Prop. 29 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 103 Regjeringas representasjon

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har i 2022 hatt fleire besøk og arrangement enn det var budsjettert for. Fleire arrangement som måtte utsetjast på grunn av pandemien har og gjort at utgiftene blir høgare enn forventa. Dette gjeld mellom anna det nordiske statsministertoppmøtet som fyrst blei planlagd i Arendal, men så utsett og flytta til Oslo, og markeringa av prinsesse Ingrid Alexandra sin myndigalder.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Den offisielle reiseaktiviteten har vore lågare enn forventa i år. Dette skuldast mellom anna pandemien og at eit kongeleg besøk til Storbritannia vart avlyst grunna dronning Elizabeth sin bortgang. Sjølv om det blir gjennomført tre større offisielle besøk for Kongehuset i haust går det mot eit mindreforbruk på posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Dei siste utbetalingane til mottakarlanda for 2022 blei utførte i oktober. Som følgje av svekka norsk krone mot euro er utbetalingane blitt noko høgare enn det som er budsjettert på postane. Noko skuldast også ein marginal auke i utbetalingsbehova frå mottakarlanda som Utanriksdepartementet fekk i september.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med til saman 147 mill. kroner, fordelt med 70 mill. kroner på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 og 77 mill. kroner på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021.

Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, 71, 72 og 73

Utanriksdepartementet rammeoverførte 3 mill. kroner til Justis- og beredskapsdepartementet for 2022 til gjennomføring av øvinga Barents Rescue (saman med Finland, Sverige og Russland). Øvinga vart kansellert som følgje av Russlands åtakskrig i Ukraina, og midlane blir difor foreslått tilbakeførte til Utanriksdepartementet.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 3100 Utanriksdepartementet

Post 02 Gebyr for utlendingssaker ved utanriksstasjonane

Talet på søknader om Schengen-visum har auka raskare enn det ein såg for seg i Revidert nasjonalbudsjett for 2022. Dei fleste landa har letta betydeleg på innreiserestriksjonane grunna covid-19-pandemien, noko som har gjort det enklare for folk å reise. Endringane medfører auka visuminntekter.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 48,1 mill. kroner.

Til forsida