Prop. 31 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Tilføying av stikkord på kap. 1330, post 63

Det er i 2016 løyvd 190 mill. kr som statleg tilskot til planlegging av Fornebubanen og til Superbuss i Trondheim på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt.

Ved behandlinga av Prop. 19 S (2015–2016) og Innst. 132 S (2015–2016) fekk posten i 2015 føydd til stikkordet «kan overførast». Posten har ikkje dette stikkordet i 2016, men det er foreslått for 2017, jf. Prop. 1 S (2016–2017).

Til planlegging av Fornebubanen blei det i 2015 løyvd 25 mill. kr, medan det i 2016 er sett av 100 mill. kr. I 2017 er det foreslått 50 mill. kr til dette prosjektet.

I 2015 og 2016 er det eit krav til utbetaling av statlege midlar til Fornebubanen at det blir inngått ein bymiljøavtale for Oslo og Akershus. Det er enno ikkje inngått ein slik avtale. Departementet foreslår derfor at stikkordet «kan overførast» blir føydd til post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt, jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida