Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 3
Særlege tema

3 Kritiske samfunnsfunksjonar

Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet

Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er fastsett i Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen). DSB har samordningsansvar på etatsnivå, og statsforvaltarane og kommunane har samordningsansvar på regionalt og lokalt nivå. Ansvaret for samfunnstryggleiken er fordelt på alle sektorar.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for å halde oversikt over kva for funksjonar som er nødvendige for samfunnstryggleiken i eit tverrsektorielt perspektiv. Regjeringa har etablert eit system der departementa er peikte ut som hovudansvarlege for 14 kritiske samfunnsfunksjonar. Departementa har ansvar for heilskapleg samordning innanfor dei nødvendige samfunnsfunksjonane. Innføringa av hovudansvarlege departement inneber ikkje at sektoransvaret eller Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle blir endra, men det er ei tydeleggjering av ansvaret.

Kritiske samfunnsfunksjonar og område

Kritiske samfunnsfunksjonar og område

Hovudansvarleg departement

Andre departement med ansvar

Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (Ekom)

Kommunal- og distriktsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet;

Kunnskapsdepartementet

Digital tryggleik i sivil sektor

Justis- og beredskapsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet, dei andre departementa

Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon

Kommunal- og distriktsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet1

Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdselsdepartementet

Kraftforsyning

Olje- og energidepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet

Vatn og avløp

Helse- og omsorgsdepartementet

Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet

Forsyningstryggleik

Nærings- og fiskeridepartementet

Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Finansdepartementet

Transport

Samferdselsdepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet

Finansielle tenester

Finansdepartementet

Helse og omsorg

Helse- og omsorgsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Barne- og familiedepartementet

Lov og orden

Justis- og beredskapsdepartementet

Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet

Redningsteneste

Justis- og beredskapsdepartementet

Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet

Styring og kriseleiing

Justis- og beredskapsdepartementet

Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Finansdepartementet, dei andre departementa

Forsvar

Forsvarsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet

Natur og miljø

Klima- og miljødepartementet

Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet Helse- og omsorgsdepartementet, Forsvarsdepartementet

1 Hovudansvarleg for posisjon, navigasjon og tid, jf. NFD sitt koordineringsansvar for sivil radionavigasjonspolitikk, irekna koordinering av regjeringa sin strategi for PNT (posisjon, navigasjon, tid).

4 Berekraftsmåla til FN – rapportering

Agenda 2030 med berekraftsmåla til FN vart vedteken av FN i 2015. Berekraftsmåla består av 17 hovudmål og 169 delmål og utgjer arbeidsplanen til FN for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla er universelle, dvs. at alle land har ansvar for å følgje opp måla nasjonalt. Måla skal fungere som ei felles global retning for statar, næringsliv og sivilsamfunn.

Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer arbeidet med nasjonal oppfølging av berekraftsmåla. I juni 2021 la regjeringa Solberg fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Justis- og beredskapsdepartementet har det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 16: fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå. Justis- og beredskapsdepartementet har òg ansvar for oppfølging av tiltak innanfor delmål under hovudmål 10: redusere ulikskap i og mellom land. Justis- og beredskapsdepartementet rapporterer nedanfor på relevante delmål.

10. Redusere ulikskap i og mellom land

10.7) Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, bl.a. ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk

Noreg har ei velfungerande migrasjonsforvaltning som fortløpande arbeider for ein tilpassa respons på utfordringar på migrasjonsfeltet.

Regjeringa støttar arbeidet som er i gang i EU med ei reform av ulike rettsakter som har som formål å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. EU-landa diskuterer endringar i både Dublin-samarbeidet og andre typar asylsamarbeid.

Det er ikkje alle delane av rettsaktene som vil være bindande for Noreg, men alle partar er tente med at Europa har eit godt samarbeid, bl.a. for å fremme kontroll på yttergrensene og at landa viser solidaritet seg imellom.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet for å betre forholda for menneske på flukt og for lokalsamfunna som tek imot mange flyktningar og fordrivne. Regjeringa vil halde fram samarbeidet med EU og europeiske land om handtering av migrasjon. I hovudsak skjer dette ved at Noreg gjennom EØS-midlane bidrar til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. I tillegg bidrar Noreg ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. Det vises til omtalen av solidaritetspotten og EØS-midlane i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

16. Fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

16.1) Vesentleg redusere vald i alle former og dødsfall som skriv seg frå vald i heile verda

Nasjonalt: Drapsraten i Noreg ligg stabilt på rundt 0,5 drap per 100 000 innbyggjarar. I 2022 vart det gjort 29 drap i Noreg. Ni av offera var partnar/ekspartnar, kjæraste eller tidlegare kjæraste til gjerningspersonen. Partnardrap har dei siste åra representert ein fjerdedel av alle drap i Noreg. Dei fleste drepne i denne gruppa er kvinner. Partnardrapsutvalet, i utgreiinga NOU 2020: 17 Varslede drap?, fremma ei rekkje tilrådingar som regjeringa følgjer opp. Ein permanent kommisjon vil bli sett ned. Formålet med kommisjonen skal vere å redusere førekomsten av alvorlege partnarvaldssaker, avdekke systemsvikt, lære av feil og vidareutvikle arbeidet med å førebyggje alvorleg partnarvald og partnardrap. I Noreg har vi sett ein generell nedgang i den registrerte kriminaliteten over fleire år. Innbyggjarane opplever òg at det er trygt å bu i Noreg. Fleire kvinner enn menn er urolege for vald eller truslar på bustaden. Vald og seksuallovbrot held fram med å vere ei betydeleg utfordring. Regjeringa arbeider no med ein opptrappingsplan for å førebyggje og motarbeide vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Planen skal leggjast fram i 2023.

16.2) Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn

Nasjonalt: Regjeringa la hausten 2022 fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet som bl.a. skal førebyggje menneskehandel og utnytting innan arbeidslivet. Eit tiltak i handlingsplanen er å styrke bistanden til offer for menneskehandel og tvangsarbeid, bl.a. ved å vidareføre og styrke ordninga med økonomisk tilskot til frivillige organisasjonar som hjelper utsette arbeidstakarar. Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar ei tilskotsordning på prostitusjons- og menneskehandelsfeltet.

Internasjonalt: Noreg støttar arbeidet mot vald og overgrep mot barn gjennom Unicef og FN sin spesialrepresentant for nedkjemping av vald mot barn. I 2020 vart arbeidet med å førebyggje og oppklare straffesaker om seksualrelatert kriminalitet mot barn og unge styrkt med ei politiutsending ved ambassaden i Manila. Vern mot seksualisert og kjønnsbasert vald, spesielt mot kvinner og jenter, er høgt prioritert i den humanitære strategien til Noreg.

16.3) Fremme rettsstaten nasjonalt og internasjonalt og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle

Nasjonalt:

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar for offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelptiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg.

Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp vart oppjusterte i både 2022 og 2023. Grensene for formue vart òg oppjusterte i 2023. Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i rettshjelplova for Stortinget. Forslaget inneber ein ny modell for behovsprøvd rettshjelp for at fleire personar skal bli omfatta av ordninga. Forslaget vil òg fjerne dei skarpe skilja mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekka over tid. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Internasjonalt: Noreg samarbeider med aktørar i sivilt samfunn, som International Commission of Jurists, som fremmar rettstryggleik for menneskerettsforsvararar.

16.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet, og 16.5) vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former

Nasjonalt: Dei siste åra har det blitt lagt meir vekt på å hindre og kjempe mot ulovlege pengestraumar. Ny teknologi og nye betalingstenester gjer det vanskelegare å avdekke slik kriminalitet. I løpet av 2022 vil det publiserast ei ny nasjonal risikovurdering om kvitvasking og terrorfinansiering, som gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag på området. Regjeringa ønskjer å leggje fram ei stortingsmelding om innsats mot økonomisk kriminalitet i Noreg, som kan bidra til politikkutvikling på området. Eit ope og gjennomsiktig samfunn bidrar vesentleg til å førebyggje korrupsjon, og tiltak for å sikre openheit om kva fysiske personar som eig og/eller kontrollerer selskap, er viktig i så måte. Lov og forskrift om register over reelle rettshavarar er vedtekne, og det blir arbeidd med å skipe registeret.

Sjølv om korrupsjon førekjem i Noreg, har han ikkje vore eit stort samfunnsproblem. Integriteten til institusjonar er verna ved offentleglova, forvaltningslova og spesiallover for dei enkelte institusjonane. Medvitsgjering, transparens, nulltoleranse og straffetrussel kombinert med aktive tilsynsmyndigheiter og effektiv rettshandheving er viktige føresetnader for førebygging og kamp mot korrupsjon i Noreg.

Internasjonalt: Gjennom deltaking i UNODC (FN sitt kontor mot narkotika og kriminalitet), generalforsamlinga i FN, det økonomiske og sosiale rådet til FN (ECOSOC), Financial Action Task Force (FATF), utviklingsbankane, OECD og andre forum arbeider Noreg for å styrke internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og nedkjempe korrupsjon, bestikkingar, skatteunndraging, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Dette gjeld særleg ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. Rapporten frå FN sitt høgnivåpanel for finansielt ansvar, openheit og integritet (FACTI-panelet) vart lagd fram i februar 2021. Generalforsamlinga i FN sin spesialsesjon mot korrupsjon og den niande statspartskonferansen for FN-konvensjonen mot korrupsjon var viktige milestolpar i 2021. Støtta til fagleg samarbeid for å nedkjempe korrupsjon og fremme godt styresett har auka.

16a: Styrke relevante nasjonale institusjonar, bl.a. gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og motarbeide terrorisme og kriminalitet

Internasjonalt: Norsk politi og anna personell frå justissektoren deltek i internasjonale fredsoperasjonar i land som har behov for støtte til på ny å opprette ein normal samfunnsstruktur etter krig og konflikt. Norsk politi deltek for tida i FN sine fredsoperasjonar og politiske oppdrag i Sør-Sudan og Colombia. Der bidrar dei til å byggje opp kapasitet i lokalt og nasjonalt politi og dessutan til å verne sivile. Noreg deltok inntil midten av 2022 òg i FN sin operasjon i Mali, der Noreg hadde ansvar for eit spesialisert polititeam som hadde som mål å auke kompetansen til malisk politi på åstadgransking. Noreg deltok òg med politi i Sudan inntil kamphandlingane braut ut i 2023. Innsatsen har bidratt til å styrke myndigheitene sin kamp mot organisert kriminalitet og terrorisme. Norsk politi bidrar vidare med kurs og instruktørstøtte. Overordna prioriteringar for innsatsen er å bidra til å auke kvinneandelen, støtte utviklinga av arbeidsmetodane til FN-politiet og samarbeide med andre land som bidrar.

Sidan etableringa i 2015 har Noreg teke del i eit formelt nordisk nettverk med formål om å tryggje effektiv informasjonsutveksling og erfaringsbasert læring mellom dei nordiske landa om førebygging av valdeleg ekstremisme. Dette inkluderer utveksling av kunnskap om endringar i trusselbiletet, trendar, førebyggingsmetodar og målretta tiltak. Noreg vil halde fram med å bidra aktivt inn i nettverket. Noreg er òg med i EU Internet Forum, der fjerning av ekstremistisk innhald på nett er eitt av to hovudtema.

Handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme vart i 2020 revidert med nye og justerte tiltak og er under oppfølging. Handlingsplanen inneheld bl.a. tiltak for å styrke førstelinja sitt arbeid på feltet, som t.d. ei ordning med radikaliseringskontaktar i politidistrikta og i kriminalomsorga. Dessutan inneheld handlingsplanen tiltak for å etablere ein nasjonal ressurs- og rettleiingsfunksjon innan førebygging og handtering av radikalisering og valdeleg ekstremisme ved dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS). RVTS har bl.a. vidareutvikla nettressursen utveier.no, som kan brukast av alle som søker kunnskap om fenomenet radikalisering og om arbeidet på feltet. Som det kjem fram av den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien frå 2022, skal regjeringa utarbeide ein ny handlingsplan mot ekstremisme og radikalisering. I den internasjonale innsatsen for førebygging og kamp mot valdeleg ekstremisme er inkludering ein gjennomgåande prioritet. Noreg er engasjert for å bidra til at FN og regionale aktørar sine fredsoperasjonar inkluderer fleire kvinner og sikrar rettane til menn og kvinner.

5 Likestilling og ikkje-diskriminering

5.1 Justis- og beredskapsdepartementet

Tabell 5.1 Oversiktstabell for departementet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

2023

388

35

65

95,71

_

1,3

_

_

2022

376

34

66

96,6

1,6

2,4

_

_

2021

374

37

63

97,7

0,3

1,4

_

_

2020

377

37

63

99,4

0,7

3,0

0,5

4,2

20191

377

37

63

96,8

1,4

3,8

1,2

4,4

Tala for 2023 er frå DFØ per 1. februar 2023 (toppleiarnivå er ikkje rekna med i lønna til kvinner i pst. av lønna til menn).

Tabell 5.2 Fordeling av stillingar 2022 og 2023

Februar 2022

Februar 2023

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Departementsråd og ekspedisjonssjef

3

7

3

7

Avdelingsdirektør

23

14

23

16

Seksjonssjef

2

1

2

1

Direktør

Fagdirektør

29

19

31

20

Underdirektør

1

Spesialrådgivar

2

3

1

5

Lovrådgivar

14

5

14

5

Prosjektleiar

1

1

Utgreiingsleiar

38

8

51

9

Seniorrådgivar

86

48

71

46

Rådgivar

32

20

39

23

Seniorkonsulent

10

7

Førstekonsulent

10

2

4

4

Konsulent/spesialbibliotekar

1

3

Sum

249

128

251

137

Talet inkluderer både tilsette lønte på kap. 400 og dei som er lønte over andre kapittel under Justis- og beredskapsdepartementet.

DFØ per 1. februar 2022 og 2023.

Oversikta viser at delen av kvinner i departementet har minka til 65 pst. i 2022 frå 66 pst. i 2021. Delen kvinner på mellomleiarnivå har minka frå 63 pst. i 2021 til 60 pst. i 2022. På det høgaste leiarnivået er kvinner framleis underrepresenterte, med 3 kvinner mot 7 menn, uendra frå 2021. I stillingar som fagdirektør er delen kvinner auka til 61 pst. i 2022 frå 60 pst. 2021.

Departementet har fleire kvinner enn menn i saksbehandlarstillingar som seniorrådgivar og rådgivar. Hos dei som har stillingskoden utgreiingsleiar, er det framleis stor overvekt av kvinner: 85 pst. Blant seniorrådgivarar er delen kvinner 61 pst. i 2022, og delen har minka frå 64 pst. i 2021. Delen kvinnelege rådgivarar er 63 pst. i 2022 og har gått noko ned frå 2021. I førstekonsulentstillingar er det lik prosentdel kvinner og menn i 2022. Departementet har færre førstekonsulentar. Det kjem av at departementet tilset nyutdanna akademikarar som rådgivarar.

Tabell 5.3 Lønn (i 1 000 kroner)

Februar 2022

Februar 2023

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Departementsråd og ekspedisjonssjef

1 604

1 447

1 674

1 500

Avdelingsdirektør

1 069

1 031

1 135

1 095

Seksjonssjef

844

865

889

890

Direktør

Fagdirektør

863

849

898

888

Underdirektør

840

Spesialrådgivar

1 195

1 245

1 158

1 328

Lovrådgivar

959

950

973

1 005

Prosjektleiar

1 007

1 426

Utgreiingsleiar

765

790

790

813

Seniorrådgivar

690

734

719

768

Rådgivar

587

563

619

598

Seniorkonsulent

623

-

630

Førstekonsulent

513

513

563

537

DFØ per 1. februar 2022 og 1. februar 2023.

Skilnadene i lønn på toppleiarnivå er i nokon grad knytte til tyngda til stillinga, dvs. ansvar, omfang og kompleksitet jf. leiarlønnssystemet.

Justis- og beredskapsdepartementet er oppteke av å ha mest mogleg lik kjønnsbalanse i alle stillingar og lik lønn for samanliknbare stillingar.

Det er nokre fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Bruk av deltid er i stor grad knytt til omsorgspermisjonar. Det legemelde sjukefråværet er 3,3 pst. samla for kvinner og menn.

Ved tilsetjingar i ledige stillingar skal minst éin kvalifisert søkar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en kallast inn til intervju. Dette skal omtalast i innstillinga.

Sjølv om inkluderingsdugnaden ikkje gjeld i 2022, fortset arbeidet med å byggje ein organisasjonskultur som fremmar og anerkjenner mangfald.

Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider med representantane til dei tilsette i det løpande arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering i departementet. Det er fastsett i lønnspolitikken til departementet at vi ikkje skal ha ugrunna skilnader i lønn. Likestillingsperspektivet skal takast omsyn til både ved tilsetjingane og ved forhandlingane om lønn, og alle tilsette skal ha lik moglegheit for utvikling i lønn. Når det blir forhandla om lønn, kartlegg departementet lønn bl.a. fordelt etter kjønn. Likestilling er vidare omtalt i tilpassingsavtalen til Hovudavtalen i staten. Det er gjennomført ein lønnsanalyse der resultatet vart at ein fekk retta opp i grunnlause lønnsskilnader. Departementet gjennomfører jamleg ein ROS-analyse på likestillings- og diskrimineringsfeltet i samarbeid med representantane til dei tilsette, medrekna arbeidsmiljøutvalet. På bakgrunn av analysen fastset ein konkrete tiltak i samarbeid med representantane.

Departementet gjennomfører årlege ROS-analysar på HMS-området for å undersøke det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet i verksemda, irekna risikoen for mobbing og trakassering. Medarbeidarundersøkingar der slike spørsmål òg blir tekne opp, blir gjennomførte jamleg.

5.2 Domstoladministrasjonen

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

2081

36,9

63,1

76,6

3,2

7,7

13,7

13,2

2,2

5,2

2021

2 078

36,7

63,3

74,5

2,9

8,5

11,2

13,8

2,4

4,9

2020

2 062

37,2

62,8

74,2

2,6

9,4

11,2

12,1

2,2

4,5

2019

2 002

36,3

63,7

73,9

3,3

10,3

9,0

10,0

2,2

4,8

2018

2 048

36,2

63,8

72,4

2,9

10,9

8,3

8,6

2,1

4,6

2017

2 073

36,5

63,5

71,3

2,8

12,2

7,7

7,0

2,1

4,8

Per 31. desember 2022 var det 2 081 tilsette i domstolane. Dette svarte til 2 023 årsverk. Det er ei overvekt av kvinnelege tilsette i Domstoladministrasjonen og i domstolane. Dette kjem i hovudsak av at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, som utgjer om lag halvparten av talet på medarbeidarar i domstolane. Utskiftinga i administrative stillingar i domstolane er relativt låg. Domstolane prioriterer balansert kjønnsfordeling i arbeidet med rekrutterings- og personalpolitikken. Bruken av deltidsstillingar er stabil og følgjer hovudsakleg av ønska til dei tilsette om redusert stilling i ein periode.

Av statistikken ser det ut som at bruken av mellombelse stillingar samla sett har auka noko i 2022.

Det legemelde sjuke fråværet er stabilt og lågt. Lønnsskilnadene mellom kvinner og menn må sjåast i samanheng med at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, og at menn er overrepresenterte i dommarstillingar, som er vesentleg høgare lønte.

5.3 Kriminalomsorga

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

4 838

52

48

99

3

10

1

4

10,04

7,33

2021

4 934

53

47

98

4

10

2

5

9,57

6,49

2020

4 898

54

46

98

4

10

2

4

8,21

5,77

2019

5 010

55

45

99

6

10

5

5

8,85

5,46

2018

5 130

55

45

99

7

13

9

9

Talet på tilsette omfattar òg aspirantar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. I tala på lønn, deltid og mellombelse stillingar er aspirantar haldne utanfor.

Kjønnsfordelinga blant tilsette i kriminalomsorga var 48 pst. kvinner og 52 pst. menn i 2022. Samanlikna med 2021 har delen kvinner auka 1 prosentpoeng. Det er fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Dei deltidstilsette utgjer om lag 6 pst. av dei tilsette. Delen tilsette i kortvarige stillingar auka i åra fram til 2015, men har gått ned dei siste åra. Den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner utgjer om lag 99 pst. av lønna til menn. Kjønnsfordelinga blant aspirantar ved KRUS var 52 pst. menn og 48 pst. kvinner i 2022.

Kriminalomsorga har utarbeidd ein handlingsplan for likestilling og mangfald for 2023–2026.

Kriminalomsorga har som mål å oppnå ein del av kvinner i leiarstillingar på minimum 40 pst. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), KRUS og to av fem regionar oppnådde målet i 2022. Kriminalomsorga legg vekt på balansert kjønnsfordeling ved tilsetjingar.

Kriminalomsorga har som mål å auke mangfaldet blant dei tilsette i etaten. I 2022 hadde om lag 8 pst. av aspirantane ved KRUS ein annan kultur- og språkkompetanse enn norsk og engelsk. KDI har eit mål om at minst 10 pst. av aspirantane skal ha ein slik kompetanse. Rekrutteringa av personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne er låg. Det kjem bl.a. av at ein stor del av stillingane i kriminalomsorga krev etatsutdanning og har krav knytte til helse, fysikk og uttømmande politiattest.

Sjukefråværet i kriminalomsorga viser ei negativ utvikling over tid, men etaten arbeider med å snu utviklinga. KDI har bl.a. sett i gang eit sjukefråværsprosjekt i 2023. Prosjektet har som mål å skape eit trygt arbeidsmiljø med engasjement og arbeidsglede, og gjennom dette redusere sjukefråværet.

5.4 Konfliktrådet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

135

28

72

96,2

3

2

11

7

5,8

8,5

2021

148

28

72

96,6

4

9

20,1

16

3

6,4

2020

143

29

71

99,0

4,8

3,0

11,9

9,9

3,1

7,3

2019

142

41

59

101,2

0

3,5

5,6

9,8

3,1

3,6

2018

128

29

71

102,6

0

11

27,0

15,0

8,2

2,9

31. desember 2022 utgjorde bemanninga i konfliktrådet 133,7 årsverk, med 135 tilsette. Sekretariatet for konfliktråda (Sfk) blir leidd av ein kvinneleg direktør. I leiargruppa til Sfk er det to menn og tre kvinner. Av tolv konfliktrådsleiarar var det åtte kvinner og fire menn ved årsskiftet. Sfk har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga med tanke på kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette blir spegla i stillingsannonsane til verksemda. Menn har blitt oppmoda om å søke ved nokre rekrutteringar for å fremme likestilling blant kjønna, då kvinner er overrepresenterte blant dei tilsette.

Leiaropplæringa har hatt fokus bl.a. på mangfald og inkludering ved rekruttering, og i samarbeid med Nav har konfliktrådet oppretta ein tilrettelagd arbeidsplass i 2022. Som offentleg myndigheit arbeider konfliktrådet for at det skal vere god og lett tilgang til tenestene, for alle innbyggjarar uansett alder, etnisitet, bakgrunn og geografisk plassering. Dette blir bl.a. gjort gjennom mangfaldsrekruttering av meklarar, gjennom rettleiing og opplæring av meklarar og gjennom bevisst representasjon i kommunikasjonsmaterialet som verksemda lagar for brukarane. I det lønnspolitiske dokumentet for organisasjonen er det òg teke omsyn til likebehandling mellom kjønna, og det er etablert etiske retningslinjer som bidrar til å motarbeide diskriminering.

5.5 Politiet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

19 377

52

48

97,3

1,6

7,2

4,3

6,0

3,0

6,4

2021

18 920

53

47

97,5

1,2

5

4,6

5,2

2,7

6,1

2020

18 540

54

46

97

0,8

4,9

4,3

4,7

2,6

5,8

2019

17 758

54

46

96,7

1,0

5,5

1,8

2,4

2,6

5,8

2018

17 626

54

46

96,3

0,9

6,0

2,3

3,2

2,6

5,7

Tabellen omfattar Politidirektoratet og alle underliggjande einingar og er basert på data frå personal- og lønnssystemet i etaten. Tala omfattar ikkje timelønte medarbeidarar, medarbeidarar på pensjonistvilkår, eksterne, medarbeidarar i permisjon utan lønn eller tilsette i Politiets tryggingsteneste (PST).

Talet på tilsette: Talet på tilsette som får lønn inkl. medarbeidarar i foreldreperm (ikkje årsverk)

Kjønnsbalanse: Prosent av tilsette som får lønn, inkludert medarbeidarar i foreldrepermisjonar (ikkje årsverk).

Lønn: Berekna av gjennomsnittleg grunnlønn per månad for alle tilsette (eksklusiv faste tillegg). Lønn for deltidstilsette er omrekna tilsvarande 100-pst.-stilling.

Deltid: Omfattar ikkje medarbeidarar i delvis omsorgspermisjon.

Mellombelse: Tal for tidlegare år er ikkje direkte samanliknbare som følgje at i 2022 er det også teke med medarbeidarar i ulike delvis permisjonar.

Kvinner ligg noko under menn i gjennomsnittleg lønn, men det har vore ein gradvis nedgang i ulikskapen sidan 2015, og har lege stabilt dei siste åra rundt 97 prosent. Lønnsskilnader kan kanskje forklarast ut frå variablar som ansiennitet, arbeidsoppgåver, gjennomtrekk og at det er fleire menn i leiarstillingar. Det er behov for gode analysar for å kunne fastslå årsakene. Det er godt kjent at det er kjønnsforskjellar innan ulike fagområde i politiet, til dømes at det er ei overvekt av kvinner som jobbar med vald og seksuelle overgrep og ei overvekt av menn i operative stillingar. Framover vil det jobbast med å kartleggje dette ved å sjå nærmare på lønnsforskjellar i arbeid av lik verdi.

Kvinneandelen på Politihøgskolen har gått noko ned i år samanlikna med den historisk høge kvinneandelen i 2021 på nær 60 prosent. Den høge kvinneandelen i fjor har sannsynlegvis samanheng med dei svært høge poenggrensene i det opptaket. Generelt sett er det slik at kvinner har betre karakterar og dermed høgare poengsummar enn menn, og når poeng-grensene stig gjer ofte kvinneandelen det òg. Målet bør vera så jamn kjønnsfordeling som mogleg.

God kjønnsbalanse på Politihøgskolen vil bidra til fleire kvinnelege leiarar i etaten på sikt. For å få fleire kvinner til å satse på leiing er det viktig med gode rollemodellar. Delen kvinnelege toppleiarar i distrikta per 31. desember 2022 var 50 prosent. I den overordna planen for kjønnsbalanse i leiarstillingar var det sett mål om 30 pst. kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 pst. kvinnelege leiarar totalt innan 2022. Eit resultat av dette arbeidet er ein jamn auke av kvinner i leiarstillingar dei siste åra. Per 31. desember 2022 var delen kvinnelege leiarar totalt 38 pst., medan delen i politistillingar var 26 pst., opp frå 16 pst. i 2015.

Det legemeldte sjukefråværet har auka noko til om lag 3,0 pst. for kvinner og 6,4 pst. for menn. Sjukefråværet i 2022 var prega av korona og influensa, særleg på starten av året.

Politiet er ei stor og variert verksemd og jobbar med mangfald og likestilling innanfor mange ulike fagfelt, både for å levere betre tenester til innbyggjarane og for å ta vare på dei tilsette.

Mangfold, dialog og tillit: Handlingsplan for arbeidet til politiet (2022–2025) er ei tydeleg satsing på mangfaldsfeltet i politiet. Planen inkluderer arbeidet med mangfald, dialog og tillit i brei forstand. Planen dekker både det interne arbeidet som er retta mot politiet som organisasjon, og det eksterne arbeidet som handlar om korleis politiet løyser oppgåvene sine og møter innbyggjarane på ulike arenaer. Det er lagt særleg vekt på tiltak som rettar seg mot etniske og religiøse minoritetar, personar med innvandrarbakgrunn, personar som bryt med normer for kjønn og seksualitet (lhbt+), og personar med nedsett funksjonsevne.

Det er sett i gang ei rekkje tiltak og aktivitetar nasjonalt, bl.a. for å leggje betre til rette for informasjon på ulike språk, auke kompetansen og kunnskapen om samisk språk og kultur, få betre kunnskap om nasjonale minoritetar i Noreg generelt, heve kompetansen om kjønns- og seksualitetsmangfald (lhbt+), styrke kompetansen om hatkriminalitet og forbetre dialogen, kommunikasjonen og konflikthandteringa i møte med etniske og religiøse minoritetar.

5.6 Den høgare påtalemakta

År

Talet på tilsette

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

223

36,8

63,2

75,9

0

7,1

22,0

14,2

1,45

4,21

2021

217

37,3

62,7

72,5

1,2

7,4

14,8

13,2

0,0

5,6

2020

216

37

63

70,4

1,3

9,6

16,3

16,9

1,1

4,2

2019

209

37,3

62,7

68,6

2,6

9,9

12,8

12,2

2,7

2,2

2018

204

37,7

62,3

67,5

1,3

9,4

13

13,4

2,1

3,4

Stillingskategoriane i Den høgare påtalemakta er embetsmenn og administrativt tilsette. Lønna til embetsmennene er høgare enn lønna til administrativt tilsette. Vidare er dei fleste av dei administrativt tilsette kvinner, noko som gjer lønna at til kvinner i prosent av lønna til menn verkar som låg når begge stillingskategoriane blir slått saman.

Stillingskategorien embetsmenn omfattar riksadvokaten, assisterande riksadvokat, førstestatsadvokatar og statsadvokatar. Blant statsadvokatane er det 47,2 pst. kvinner og 52,8 pst. menn. Det blir praktisert likelønn i denne stillingskategorien, og lønna til kvinner er 99,7 pst. av lønna til menn. Det er framleis flest førstestatsadvokatar/embetsleiarar som er menn.

Trenden er likevel ei utjamning i kjønnsbalansen. Av dei statsadvokatane som no går av med pensjon, er det flest menn, og nye tilsetjingar er meir balanserte med omsyn til kjønn. Frå 2018 til 2022 har talet på kvinnelege embetsleiarar auka frå éin til fem. I denne stillingskategorien utgjer lønna til kvinner 99 pst. av lønna til menn.

5.7 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

662

57,9

42,1

98,1

1,8

3

6,4

2,8

3,2

6,7

2021

641

56,4

43,6

96,4

4,6

10,6

1,6

4,2

2,8

4,9

2020

631

56,1

43,9

94,5

3,1

12,3

0,5

1,5

3,1

4,5

2019

661

55,8

44,2

95,6

1,5

6,2

3,2

2,2

2,4

4,3

2018

667

56,4

43,6

94,1

2,2

8,7

1,9

1,3

2,9

5,5

Blant leiarar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i 2022 utgjer kvinner totalt 35 pst., mot 38 pst. i 2021. Det er i dag stor skilnad innanfor dei ulike leiarnivåa, med 64 pst. kvinnedel på direktørnivå, mot 30 pst. kvinnedel i mellomleiarsjiktet. I mellomleiarsjiktet finn vi dei tradisjonelt mannsdominerte delane av verksemda med sivilforsvarsdistrikt og regionskontor innanfor eltryggleik. Her er berre 4 av 25 leiarar kvinner, og rekrutteringsgrunnlaget består i hovudsak av menn.

DSB jobbar for likestilling og ei balansert kjønnssamansetjing gjennom rekrutteringsprosessar, og direktoratet legg særleg vekt på at kunngjeringstekstane skal formast ut slik at verksemda kan tiltrekkje seg begge kjønn og samstundes stimulere til betre mangfald i verksemda. DSB arbeider for likelønn mellom kjønna og for å redusere uønskte skilnader i lønn mellom nytilsette og tilsette som har arbeidd i DSB i fleire år. Likelønnsprinsippet er nedfelt i DSB sitt lønnspolitiske dokument.

5.8 Sivil klareringsmyndigheit (SKM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

50

36,0

64,0

97,1

0

0

2,0

6,0

0,08

3,91

2021

42

33,3

66,7

90,2

0

0

0

3,6

0,00

2,51

2020

34

35,3

64,7

89,2

0

0

8,8

5,9

0,01

2,88

2019

33

30,3

69,7

88,7

0

0

6,1

0

0,41

1,27

2018

27

33,3

66,7

86,4

0

0

11,0

4,0

0,10

0,75

Sivil klareringsmyndigheit (SKM) har i løpet av 2022 redusert lønnsskilnaden mellom kvinner og menn frå 90,2 pst. til 97,1 pst.

Gjennom året har SKM haldt oppe kjønnsbalansen i leiargruppa med to kvinner og to menn.

Verksemda har òg fått ei noko jamnare kjønnsfordeling, og per 31. desember 2022 hadde vi 64 pst. kvinner og 36 pst. menn.

I kunngjeringstekstane har verksemda alltid med ei mangfaldserklæring, men SKM har ikkje aktivt oppfordra kandidatar av eit bestemt kjønn om å søke. Kjønnsbalanse har likevel vore eitt av fleire element som har vore vurderte i rekrutteringsprosessar.

I lønnspolitikken til verksemda er det eit mål at tilsette skal få lik lønn for arbeid av lik verdi, og at kvinner og menn skal ha lik lønnsutvikling. Lønns- og personalpolitikken skal medverke til at alle arbeidstakarar har moglegheit for utvikling i karrieren, uavhengig av kjønn. Samstundes skal lønn og stillingskode spegle innhald, ansvar, kompleksitet og krav til kompetanse og resultat i stillinga.

Likestilling vil vere eit sentralt tema i utviklinga av livsfasepolitikken til SKM.

5.9 Hovudredningssentralen (HRS)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

54

75,9

24,1

79,6

0

0

1,9

1,9

1,7

0,8

2021

54

81,5

18,5

76,6

0

0

1,9

1,9

0,9

0,3

2020

53

79,2

20,8

69,3

0

0

0

1,9

1,9

2,5

2019

54

79,7

20,3

73,1

0

0

0

1,9

1

4,2

2018

53

80,9

19,1

75,7

0

0

0

0

2,7

2,5

Ved utgangen av 2022 var fem av sju leiarar ved Hovudredningssentralen menn. Ved nyrekruttering blir kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning og arbeids- og livserfaring alltid oppmoda til å søke stillinga. Det blir likevel ikkje praktisert noka form for kvotering. Til stillingane som redningsleiar er det eit krav om såkalla operativ erfaring. Dette inneber at kandidatane ofte kjem frå mannsdominerte yrke, som Forsvaret, politiet eller sivil luft- og sjøfart. HRS har ei forventning om at prosentdelen kvalifiserte kvinnelege søkarar vil auke i takt med at kvinneprosenten aukar i dei nemnde sektorane.

5.10 Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

360

65,2

34,7

94,8

5,3

2,2

10,6

8,8

1,7

3,9

2021

322

66,1

33,9

93,3

2,9

3,4

12,0

15,2

1,9

4,3

2020

297

64,8

35,2

92,1

4,7

1,7

4,4

3,8

1,81

5,57

2019

295

68,1

31,9

92,3

4,7

1,3

2,1

2,5

3,55

8,33

2018

289

68,5

31,5

94,3

2,4

2,4

2,8

3,5

3,0

7,5

Ved utgangen av 2022 var 34,7 pst. av dei tilsette i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) kvinner. I leiargruppa (direktør, assisterande direktør, avdelingsdirektør) var 42 pst. kvinner. I mellomleiarsjiktet (kontorsjef og seksjonsleiarstillingar) var 30,5 pst. av dei tilsette kvinner.

NSM har som målsetjing å vere ein attraktiv arbeidsgivar for begge kjønn. Dette kan først og fremst bli påverka gjennom rekrutteringsprosessane. NSM er oppteke av å ha personalgode som er kjønnsnøytrale, og som appellerer til begge kjønn. I fleire utlysingstekstar oppmodar NSM kvinner til å søke. Kvalifiserte kvinnelege søkarar skal alltid inviterast til intervju. NSM er spesielt merksame på dette ved utlysing av tekniske stillingar, meir spesifikt for stillingar innanfor IKT-tryggleik. I andre fagmiljø er kjønnssamansetjinga jamn, og i enkelte miljø er kvinnedelen høg. I profilering eksternt opp mot bl.a. høgskular, universitet og media, ser NSM at det er viktig at begge kjønna er representerte. NSM jobbar for likelønn mellom kjønna. Ein av grunnane til at menn tener meir enn kvinner i NSM, kan ha å gjere med at menn dominerer i enkelte tekniske fagmiljø. Det har vist seg at det ofte kan vere vanskeleg å rekruttere til disse miljøa. Dette resulterer i at lønningane er høgare der enn i andre deler av verksemda. Dette gir utslag på lønnsstatistikken.

5.11 Spesialeininga for politisaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

44

43,2

56,8

96,4

0

4,5

0

2,3

1,2

2,6

2021

44

45,5

54,5

96,4

0

4,5

4,5

2,3

0,6

7,0

2020

42

42

57,1

95

0

0

7,1

7,1

1,5

1,6

2019

39

41

59

96

0

0

5,1

5,1

2,1

3,7

2018

36

41,7

58,3

86

0

0

0

2,8

1,4

6,6

Spesialeininga for politisaker hadde per 31. desember 2022 43 faste stillingar og éin mellombels. Det er fleire kvinnelege enn mannlege tilsette i eininga (25 kvinner og 19 menn), og kjønnsbalansen har vore stabil opp gjennom åra. I tillegg har eininga oppnemnt fem advokatar på verv (to kvinner og tre menn). Leiinga består av tre menn (50 pst.) og tre kvinner (50 pst.). Personell blir likt lønt i dei enkelte stillingskategoriane uavhengig av kjønn. Årsaka til at statistikken viser noko lågare lønn på kvinner, er at dei lågast lønte stillingane for verksemda (administrasjon) i stor grad har kvinnelege tilsette.

Delen mellombelse stillingar har auka frå 2018. Årsaka er at eininga ved revidert nasjonalbudsjett i 2019 og 2020 vart tildelt midlar for å handtere ein svært utfordrande driftssituasjon ved å auke kapasiteten og ved å tilsetje personell i mellombelse stillingar. Som det går fram av tabellen, har eininga no berre éin tilsett i mellombels stilling.

Sjukefråværet ved verksemda er i 2022 2,0 pst. (legemeldt fråvær) og blir sett på som lågt.

Talet på årsverk er 43.

5.12 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

14

14

86

92

0

21,4

0

0

1,33

2021

16

19

81

100

0

19

6,25

12,5

1,49

2020

14

14

86

89

0

21

0

21

1,31

2019

13

23

77

98

7,7

23

0

7,7

0

2,9

2018

12

25

75

100

0

8

8

16,6

0

2,8

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker hadde per 31. desember 2022 14 tilsette. Dette utgjorde 12,5 årsverk. Kjønnsfordelinga i sekretariatet i 2022 har vore 86 pst. kvinner og 14 pst. menn. Alle leiarstillingane i organisasjonen har kvinnelege tilsette. Staten si målsetjing om å oppnå ein kvinnedel i leiarstillingane på 40 pst. er dermed oppfylt for sekretariatet sin del. Av omsyn til personvernet er legemeldt fråvær oppgitt i totale tal for verksemda.

5.13 Statens sivilrettsforvaltning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

77

32,5

67,5

103,8

5,1

2,6

1,3

1,3

0

5,6

2021

76

32,9

67,1

103,9

4

3,9

8

7,8

0

4,6

2020

82

34,1

65,9

105,5

0

6,1

7,3

11

0,9

4,8

2019

75

36,5

63,5

104,7

0

10,6

14,8

12,8

0,7

1,6

2018

74

39,2

60,8

97,6

0

13

12,9

13

0,2

3,4

Statens sivilrettsforvaltning hadde per 31. desember 2022 77 tilsette. Dette svarer til om lag 68 årsverk. Delen kvinner og menn var høvesvis 67 og 33 pst. På leiarnivå, direktør og avdelingsdirektør, var kvinnedelen 100 pst.

Statens sivilrettsforvaltning har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga og har ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Desse forholda blir vektlagde i rekrutteringsprosessane i verksemda. Statens sivilrettsforvaltning jobbar kontinuerleg med å auke delen menn i samband med rekruttering.

5.14 Kontoret for valdsoffererstatning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

25

28

72

95,3

0

0

14

3

1,94

1,96

2021

31

23

77

80,4

0

0

0

3,0

11,1

1,7

2020

32

28

72

83,1

0

0

0

0

1,9

1,5

2019

31

32

68

78

0

0

0

0

0,7

1,3

2018

28

29

71

90

0

0

0

0

0,4

1,7

Kontoret for valdsoffererstatning hadde per 31. desember 2022 25 tilsette. Dette svarer til om lag 25 årsverk. Kontoret for valdsoffererstatning har alltid hatt ein stor del kvinnelege tilsette. KFV har forsøkt å betre kjønnsbalansen, men dei opplever at det er få menn som søker på stillingane som blir lyste ut. Årsaka til at gjennomsnittleg lønn for kvinner er lågare enn lønna til menn, er at ein stor del av dei tilsette kvinnene er nyutdanna og har kort ansiennitet. I tillegg er to av tre personar i leiargruppa menn, noko som gir stort utslag på lønnsstatistikken.

KVF har god kontroll på sjukefråværet og følgjer dette opp etter behov.

5.15 Utlendingsdirektoratet (UDI)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

1 136

28,3

71,7

92,0

8,8

3,7

5,37

1,49

3,37

5,41

2021

1 027

28,9

71,1

91,7

2,8

3,8

1,94

0,68

5,3

5,0

2020

1 009

29,5

70,5

92,0

2,5

4,0

0,69

0,69

3,0

4,8

2019

1 004

29,3

70,7

90,0

2,6

4,4

0,20

0,10

3,8

5,0

2018

941

30,7

69,3

91,0

2,8

5,4

0,32

0,43

3,0

5,8

Tala for deltid for åra 2018–2020, i tillegg til legemeldt fråvær for 2020, er korrigerte samanlikna med Prop. 1 S (2021–2022).

Kjelde: UDI

I arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering sette UDI i 2022 ned ei arbeidsgruppe som består av dei fire hovudtillitsvalde og ein leiar og en medarbeidar fra HR og organisasjon. Gruppa har arbeidd etter systematikken i likestillings- og diskrimineringslova § 26 andre ledd. Gruppa hadde fem arbeidsmøter i løpet av året 2022, og arbeidet er sammenfatta i ei likestillingsutgreiing. Utgreiinga er tilgjengelig på udi.no.

Som offentleg myndigheit har UDI eit særleg ansvar for å ta omsyn til likestilling og ikkje-diskriminering i arbeidet. Dette gjer UDI bl.a. gjennom å jobbe med universell utforming av nettsider og dokument.

UDI sine digitale tenester skal vere lette å finne, lette å forstå og lette å bruke. Uavhengig av føresetnader skal brukarane på ein god og enkel måte kunne nytte seg av både nettsider og automatar. For ei systematisk tilnærming til arbeidet og for å sikre at ein følgjer dei styringssignala, lovkrava og standardane som gjeld, har UDI laga ein handlingsplan for universell utforming av IT. UDI stiller bl.a. systematisk krav til universell utforming av tenester i alle digitale utviklingsprosjekt, og brukskvaliteten på dei digitale tenestene blir testa periodisk.

5.16 Utlendingsnemnda (UNE)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2022

248

33,5

66,5

94,3

1,2

2,4

0,6

2,4

2,7

5,6

2021

226

33,6

66,4

97,5

0

2,0

2,6

0,7

3,1

4,2

2020

215

30,7

69,3

94,8

0

2,0

0

0,6

4,7

3,3

2019

250

30

70

94,2

1,3

1,7

0

0,8

4,3

4,3

2018

290

28,3

71,7

97,0

1,2

1,4

1,2

0

4,1

4,1

Merk at deltidsprosenten er rekna ut med ein annan metodikk enn tidlegare år, slik at berre dei som er tilsette i ei deltidsstilling blir rekna med under mellombelse stillingar.

Kjelde: UNE

UNE hadde 22 fleire tilsette ved utgangen av 2022 enn året før, dvs. ein auke på ca. 10 pst.

Kjønnsfordelinga er uendra frå 2021 til 2022. Ved utgangen av 2022 var det 21 leiarar i UNE. Kjønnsfordelinga blant desse var tilnærma den same som året før; elleve menn og ti kvinner.

Deltidstala for 2022 omfattar berre dei som er tilsette i ei deltidsstilling. Medarbeidarar som er tilsette i ei 100 pst. stilling, men som t.d. har delvis omsorgspermisjon er ikkje medrekna. Dette er ikkje i samsvar med korleis desse tala er framstilte tidlegare år.

Som ledd i det systematiske og fortløpande arbeidet med å vareta likestillingsperspektivet, har UNE både i 2021 og 2022 gjennomført ein lønnsanalyse med tanke på å avdekke eventuelle lønnsskilnader som ikkje kan bli forklarte med andre årsaker enn kjønn. I UNEs nye tilpassingsavtale til hovudavtalen er forbod mot diskriminering ved lønsfastsetjing presisert.

UNE varetek omsynet til likestilling på alle nivå i verksemda, både på leiarnivå, i fortløpande dialog med dei tillitsvalde, og dessutan i dei månadlege møta i UNE si breitt samansette og faste arbeidsgruppe for likestilling og mangfald. Likestilling og mangfald er tema i UNE sine jamlege medarbeidarundersøkingar, og det blir òg vareteke gjennom personalpolitikken som blir ført.

Mangfald, inkludering og likestilling inngår som eit konkret mål i verksemdsstrategien til UNE for 2022-2024. Strategien er jobba fram gjennom eit breitt arbeid i organisasjonen og skal gi retning og fokus i arbeidet dei neste tre åra. Strategien er meint å vere eit arbeidsdokument som skal brukast aktivt i både utvikling og drift av organisasjonen. Han skal også gi hjelp til å prioritere dei aktivitetane og oppgåvene som fører organisasjonen i rett retning mot målbiletet for 2024.

UNE legg vekt på å fremme likestillings- og mangfaldsperspektivet i alle rekrutteringsprosessar for å trekkje til seg søkjarar uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne. I 2022 hadde UNE totalt 22 ordinære rekrutteringsprosessar gjennom offentleg kunngjering. Desse resulterte i totalt 30 nytilsette, der 21 av dei nytilsette, tilsvarande 70 pst., var kvinner. Personar med hol i CV-en og/eller nedsett funksjonsevne utgjorde 6 pst. av dei nytilsette, medan personar med innvandrarbakgrunn utgjorde 13 pst.

Leiarar og aktuelle tillitsvalde har delteke på fleire webinar om mangfald og inkludering for å utvikle kompetanse på området.

6 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan nåast. For ein omtale av dei samla klima- og miljørelevante sakene i regjeringa, sjå fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

6.1 Politiet

Dei viktigaste oppgåvene for politiet innanfor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Førebygging på miljøområdet inneber særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å utføre nødvendige tiltak på sitt eige ansvarsområde. Samarbeidspartnarane til politiet i miljøforvaltninga må derfor involverast både lokalt og sentralt. Regjeringa vil styrke innsatsen mot fiskeri- og miljøkriminalitet nasjonalt og vil i den kommande stortingsmeldinga om økonomisk kriminalitet omtale relevante delar av denne innsatsen. Bl.a. er løyvinga til Økokrim auka med 5 mill. kroner til arbeidet mot alvorleg fiskerikriminalitet, i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023.

6.2 Svalbard – Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat.

Justis- og beredskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Sysselmeisteren på Svalbard og er kontaktpunkt for Longyearbyen lokalstyre.

Ein generell omtale av klima- og miljøpolitikken på Svalbard finst i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet og Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet.

7 Einskildståande tilskot

Tilskotsmidlar skal normalt lysast ut og fordelast på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium, slik at fleire får moglegheit til å søke tilskot, og slik at alternative tilnærmingar for å oppnå mål og samfunnseffektar kan vurderast opp mot kvarandre. Tilskot der mottakaren er namngitt i budsjettproposisjonen, er unntak frå føresegnene i økonomiregelverket. Slike unntak kan vere tenlege i enkelte tilfelle, t.d. viss det gjeld viktige formål utan alternative tilbydarar. Men namngitte mottakarar kan òg føre til mindre effektiv måloppnåing fordi mottakaren ikkje må gjennom konkurranse og prioritering.

Tabell 7.1 Samla oversikt over enkeltståande tilskot under Justis- og beredskapsdepartementet i 2024

Tilskotsmottakar

Kap.

Post

Tilskot i 2023

Forslag 2024

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

400

70

9 680

10 100

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) (drift av nettportal)

400

70

4 636

4 636

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar/informasjonskampanje)

400

70

950

950

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (nasjonal konferanse)

400

70

450

450

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar / informasjonskampanje)

400

70

950

950

Oslo kommunes EX/IN-prosjekt

433

70

1 000

1 000

Forandringshuset i regi av KFUK/KFUM

433

70

2 000

2 000

Krisesentersekretariatet (Rosa-prosjektet)

440

70

5 039

5 300

Justismuseet

440

71

8 200

Norsk elektroteknisk Komite (NEK), Norsk brannvernforening

451

70

7 300

7 743

Telenor Kystradio og Avinor Svalbard

455

72

127 781

135 953

Redningsselskapet

455

73

134 176

140 098

Svalbard kirke

480

50

5 750

6 000

Svalbard Museum

480

50

14 420

14 900

Ansvaret for forvaltninga av tilskotet til Justismuseet er overført til Kultur- og likestillingsdepartementet frå og med 2024.

8 Tekniske endringar i kontostrukturen og bruk av stikkord «kan overførast»

Det blir foreslått å endre postar, postnamn og stikkord slik:

Kap. 440, post 46 endrar namn frå «Investeringer i Schengen IKT-systemene, kan overføres» til «Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overføres».

Kap. 3442, post 03 endrar namn frå «Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter» til «Eksterne forskningsmidler».

Det blir oppretta ein ny post 23 Variable utgifter EUs ordning for sivil beredskap, under kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Posten skal dekke utlegg knytta til EUs ordning for sivil beredskap. Det blir oppretta ein tilhøyrande inntektspost 07 Refusjoner fra EU i forbindelse med variable utgifter knyttet til EUs ordning for sivil beredskap, under kap. 3451. Posten skal dekke refusjonar frå EU knytta til EUs ordning for sivil beredskap.

Kap. 469 Vergemålsordningen og kap. 3469 Vergemålsordningen blir avvikla. Samstundes blir det oppretta ein ny post 21 Spesielle driftsutgifter, under kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning. Posten skal dekke godtgjering og utgiftsdekning til verjer, godtgjering og utgiftsdekning til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar og utgifter til tolk. Det blir oppretta ein ny post 02 Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter. På posten skal det førast inntekter som tidlegare er løyvde på kap. 3469, post 01Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter.

Kap. 490, post 46 endrar namn frå «Investeringer i Schengen IKT-systemer, kan overføres» til «Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overføres».

Kap. 490, post 75 endrar namn frå «Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres» til «Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, kan overføres».

Kap. 3490, post 03 endrar namn frå «Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter» til «Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, ODA-godkjente utgifter».

Kap. 491, post 21 endrar namn frå «Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling» til «Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling mv.».

Forslaga er i tråd med tabellen under:

**Under Justis- og beredskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2023

Forslag 2024

Grunngjeving for stikkordet

400

23

Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting

11 175

31 309

410

22

Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler

1 817

3 180

430

21

Spesielle driftsutgifter

7 890

120 631

430

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv.

133 720

433

60

Tilskudd til kommuner

11 208

440

22

Søk etter antatt omkomne

4 165

7 306

440

73

Internasjonale forpliktelser, mv.

9 128

713 041

451

22

Spesielle driftsutgifter – Nødnett

72 319

561 410

475

21

Spesielle driftsutgifter

8 924

490

23

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

1 152

7 079

490

72

Assistert retur og reintegrering i hjemlandet

32 298

490

74

Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv.

36 191

87 894

490

75

Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet

28 934

20 313

490

76

Internasjonalt migrasjonsarbeid

372

27 220

Til forsida