Prop. 27 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Posttenester

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av posttenester

I 2023 er det løyvd 1 366,6 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 92,3 mill. kr.

I 2022 blei det sett av 755 mill. kr til kjøp av posttenester frå Posten Bring AS. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2022 på 843 mill. kr til kjøp av posttenester som er 88 mill. kr meir enn det som blei sett av i 2022. Departementet legg opp til at Posten får etterbetalt ein ytterlegare kompensasjon for 2022 på 92,3 mill. kr, inkludert renter.

Til forsida