St.meld. nr. 20 (2001-2002)

Om Noregs deltaking i den 56. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 55. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og utvikling

2.1 Avslutning av den 55. generalforsamlinga

Den 55. generalforsamlinga vart førebels avslutta 23. desember 2000. Ho kom saman med jamne mellomrom våren og sommaren 2001 for å drøfte uteståande spørsmål på dagsordenen. Den 55. generalforsamlinga vart formelt avslutta 10. september 2001.

Generalforsamlinga sin spesialsesjon om born skulle vore halden i New York 19.-21. september 2001. Sesjonen vart utsett til 8.-10. mai 2002 på grunn av terroriståtaket på USA 11. september.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 56. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 56. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

Delegerte:
UtanriksministerJan Petersen, leiar
AmbassadørOle Peter Kolby, nestleiar
1.del av sesjonen:
Delegerte:
StortingsrepresentantTom Thoresen
StortingsrepresentantGunhild Øyangen
StortingsrepresentantAre Næss
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantPer Ove Width
StortingsrepresentantPetter Løvik
StortingsrepresentantTorstein Rudihagen
2. del av sesjonen
Delegerte:
StortingsrepresentantInge Myrvoll
StortingsrepresentantFinn Kristian Marthinsen
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantReidun Gravdahl
StortingsrepresentantBjørn Hernæs
StortingsrepresentantØyvind Vaksdal
StortingsrepresentantSverre Myrli

Observatørar:

Barne- og familiedepartementet

Landsorganisasjonen i Noreg, LO

Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO

FN-sambandet

NGO-forum, v/Den norske Helsingforskomité

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja

Noregs Fredsråd

I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til Dei sameinte nasjonane og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.

2.3 Forsamlinga si utvikling

Den 56. generalforsamlinga vart opna 12. september 2001, ein dag forseinka og sterkt prega av terroråtaka i New York og Washington. Generalforsamlinga vedtok på opningsdagen ein resolusjon som fordømde terroråtaka i USA. Dagsordenen for Generalforsamlinga omfatta i alt 176 punkt.

I den føreliggjande stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega denne sesjonen. Som grunnlag for arbeidet hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med delegasjonane frå dei andre nordiske landa, delegasjonane frå EU-landa og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.

Generalforsamlinga sin spesialsesjon om born skulle vore halden i New York 19.-21. september 2001. Sesjonen vart utsett til 8.-10. mai 2002 på grunn av terroriståtaket på USA 11. september.

2.4 Konstituering og val av nye medlemmer

Den 56. generalforsamlinga valde Sør-Koreas utanriks- og handelsminister Han Seung-Soo som president for den 56. generalforsamlinga. Den nye presidenten la i opningstalen sin vekt på å uttrykkje avsky over terroråtaka den 11. september og solidaritet med offera og USAs regjering.

Det vart ikkje teke opp nye medlemmer under den 56. generalforsamlinga.

Den 56. generalforsamlinga valde følgjande fem statar som nye, ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2002-2003: Bulgaria, Guinea, Kamerun, Mexico og Syria.

Til forsida