Prop. 44 S (2023–2024)

Utbygging og finansiering av E134 Røldal–Seljestad i Vestland og kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av E134 Røldal–Seljestad i Vestland og kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland

I

Fullmakter til å forplikte staten for investeringsprosjekt

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan:

Starte opp, medrekna føreta bestillingar og gi tilsegn i desse investeringsprosjekta:

Under kap./post

Innanfor ei kostnadsramme på:

E134 Røldal–Seljestad

1320/30

4 921 mill. kroner

E6 Megården–Sommerset

1320/30

7 283 mill. kroner

Fullmaktene gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for det einskilde prosjektet. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til å pris- og valutakursjustere kostnadsrammene i seinare år.

II

Fullmakter til bompengefinansiering

  1. Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad.

  2. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet Ferde AS får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet Ferde AS om (del)finansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor vilkåra i denne proposisjonen.