Prop. 99 L (2017–2018)

Endringar i kulturminnelova (kven er rette mynde etter lova)

Til innhaldsliste

4 Vurderingane til departementet

Formålet med forslaget er å leggje til rette for overføring av mynde frå statleg til fylkeskommunalt nivå, som ledd i regionreforma på kulturminneområdet. I gjeldande forskrift er fylkeskommunen «rette mynde» etter forskrifta § 1 nr. 2. Fylkeskommunen er i tillegg delegert mynde etter paragrafane som går fram av forskrifta § 12 nr. 2. Departementet har i dag ikkje heimel til å delegere mynde til fylkeskommunane som eit folkevalt organ. Departementet foreslår derfor at paragrafane i kulturminnelova som er føresett delegerte til fylkeskommunane, blir føydd til i kulturminnelova § 28 første ledd.

Departementet ser på endringa av kulturminnelova § 28 første ledd som ei endring av teknisk karakter, som det ikkje er naudsynt å sende på ordinær høyring.