oppheve Konkurransetilsynet sitt vedtak. Den 5. juli vedtok Konkurranseklagenemnda at DNB Bank ASA sine saksomkostningar skulle dekkjast med 4,2 mill. kroner. I tillegg kjem forseinkingsrenter frå vedtakstidspunktet.

Det er ikkje gitt løyving på kap. 912, post 01 til å dekkje denne type kostnader. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å auke posten med til saman 4,4 mill. kroner, frå 35,1 til 39,5 mill. kroner.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

Som ei følgje av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9,5 mill. kroner, frå 119,2 til 128,7 mill. kroner. Ein viser òg til omtale under kap. 5574, post 74.

Kap. 919 Ymse fiskeriføremål

Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Posten gjeld kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettløyve og provenyet frå produksjonsavgifta. Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 om å kome tilbake til Stortinget med endeleg løyving etter at det var tildelt nye løyve til fastpris og gjennom auksjon hausten 2022. Auksjonen blei gjennomført i oktober. Totalt vederlag frå tildeling til fastpris, vederlag frå konvertering av utviklingsløyve, vederlag frå tildeling av unntaksvekst og auksjon blei 4,28 mrd. kroner. Endeleg proveny frå produksjonsavgifta blei om lag 580 mill. kroner. Ein viser òg til omtale under kap. 3917, post 13.

I tråd med Stortingets vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 følgjer det av regelverket at kommunar og fylkeskommunar skal få 40 pst. av vederlaget frå ny kapasitet i havbruksnæringen. Regjeringa aukar overføringane til Havbruksfondet i 2022 ut over denne andelen med 800 mill. kroner, som følgje av antatt redusert auksjonsproveny på grunn av framlegget om innføring av grunnrenteskatt. Regjeringa vil gjere ei varig endring slik at kommunar og fylke med havbruk skal sitje att med ein større del av inntekter frå kapasitetsvekst i havbruk. Endringa skal sjåast i samanheng med fordelinga av grunnrenteskatten.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 596 mill. kroner, frå 497 til 3 093 mill. kroner.

Departementet gjer samstundes framlegg om å tilføye stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til vedtak II, 2. Årsaka er at utbetalinga først kan skje etter at Stortinget har gjort vedtak om løyving, og det er derfor uvisse knytt til om Fiskeridirektoratet vil rekkje å gjennomføre alle utbetalingane før årsskiftet.

Kap. 922 Romverksemd

Post 51 Eigenkapital Andøya Space, kan overførast

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) eit vilkårsbundent tilsegn om inntil 282,6 mill. kroner i eigenkapital til etablering av Andøya Spaceport, ei oppskytingsbase for små satellittar. Regjeringa avgjorde i oktober 2021 at vilkåret for tilsegna var oppfylt. Løyvinga for 2022 på 112,7 mill. kroner var basert på eit anslag. Det er inngått ei investeringsavtale mellom Andøya Space AS og eigarane Nærings- og fiskeridepartementet og Kongsberg Defence & Aerospace, og kapitalen blir utbetalt til selskapet i fleire transjer på grunnlag av framdrifta i prosjektet. Nærings- og fiskeridepartementet har hittil tilført Andøya Space 180 mill. kroner av eigenkapitalen, av dette 127,3 mill. kroner i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 14,6 mill. kroner, frå 112,7 til 127,3 mill. kroner. Det står att 102,6 mill. kroner av tilsegna frå Stortinget, som er venta utbetalt i 2023.

Ein viser òg til omtale under kap. 922, post 76.

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten for norsk deltaking i Den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Oppkallinga frå ESA for 2022 har vore høgare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett for 2022. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til ein høgare valutakurs enn den som var lagt til grunn for Saldert budsjett 2022. Det har òg vore noko etterslep på posten som ikkje har blitt gjort opp for 2020 og 2021 grunna avrekningspraksis med utbetalingar til ESA seint på året.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om samla å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner, frå 221,5 til 217,2 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og dollar. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022 bleiløyvinga auka med 5,7 mill. kroner som følgje av pris- og valutajustering av utbetalinga til den europeiske romorganisasjonen ESA og forlenging av Radarsat-avtalen med Canada.

Justert oppkalling frå ESA for 2022 og høgare valutakurs tilseier eit høgare løyvingsbehov enn det som blei lagt til grunn ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2022. Vedteke budsjett for EASP-avtalen og høgare valutakurs tilseier òg eit høgare løyvingsbehov for EASP-avtalen.

I samsvar med Radarsat-avtalen med Canada er det forventa at satellitten Radarsat-2 kan operere og levere data ut 2023. Satellitten er likevel såpass gammal at det blir vurdert som for stor risiko å betale heile beløpet allereie i 2022. Det blir derfor gjort framlegg som eit risikoreduserande tiltak at 50 pst. av beløpet til Radarsat-avtalen blir betalt i 2022 og resterande 50 pst. i 2023. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å tilføye stikkordet «kan overførast» på posten for 2022, jf. forslag til vedtak II, 3.

Det har òg vore noko etterslep på posten som ikkje har blitt gjort opp for 2020 og 2021 grunna avrekningspraksis med utbetalingar til ESA seint på året, jf. omtale under post 70.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om samla å auke løyvinga med 15,8 mill. kroner, frå 501,5 til 517,3 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilg-ninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022 blei løyvinga auka med 1,9 mill. kroner som følgje av oppdatert programbudsjett og valutakursjusteringar. Høgare eurokurs tilseier eit høgare løyvingsbehov enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 34,9 mill. kroner, frå 475,1 til 510 mill. kroner.

Post 76 Tilskot Andøya Space, kan overførast

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) eit vilkårsbundent tilsegn om inntil 83 mill. kroner i regionalstøttetilskot til Andøya Space AS, for etablering av Andøya Spaceport. Tilskotet blir utbetalt i fleire transjer på grunnlag av framdrifta i prosjektet. Løyvinga på 11,3 mill. kroner for 2022 var basert på eit anslag. 56,5 mill. kroner av tilskotet er utbetalt i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 45,2 mill. kroner, frå 11,3 til 56,5 mill. kroner. Etter dette vil det stå att 26,5 mill. kroner av tilskotet Stortinget har gitt tilsegn om, som er venta utbetalt i 2023.

Post 95 Eigenkapital Space Norway AS

Space Norway AS fekk i 2019 tilsegn om inntil 101 mill. USD i eigenkapital frå staten for å etablere eit system med to satellittar i bane over polane, som skal gi døgnkontinuerleg breiband i heile Arktis, jf. Prop. 55 S og Innst. 330 S (2017–2018). Kapitalen blir tilført selskapet over fleire år, i takt med prosjektet sitt kapitalbehov. Til og med 2021 er 54 mill. USD tilført selskapet i eigenkapital.

For 2022 blei det gitt ei løyving på 82,7 mill. kroner, tilsvarande 10 mill. USD (basert på valutakurs per 1. juni 2021). Grunna forseinkingar hos underleverandørar i prosjektet har selskapet varsla at dei ikkje treng den løyva kapitalen før i 2023. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga i 2022, og tar sikte på å kome tilbake til Stortinget om behovet for endring i løyvinga for 2023. Behov for kapital i 2023 er no estimert til 47 mill. USD, tilsvarande 510,3 mill. kroner (med valutakurs per 30. september 2022). Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2023. Med den føreslåtte løyvinga i 2023 vil heile beløpet på 101 mill. USD vere innfridd.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 82,7 mill. kroner til 0.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet

Post 01 Driftsutgifter

I 2021 var det ei meirutgift i oppdragsverksemda til Havforskingsinstituttet som i hovudsak gjaldt mindreinntekter knytt til oppdrag for Norad og FN sin organisasjon for mat og landbruk, FAO, som følgje av koronapandemien. Nærings- og fiskeridepartementet har bedt Havforskingsinstituttet om å dekkje inn 7 mill. kroner av meirforbruket i 2022 ved innsparing på kap. 923, post 01. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å tilføye stikkordet «kan nyttast under post 21» til posten, jf. forslag til vedtak II, 9. Resterande meirutgift vil bli dekt inn ved innsparingar på kap. 923, post 01 i 2023 og 2024.

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

Som ei følgje av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 17,5 mill. kroner, frå 192,4 til 209,9 mill. kroner.

Ein viser òg til omtale under kap. 5574, post 74.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Det er gitt ei løyving på 295,2 mill. kroner for 2022. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 blei det i tillegg gjort vedtak om ei tilsegnsfullmakt for posten på 1 562 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022). Løyvinga dekkjer utgifter til delvis norsk deltaking i investeringsprogrammet InvestEU og den norske kontingenten for deltaking i EU-programmet for den indre marknad som blir finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Løyvinga dekkjer òg etterbetalingane til EU-programmet for interoperabilitetsløysingar for europeiske offentlege institusjonar, bedrifter og innbyggarar (ISA2), som blei avslutta i 2020.

I 2022 er det satt av 262 mill. kroner til norsk deltaking i investeringsprogrammet InvestEU. EU er forsinka i arbeidet med vilkår for Noreg si deltaking i InvestEU. På grunn av forseinkingane blir det berre utbetalt midlar til administrasjonskostnader og norsk deltaking i InvestEU-portalen i 2022, som utgjer i overkant av 1 mill. kroner. Europakommisjonen legg opp til at utbetalinga frå Noreg til InvestEU for dei tre første åra av sjuårsperioden av programmet skjer i 2023, slik at den totale løyvinga i 2023 vil utgjere om lag 523 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet tar sikte på å kome tilbake til Stortinget om behovet for endring i løyvinga for 2023.

I 2022 er det satt av om lag 33,2 mill. kroner til å dekkje kontingenten for Nærings- og fiskeridepartementet til EU-programmet for den indre marknad og etterbetalinga til ISA2. Endelege tal frå EU justert for valutaendringar viser at dei faktiske utbetalingane til programma i 2022 vil utgjere om lag 34,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 260 mill. kroner, frå 295,2 til 35,2 mill. kroner. Forslaget inneber at tilsegnsfullmakta for 2022 må aukast med same beløp som løyvinga blir redusert med. Departementet gjer derfor framlegg om å auke tilsegnsfullmakta for 2022 frå 1 562 til 1 822 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 2.

Kap. 940 Internasjonaliseringstiltak

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

I samband med handsaminga av Innst. 463 S og Prop. 77 S (2021–2022) blei det gjort vedtak om å avvikle Eksportstrategirådet og mellom anna redusere løyvinga under kap. 941, post 01 med 16,8 mill. kroner og auke løyvinga under kap. 940, post 21 med 4 mill. kroner.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer no framlegg om at 2,5 mill. kroner blir flytta tilbake til kap. 941, post 01 fordi utgiftene knytt til avvikling av Eksportstrategirådet har auka i forhold til det som låg til grunn i Prop. 77 S (2021–2022). Framlegget kjem på bakgrunn av at det tok lang tid frå Prop. 77 S blei framlagt til vedtak i Stortinget og verksemda kunne bli avvikla.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 15,0 til 12,5 mill. kroner.

Post 70 Eksportfremjetiltak

Løyvinga skal finansiere dei nasjonale eksportfremjesatsingane som følgjer opp eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Gjennom eksportreforma Heile Noreg eksporterer blei det etablert eit Nasjonalt eksportråd som skal gje råd og innspel til næringsministeren og utforme framlegg til større strategiske eksportfremjesatsingar. Rådet er satt saman av representantar frå næringslivet og partane i arbeidslivet. Nasjonalt eksportråd arbeider no med å konkretisere dei første eksportfremjesatsingane innan havvind og meir og grønare maritim eksport, i nær dialog med norsk næringsliv, slik at satsingane er godt forankra. Dette arbeidet er ikkje fullført, og det vil derfor ikkje vere mogleg å nytte alle midlane som er sett av til formålet i inneverande budsjettår.

Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering i løyvingsreglementet og samstundes sikre kontinuiteten i arbeidet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10,7 mill. kroner, frå 45,7 til 35 mill. kroner, og i tillegg gje posten stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II, 4.

Kap. 941 Eksportstrategirådet

Post 01 Driftsutgifter

Ein viser til omtale under kap. 940, post 21. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 3,2 til 5,7 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 71 Tilskot til drift av Gruve 7, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

I Saldert budsjett 2022 blei det gitt ei løyving på 51 mill. kroner til å dekkje underskotet frå drifta av Gruve 7. Det årlege underskotet frå Gruve 7 vil avhenge av utviklinga i kolprisen. Grunna høg kolpris i slutten av 2021 og i starten av 2022 estimerte Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS i samband med revidert nasjonalbudsjett at driftstilskotet for 2022 kunne reduserast med 10,2 mill. kroner til 40,8 mill. kroner. Fordi prisen på kol har halde seg høg utover i 2022 gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga frå 40,8 mill. kroner til 0.

Post 72 Tilskot til pensjonsforpliktingar, Mantena AS

I samband med handsaminga av Innst. 401 S og Prop. 1 S (2016–2017) blei det etablert ei tilskotsordning med ei ramme på 320 mill. kroner til ei overgangsordning i Mantena AS for eldre tilsette som ikkje fekk vidareført sitt medlemskap i Staten si pensjonskasse. I revidert nasjonalbudsjett 2022 blei løyvinga auka med 26,2 mill. kroner. Etter dette er det løyvd til saman 93,1 mill. kroner. Basert på nytt anslag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner, frå 93,1 til 91,8 mill. kroner.

Kap. 970 Kystverket

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, kan overførast

For å ivareta det statlege ansvaret for fiskerihamnene er det i 2022 behov for ei omfordeling av midlane som har vore løyvd til fiskerihamner på post 60. For å dekkje forventa utgifter knytt til fiskerihamneportefølja i 2022, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å omdisponere 35,2 mill. frå kap. 970, post 60 til post 30.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 35,2 mill. kroner, frå 596 til 631,2 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg, kan overførast

Ein viser til omtale under kap. 970, post 30. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 35,2 mill. kroner, frå 35,2 mill. kroner til 0.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 71 Innovative næringsmiljø, kan overførast

Det framgår av Stortinget sitt løyvingsreglement at framlegg om løyving som hovudregel skal vere basert på dei beløp som ein antar blir kontant ut- eller innbetalt i løpet av året. Riksrevisjonen har påpekt at det på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjettområde har blitt overført betydelege beløp frå det eine året til det neste for enkelte løyvingar som har stikkordet «kan overførast». For posten til innovative næringsmiljø blei 143,7 mill. kroner av løyvingane frå 2020 og 2021 overført til 2022. For å redusere det ein antar ikkje vil bli utbetalt innan utgangen av 2022, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 75 mill. kroner, frå 121,9 til kr 46,9 mill. kroner.

Årets løyving vil bli binde opp i tilsegn innan utgangen av året, men hovudandelen av utbetalingane knytt til desse tilsegna, som vil bli delt opp i forhold til dokumentasjon på prosjektgjennomføring, vil bli forskyvd til året etter. Utbetalingane som vil finne stad under ordninga fram til utgangen av 2022, kan dekkjast av gjenståande løyving og dei overførte midlane frå 2021. For at ramma for Innovasjon Noreg til å gi tilsegn om støtte til nye prosjekt ikkje skal bli redusert som følgje av ein reduksjon i løyvinga, gjer departementet framlegg om ein ny tilsegnsfullmakt for posten på same beløpet, dvs. 75 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 1. I kombinasjon vil desse to framlegga innebere budsjettekniske endringar som ikkje vil endre tidlegare forutsetningar for løyvinga og Innovasjon Noreg sine moglegheiter til å gi tilsegn fram til årsskiftet. Departementet vil i samband med innspel til endringar på budsjettet i 2023 vurdere om det vil vere behov for å auke løyvinga for å dekkje utbetalingar i 2023 ut over det som allereie er gitt i løyving for 2023 og eventuelle overførte midlar frå 2022.

Post 75 Grøn plattform, kan nyttast under post 50, 71 og 76

Løyvinga til Grøn plattform i Innovasjon Noreg er på 217,7 mill. kroner for 2022. Ved handsaminga av Prop. 115 S (2021–2022) fekk Innovasjon Noreg ei tilsegnsfullmakt på 450 mill. kroner for å dekkje tilsegn i 2022, men som vil kome til utbetaling i seinare år. Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 103,7 mill. kroner, frå 217,7 til 114 mill. kroner. Departementet gjer samstundes framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 135 mill. kroner, til 585 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 1.

Post 76 Miljøteknologi, kan overførast

Det framgår av Stortinget sitt løyvingsreglement at framlegg om løyving som hovudregel skal vere basert på dei beløp som ein antar blir kontant ut- eller innbetalt i løpet av året. Riksrevisjonen har påpekt at det på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjettområde har blitt overført betydelege beløp frå det eine året til det neste for enkelte løyvingar som har stikkordet «kan overførast». For Miljøteknologiordninga blei 437,4 mill. kroner av løyvinga frå 2021 overført til 2022. For å redusere det ein antar ikkje vil bli utbetalt innan utgangen av 2022, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 505,1 til 205,1 mill. kroner.

Utbetalingane som vil finne stad under ordninga fram til utgangen av 2022, kan dekkjast av gjenståande løyving og dei overførte midlane frå 2021. For at ramma for Innovasjon Noreg til å gi tilsegn om støtte til nye prosjekt ikkje skal bli redusert som følgje av ein reduksjon i løyvinga, gjer departementet framlegg om å auke tilsegnsfullmakta for posten med same beløpet, dvs. med 300 mill. kroner, frå 750 til 1 050 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 1. I kombinasjon vil desse to framlegga innebere budsjettekniske endringar som ikkje vil endre tidlegare forutsetningar for løyvinga og Innovasjon Noreg sine moglegheiter til å gi tilsegn fram til årsskiftet. Departementet vil i samband med innspel til endringar på budsjettet i 2023 vurdere om det vil vere behov for å auke løyvinga for å dekkje utbetalingar i 2023 ut over det som allereie er gitt i løyving for 2023 og eventuelle overførte midlar frå 2022.

Post 77 Tilskot til verksemder som har hatt inntektsfråfall i samband med krigen i Ukraina

Ved handsaminga av Prop. 78 S og Innst. 270 S (2021–2022) blei det løyvd 55 mill. kroner til denne tilskotsordninga. Innovasjon Noreg er tilskotsforvaltar og administrerer ordninga.

Etterspurnaden etter ordninga har så langt vore låg. Søknadsfrist for ordninga er 1. desember 2022 og siste frist for å gi tilsegn om støtte er 31. desember 2022. Det er usikkert kor mykje tilskot som til slutt vil bli innvilga og utbetalt i 2022. Det er grunn til å anta at det vil være nokre oppfølgingskostnader og utbetalingar, eventuelt tilbakebetalingar, i 2023. På grunnlag av usikker utbetalingstakt gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til vedtak II, 5.

Post 78 Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond

Innovasjon Noreg har tidlegare i 2022 innvilga og utbetalt 162 000 kroner til eit distriktsretta såkornfond som fekk etterutbetalt støtte for 2021.

Årets ordinære tilskotsutbetalingar er berekna ut frå dokumenterte kostnader til forvalting i 2021 i dei to gjenverande såkornfonda og utgjer samla 1,37 mill. kroner. Dette betyr at det er eit meirbehov på 555 000 kroner på posten i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 555 000 kroner, frå 975 000 til 1 530 000 kroner.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Innovasjon Noreg tar opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa, og akkumulert. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2022 er basert på innlån som er teke opp fram til medio oktober 2022 og anslag på innlån for resten av året. Innlåna er anslått å bli høgare enn det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2022. Ein gjer òg framlegg om å auke avdraga, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,4 mrd. kroner, frå 61,6 til 69,0 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkredittordninga

Post 90 Utlån

I Saldert budsjett 2022 blei det løyvd 6 mrd. kroner til utlån under staten si eksportkredittordning. Det er betalt ut mindre i utlån enn venta i løpet av året. Nytt anslag for utlån under ordninga er 5 mrd. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 6 til 5 mrd. kroner.

Kap. 2440 og 5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2022 under kap. 2440 og 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda1

(i mill. kroner)

Kap./ post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving

Forslag til ny løyving

Endring1

Kap. 2440

Post 30

Investeringar

27 000

28 000

1 000

Sum kap. 2440

27 000

28 000

1 000

Kap. 5440

U.post 24.1

Driftsinntekter

431 500

662 900

231 400

U.post 24.2

Driftsutgifter

-40 900

-73 100

-32 200

U.post 24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-1 700

-2 000

-300

U.post 24.4

Avskrivingar

-26 100

-26 100

0

U.post 24.5

Renter av staten sin kapital

-2 300

-2 400

-100

Post 24

Driftsresultat

360 500

559 300

198 800

Post 30

Avskrivingar

26 100

26 100

0

Post 80

Renter av staten sin kapital

2 300

2 400

100

Post 85

Renter av mellomregnskapet

0

0

0

Sum kap. 5440

388 900

587 800

198 900

SDØE sin kontantstrøm:

Innbetalingar2

431 500

662 900

231 400

Utbetalingar3

69 600

103 100

33 500

Netto kontantstrøm frå SDØE

361 900

559 800

197 900

1 Beløpene i tabellen er runda av til nærmeste 100 mill. kroner.

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter + investeringar

Anslaget for kap. 2440, underpost 30 Investeringar er auka med 1 000 mill. kroner, til 28 000 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av høgare utbyggingsinvesteringar for fleire utbyggingar som Johan Castberg, Oseberg, Snorre og Gullfaks, samt høgare enn venta driftsinvesteringar på fleire felt og anlegg. Auka er delvis motverka av lågare produksjonsboring på Draugen, Kvitebjørn, Åsgard og Visund.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 231 400 mill. kroner, til 662 900 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka olje- og gassprisar. Prisen på gass er auka frå 7,6 kr/Sm3 til 13,3 kr/Sm3 i forhold til førre anslag, medan prisen på olje er auka frå 885 NOK/fat til 1 014 NOK/fat.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 32 200 mill. kroner, til 73 100 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka utgifter til kjøp av tredjeparts gass som følgje av høgare gassprisar og tredjeparts gassvolum. Produksjonskostnadene auka også som følgje av høgare kraftkostnader og auka CO2-kvoteprisar.

Anslag for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 300 mill. kroner, til 2 000 mill. kroner.

Anslag for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er auka med 100 mill. kroner, til 2 400 mill. kroner.

Endringane fører samla til at driftsresultatet anslått for SDØE er auka med 198 800 mill. kroner, frå 360 500 til 559 300 mill. kroner.

Netto kontantstraum frå SDØE er rekna ut til å auke med 197 900 mill. kroner, frå 361 900 mill. kroner til 559 800 mill. kroner.

Prisforutsetningar:

Produkt

Gjeldande forutsetningar for 2022

Nye forutsetningar for 2022

Olje (NOK/fat) – løpande

884,5

1 014

Olje (USD/fat) – løpande

99,3

104,9

Gass (NOK/Sm3) – løpande

7,60

13,3

Kondensat (NOK/Sm3) – løpande

5 563,6

5 648

Flytande petroleum, NGL (NOK/tonn) – løpande

6 906,9

6 961,8

Valutakurs (NOK/USD)

8,91

9,66

Kap. 2460 Eksportfinansiering Noreg

Post 25 Forvalting av mellombels lånegarantiordning i samband med krigen i Ukraina

Post 26 Forvalting av mellombels lånegarantiordning i samband med høge strømprisar

Post 27 Forvalting av luftgarantiordninga

Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) vil ha utgifter i 2023 til forvalting av mellombels låneordning i samband med krigen i Ukraina, mellombels lånegarantiordning i samband med høge strømprisar og luftgarantiordninga. Det er likevel ikkje gjort framlegg om løyving på disse postane i Prop. 1 S for 2023, fordi det er venta at løyvingane for 2022 vil vere tilstrekkelege til å dekkje utgifter i 2023. For at ordningane skal kunne fungere som planlagt frå starten av 2023, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om stikkordet «kan overførast» på dei tre postane, jf. forslag til vedtak II, 6-8.

Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Basert på oppdaterte prognosar frå Garantikassa for fiskarar vil stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn bli om lag 70 mill. kroner. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner, frå 90 til 70 mill. kroner.

Til forsida