Rettleiing om desentralisert arbeid i staten

Til innhaldsliste

4 Fysisk, psykososialt og fagleg arbeidsmiljø

Helse, miljø og tryggleik

Arbeidsgivaren har som utgangspunkt ansvaret for at tilsette som arbeider desentralisert, har eit trygt fysisk arbeidsmiljø som ikkje gir opphav til skadar. Det inneber mellom anna at arbeidsgivaren har ansvaret for at utstyr som blir levert til den tilsette, ikkje er til skade for arbeidstakaren, og at arbeidsstaden og innemiljøet ikkje fører til uheldige fysiske belastningar.

Reglane i arbeidsmiljølova, mellom anna kapittel 3 i arbeidsmiljølova om verkemiddel i arbeidsmiljøarbeidet og kapittel 4 om krav til arbeidsmiljøet, gjeld også ved arbeid frå kontorstader i eller utanfor kontorstrukturen til verksemda. Desentralisert arbeid frå heimekontor følgjer reglane i heimekontorforskrifta.2 Det følgjer av heimekontorforskrifta at arbeidsgivaren, så langt det er praktisk mogleg, skal forsikre seg om at arbeidsforholda ved heimearbeid er fullt forsvarlege. Arbeidstakaren skal medverke til gjennomføringa av dei tiltaka som blir sette i verk for å skape eit sunt og trygt arbeidsmiljø.3

Det psykososiale arbeidsmiljøet

Det psykososiale arbeidsmiljøet dreier seg i hovudsak om form og innhald i dei mellommenneskelege forholda på arbeidsplassen. Dei psykososiale arbeidsforholda er ofte ein konsekvens av korleis arbeidet er organisert, leidd og tilrettelagt.

Arbeidsgivaren skal leggje arbeidet til rette slik at arbeidstakaren ikkje blir utsett for negative forhold av psykososial karakter, og at summen av ulike belastningar ikkje blir for stor. Ved desentralisert arbeid er det særleg viktig at det så langt som mogleg blir lagt til rette for at arbeidstakaren blir inkludert i arbeidsmiljøet. Sosial kontakt med kollegaer og støtte frå leiaren er viktig.

Leiinga og dei tilsette har eit felles ansvar for å skape og sikre eit godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsformer og god dialog, i ein situasjon der det blir arbeidd frå ulike geografiske stader.

Fagleg arbeidsmiljø

Det faglege arbeidsmiljøet må haldast oppe og utviklast, også for arbeidstakarar som arbeider desentralisert. Både arbeidsgivaren og arbeidstakaren har ansvar for at kompetansemiljøa i verksemda ikkje blir svekte.

Fotnotar

2.

Arbeidsmiljølova kapittel 2, 3 og 4 gjeld ikkje for arbeid som blir omfatta av heimekontorforskrifta, med unntak av arbeidsmiljølova § 3-1 som fastslår kravet til systematisk helse-, miljø- og tryggingsarbeid.

3.

Sjå heimekontorforskrifta § 3 om krav til arbeidsmiljø ved arbeid heimanfrå.