Prop. 28 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Delar av denne løyvinga dekker driftsutgifter ved norske utanriksstasjonar. Utanriksstasjonane sine utgifter er i lokal valuta, og kvart enkelt land sin inflasjon. Grunna svak krone mot euro og ein generell høg inflasjon i fleire land, har budsjettåret 2023 vore krevjande for Utanriksdepartementet.

Den pågåande krisa i Israel og Palestina gjer også auka driftsutgifter for Utanriksdepartementet og ved utanriksstasjonane i regionen, for å følgje opp og hjelpe norske borgarar.

Det blir gjort framlegg om å flytte 1,1 mill. kroner frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 50 Noregs forskningsråd – utanriksområdet, 19,2 mill. kroner frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 70 Nordområda. Russland og atomsikkerheit og 650 000 kroner frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 74 Forsking, dialog og menneskerettighetar jf. omtale under desse postane, for å dekke meirbehovet på kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 20,9 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I samband med gjennomføringa av det uformelle utanriksministermøte til Nato i Oslo 31. mai–1. juni 2023, blei det løyvt 98,8 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2023 under Utanriksdepartementet sitt budsjett. Rekneskapen viser eit mindreforbruk på 14,4 mill. kroner for gjennomføringa av arrangementet. Mindreforbruket kjem mellom anna frå hotelltjenester og bemanning.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 14,4 mill. kroner.

Uforutsette utgifter grunna krisa i Midtøsten

Det er særs usikkert korleis den pågåande krisa i Midtausten vil utvikle seg framover. Utanriksdepartement gjer difor framlegg om å kunne bruke delar av denne løyvinga til å dekke uforutsette og akutte meirbehov i samband med krisehandteringa i Midtøsten, til dømes utgifter til evakuering av norske borgarar som ikkje kan handsamast under kap. 100, post 90.

Post 90 Lån til norske borgarar i utlandet

Utanriksdepartementet har i handsaminga av krisa i Sudan og den pågåande krisa i Midtausten gjeve lån til eit større antal norske borgarar enn i eit normalår. Krisa i Midtausten er svært stor i omfang, og arbeidet med å få norske borgarar ut av krigen og heim til Noreg har høg prioritet.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner.

Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Den offisielle reiseaktiviteten har vore lågare enn forventa i 2023. Fleire av reisene har gått til våre naboland, noko som har gjort at utgiftene blir lågare enn forventa.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 116 Internasjonale organisasjonar

Post 70 Pliktige bidrag

Det er eit mindrebehov på posten på 46,3 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at utbetalingane til FNs fredsbevarande operasjonar blir 56,5 mill. kroner lågare enn tidlegare lagt til grunn. Dette skuldast mellom anna at operasjonen i Mali blir avslutta og aktiviteten i Somalia og Den demokratiske republikken Kongo blir redusert. I tillegg er det også nokre pliktige bidrag som blir høgare enn anteke pga. valutaendringar. Det gjeld m.a. NATO og Nordisk ministerråd.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 46,3 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Som følgje av ein stor auke i behova til mottakarlanda mot avslutninga av finansieringsperioden for EØS-finansieringsordningane, er det naudsynt for å auke løyvinga på begge postane. Det auka behovet skuldast tiltak som er gjort det siste året for å auke mottakarlanda si absorberingsevne, i tillegg til auka inflasjon og konsekvensar av krigen i Ukraina gjennom blant anna auka byggje- og forsyningskostnader. Ein del av meirbehovet skuldast også ei svekka norsk krone mot euro.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1 069 mill. kroner på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 og 360 mill. kroner på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021.

Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar

Post 50 Noregs forskningsråd – utanriksområdet

Det blei i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 gitt løyving på 1,1 mill. kroner til ekstraordinær prisjustering på posten. Utanriksdepartementet gjer framlegg om å flytta 1,1 mill. kroner frå posten til kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under denne posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner.

Post 70 Nordområda. Russland og atomsikkerheit, kan overførast, kan nyttast under post 21

Forseinkingar i prosjektgjennomføringa grunna korona og endringar i prosjektporteføljen fører til at det går mot eit mindreforbruk på posten inneverande år. I tillegg er det fleire prosjekter under tilskotsordninga Russland som ikkje kan gjennomførast som planlagd, mellom anna grunna utviklinga i Russland etter fullskalainvasjonen av Ukraina. Dette medfører et samla mindreforbruk på posten på 19,2 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å flytte 19,2 mill. kroner frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 70 Nordområda. Russland og atomsikkerheit til kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under denne posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner.

Post 73 Klima, miljøtiltak og hav mv., kan overførast, kan nyttast under post 21

Noreg bidreg med midlar til sekretariatet for Høgnivåpanelet for ein bærekraftig havøkonomi (Havpanelet). 1/3 av bidraget finansierast over denne posten som eit spleiselag mellom fleire departement, og 2/3 finansierast over bistandsbudsjettet. Som følgje av at fleire av landa i Havpanelet har kome til som bidragsytarar, blir det norske bidraget til Havpanelet lågare enn tidlegare føresett. Utanriksdepartementet gjer derfor framlegg om å føre tilbake 234 000 kroner til dei andre departementa som deltar i det norske spleiselaget. Dette gjeld Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner.

Post 74 Forsking, dialog og menneskerettighetar

Det ble i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 gitt løyving på 650 000 kroner til ekstraordinær prisjustering på posten. Utanriksdepartementet gjer framlegg om å flytta 650 000 kroner frå posten til kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under denne posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 650 000 kroner.

Kap. 3100 Utanriksdepartementet

Post 02 Gebyr for utlendingssaker ved utanriksstasjonane

Dei siste berekningane frå Berekningsgruppa for utlendingsforvaltinga (BGU) viser at inntektene på denne posten vil være omtrent 207 mill. kroner i 2023. Grunna at berekningane for 2024 ved ein feil vart lagt til grunn for framlegget til Revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart framlegget den gongen for høgt. Tala har framleis noko usikkerheit ved seg då visumgebyra betalast i Euro og antal saker kan svinge.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 46 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av naudlån frå utlandet

Utanriksdepartementet har i samband med handsaminga av krisa i Sudan og den pågåande krisa i Midtausten gjeve lån til eit større antal norske borgarar enn i eit normalår, jf. omtale under kap. 100, post 90 over. Låna vil verte tilbakebetalt over fleire år, men noko av betalinga skjer allereie i år.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 82 000 kroner.

Til forsida