Prop. 35 S (2018–2019)

Vern av Øystesevassdraget

Til innhaldsliste

2 Økonomiske og administrative konsekvensar

NVE har gjort ei digital ressurskartlegging for små vasskraftverk som syner eit potensial i Øystesevassdraget på om lag 80 GWh/år med ei investeringsgrense på 3 kr/kWh. Produksjonspotensialet for små vasskraftverk blir redusert ved overføringar i øvre del av vassdraget.

Kraftressursane i øvre del av vassdraget ved overføring til Samnangervassdraget, som BKK Produksjon søkte om, kunne gi om lag 43 GWh/år. Øystese kraftverk hadde ein forventa produksjon på om lag 63 GWh/år, alternativt 44 GWh om overføringa BKK Produksjon søkte om hadde blitt realisert.

Begge dei omsøkte kraftprosjekta blei vurdert å ha ein positiv noverdi ut frå anslag på kostnadar og forventingar til framtidig kraftpris. Regjeringa meiner at dei negative miljømessige konsekvensane ved utbygging av Øystesevassdraget må bli tillagt betydeleg vekt, jf. omtale i vedtak av 28.8.2017. Regjeringa har etter ei samla vurdering kome fram til at dei samfunnsmessige fordelane ved dei omsøkte vassdragsutbyggingane er mindre enn dei skadane og ulemper som vert påført natur og miljø eller andre allmenne interesser.

Etter at Øystesevassdraget er verna vil NVE forvalte vassdragsvernet på same måte som i dei andre vassdraga som er omfatta av Verneplan for vassdrag. Dette kan ha konsekvensar både for aktivitet i vassdraget som blir vurdert etter vassressurslova og for tiltak i nedbørfeltet som kan gi grunnlag for motsegner etter plan- og bygningslova. NVE sine kostnadar til forvaltning av vernet vil bli dekka innanfor Olje- og energidepartementet sine budsjettrammer.

Til forsida