Prop. 27 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Særskilde transporttiltak

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes

I 2023 er det løyvd 1 075 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 114,7 mill. kr.

Samferdselsdepartementet har avtale med Havila Kystruten AS (fire ruter) og Hurtigruten Coastal AS (sju ruter) om å drive kystruta Bergen–Kirkenes frå 2021. Havila Kystruten har i 2023 segla med to av fire skip fram til slutten av august då dei to siste skipa kom i drift. No er det normal drift. Havilas forseinkingar inneber at det samla vederlaget til operatørane i 2023 blir 960,3 mill. kr.

Kap. 4330 Særskilde transporttiltak

Post 01 Gebyr

I 2023 er det løyvd 20 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 427 000 kr.

Aktørane som driv rutegåande persontransport, betalar eit gebyr som vederlag for tilknyting og bruk av elektroniske støttesystem for billettering. Gebyrinntektene som dekkjer utgiftene til systema, blir løyvde på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 77 Kjøp av tenester frå Entur AS. I samband med Stortingets handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023), blei kap. 1330, post 77, auka med 427 000 kr som ekstraordinær prisjustering utan at inntektsposten blei auka tilsvarande.

Kap. 1332 Transport i byområde mv.

Post 63 Særskild tilskot til store kollektivprosjekt

Orientering om Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen

I Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet opplyste departementet at det statlege tilskotet til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen skulle vore utbetalt ved utgangen av 2022. Bybanen til Fyllingsdalen opna for trafikk i november 2022. I byvekstavtalen for Bergens-området er det statlege tilskotet til prosjektet fastsett til 4 417 mill. kr. Statens vegvesen har gått gjennom oppfølginga av det statlege tilskotet og har avdekt at om lag 96 mill. kr ikkje er utbetalt.

Fleire av dei andre prosjekta som får tilskot over post 63, har seinare framdrift enn rekna med, og det er derfor venta eit mindreforbruk i 2023. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det gjenståande tilskotet til Bybanen til Fyllingsdalen blir betalt i 2023, og at det blir dekt innanfor gjeldande løyving på posten. Dette endrar ikkje det avtalte samla tilskotet til dei andre prosjekta.

Til forsida