Prop. 29 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

Landbruks- og matdepartementet har selt ein skogeigedom i Etne kommune og to parsellar i Tromsø kommune. Inntektene frå desse sala er førte på inntektskapittel 4100, post 40. Det blir gjort framlegg om at utgiftskapittel 1100, post 45 blir auka med 1,6 mill. kroner. Midlane blir nytta til investeringar og til vedlikehald av departementet sine eigedommar.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Grunna meirbehov knytt til oppfølging av ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland blir det gjort framlegg om ein auke på kap. 1142, post 45 med 0,5 mill. kroner. Meirforbruket blir finansiert ved å omdisponere 0,5 mill. kroner frå kap. 1142, post 80, som då blir redusert tilsvarande.

Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving

For å dekke reelt forbruk på posten knytt til utbetaling av beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening, blir det gjort framlegg om å auke løyvinga med 15 000 kroner.

Post 80 Radioaktivitetstiltak, kan overførast

I tråd med omtalen under kap. 1142, post 45 blir det gjort framlegg om at kap. 1142, post 80 blir redusert med 0,5 mill. kroner.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade – erstatningar, overslagsløyving

Løyvinga på posten er på 156 mill. kroner. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein frist for gjenoppretting på 3 år. Utbetaling av erstatning skjer når skaden er retta opp. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten, som for 2018 er på 93 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2018, og for tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2018, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 50,7 mill. kroner, og å redusere tilsegnsfullmakta med 31,6 mill. kroner, til 61,4 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak.

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast

Løyvinga for 2018 er på 69,3 mill. kroner. Tilsegn om tilskott til tømmerkaier og skogsvegar blir gitt med ein frist for gjennomføring. Det kan ta noko tid før prosjekta blir ferdige og tilskotta blir betalt ut. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten, som for 2018 er på 118 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2018, og tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2018, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 12 mill. kroner, til 57,3 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 12 mill. kroner, til 130 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

Tørke og varmt ver i vekstsesongen 2018 har gitt låge avlingar i fleire planteproduksjonar i store delar av landet. Særleg blei det ein vanskeleg situasjon for husdyrprodusentar med storfe og sau. Ved handsaminga av Prop. 119 S (2017–2018) blei det difor vedteke ei auka løyvinga på posten på 216 mill. kroner, jf. Innst. 21 S (2018–2019). Fleire satsar for erstatning blei auka, og løyvinga på posten er etter dette på 259 mill. kroner.

Regjeringa gjer no framlegg om å oppdatere prognosane for dei totale utbetalingane av erstatningar for avlingsskader. Fristen for å søkje om erstatning for avlingsskade var sett til 31. oktober 2018. Av omsyn til likviditeten til mange bønder er det lagt vekt på rask sakshandsaming. Med dei omfattande skadane som er registrert i dette året, blir prognosane svært usikre. Det er òg usikkerheit kring fordelinga av utbetalingane mellom 2018 og 2019. Dei førebelse prognosane frå fylka viser samla erstatning på opp mot 1,3 mrd. kroner. Det er prognosert at 838 mill. kroner blir betalt ut i 2018. Når ein tek omsyn til at løyvinga allereie blei auka med 216 mill. kroner tidlegare i haust, jf. Innst. S 21 (2018–2019), gjer departementet no framlegg om å auke løyvinga med 579 mill. kroner til 838 mill. kroner.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

Tørken sommaren 2018 vil påverke utbetalinga frå fleire av ordningane under denne posten.

Totalt har Landbruksdirektoratet anslått ei innsparing på 234,1 mill. kroner i prisnedskriving for norsk korn og matkorn. Prognosane er basert på rekneskapstal for kornavlinga i 2017 der vel 30 pst. blei levert i 2018. I 2017 blei det gode kornavlingar, og leveransane i 2018 er klart over eit normalår. På den andre sida er kornavlinga for 2018 prognosert til om lag 55 pst. av eit normalår. Med så låge kornavlingar er det større usikkerheit enn normalt knytt til fordelinga av leveransane mellom 2018 og 2019.

Også frakttilskotta er påverka av tørken. Det blir redusert tilskott til frakt av korn, men auka frakttilskott til frakt av kraftfôr som til ei viss grad vil erstatte ein del grovfôr. Det er òg rekna med ei auka slakting, og dermed auka tilskott til frakt av kjøt som følge av mangel på grovfôr. Landbruksdirektoratet har totalt berekna eit meirforbruk i tilskott til frakt på 26 mill. kroner.

Gode epleavlingar gir ein prognosert auke i distriktstilskott til grønt, medan lågare totalt tal på sau/lam gir mindre leveransar og tilskott til ull.

For posten totalt gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 179,8 mill. kroner, til 3 338,9 mill. kroner.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

Post 40 Salg av eigedom

Grunna inntekter frå salg av ein skogeigedom i Etne kommune og to parsellar i Tromsø kommune gjer departementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 1,6 mill. kroner.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 01 Gebyr m.m.

Revidert prognose for gebyrinntektene i år er 183,8 mill. kroner. Prognosen tilseier ei samla mindreinntekt på om lag 12 mill. kroner, der 8 mill. kroner er knytt til mindreinntekter frå tvangsmulkt. Prognosen for dei resterande gebyra tilseier ei mindreinntekt på om lag 4 mill. kroner, der hovuddelen er knytt til gebyra for høvesvis kjøtkontroll og tilsyn og kontroll med akvakulturanlegg.

Det blir gjort framlegg om at posten blir redusert med 12 mill. kroner.