Prop. 8 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Barne- og familiedepartementet (tilleggsløyving til det statlege barnevernet)

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnadar til tilsette i det statlege barnevernet. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Bufetat er i ein krevjande økonomisk situasjon som mellom anna gjorde at etaten fekk ei tilleggsløyving på 115 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. Utfordringane skuldast at fleire barn har behov for tiltak i barnevernsinstitusjon, at barna har større behov og at prisen på tiltak frå private leverandørar er høgare enn tidlegare.

På posten er det venta meirutgifter på 60 mill. kroner til reguleringspremie i ei pensjonsordning for tidlegare tilsette i fylkeskommunen som Bufetat har ansvar for. I motsett retning trekkjer mindreutgifter grunna innsparingstiltak og betre utnytting av kapasiteten i statlege institusjonar enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Det er vidare eit mindreforbruk på 10 mill. kroner til utprøving av tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet, fordi det har vist seg meir krevjande enn føresett å etablere nye kartleggingsteam.

Samla blir det føreslått å auke løyvinga på posten med 11 mill. kroner.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten dekkjer utgifter det statlege barnevernet har til kjøp av barnevernstiltak frå private leverandørar. Dette omfattar både kjøp frå ideelle og kommersielle leverandørar.

Auke i talet på barn med behov for tiltak i barnevernsinstitusjon og større behov hos barna enn tidlegare gir etaten meirutgifter til kjøp av private institusjonsplassar. Utgiftsauken kjem i form av fleire einskilde kjøp, fordi tilbodet og kapasiteten i dei statlege institusjonane og institusjonane Bufetat har rammeavtaler med, ikkje dekker behovet. Fleire einskilde kjøp fører, saman med større behov hos barna og færre tilbydarar i marknaden, òg til at prisane på tiltaka aukar samanlikna med vedtatt budsjett. I motsett retning trekkjer mindreutgifter på om lag 23 mill. kroner til satsinga på å auke talet på spesialiserte fosterheimar frå revidert nasjonalbudsjett. Det er planlagt for at løyvinga vil bli fullt ut nytta i 2024.

Samla blir det føreslått å auke løyvinga på posten med 371 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er i hovudsak tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmidlar og kursinntekter. Sal av køyretøy har gitt meirinntekter i 2023 på 7 mill. kroner. BFD føreslår å auke inntektene på posten med 7 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Sjølv om Bufdir no forventer fleire opphaldsdagar i det statlege barnevernet, er det forventa reduserte inntekter frå kommunale eigendelar. Dette kjem mellom anna av at berekningane som ligg til grunn for gjeldande budsjett har lagt til grunn for høge eigendelar frå tiltak som vart satt i gang siste kvartal 2022, men som blei betalt inn i første kvartal 2023. Det skuldast òg at kommunane betaler eigendelane for tiltak som blir satt i gang siste kvartal 2023 i 2024. BFD føreslår å redusere inntektene på posten med 11 mill. kroner.