Prop. 64 L (2016–2017)

Endringar i forvaltningslova, tvistelova m.m. (overprøvingskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovframlegget

7.1 Til forvaltningslova

Til § 34 andre ledd

Endringa i tredje punktum inneber at det skal leggjast stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret når ein statleg klageinstans prøver hensiktsmessigskjønet til kommunane eller fylkeskommunane. Det inneber at den generelle terskelen for overprøving av hensiktsmessigskjønet til kommunane eller fylkeskommunane blir heva samanlikna med gjeldande rett. Kompetansen til klageinstansen blir regulert i første punktum. Denne regelen inneber at klageinstansen framleis kan prøve alle sider av saka, også det frie skjønet til kommunane eller fylkeskommunane. Regelen i tredje punktum inneber difor ingen rettslege avgrensingar i kompetansen til klageinstansen, men legg generelle føringar for korleis klageinstansen skal vekte omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønet.

Regelen i tredje punktum vil framleis vere ein standardregel som blir tilpassa dei ulike områda alt etter i kor sterk grad omsynet til det kommunale sjølvstyret gjer seg gjeldande.

Føresegna i fjerde punktum inneber ei skjerpa grunngjevingsplikt når ein statleg klageinstans prøver hensiktsmessigskjønet ved handsaming av kommunale eller fylkeskommunale vedtak. Grunngjevingsplikta skal bidra til større medvit om og betre etterleving av føresegna i førre punktum. Vidare gjer grunngjevinga det enklare å etterprøve vektinga av det kommunale sjølvstyret.

7.2 Til barnevernlova

Til § 6-6 første ledd

Endringa inneber å behalde gjeldande terskel for overprøving av det frie skjønet til kommunane eller fylkeskommunane. Ved klagehandsaming skal det leggjast vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønet.

7.3 Til opplæringslova

Til § 15-1 tredje ledd

Endringa inneber å behalde gjeldande terskel for overprøving av det frie skjønet til kommunane ved klagehandsaming av kommunale vedtak om skulebyte etter § 8-1 tredje ledd. Ved klagehandsaming av slike vedtak skal det leggjast vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønet.

Til § 15-7

Første punktum slår fast utgangspunktet om at ein kommune eller ein fylkeskommune har plikt til å oppfylle dei tenestene ein privat part har fått gjennom eit vedtak i eit statleg forvaltningsorgan, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen har reist søksmål mot staten etter tvistelova § 1-4 a og domstolane har funne vedtaket ugyldig.

Andre punktum er eit unntak frå det alminnelege utgangspunktet om at eit ugyldig vedtak kan gjerast om, jf. forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c. I dei tilfella der ein domstol har funne eit vedtak etter opplæringslova ugyldig etter eit søksmål etter tvl. § 1-4 a, kan forvaltninga i utgangspunktet ikkje gjere om vedtaket etter forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c til skade for den private parten. Omgjering etter forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c til skade for den private parten kan likevel skje dersom årsaka til at vedtaket er ugyldig, er at parten sjølv eller nokon som handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gjeve uriktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar. Det er ikkje tilstrekkeleg for omgjering etter andre punktum at vedkomande sjølv eller nokon som opptrer på vegner av vedkomande, forsettleg eller grovt aktlaust har gjeve uriktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar. For å kunne gjere om vedtaket må saka i tillegg framstå slik at vedtaket ikkje ville fått det innhaldet det fekk, dersom det ikkje var blitt gjeve uriktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar, jf. «fordi» i lova. Uriktige opplysningar har altså inga betydning dersom den private parten ville hatt krav på tenesta etter dei reelle forholda i saka. Det er vidare berre dersom den personen som kjem med dei uriktige opplysningane, har rett til å representere den private parten overfor det offentlege, typisk der ei verje kjem med opplysningane, at vedtaket kan gjerast om etter denne føresegna.

Omgjeringskompetansen til forvaltninga blir elles ikkje endra ved den nye føresegna. I det ligg for det første at forvaltninga, etter ein dom for at eit vedtak er ugyldig etter eit søksmål etter tvistelova § 1-4 a, framleis vil kunne gjere om vedtaket etter dei andre føresegnene i forvaltningslova § 35, også § 35 siste ledd. For det andre, dersom kommunen ikkje bringer vedtaket inn for domstolen, gjeld dei alminnelege omgjeringsføresegnene fullt ut.

7.4 Til pasient- og brukarrettslova

Til § 7-6 første ledd

Det materielle innhaldet i føresegna er ikkje endra. Endringa er berre gjord for å tilpasse føresegna til endringane i forvaltningslova § 34 andre ledd.

Til § 7-7

Sjå merknaden til opplæringslova § 15-7.

7.5 Til tvistelova

Til § 1-4 a

Føresegna opnar for at kommunar eller fylkeskommunar kan reise søksmål mot staten om gyldigheita av einskilde statlege avgjerder utan å oppfylle vilkåra etter tvistelova § 1-3. Lova grip ikkje inn i retten kommunane eller fylkeskommunane har til å saksøkje staten etter anna regelverk, til dømes der vilkåra etter tvistelova § 1-3 er oppfylte. Kommunar eller fylkeskommunar kan ikkje med heimel i denne føresegna trekkje inn ein tredjeperson i saka etter tvistelova § 15-2, til dømes parten i forvaltningsvedtaket.

Første ledd regulerer i kva tilfelle kommunane eller fylkeskommunane kan reise sak om gyldigheita av avgjerda til eit statleg organ etter denne paragrafen. Etter bokstav a gjeld dette dersom eit statleg organ opphevar eller endrar enkeltvedtaket til kommunen eller fylkeskommunen etter klage. Det vanlegaste vil vere at vedtaket blir oppheva eller endra med heimel i forvaltningslova § 34. Føresegna gjeld likevel også der vedtaket blir oppheva eller endra med heimel i anna lovverk. Bokstav b gjeld tilfelle der enkeltvedtaket til kommunen eller fylkeskommunen blir omgjort utan klage. Kommunen eller fylkeskommunen vil vidare etter bokstav c kunne reise søksmål dersom avgjerda til kommunen eller fylkeskommunen er blitt oppheva etter lovlegheitskontroll med heimel i kommunelova § 59. Det følgjer av bokstav d at ein kommune eller fylkeskommune også kan reise søksmål om gyldigheita av ei statleg avgjerd som pålegg kommunen fylkeskommunen å betale sakskostnader til ein part som får oppheva, endra eller gjort om eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 36. Bokstav e gjeld avgjerder som pålegg kommunane eller fylkeskommunane plikter etter tilsyn. Føresegna gjeld berre pålegg som blir gjevne i samband med tilsyn av utøvinga av kommunepliktene. Føresegna gjeld ikkje pålegg knytte til aktørplikter, dvs. ho gjeld ikkje ved pålegg som blir gjevne i samband med tilsyn med om kommunen eller fylkeskommunen etterlever reglar som rettar seg mot alle som driv ein aktivitet eller tilbyr ei teneste, til dømes pålegg frå Mattilsynet for manglande rutinar i samband med tillaging av mat. Med tilsyn i denne føresegna meiner ein ikkje berre statleg tilsyn, jf. kommunelova § 60 d, men alle situasjonar der statlege myndigheiter fører tilsyn eller annan kontroll med om kommunen eller fylkeskommunen oppfyller dei lovpålagde pliktene sine. Føresegna gjeld for alle typar pålegg, som pålegg om retting, pålegg om å gjennomføre særskilde tiltak, vedtak om tvangsmulkt, m.m. Føresegna gjeld også for pålegg etter kommunelova for brot på barnevernlova, sjølv om kommunane ikkje kan reise sak om gyldigheita av vedtak etter barnevernlova, jf. andre ledd. Bokstav f gjeld statlege avgjerder om fordeling av offentlegrettslege rettar eller plikter mellom to eller fleire bestemte kommunar eller fylkeskommunar. Det er berre kommunane eller fylkeskommunane som avgjerda gjeld, som vil ha søksmålskompetanse også etter dette alternativet.

Andre ledd gjer unntak frå søksmålsretten for enkeltvedtak som er fatta i medhald av barnevernlova. Retten for kommunane til etter barnevernlova § 7-24 å bringe vedtak frå fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker inn for tingretten etter reglane i tvistelova kapittel 36, blir ikkje endra.

Etter tredje ledd gjeld første ledd tilsvarande for kommunar og fylkeskommunar (samarbeidskommunar) som avtaler å overlate utføringa av oppgåver til ein annan kommune eller fylkeskommune (vertskommunen) etter reglane om vertskommune i kommunelova kapittel 5 A, og for Longyearbyen lokalstyre.

Fristen for å reise søksmål etter fjerde ledd er ikkje til hinder for at kommunen eller fylkeskommunen kan tre inn som part eller partshjelpar i ei sak der ein privat part saksøkjer staten.

Det følgjer av femte ledd at ei rettskraftig avgjerd også er bindande for tredjepersonar som kunne ha tredd inn i søksmålet etter tvistelova § 15-3. Vilkåret for dette er at saksøkjaren (kommunen eller fylkeskommunen) har varsla tredjepersonen om søksmålet. At avgjerda er bindande, inneber at tredjepersonen vil vere omfatta av rettskraftsverknadene etter tvistelova § 19-15. Tredjepersonen vil då vere forhindra frå å ta ut eit nytt søksmål om det same vedtaket eller ta ut søksmål mot eit omgjeringsvedtak på bakgrunn av forhold som blei avgjorde i den første dommen. Det avgjerande er om tredjepersonen fylte vilkåra etter tvistelova § 15-3 i tide til å kunne tre inn i saka. Ein person som til dømes først seinare fyller vilkåra etter tvistelova § 1-3, vil ikkje vere bunden, heller ikkje om han eller ho var varsla.

Det er også avgjerande for rettskraftsverknadene at varselet tilfredsstiller einskilde krav. Varselet skal følgje framgangsmåten som er fastsett i tvistelova § 15-4. Det inneber at varselet normalt skjer i prosesskriv som fyller krava til stemning. Prosesskriv skal sendast til retten, som sørgjer for forkynning, jf. tvistelova §§ 12-3 og 12-4. Vidare skal varselet innehalde informasjon om at ein dom i saka vil vere bindande for tredjepersonen som kan tre inn i saka etter tvistelova § 15-3, og informasjon om at dersom vedkomande trer inn i saka, vil vedkomande kunne bli ilagd sakskostnader. Endeleg må tredjepersonen ha vore varsla i tide til at det var mogleg å tre inn i saka. Varselet skal innehalde ein frist for å tre inn i saka som skal vere minst tre veker og ikkje seinare enn ein månad før saksførebuinga er avslutta, jf. tvistelova § 9-16. Dersom saka er av ein slik art eller eit slikt omfang at dette vil vere for kort tid, jf. tvistelova § 15-2, må fristen setjast tidlegare.

Føresegna føreset at ein privatperson kan tre inn i søksmålet etter tvistelova § 15-3 dersom vilkåra i tvistelova § 1-3 er oppfylte. Dette vil kunne vere ein part i forvaltningssaka eller ein annan med rettsleg klageinteresse. Føresegna gjeld for personar som ikkje trer inn i søksmålet etter reglane i tvistelova § 15-3. For personar som trer inn i søksmålet, vil rettskraftsverknadene følgje av dei ordinære rettskraftsreglane.

Det følgjer av sjette ledd at der ei statleg avgjerd, jf. første ledd, blir kjend ugyldig av domstolane, kan kommunen eller fylkeskommunen også fremje krav om erstatning for eit eventuelt økonomisk tap som følgje av avgjerda. Kravet om erstatning må fremjast i same sak som ugyldigheitssøksmålet. Dei vanlege erstatningsvilkåra vil gjelde, dvs. at det må påvisast eit ansvarsgrunnlag, eit økonomisk tap og nødvendig årsakssamanheng.

7.6 Til barnehagelova

Til § 19 i

Sjå merknaden til opplæringslova § 15-7.

7.7 Til plan- og bygningslova

Til § 5-4 femte ledd

Endringa inneber ei skjerpa grunngjevingsplikt for motsegner frå statlege og regionale organ. Kravet til grunngjevinga er utdjupa, slik at det krevst at slike motsegner skal vere grunngjevne i vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer.

Sjølv om kravet til nærare grunngjeving av motsegna no går fram av lova, vil det ikkje vere tilstrekkeleg som grunngjeving for ei motsegn berre å vise til generelle nasjonale eller regionale føringar som er nedfelte i visse dokument. I tillegg må det gjerast ei konkret vurdering av den aktuelle planen, og det må gå fram av og utdjupast i grunngjevinga kva for konkrete forhold i denne saka som gjer det nødvendig å fremje motsegn.

Til § 5-7

Det går fram av føresegna at kommunen kan reise søksmål om gyldigheita av ei motsegn. Det går vidare fram at søksmål må reisast før mekling, og ved søksmål blir den vidare handsaminga av motsegna utsett. Søksmål må uansett reisast innan seks månader etter at motsegna blei fremja.

Domstolane vil berre kunne prøve om motsegna er gyldig eller ikkje, dvs. om motsegna er innanfor dei rammene som følgjer av plan- og bygningslova. Som det går fram av punkt 5.5.2, er vilkåra for å fremje motsegn i § 5-4 første, andre, tredje og fjerde ledd å sjå på som fritt skjøn.

Dersom retten kjem til at ei motsegn er ugyldig, vil kommunen sjølv kunne gjere planvedtaket med rettsverknad. Dersom retten kjem til at ei motsegn er gyldig, vil saka måtte handsamast vidare på vanleg måte. Det betyr at saka blir send over til departementet for avgjerd dersom det ikkje blir oppnådd einigheit.

I dei tilfella ein kommune går til søksmål om gyldigheita av ei motsegn, vil det vere staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet som blir saksøkt. Det har samanheng med at det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer motsegnssaker som blir sende til departementet, og som har ansvaret for plan- og bygningslova. Det er dessutan spørsmålet om ei motsegn er gyldig, som skal avgjerast av retten, dvs. at saka gjeld dei rammene plan- og bygningslova set for motsegner.

Det vil vere staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet som blir saksøkt der det gjeld motsegner frå statlege fagmyndigheiter. Det same vil gjelde for motsegner frå fylkeskommunen, frå andre kommunar og frå Sametinget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ved behov ta kontakt med motsegnsorganet og andre aktuelle departement i samband med slike søksmål.

Kommunen kan etter føresegna også reise søksmål om gyldigheita av avgjerder departementet tek i motsegnssaker etter § 5-6. Det vil berre vere aktuelt der ei motsegn blir teken heilt eller delvis til følgje. Søksmål må reisast innan seks månader etter avgjerda i departementet. Gyldigheita av avgjerda vil på vanleg måte kunne prøvast av domstolane. Avgjerda i departementet byggjer på planfaglege og politiske avvegingar som er fritt skjøn, slik det går fram av omtalen under punkt 5.5.2 over.

7.8 Til sosialtenestelova

Til § 49 a

Sjå merknaden til opplæringslova § 15-7.

7.9 Til helse- og omsorgstenestelova

Til § 12-6

Sjå merknaden til opplæringslova § 15-7.

Til forsida