Prop. 69 L (2018–2019)

Endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

For ekspressbussnæringa vil endringa kunne gje ei meir føreseieleg og mindre tidkrevjande prosess knytt til handsaming av søknader om ekspressbussløyve og etablering av ruter enn i dag. Endringane vil leggje til rette for større fleksibilitet for aktørar som ønskjer å opprette kommersielle bussruter. Dette kan bidra til auka lønsemd i ekspressbussnæringa.

For brukarar av kollektivtransport kan enklare vilkår for etablering av kommersielle bussruter medverke til eit betre kollektivtilbod på lengre distansar. Det kan og gje eit noko betre tilbod lokalt ved at dei kommersielle rutene over ei viss lengd får høve til lokaltransport.

Generelt vil framlegget til lovendring kunne bidra til eit betre kollektivtilbod for publikum, utan auka ressursbruk for det offentlege.