Prop. 32 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Martin Linge

I Prop. 1 S (2016–2017) for Olje- og energidepartementet vart det varsla at departementet ville komme tilbake med ei oppdatering av Martin Linge-prosjektet i endringsproposisjon om budsjettet for 2016. I etterkant av framlegginga av Prop. 1 S (2016–2017) har operatøren av Martin Linge-prosjektet informert departementet om ein ytterlegare auke i investeringsanslaget for prosjektet på om lag 3 mrd. kroner sidan førre rapportering. Anslaget for samla investeringar er no 38,6 mrd. kroner. Samanlikna med PUD-anslaget er det ein total auke på 10,4 mrd. kroner, der 2,15 mrd. kroner er valutaendringar. Målt i norske kroner er auken på 37 prosent frå PUD-anslaget. Hovudårsaken til auken sidan 2015 er utsett produksjonsoppstart med eitt år til andre kvartal 2018, som følgje av forseinka detaljprosjektering av plattformoverbygget. I tillegg har utsetjinga medført auka kostnader knytte til sikring av personellressursar på verftet i Korea. Utsetjinga medfører òg følgjekostnader knytte til å oppretthalde prosjektteamet og å reforhandle kontraktar.