Rettleiing om desentralisert arbeid i staten

Til innhaldsliste

2 Overordna føresetnader

2.1 Definisjon og avgrensing

Desentralisert arbeid i denne rettleiinga tek utgangspunkt i fjernarbeid som blir utført frå ein annan geografisk stad enn på den ordinære kontorstaden til verksemda eller den tilsette.

Målet med å leggje til rette for desentralisert arbeid i staten er å oppnå meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og å styrkje lokale fagmiljø, som kan gi distriktspolitisk gevinst, jf. rundskriv H-1/23 Fellesføringar i tildelingsbreva for 2023. Desentralisert arbeid kan mellom anna vere aktuelt for å rekruttere og behalde kompetanse, leggje til rette for eit familievennleg arbeidsliv og førebyggje og avgrense sjukefråvær.

Denne rettleiinga tek sikte på følgjande situasjonar:

  1. Arbeidstakaren arbeider frå eit kontorfellesskap utanfor kontorstrukturen til verksemda, t.d. eit offentleg eller privat eid kontorfellesskap, eller i kontorlokala til ei anna statleg verksemd.
  2. Arbeidstakaren arbeider frå ein annan kontorstad, innanfor kontorstrukturen til verksemda, enn den kontorstaden arbeidstakaren organisatorisk høyrer til.
  3. Arbeidstakaren arbeider frå heimekontor fordi arbeidstakaren er busett så langt frå kontorstaden eller kontorstadene til verksemda at dagpendling ikkje er realistisk.

Annan bruk av heimekontor, ein eller fleire dagar i veka, blir ikkje omtalt i rettleiinga.1 Rettleiinga omfattar heller ikkje arbeid frå utlandet.

2.2 Kva arbeidsoppgåver og tilsette ordninga er aktuell for

Dei statlege arbeidsgivarane må sjølv gjennomføre den endelege vurderinga av kva moglegheit verksemda har for desentralisert arbeid. Før dei avgjer det, må arbeidsgivarane avklare korleis arbeidsforma skal tilpassast behovet og eigenarten for verksemda. Dette bør skje i dialog med dei tillitsvalde. Verksemda har ansvar for å leggje rammene rundt korleis auka bruk av desentralisert arbeid skal gjennomførast i verksemda, etter drøfting med dei tillitsvalde. Dette må gjerast ut frå juridisk rammeverk, arbeidsfelt, oppgåver og kompetansebehov.

Desentralisert arbeid krev særskilt merksemd og oppfølging ved nytilsetjingar dersom den tilsette ikkje kjenner verksemda frå før. Dersom ein nytilsett arbeider desentralisert frå første dag, må arbeidsgivaren sørgje for at medarbeidaren blir introdusert til verksemda og arbeidet på ein god måte.

Kriteria for kven som får høvet til å arbeide desentralisert, må vere tilstrekkeleg klare og kjende. Arbeidsgivaren vil ofte måtte bruke element av skjønn i slike avgjerder, men også skjønnskriteria bør kunne gjerast kjende.

Dei tillitsvalde skal involverast i arbeidet.

Fotnotar

1.

Forskrift 5. juli 2002 nr. 715 om arbeid som utføres i arbeidstakers hjem (heimekontorforskrifta) regulerer heimearbeid som ikkje er kortvarig eller sporadisk, med mindre arbeidstakaren berre arbeider i eigen heim.