St.meld. nr. 11 (1999-2000)

Kredittmeldinga 1998

Til innhaldsliste

7 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1998

7.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond blei oppretta ved eiga lov av 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 millionar kroner. Statens Bankinvesteringfond har som formål å stille ansvarleg kapital til rådvelde for norske bankar med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar, men kan i særlege tilfelle tileigne seg aksjar og grunnfondsbevis frå Statens Banksikringsfond, eller overta ansvarlege lån frå Statens Banksikringsfond utan at forretningsmessige vurderingar ligg til grunn for kjøpet.

7.2 Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak om bruk av midlar eller avhending av aktiva, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Finansdepartementet kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha løyve til å uttale seg før Finansdepartementet gjer slike vedtak.

Samansetjinga av styret er vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Styret i Statens Bankinvesteringsfond

Advokat Erik Keiserud, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Sjeføkonom Stein Reegård, medlem

Viseadministrerande direktør Anita Roarsen, medlem

Likestillingsombod Anne Lise Ryel, medlem

Erik Keiserud blei oppnemnd som leiar etter førstelagmann Arne Christiansen 15. desember 1998.

Administrasjonen har tre fast tilsette. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør i fondet. I tillegg bruker fondet faste eksterne rådgivarar.

Årsmeldinga for arbeidet i Statens Bankinvesteringsfond i 1998 blei lagd fram av styret 16. februar 1999, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

7.3 Rekneskap og balanse i 1998

Rekneskapen for 1998 viser eit årsresultat på 750,0 millionar kroner mot 855,2 millionar kroner i 1997. Inntektene utgjorde 756,4 millionar kroner og driftskostnadene 6,3 millionar kroner. Driftskostnadene er lågare enn året før. Av inntektene utgjer utbytte frå aksjar i DnB og Kreditkassen til saman 739,7 millionar kroner. Sum renteinntekter er lågare enn i fjor som følgje av mindre gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1998.

Marknadsverdien av Bankinvesteringsfondet sine investeringar utgjorde 13 927,3 millionar kroner pr. 31.12.98. Det er 8 830,2 millionar kroner meir enn bokført verdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 11 536,2 millionar kroner.

Heile årsoverskotet på 750 millionar kroner er avsett som utbytte til staten.

Verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet forvaltar, hadde i 1998 eit samla nettoresultat på 931,1 millionar kroner etter frådrag av kostnader.

7.4 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1998

Formålet med statleg medeigarskap skal vere å medverke til å sikre ein stabil eigarskap i dei to største forretningsbankane. Med statleg medeigarskap vil staten kunne påverke strategiske vegval i bankane og hindre vedtektsendringar som er i strid med nasjonale interesser. Det er ein føresetnad at den statlege medeigarskapen baserer seg på at bankane skal drivast på eit ordinært forretningsmessig grunnlag, jf. avsnitt 2.1 for nærare omtale.

DnB og Kreditkassen viste ei svak kursutvikling i 1998, men i overkant av den norske bankindeksen. Samla avkastning på aksjane i DnB og Kreditkassen medrekna utbytte var på høvesvis minus 16,8 og minus 4,4 prosent. Av delindeksane på Oslo Børs hadde finansindeksen minst nedgang i 1998. Mens totalindeksen fall med 26,7 prosent, fall finansindeksen berre med 2,4 prosent. Omsetnaden av aksjar i DnB og Kreditkassen har i 1998 vore svært god, med ein samla omsetnad på høvesvis 16,5 og 12,2 milliardar kroner. (Kjelde: Oslo Børs).

Ved utgangen av 1998 hadde Bankinvesteringsfondet eigardelar i DnB og Kreditkassen til ein bokført verdi på i alt 5 097,1 milliardar kroner. I tillegg til dette forvalta Bankinvesteringsfondet ein portefølje av aksjar i DnB for Banksikringsfondet med ein bokført verdi på 1 040,0 milliardar kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Bankinvesteringsfondet forvalta pr. 31.12.98, var 16 756,1 milliardar kroner. Eigardelane i dei ulike bankane og marknadsverdien av desse er viste nedanfor:

Tabell 7.1 Eigardelane i dei ulike bankane

31.12.9831.12.97
(Beløp i mill. kroner)EigedelMarknadsverdiEigedelMarknadsverdi
DnB52,2 %9 084,852,2 %11 790,2
Kreditkassen51,0 %7 671,351,0 %8 514,3
Sum16 756,120 304,5

Utanlandsdelen på Oslo Børs auka noko i 1998. Delen auka sterkt i byrjinga av året, frå 31,2 prosent ved utgangen av 1997, men blei sterkt redusert i den urolege perioden i finansmarknaden på hausten, og enda på 31,7 prosent ved utgangen av 1998. (Kjelde: Oslo Børs). Den utanlandske delen av DnB-aksjane i marknaden blei redusert i løpet av året. Tabell 7.2 viser korleis aksjane i DnB og Kreditkassen, ved utgangen av 1998, var fordelte mellom Noreg og utlandet.

Tabell 7.2 Eigardelane til ulike grupper i prosent av total aksjekapital

31.12.9831.12.97
DnBKreditkassenDnBKreditkassen
SBF/SBIF52,2 %51,0 %52,2 %51,0 %
Noreg elles28,1 %26,2 %24,9 %25,6 %
Utlandet19,7 %22,8 %22,9 %23,4 %
Sum100,0 %100,0 %100,0 %100,0 %
Utlandet sin del av aksjane i marknaden41,2 %46,5 %47,9 %47,8 %

Kjelde: Oslo Børs

7.5 Nedsal av aksjar i DnB og Kreditkassen

Nokre bankar står i dag i Noreg som heilåtte dotterselskap i konsern. I samband med Finansdepartementet si godkjenning av DnB sitt oppkjøp av Vital Forsikring ASA blei det sett vilkår om at konsernet innan 1. november 1999 skulle organiserast med eit holdingselskap som konsernspiss. I 1999 blei lova om Statens Bankinvesteringsfond difor endra slik at Bankinvesteringsfondet òg kan vere eigar i holdingselskap som mellom anna eig bank.

I St.meld. nr. 1 (1997 - 98) Nasjonalbudsjettet 1998, som blei lagt fram 3. oktober 1997, gav regjeringa Jagland uttrykk for at den statlege aksjeeiga i DnB og Kreditkassen burde reduserast ned mot ein tredel, då det var regjeringa sitt syn at ein eigardel på ein tredel oppfyller målet med den statlege eigarskapen i finansnæringa. Sal burde skje etter forretningsmessige prinsipp med sikte på å oppnå best mogleg avkastning for staten som eigar, i tråd med det som er lagt til grunn ved tidlegare sal av aksjar frå fondet. Aksjesala burde gjennomførast i 1998 med mindre særlege forretningsmessige tilhøve skulle tilseie at den aktuelle aksjehandelen heilt eller delvis burde utsetjast til 1999.

I St.prp. nr. l Tillegg nr. 3 (1997 - 98) om endring i St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998, la regjeringa Bondevik til grunn at Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet ville selje aksjar i DnB og Kreditkassen slik at fondet sin eigardel i dei to bankane blei redusert til ein tredel. Ein tok sikte på at aksjesala skulle gjennomførast i 1998 med mindre marknadssituasjonen skulle tilseie seinare sal. Det blei sagt at ein i samband med sala skulle prøve å oppnå ein spreidd eigarskap i dei to bankane, og ein såg det som positivt om aksjane kunne få ei brei spreiing.

Med utgangspunkt i ei marknadsmessig og forretningsmessig vurdering starta arbeidet med eit nedsal i DnB først.

Den 17. mars 1998 kunngjorde Bankinvesteringsfondet i ei pressemelding at Warburg Dillon Read var vald til Global Co-ordinator og rådgivar for det planlagde samla nedsalet av aksjar i DnB. Tanken var at det planlagde salet skulle skje både som eit offentleg sal til publikum i Noreg og som ei institusjonell plassering til norske og utanlandske institusjonar. Det blei lagt særleg vekt på å leggje til rette for best mogleg spreiing blant private investorar i Noreg. DnB Markets fekk i oppdrag å leie det offentlege salet til publikum i Noreg saman med Christiania Markets og Karl Johan Fonds. Warburg Dillon Read skulle leie det institusjonelle salet med eit syndikat samansett av Alfred Berg, Fox-Pitt, Kelton, DnB Markets, Carnegie og Fondsfinans.

Avgjerda i styret og representantskapet i DnB 6. mai 1998 om at Finn A. Hvistendahl skulle slutte som konsernsjef, og at Svein Aaser blei tilsett som ny konsernsjef i DnB, medførte at salssyndikatet under leiing av Warburg Dillon Read rådde Bankinvesteringsfondet til å utsetje nedsalet av aksjar i DnB. Det internasjonale kursfallet på ettersommaren gjorde det naturleg å utsetje tidspunktet for eit nedsal til 1999 eller til dei forretningsmessige og marknadsmessige tilhøva synest å liggje betre til rette for det.

Fusjonen mellom DnB og Postbanken inneber at vurderinga av sal av aksjane førebels er utsett.

Den 21. januar 1999 offentleggjorde Bankinvesteringsfondet at Salomon Smith Barney var vald til Global Co-ordinator og rådgivar for nedsalet i Kreditkassen. Christiania Markets leidde det offentlege salet til publikum i Noreg saman med DnB Markets og Karl Johan Fonds. Salomon Smith Barney leidde det institusjonelle syndikatet saman med Alfred Berg, Carnegie og Banque Paribas som Co-leads, mens Christiania Markets, Fondsfinans og Pareto var Co-managers i den institusjonelle transjen.

Salet av aksjar i Kreditkassen blei gjennomført i mars 1999 som eit offentleg sal til publikum i Noreg, og som ei institusjonell plassering til norske og utanlandske institusjonar. Det blei selt 90 millionar aksjar til kr 30,60 pr. aksje for til saman 2,8 milliardar kroner. Overteikninga var 3,2 gonger tilbodet. Ved tildelinga blei massemarknaden prioritert og fekk fordelaktig allokering for å oppnå best mogleg spreiing blant private investorar i Noreg. 50 prosent av aksjane blei selde til norske privatpersonar og institusjonar.

7.6 Strukturelle tilhøve

Ei av oppgåvene til Bankinvesteringsfondet er å medverke til at dei vegval og strategiske vedtak bankane gjer, er i tråd med eigaren sine interesser. Også i 1998 har det skjedd viktige strukturendringar i finanssektoren både i Europa og i Norden. Bankinvesteringsfondet har følgt denne utviklinga, og har spesielt fokusert dei strukturelle endrinane og utviklingstendensane som gjeld banknæringa i Noreg.

Finansdepartementet avslo konsesjonssøknad frå DnB 29. januar 1998 om å kjøpe alle aksjane i Bolig- og Næringsbanken. Ved avgjerda blir det lagt til grunn ei struktur- og distriktspolitisk målsetjing om å oppretthalde minst eitt finansielt tyngdepunkt utanfor Oslo.

Styret i Kreditkassen sette 1. mai 1998 fram forslag om fusjon overfor styret i Storebrand. Forslaget frå Kreditkassen var mellom anna basert på eit byteforhold på 1,92 aksjar i Kreditkassen for 1 aksje i Storebrand.

Med det byteforholdet som var føreslått, ville ein eventuell fusjon ha ført til at Bankinvesteringsfondet sin eigardel i Kreditkassen blei redusert frå 51 til 26,5 prosent i morselskapet til det nye konsernet.

Ut frå dei forretningsmessige vurderingar som låg føre, såg Bankinvesteringsfondet positivt på den industrielle grunngivinga for ein fusjon.

Den 3. mai fekk Kreditkassen melding om at styret i Storebrand ikkje aksepterte det framsette tilbodet, og framlegget om fusjon mellom Kreditkassen og Storebrand ASA fall bort.

Den 15. september 1998 blei styra i Kreditkassen, Fokus Bank ASA («Fokus Bank») og Postbanken BA («Postbanken») samde om ein integrasjonsavtale.

I integrasjonsavtalen mellom partane blei det avtala byteforholdet fastsett til 1 aksje i Fokus Bank mot 2,3836 i Kreditkassen. Eigarane i Fokus, Postbanken og Kreditkassen ville fått høvesvis 19,2, 19,7 og 61,1 prosent av aksjane i den nye banken. Den statlege eigardelen i den fusjonerte eininga ville til saman ha utgjort 50,9 prosent, fordelt med 19,7 prosent på Samferdselsdepartementet og 31,2 prosent på Bankinvesteringsfondet.

Styret i Bankinvesteringsfondet gav også dette framlegget positiv behandling, og deltok i dei valkomiteane som førebudde den formelle fusjonsprosessen.

Den 10. november 1998 fann styra i Kreditkassen og Fokus Bank at det ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for å skrive under på den framlagde fusjonsplanen mellom dei tre bankane. Dette kom av at det ikkje låg føre ein tilfredsstillande avtale om bruken av Posten sitt distribusjonsnett i samsvar med integrasjonsavtalen mellom dei tre bankane av 15. september 1998.

Styra i DnB og Postbanken inngjekk ein avtale med sikte på samanslåing av dei to finanskonserna 23. mars 1999.

Det blei annonsert at den nye banken kjem til å ha ein forvaltningskapital på 315 milliardar kroner. Personkundar i DnB vil få tilgang til distribusjon gjennom 900 postkontor i tillegg til det ordinære filialnettet til DnB.

Etter avtalen får staten aksjar i DnB tilsvarande 4,2 milliardar kroner basert på siste omsetningskurs for DnB-aksjen på 30,40 kroner den 19. mars 1999, i tillegg til ein kontantsum på 0,3 milliardar kroner frå Postbankens frie eigenkapital. Proforma eigarskap i det fusjonerte konsernet vil gi eigarane av DnB og Postbanken høvesvis 82,3 og 17,7 proent. Statleg eigardel i DnB straks etter ei gjennomføring vil vere 60,6 prosent.

Styret i Bankinvesteringsfondet ser positivt på planane om ein fusjon, på grunnlag av at det kjem til å styrkje den konkurransemessige situasjonen til banken og dermed auke aksjekursen, og røysta for fusjonsframlegget på den ekstraordinære generalforsamlinga 30. juni 1999, der i alt 99,9 prosent av dei avgitte stemmene var for framlegget.

For ei nærare omtale av fusjonen sjå avsnitt 2.1.

Til forsida