St.meld. nr. 20 (2001-2002)

Om Noregs deltaking i den 56. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 55. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Oversyn over og vurdering av FNs 56. generalforsamling

3.1 Reform av FN

3.1.1 Reform av Tryggingsrådet

Spørsmålet om reform og utviding av Tryggingsrådet står sentralt i reformarbeidet i FN. Rådet vart sist utvida i 1963, frå 11 til 15 medlemmer. Den 48. generalforsamlinga oppnemnde ei arbeidsgruppe for alle medlemslanda i FN for å vurdere alle sider ved spørsmålet om ei utviding av medlemstalet i Tryggingsrådet, arbeidsmetodane i Rådet og tilhøvet til andre medlemsland.

Arbeidet gav konkrete resultat, mellom anna i form av at fleire møte og debattar i Tryggingsrådet no er opne for deltaking av og innlegg frå land som ikkje er medlemmer av Rådet. Noreg er mellom dei landa som aktivt har arbeidd for større openskap. Orienteringar frå FN-sekretariatet og diskusjonar i samband med resolusjonsvedtak, som tidlegare til vanleg fann stad i lukka samråd i Rådet, vert stadig oftare haldne i opne møte. I tillegg har Rådet opna opp for tematiske debattar, også om utradisjonelle tema som aids. Det har utvikla seg ei brei semje om behovet for openskap og om nytta av mekanismar for samråd, mellom anna mellom Rådet og troppebidragsytande land.

Samtidig var arbeidet i den opne arbeidsgruppa prega av stor avstand i synspunkta på prinsippa for korleis ei utviding av Rådet bør gå føre seg. Det avteikna seg brei semje om at Rådet bør utvidast for at samansetjinga betre skal spegle dei politiske og økonomiske realitetane i verda i dag, medrekna auken i talet på medlemsland, og for at utviklingslanda skal kunne få betre representasjon. Men situasjonen er fastlåst når det gjeld korleis ei utviding skal gjennomførast, og særleg gjeld det storleiken på eit utvida tryggingsråd og om ei slik utviding skal omfatte både faste og ikkje-faste plassar. Land som Storbritannia, Tyskland, Frankrike, USA, Japan, Noreg og dei andre nordiske landa har gått inn for ei utviding av både faste og ikkje-faste plassar. Men sentrale aktørar som Italia, Pakistan, Mexico, Spania, New Zealand, Canada, Tyrkia og Argentina har gått inn for ei utviding av berre ikkje-faste plassar. Dei alliansefrie landa (NAM) har vore positive til ei utviding av både faste og ikkje-faste plassar, men dersom det viser seg vanskeleg å kome til semje om kva land som eventuelt skal få fast plass, vil dei gå inn for å utvide Tryggingsrådet med berre ikkje-faste plassar i første omgang. Det er òg usemje mellom dei landa som støttar nye faste plassar, mellom anna om kriteria for utveljing av nye faste medlemmer og om det samla talet på land i eit utvida Tryggingsråd. Dei fem noverande faste medlemmene (P5) er særleg opptekne av at ei utviding ikkje må verte for stor, mellom anna av omsyn til effektiviteten i Tryggingsrådet. USA, som saman med Russland har vore dei mest restriktive, medverka likevel til ei viss tilnærming i posisjonane ved å opne for ei utviding av Rådet til litt over 21 medlemmer. Frankrike og Storbritannia er meir fleksible. Utviklingslanda meiner på si side at 24 medlemmer er eit minimum.

Vetoretten er omstridd, både for eksisterande og eventuelt nye faste medlemmer av Tryggingsrådet. Ei rekkje utviklingsland ønskjer å avgrense eller fjerne vetoretten. Land som er potensielle nye faste medlemmer, har signalisert at dei ikkje kan akseptere eit skilje mellom gamle og nye faste medlemmer når det gjelder dette. Det er òg lite som tyder på at dei fem faste medlemmene i dag er villige til å gje opp vetoretten.

Det vert vanskeleg å kome fram til semje. Generalforsamlinga har vedteke ein resolusjon om at alle vedtak om reform og utviding av Tryggingsrådet må gjerast med to tredels fleirtal av alle FNs medlemsland. Arbeidsgruppa held fram med arbeidet i 2002, for niande året på rad, men utsiktene til vidare reell framdrift er framleis svært usikre.

3.1.2 Spørsmål om finansielle og administrative reformer

Resolusjonen om den andre fasen av gjennomføringa av Brahimi-rapporten representerer eit steg framover når det gjeld å forbetre FNs evne til å planleggje og gjennomføre fredstryggjande operasjonar. Generalsekretæren kom med eit framlegg om å styrkje sekretariatet med 216 stillingar i tillegg til dei 93 nye stillingane frå året før. Den rådgjevande komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål (ACABQ) tilrådde 129 av desse stillingane. Noreg og CANZ-landa var blant dei få landa som ordla seg relativt klart i ein elles vag debatt. Både Noreg og CANZ gav uttrykk for at ein var overraska over dei store nedskjeringane i ACABQ sitt framlegg. I begge innlegga vart det vist til at FNs fredsbyggjande verksemd stadig får nye dimensjonar, og at ein difor støttar framlegg om stillingar som vil vere ei styrking av FNs kapasitet når det gjeld analyse, informasjon, varetaking av kvinneperspektivet, menneskerettar m.m. EU delte stort sett dette synet, men valde likevel som utgangspunkt i forhandlingane å avgrense seg til å ymte om at tilrådingane frå ACABQ nok kunne vere utgangspunkt for eit kompromiss.

Av dei landa som tydelegast gav uttrykk for støtte til tilrådingane frå ACABQ, var USA, Russland, Ukraina og India. Utviklingslanda gjentok skepsisen dei hadde til hastverket som Generalsekretæren har hatt med å følgje opp tilrådingane frå Brahimi. Dei viste til at det har teke lang tid å fylle dei 93 stillingane som alt var godkjende. Utviklingslanda ymta om at Generalsekretæren nytta merksemda om Brahimi-rapporten til generelt å be om auka ressursar til sekretariatet. Dei åtvara mot å freiste å byggje opp ei rekkje mindre fageiningar innanfor Avdelinga for fredstryggjande operasjonar (DPKO), fageiningar som alt finst i andre delar av FN-sekretariatet. Fleire troppebidragsytande land var derimot positive til å styrkje einingar som har med den praktiske administrasjonen av fredstryggjande operasjonar å gjere. Det vart òg understreka at dei nye stillingane i stor grad bør fyllast med personar frå dei nemnde landa.

Kompromissløysinga vart at det vart vedteke 121 nye stillingar til ein årleg kostnad av USD 16,1 mill., noko som inneber at det vart gjort eit monaleg og gledeleg lyft på dette området. Mindre positivt var det at ein ikkje lukkast å støtte opp om framlegget frå Generalsekretæren om å opprette nye stillingar til kontoret innan DPKO for nedrusting, demobilisering og reintegrering og stillingar som skulle fokusere på kvinneperspektivet i fredstryggjande og fredsskapande verksemd. Sjølv om mange land hadde snakka varmt om desse områda både i Spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar og i Tryggingsrådet, var det få land i tillegg til Noreg og CANZ som følgde opp når ressursane skulle fordelast. Den eine stillinga som skulle fokusere på kvinneperspektivet, vil likevel verte vurdert på nytt i samband med at Generalsekretæren utarbeider ein heilskapleg strategi når det gjeld kvinneperspektivet.

Eit viktig vedtak som vart gjort, var oppfølginga av resolusjonen om tryggleiken for FN-personell, der Noreg var svært aktivt involvert. I det norske innlegget støtta ein framlegget frå Generalsekretæren om 19 nye stillingar i hovudkvarteret, medrekna ein heiltidstilsett tryggingssamordnar og 276 nye stillingar i felten (184 lokalt tilsette). Det vart òg etterlyst ei klargjering av tilhøvet mellom DPKO og tryggingssamordnaren. Det vart understreka at det er viktig at det vert utarbeidd normer for kven som er ansvarleg for kva, og at det trengst klare kommandoliner mellom hovudkvarteret og felten. Det var dessutan avgjerande at det overordna ansvaret for tryggleiken vart sentralisert til FN-kontoret for tryggleik (UNSECOORD), og at ein hadde ein felles politikk, som vart følgd opp av alle organisasjonar, fond og program innanfor FN-systemet. Noreg støtta ei eiga eining for opplæring. Ein helsa til slutt velkomen den nye modellen for å dele kostnader mellom FN-hovudkvarteret, særorganisasjonane og FN-fond og -program når det gjeld tryggleik, som er framforhandla i 2001.

Framlegget frå Generalsekretæren vart følgd opp i den resolusjonen som vart vedteken. I resolusjonen vart det òg etterlyst ein mekanisme ute i felten som står ansvarleg for tryggleiken til FN-personellet. I den samanhengen vart Generalsekretæren beden om å rapportere om oppretting av ein slik mekanisme og om gjennomføring av felles normer på dette området. Generalsekretæren vart vidare beden om å gjere ei evaluering av FNs tryggingssystem, medrekna det nye opplegget for betre samordning av FNs tryggingssystem og tilhøvet mellom FNs avdeling for fredstryggjande operasjonar og FNs tryggingssamordnar. Den sistnemnde stillinga er no gjort til ei eiga heiltidsstilling.

Generalforsamlinga slutta seg til framlegget til Den internasjonale tenestemannskommisjonen (ICSC) om ein 3,87 prosent auke i grunnløna for fagtenestemenn og justering av andre tillegg. Det vart vidare vedteke at formannen i ICSC i nært samarbeid med Generalsekretæren skulle leggje fram ein timeplan for gjennomføring av ein gjennomgang av ICSC. Dette er eit reformframlegg som Generalsekretæren har kome med, og som tidlegare har vorte utsett ei rekkje gonger ettersom formannen i ICSC, som er frå eit utviklingsland, har tolka kravet om ein gjennomgang som kritikk av ICSC. Utviklingslanda har støtta formannen sitt syn og tidlegare avvist kravet om ein gjennomgang og grunngjeve dette med at Kommisjonen fungerer tilfredsstillande. Dei fleste vestlege land har derimot hevda at Kommisjonen kan forbetre arbeidsmetodane, og var rimeleg nøgde med at ein no har vedteke ein timeplan for gjennomføringa av ein gjennomgang. ISCS gjev Generalforsamlinga innstilling om løns- og tenestevilkår som gjeld for heile FN-systemet med unntak av Bretton Woods-institusjonane. ICSC har samarbeidsproblem med personellorganisasjonane i FN, som er sterkt kritiske til ICSC sitt arbeid og meiner at det ikkje har vorte teke omsyn til synspunkta deira.

Det vart òg vedteke ein resolusjon om eit framlegg frå Generalsekretæren om bygging av eit nytt gjeste-/turistsenter ved FN-hovudkvarteret i New York. Generalsekretæren bad om løyve til å gå vidare med eit prosjekt der USAs FN-samband har tilbode seg å skaffe 50-60 mill. til bygging av eit nytt gjestesenter. Etter overleveringa av gåva vil det vere FN som står for den kommersielle drifta. FN vil òg ha styringa med utforminga av bygget og med samordninga med anna modernisering av FN-komplekset. Særleg EU var skeptisk til kva økonomiske følgjer drift og vedlikehald av eit nytt senter ville få for FN. Men i den resolusjonsteksta som vart vedteke, vert det sjenerøse tilbodet helsa velkomen. Ein ønskjer likevel at andre lands FN-samband kan gje tilskot til prosjektet.

3.2 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Arbeidet i 1. komité og røystinga følgde tradisjonelle liner. Terroråtaka 11. september sette monaleg preg på sesjonen. Komitéformannen la fram ein resolusjon om nedrusting og global nedkjemping av terrorisme, som vart vedteken med konsensus.

Utviklinga i dialogen mellom USA og Russland om fastsetjing av ei ny strategisk ramme sette preg på debatten om årets ABM-resolusjon. USA uttrykte eit visst vonbrot over at Russland valde å fremje resolusjonen på denne Generalforsamlinga òg, med tanke på den bilaterale dialogen som går føre seg. Som tidlegare og til liks med andre allierte lét Noreg vere å røyste på resolusjonen. Frankrike røysta ja året før, men lét vere å røyste denne gongen.

Fråveret av ein Ny Agenda-resolusjon (frå Brasil, Egypt, Irland, Mexico, New Zealand, Sverige og Sør-Afrika) gjorde sitt til at det vart mindre debatt om kjernevåpen enn på sesjonane i 1. komité dei tre tidlegare åra. USA røysta mot eit prosedyrevedtak om å føre opp CTBT på dagsordenen for neste Generalforsamling. Til liks med EU og Canada heldt Noreg ei røysteforklaring i samband med handsaminga av prosedyrevedtaket om CTBT, der verdien av Prøvestansavtalen vart understreka. USAs avvising før Generalforsamlinga av utkastet til ein protokoll for å styrkje etterlevingsmekanismane i konvensjonen var òg ei sterkt medverkande årsak til at årets resolusjon om Biologivåpenkonvensjonen berre vart ein rein prosedyreresolusjon.

Etter forslag frå Mexico vart det fatta eit prosedyrevedtak om ein FN-konferanse om «kjernefysiske farar». Noreg og fleire av våre allierte lét vere å røyste, fordi ein slik konferanse vil kunne avleie merksemda frå sentrale prosessar som førebuinga til neste tilsynskonferanse for Ikkje-spreiingsavtalen (NPT). Den japanske resolusjonen om kjernefysisk nedrusting var òg omdiskutert. Ny Agenda-landa varsla tidleg at dei ikkje var nøgde med det japanske resolusjonsutkastet, som vart oppfatta som ei svekking av forpliktingane frå den siste NPT-tilsynskonferansen. Resolusjonen vart likevel vedteken, og Noreg og dei europeiske NATO-landa røysta for. USA røysta mot.

Årets resolusjon om faren for kjernefysisk spreiing i Midtausten var identisk med resolusjonen året før og vart denne gongen ikkje gjenstand for diskusjon. Noreg røysta som sist for resolusjonen, til liks med m.a. alle EU-land.

Iraks nye resolusjon om utarma uran vart vedteken i komiteen med svært knapp margin, men fall seinare under plenumshandsaminga. Ei stor gruppe NAM-land med Sør-Afrika i spissen lét vere å røyste på resolusjonen. Motstanden blant vestlege land og moderate NAM-land skuldast både at ein ikkje er samd i Iraks definisjon av utarma uran som eit masseøydeleggingsvåpen, og at det finst ei rekkje studiar i regi av m.a. WHO og UNEP som konkluderer med at det ikkje kan påvisast at utarma uran har skadelege verknader på helsa.

Resolusjonen om Minekonvensjonen, som Noreg la fram saman med Nicaragua og Belgia, samla denne gongen endå fleire medframleggsstillarar enn sist, m.a. frå nokre land som enno ikkje hadde tiltredd konvensjonen. Ingen røysta mot. Røysteforklaringane blant dei landa som lét vere å røyste, fokuserte dels på eigne tryggingsbehov og kritiserte at Minekonvensjonen ikkje tek opp ansvaret til land som har lagt ut miner på territoriet til eit anna land.

I debatten om dei to handvåpenresolusjonane vart det uttrykt monaleg støtte til handlingsprogrammet frå FN-konferansen om sommaren. Begge resolusjonane vart, etter ein viss debatt, mellom anna om eventuelle finansielle forpliktingar, vedtekne utan votering.

3.3 Regionale konfliktar

3.3.1 Afrika

Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo er framleis særs vanskeleg. I 1998 braut det på ny ut borgarkrig i landet, med omfattande innblanding frå fleire naboland. Zimbabwe, Angola og Namibia støtta Kabila, medan Kabilas tidlegare støttespelarar Rwanda og Uganda var involverte på opprørarane si side. Etter ein forhandlingsprosess i regi av Den regionale samarbeidsorganisasjonen i det sørlege Afrika (SADC) og Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU), leidd av Zambias president Chiluba, vart det underskrive ein våpenkvileavtale i Lusaka i 1999. Etter avtalen skal det haldast ein nasjonal dialog mellom representantar for styresmaktene og opposisjonen om den politiske framtida for landet. Sir Ketumile Masire, tidlegare president i Botswana, vart oppnemnd som leiar for gjennomføring av dialogen. Men denne er framleis på førebuingsstadiet.

FN-styrken MONUC vart i 2001 utplassert for å overvake buffersona mellom dei stridande partane. Våpenkvila er her stort sett etterlevd, men samtidig held kamphandlingane fram i dei austlege delane av landet. Utanlandske militære styrkar, særleg frå Zimbabwe og Rwanda, står framleis i landet. MONUC spelar ei avgrensa, men ikkje ei uvesentleg rolle. Likevel har ikkje partane så langt vist politisk vilje til å utnytte FN-engasjementet til å verkelig fremje fredsprosessen. Utbyttinga av naturressursar i DR Kongo held fram og medverkar til å forlengje konflikten.

Frå norsk side la ein som nytt medlem av Tryggingsrådet i 2001 særleg vekt på den interkongolesiske dialogen og avvæpninga m.v. av dei såkalla negative styrkane som opererer i dei austlege delane av DR Kongo (som stod bak folkemordet i Rwanda i 1994). Tryggingsrådet gjekk i løpet av 2001 meir og meir i denne retninga, men dette har enno ikkje ført til gjennombrot på bakken. Frå norsk side har vi støtta den interkongolesiske dialogen økonomisk, og vi har signalisert vilje til å støtte MONUCs avvæpningsarbeid.

Ein junta under leiing av Johnny Koromah tok i 1997 makta i Sierra Leone ved eit militærkupp. Den tidlegare presidenten i landet, Ahmed Tejan Kabbah, vart innsett på ny i 1998 etter at ein regional fredstryggjande styrke tok kontrollen over hovudstaden Freetown og store delar av landet. Tryggingsrådet sette i gang observatøroperasjonen UNOMSIL, som skulle gje råd til regjeringa og vareta kontakten med ECOMOG. Styrkar med tilknyting til den tidlegare juntaen og opprørsrørsla RUF ( Revolutionary United Front) heldt likevel fram kampane i den nordaustlege delen av landet. Grufulle overgrep mot sivile, til dømes lemstringar, vilkårlege drap og seksuelle overgrep, inngjekk i strategien til opprørarane. Den humanitære situasjonen for dei mange internflyktningane i opprørskontrollerte område har vore svært vanskeleg. I 1999 vart det underskrive ein fredsavtale som skipa ei overgangsregjering med opning for representasjon frå opprørsgruppene. Avtalen opnar òg for allment amnesti for opprørsleiarane og medlemmer av opprørsorganisasjonane.

I tråd med fredsavtalen vedtok Tryggingsrådet å endre observatøroperasjonen til ein omfattande fredsoperasjon (UNAMSIL) som skulle hjelpe regjeringa med å opprette eit sivilt styre i RUF-kontrollerte område. UNAMSIL har i januar 2002 omlag 17 500 soldatar. Dette er den største FN-styrken i dag, og med atterhald om at det kan kome tilbakeslag, kan UNAMSIL sjåast på som ein vellukka operasjon. I løpet av 2001 utplasserte styrken soldatar i alle regionar, m.a. i dei diamantrike områda i nordaust, der RUF har stått sterkast. Krigen vart erklært over i januar 2002 da avvæpninga av RUF og andre opprørsgrupper vart ferdig. Val er planlagt gjennomført i mai 2002. Noreg er med i UNAMSIL med tre sivile polititenestemenn, og tok elles, som medlem av Tryggingsrådet, aktivt del i Rådet si handsaming av saker knytte til UNAMSIL. Noreg vektlegg i høve til Sierra Leone ein brei innfallsvinkel, som inneber at spørsmål som tryggleik, utvikling, menneskerettar osv. må sjåast i samanheng. I tillegg til valet er rehabilitering av avvæpna soldatar den største utfordringa i Sierra Leone framover. Noreg har gjeve omlag 15 millionar kroner til fondet for dette formålet, men det viktige arbeidet er alvorleg underfinansiert.

Tryggingsrådet vedtok i 2000 å opprette ein særdomstol for Sierra Leone for å medverke til nasjonal forsoning gjennom straffeforfølging av dei som er ansvarlege for krenkingar av internasjonal humanitær rett. Avtalen mellom FN og regjeringa i Sierra Leone om domstolen vart underskriven i januar 2002, og ein vonar å kome fort i gang med etterforskingsarbeidet. Noreg har gjeve eit tilskot på om lag fem millionar kroner til det første driftsåret.

Dei regionale implikasjonane av konflikten i Sierra Leone har gjeve grunn til alvorleg uro. Liberia har spela ei sentral rolle i høve til konflikten i Sierra Leone gjennom støtte til RUF. Difor vedtok Tryggingsrådet i 2001 sanksjonar mot landet for å få landet til å slutte med å forsyne RUF med våpen og tillate smugling av diamantar frå Sierra Leone for å hindre at RUF får tilgang til inntekter frå diamanthandel. Noreg røysta for sanksjonane og arbeider aktivt i Rådet for å betre gjennomføringa av dei. Sanksjonane kan framhevast som ei av årsakene til den positive utviklinga i Sierra Leone.

I 1998 oppstod ein stadig meir spent situasjon i tilhøvet mellom Etiopia og Eritrea. Motsetningane mellom dei to landa har ei rekkje årsaker og kom til uttrykk som ein territorial konflikt. Etter to års skyttargravskrig vart det underskrive ein fredsavtale i Alger i desember 2000. Gjennom fredsavtalen, som kom i stand under leiing av OAU med støtte frå FN og USA, forplikta partane seg til å trekkje tilbake alle troppar, utveksle krigsfangar og politiske fangar og løyse problema knytte til grenseoppgang på fredeleg vis. FNs generalsekretær har omtala avtalen som ein siger for freden mellom dei to landa og eit viktig steg for det afrikanske kontinentet. Våpenkvila har vore etterlevd under overvaking av FN-styrken UNMEE.

Noreg samla Tryggingsrådet i februar 2001 om oppfølginga av fredsavtalen etter at det hadde stått handlingslamma i to månader på grunn av usemje i spørsmålet om ei eventuell oppheving av våpenembargoen mot dei to landa. Noreg medverka i sterk grad til at Rådet unngikk å heve embargoen på det vi meinte var eit sensitivt og for tidleg tidspunkt (embargoen gjekk ut automatisk 17. mai 2001 og vart ikkje fornya). På bakgrunn av dette og det allmenne engasjementet vårt i Etiopia og Eritrea overtok ein på norsk side i august 2001 leiaransvaret for Tryggingsrådet sitt arbeid omkring fredsprosessen mellom dei to landa. I det vidare arbeidet med gjennomføringa av fredsprosessen vil spørsmål knytte til fastsetjing av grensa, minerydding, tillitsskapande tiltak, forsoning, atterreising og utvikling stå sentralt.

Fredsprosessen i Angola stoppa opp då motstandsrørsla UNITA nekta å akseptere nederlaget i dei første frie vala i landet i 1992. Ein ny fredsprotokoll, som vart inngått i Lusaka i 1994, utgjorde grunnlaget for ein fredsprosess under nærvere av den fredstryggjande FN-operasjonen UNAVEM, som i 1997 vart skifta ut med observatørstyrken MONUA. Noreg deltok med militærobservatørar i begge desse operasjonane. I 1998 vart det skipa ei samlingsregjering med medlemmer frå UNITA og MPLA. I strid med Lusaka-protokollen nekta UNITA-leiaren Jonas Savimbi å overlate kontrollen over strategisk viktige område til samlingsregjeringa. Han heldt også fram med å ha monaleg større militær kapasitet enn det som hadde vorte opplyst til FNs demobiliseringsprogram. Situasjonen utvikla seg på nytt til ein regulær borgarkrig, og det vart umogeleg for MONUA å halde fram med aktivitetane sine. I 1999 vart det difor vedteke å fase ut operasjonen, og det vart oppretta eit nytt FN-kontor (UNOA) med eit mandat som mellom anna omfattar opplæring i menneskerettar. Tilhøvet mellom regjeringa og FN har til dels vore prega av mistru, men effektivisering av sanksjonane mot UNITA har vore med på å gjere tilhøvet betre. Ei ekspertgruppe har konkludert med at sanksjonane mot UNITA har svekt organisasjonen si evne til å føre krig, men sanksjonane kan likevel effektiviserast endå meir. I Rådet arbeider Noreg aktivt for å oppnå dette. Regjeringa har hatt militær framgang, men UNITA held fram som ei geriljarørsle og viste fleire gonger i 2001 at rørsla kan gå til alvorlege åtak på sivile mål. Noreg har i Rådet arbeidd for at tilhøva må leggjast til rette for ein dialog mellom partane, sidan konflikten ikkje kan løysast militært. I januar 2002 knyter det seg visse voner til at FNs spesialrådgjevar for Afrika, i samarbeid med representantar for kyrkjer og andre sivile organisasjonar, kan få i stand ein dialog mellom regjeringa og UNITA. Den humanitære situasjonen i Angola er ei konstant kjelde til alvorleg uro.

FN trekte seg ut av Somalia i 1995, og utviklinga i landet har sidan vorte følgd gjennom eit politisk kontor i Nairobi. Arbeidet med sikte på ei politisk løysing har i første rekkje gått føre seg i regional regi, med IGAD, OAU, Egypt, Etiopia og Djibouti som sentrale aktørar. Den politiske utviklinga i Somalia har vore prega av regionalisering og vedvarande mangel på sentral styring. Etter stor innsats frå Djibouti vart det hausten 2000 etablert både eit overgangsparlament og ei overgangsregjering. Denne opererer med sete i hovudstaden Mogadishu, men har i liten grad lukkast å oppnå territoriell kontroll eller lov og orden i landet. Somme klanar og grupper står etter eige ønske framleis utanfor prosessen. Tryggingsrådet gav ved årsskiftet uttrykk for støtte til overgangsregjeringa og arbeidde for å leggje til rette for demokratiske val i Somalia i 2003. Grupper som har stått utanfor, vart oppmoda til å slutte seg til fredsprosessen. Det internasjonale samfunnet vart oppmoda til å støtte landet i det omfattande arbeidet ein står overfor, mellom anna med omsyn til atterreising av infrastruktur, samtidig som det vart uttrykt uro for tryggleiken i landet. Rådet støtta vidare Generalsekretæren sitt framlegg om å starte ein prosess for eit meir aktivt FN-engasjement med omsyn til fredsprosessen i Somalia. Vedtaket i januar 2001, som vart gjort av Rådet under norsk leiarskap, legg opp til at planlegginga av eit fredsbyggjande FN-nærvere i landet no vert sett i gang. Dette arbeidet stoppa seinare opp på grunn av den vanskelege tryggingssituasjonen i Mogadishu.

I oktober 2001 vedtok Tryggingsrådet under norsk leiarskap at FN vil gjere ei omfattande vurdering av tryggingssituasjonen i Somalia. Dette vil vere den første slike vurderinga på over 6 år. Etter hendingane i 1993, der USA miste 18 soldatar, har ein frå amerikansk side vore svært nølande til eit for sterkt internasjonalt tryggingspolitisk engasjement i høve til Somalia. Dette gav seg òg uttrykk i forhandlingane om presidentfråsegna. Etter omfattande forhandlingar, som vart leidde av Noreg, vart det semje i Tryggingsrådet om at det trongst ei meir aktiv rolle frå FNs side. FN-sekretariatet vil dermed m.a. trappe opp meklingsinnsatsen i konflikten og utarbeide framlegg om demobilisering av militsen osv. Frå somalisk side mottok Noreg takk for å ha medverka til at Somalia no vert realitetshandsama i FN for første gong sidan FN trekte seg ut av landet. Situasjonen i Somalia vil verte handsama vidare i Tryggingsrådet under norsk leiing i mars 2002.

Det har vore borgarkrigsliknande tilstandar i Burundi sidan 1993/94 med mykje bruk av vald og med medfølgjande menneskeleg liding. Freistnadene på å løyse konflikten har gått føre seg under leiing først av tidlegare president i Tanzania, Julius Nyerere, så av tidlegare president i Sør-Afrika, Nelson Mandela. Mandela lukkast hausten 2000 med å få dei fleste av dei stridande partane til å underskrive Arusha-avtalen. Pådrivarrolla hans for å fremje Arusha-avtalen kulminerte i november 2001 med innsetjinga av ei overgangsregjering på breitt grunnlag i Bujumbura. Tryggingsrådet gav gjennom året støtteerklæringar til Mandelas innsats. Noreg signaliserte økonomisk støtte til den sørafrikanske vernestyrken som vart etablert for at eksilleiarar skulle kunne vende heim att til Bujumbura. Ein har likevel framleis ikkje lukkast å få til ei våpenkvile eller reelle forhandlingar med dei opprørsgruppene som står utanfor Arusha-avtalen, og det er framleis valdshandlingar i landet. FNs og Tryggingsrådets rolle vil stå meir sentralt i 2002 etter at Mandela har trekt seg attende.

Den sentralafrikanske republikken (SAR) vart i 1996 råka av omfattande sosial uro og væpna samanstøytar som vart utløyste av eit opprør i dei væpna styrkane i landet. Det fransk-afrikanske toppmøtet vedtok i 1997 å skipe ein interafrikansk fredstryggjande styrke (MISAB) for å overvake gjennomføringa av ei fredsløysing. Same året vedtok Tryggingsrådet eit mandat for ein styrke (MINURCA) som mellom anna omfatta hjelp til valførebuing. Parlaments- og presidentval vart gjennomførde på ein tilfredsstillande måte i høvesvis 1998 og 1999. Fredsstyrken vart i februar 2000 avløyst av eit fredsbyggingskontor (BONUCA) som vart etablert etter avtale mellom Generalsekretæren i FN og regjeringa i SAR. Hovudoppgåva til kontoret er å støtte regjeringa i arbeidet med å tryggje fred og nasjonal forsoning og å styrkje demokratiske institusjonar. Situasjonen i landet er enno svært vanskeleg på grunn av m.a. den økonomiske situasjonen, som vart ytterligare forverra med eit kuppforsøk i mai 2001. Tryggingsrådet har oppmoda det internasjonale samfunnet, medrekna Bretton Woods-institusjonane, til å medverke til den økonomiske atterreisinga av landet. Tryggingsrådet vedtok i september å styrkje FN-kontoret BONUCA.

Vest-Sahara-spørsmålet vart lagt fram for Tryggingsrådet i 1975 i samband med påstandar om at Marokko prøvde å innlemme delar av området (tidlegare Spansk Sahara) i sitt eige territorium. I 1991 vedtok Tryggingsrådet å setje i gang ein FN-operasjon for å få gjennomført ei folkerøysting om den framtidige statusen til området (MINURSO). Den tidlegare amerikanske utanriksministeren James Baker vart i april 1997 utnemnd som Generalsekretæren sin personlege representant, og han leidde prosessen med å identifisere kven som skulle ha røysterett i ei slik folkerøysting (identifikasjonsprosessen). Men dette arbeidet har vist seg å vere svært vanskeleg. Baker la i juni 2001 fram ein plan for ei alternativ løysing på konflikten, men rørsla POLISARIO og Algerie har ikkje villa forhandle om anna enn Fredsplanen frå 1991. I januar 2002 er det ingen utsikter til ei rask løysing på konflikten. Det kan venteleg ta lang tid før det kan haldast ei folkerøysting i Vest-Sahara. Noreg deltok i MINURSO med to polititenestemenn og var aktivt med i Tryggingsrådet si handsaming av saka.

Tryggingsrådet vedtok i 1992 sanksjonar mot Libya, og grunngjevinga var i hovudsak at landet hadde nekta å utlevere dei to mistenkte etter Lockerbie-ulukka i 1989. Libya si grunngjeving for å motsetje seg utlevering var mellom anna at dei mistenkte ikkje kunne rekne med å få ein uhilda rettargang i Storbritannia. Libya mobiliserte over tid stadig breiare støtte for at sanksjonane burde opphevast. Representantar for FN søkte å kome kritikken mot sanksjonane i møte ved å gå gjennom verknadene av sanksjonane for sivilfolk. Konklusjonane på denne analysen gav ikkje noko eintydig svar. I ein freistnad på å få ny framdrift i saka lanserte Storbritannia og USA i 1998 eit framlegg til løysing som innebar at sanksjonane ville verte suspenderte dersom dei to mistenkte vart framstilte for retten i Nederland. Ein føresetnad var likevel at retten var sett med skotske dommarar, og at skotsk rett vart nytta, ettersom Lockerbie-ulukka stadleg sett høyrer inn under skotsk jurisdiksjon. Tryggingsrådet slutta seg til framlegget, som vart sett på som ei monaleg innrømming overfor Libya frå britisk og amerikansk side. Då dei to mistenkte vart utleverte i 1999, vart sanksjonane suspenderte, og Tryggingsrådet rosa Libya sine freistnader på å etterleve føresegnene i tryggingsrådsresolusjonen. I 2001 vart ein av dei tiltala dømd medan den andre vart frikjend. Vidare diskusjon i Tryggingsrådet om ei permanent oppheving av sanksjonane vil ventelig tidlegast skje etter at ankesaka for den dømde er avslutta.

3.3.2 Midtausten

Under denne Generalforsamlinga òg var handsaminga av Midtausten-spørsmålet prega av konfrontasjonar og polarisering. Den svært vanskelege politiske og humanitære situasjonen i regionen la grunnlaget for harde og uforsonlege utspel frå begge sider i konflikten. Handsaminga var vidare prega av den internasjonale kampen mot terrorisme. Resolusjonane i Generalforsamlinga var i stor grad uendra frå tidlegare år.

Noreg opprettheldt røystemønsteret sitt frå tidlegare år under røystingane i Generalforsamlinga, bortsett frå i tilfellet med resolusjonen om ei fredeleg løysing på Palestina-spørsmålet, der Noreg valde å la vere å røyste til liks med ei rekkje andre land som Danmark, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Canada, Australia og mange austeuropeiske land. Noreg grunngav dette med at resolusjonen ikkje var tilstrekkeleg balansert, og at ønsket om å verne sivile mot valdelege aksjonar både i Israel og i det palestinske området ikkje var nedfelt i teksta på ein tilfredsstillande måte.

På bakgrunn av den spente situasjonen i regionen og at Tryggingsrådet nokre dagar tidlegare ikkje hadde lukkast med å vedta ein resolusjon om situasjonen i Midtausten, vart det kalla inn til ein spesialsesjon i Generalforsamlinga. To resolusjonar vart lagde fram til røysting. Resolusjonen som ikkje hadde vorte vedteken i Tryggingsrådet, vart vedteken. 124 land røysta for, 25 lét vere å røyste og 6 røysta mot. Noreg valde å la vere å røyste, slik vi hadde gjort då resolusjonen var til handsaming i Tryggingsrådet. Storbritannia, Australia, Canada, Japan, dei baltiske landa, ei rekkje austeuropeiske land m.fl. røysta heller ikkje. USA og Israel røysta mot. Under røystinga på resolusjonen om den 4. Genève-konvensjonen røysta Noreg for, m.a. saman med eit samla EU. Fire land røysta mot og 16 lét vere å røyste.

Heller ikkje under denne Generalforsamlinga var det mogeleg å leggje fram den såkalla «positive» resolusjonen. Denne resolusjonen har vore eit uttrykk for verdssamfunnet si støtte til fredsprosessen i Midtausten og vart vedteken i åra 1993-1996 etter å ha vorte framlagd av Noreg, Russland og USA. I lys av valdsbølgja i det palestinske området, den negative utviklinga i fredsprosessen og den uforsonlege tonen mellom partane i FN, valde Noreg, Russland og USA å ikkje leggje fram resolusjonen under Generalforsamlinga.

Mandatet til FNs fredstryggjande styrkar i Libanon, UNIFIL, er å verifisere tilbaketrekking frå Sør-Libanon av dei israelske styrkane, sørgje for internasjonal fred og tryggleik og hjelpe libanesiske styresmakter med å sikre autoriteten deira i området. Det er framleis semje om at UNIFILs nærvere utgjer eit stabiliserande element, sjølv om Israel trekte seg ut av Sør-Libanon våren 2000. På bakgrunn av dei endra tilhøva etter at Israel trekte seg tilbake, har Tryggingsrådet gjeve tilslutnad, etter tilråding frå Generalsekretæren, til mellom anna å redusere styrken til 3 600 personar i løpet av 2001 og tentativt til 2000 personar i løpet av 2002.

FNs observatørstyrke på Golanhøgdene, UNDOF, vart oppretta i 1974 for å overvake våpenkvila mellom Syria og Israel. Styrken er på i overkant av 1000 personar. Noreg deltek ikkje i denne styrken. Observatørgruppa UNTSO vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila mellom Israel og nabostatane. Med unntak av eit symbolsk nærvere i Sinai er observatørane taktisk underordna UNIFIL eller UNDOF. UNTSO, der Noreg deltek, omfattar 152 militære observatørar, og 12 av desse er nordmenn.

3.3.3 Mellom-Amerika og Karibia

Fredsprosessen i Guatemalaførte i 1996 til ein endeleg fredsavtale. FNs operasjon i Guatemala, MINUGUA, har spela ei vesentleg rolle i fredsprosessen i landet og når det gjeld gjennomføringa av fredsavtaleverket. Noreg var under den 56. generalforsamlinga, som på tidlegare generalforsamlingar, medframleggsstillar på resolusjonen om forlenging av MINUGUAs mandat t.o.m. 31.12.2002.

3.3.4 Europa

FNs operasjonar på Balkanvart stilt overfor ein ny regional situasjon som følgje av den demokratiske omveltinga i Jugoslavia (FRJ) og overgangen til eit demokratisk regime også i Kroatia i 2000. Det skapte nye høve for å løyse tvisten mellom FRJ og Kroatia om grensa over Prevlaka-halvøya,der ein FN-operasjon (UNMOP) har vore utplassert sidan 1992. Tryggingsrådet forlengde i januar 2002 mandatet til UNMOP fram til juli 2002 og oppmoda partane til å finne ei løysing snart.

Generalforsamlinga si handsaming av situasjonen i Bosnia-Hercegovinaspegla òg dei positive endringane i den politiske situasjonen i regionen og dei høva som ligg føre når det gjeld sambanda mellom nabolanda og Bosnia-Hercegovina, gjennomføring av Dayton-fredsavtalen og mandatet til FN-operasjonen UNMIBH, som held fram å spele ei viktig rolle, mellom anna i arbeidet med reform av politistyrkane og heimsending av flyktningar, i samarbeid med NATO-styrken, OSSE, EU og andre.

Den mellombelse FN-administrasjonen i Kosovo(UNMIK) vart oppretta av Tryggingsrådet (res. 1244) i juni 1999 og er ein av dei mest omfattande FN-operasjonane som er i gang. Frå 2002 vert UNMIK leidd av Michael Steiner frå Tyskland, som overtek etter Hans Hækkerup. Prioriterte oppgåver, etter vala til provinsforsamling i november 2001, er etablering av sjølvstyreorgan, styrking av lov og orden, vern av den serbiske minoriteten og andre minoritetar i Kosovo og styrking av samarbeidet med styresmaktene i Beograd. Den NATO-leidde KFOR-styrken sørgjer for stabilitet og tryggleik for verksemda til FN, OSSE og andre internasjonale samarbeidsorganisasjonar som er aktive i Kosovo.

FNs fredstryggjande operasjon på Kypros - UNFICYP - vart oppretta i 1964 for å dempe ein aukande valdsspiral mellom den gresk-kypriotiske folkegruppa og den tyrkisk-kypriotiske folkegruppa på Kypros og har sidan vorte regelmessig forlengd av Tryggingsrådet kvar sjette månad. Tryggingsrådet forlengde i desember 2001 UNFICYP-mandatet fram til juni 2002. Generalsekretæren sin personlege representant, Alvaro de Soto, held fram med meklingsarbeidet sitt. Det vart gjennomført fleire FN-leidde samtalar mellom representantar for partane. Sidan desember 2001 har det vore ei positiv utvikling, der leiarane for folkegruppene har teke opp att samtalane, etter ei tid med stillstand i fredsprosessen.

3.3.5 Kaukasus

FNs engasjement i konfliktane i Kaukasus-områdethar omfatta samarbeid med og støtte til fredsfreistnadene i regi av dei relevante regionale fora, dvs. OSSE og Samveldet av uavhengige statar (SUS), og iverksetjing av fredstryggjande operasjonar i form av observatørar. Russland har engasjert seg aktivt i konflikthandteringa og søkjer aksept for at dei har ei særleg rolle å spele i områda.

Konflikten i Abkhasia i Nord-Georgiabraut ut sommaren 1992 då lokale abkhasiske leiarar freista å lausrive regionen frå Georgia. Tryggingsrådet vedtok i desember 1993 å utplassere eit sendelag av militære observatørar (UNOMIG). Mandatet vart sommaren 1994 utvida til å omfatte overvaking av dei fredstryggjande (russiske) SUS-styrkane i Georgia, som vart utplasserte etter oppmoding frå partane. Tryggingsrådet vedtok i oktober 1996 å skipe eit felles FN/OSSE-senter for menneskerettar i Sukhumi i Abkhasia som ein del av UNOMIG. FNs generalsekretær sin spesialutsending har søkt å få partane med på ei løysing om Abkhasias politiske status innanfor Georgias grensar. President Sjevardnadse har tilbode provinsen føderal status, men abkhasiske leiarar insisterer på ein union av sjølvstendige statar. Tryggingsrådet forlengde i januar 2002 mandatet til UNOMIG til juli 2002.

Gjennom den såkalla Minsk-gruppa og medformennene i gruppa (USA, Frankrike og Russland) har OSSE sidan 1992 arbeidd med sikte på å få i stand ei fredsløysing i konflikten om den armensk-folkesette Nagorno-Karabakh-enklaven i Aserbajdsjan. Generalsekretæren konstaterte i 1992 at FN ikkje kan ta på seg ein meklarfunksjon så lenge Minsk-gruppa held på med fredsfreistnadene sine.

Resolusjonen om samarbeidet mellom FN og OSSEoppnådde ikkje konsensus under den 56. generalforsamlinga heller. Som i tidlegare år la Aserbajdsjan fram eit endringsframlegg, der det vert presisert at Nagorno-Karabakh utgjer ein del av Aserbajdsjan. Noreg avstod på endringsframlegget, saman med EU-landa, Russland og USA, som vart vedteke med røystetala 34-1-85. Heile resolusjonen vart vedteken med røystetala 123-0-4 (Armenia, Belarus, Tanzania og Sør-Afrika røysta ikkje). Noreg var som i tidlegare år medframleggsstillar på resolusjonen.

3.3.6 Afghanistan

Situasjonen i Afghanistan vart, saman med kampen mot terrorisme, ei hovudsak for FN under den 56. generalforsamlinga, på bakgrunn av dei dramatiske endringane i situasjonen i landet. Då det var openbert at Usama bin Laden og al-Qaida-nettverket hans stod bak terroraksjonane i USA 11. september 2001, gav den USA-leidde antiterrorismekoalisjonen Taliban-regimet eit siste høve til straks å rette seg etter Tryggingsrådets resolusjonar, som mellom anna krev stans i støtta til terrorisme og utlevering av bin Laden. Taliban-regimet og leiaren for regimet, mullah Omar, som sidan 1999 hadde fått målretta FN-sanksjonar mot seg på grunn av manglande vilje til å oppfylle krav frå Tryggingsrådet, nekta enno ein gong å stanse støtta til terroristnettverket til bin Laden. Dermed sette USA og koalisjonspartnarane i verk sjølvforsvarstiltak etter artikkel 51 i FN-pakta og med støtte i Tryggingsrådets resolusjon 1368 (2001).

Militæraksjonane førte til at Taliban-regimet og den undertrykkjande politikken til regimet, ikkje minst mot kvinner, vart fjerna og erstatta av ein demokratisk orientert overgangsadministrasjon under leiing av Hamid Karzai. Denne administrasjonen har bunde seg fullt ut til å kjempe mot terrorisme og restane av al-Qaida-nettverket, vareta folket sine grunnleggjande rettar, og arbeide for langsiktig fred og utvikling i Afghanistan, i samarbeid med - og med støtte frå - det internasjonale samfunnet. Under FNs spesialrepresentant Lakhdar Brahimis leiing inngjekk ulike afghanske grupper den historiske Bonn-avtalen 5. desember 2001, som gjev FN ei sentral rolle i arbeidet for å stabilisere og rehabilitere Afghanistan. Ein sivil FN-operasjon til støtte for overgangsregjeringa er etablert, saman med ein multinasjonal, britiskleidd militær styrke (ISAF) som hjelper administrasjonen i Kabul med å skape tryggleik.

Noreg deltek med militært personell både i ISAF-styrken og i dei amerikanskleidde operasjonane for å fjerne al-Qaida-nettverket frå Afghanistan og har ei profilert rolle som tryggingsrådsmedlem og formann i gjevarlanda si støttegruppe for Afghanistan, Afghanistan Support Group (ASG). I tillegg til å vere fokusert på det langsiktige atterreisingsarbeidet vil Noregs arbeid både i ASG og Tryggingsrådet framleis vere fokusert på å avhjelpe den humanitære krisa, som det er venta vil halde fram i overskodeleg framtid trass i monalege forbetringar i kjølvatnet av Talibans fall.

Generalforsamlinga vedtok samrøystes ein resolusjon, med Noreg og rekordmange land som medframleggsstillarar, som til skilnad frå tidlegare år var fokusert på dei positive utviklingstrekka og på framtidige forventingar og behov for hjelp til dei nye styresmaktene i Kabul for å sikre ei fredeleg utvikling og ivaretaking av humanitære behov og menneskerettar, m.a. kvinnerettar.

3.3.7 Søraust-Asia

Då Indonesia fekk sjølvstendet sitt frå Nederland i 1954, var Aust-Timorframleis ein portugisisk koloni. Portugal starta i 1974 ein avkoloniseringsprosess for alle koloniane sine. I 1975 - etter ein kort borgarkrig - vart Aust-Timor erklært som sjølvstendig. Indonesia intervenerte militært og innlemma Aust-Timor i Indonesia året etter. Tildelinga av Nobels fredspris for 1996 til biskop Belo og Jose Ramos-Horta sette nytt fokus på konflikten. President Suhartos avgang i mai 1998 og president Habibie sitt utspel om særstatus for Aust-Timor medverka vidare til utviklinga mot sjølvstende for Aust-Timor. FN, Portugal og Indonesia inngjekk i 1999 ein avtale om folkerøysting om Aust-Timors status. Røystinga vart gjennomførd med hjelp frå FN (UNAMET) og gav eit ja til sjølvstende. Valet vart følgd av omfattande valdsbruk mot sivilfolket frå motstandarar av sjølvstende, m.a. indonesiske troppar og milits, og ein stor del av folket flykta til fjellområda og til Vest-Timor. Tryggingsrådet vedtok å godkjenne ein internasjonal tryggingsstyrke (INTERFET), leidd av Australia. INTERFETs oppgåve vart seinare teken over av den militære delen av FNs overgangsadministrasjon for Aust-Timor (UNTAET) som vart skipa hausten 1999.

Tryggingssituasjonen på Aust-Timor var relativt bra i 2001. Det var noko spenning i grenseområda mot Vest-Timor fordi det framleis var militsgrupper der, men alt i alt vart tilhøva betre der òg i løpet av året. I alt 17 900 flyktningar vende attende til Aust-Timor. Ved utgangen av året bur ca. 60 000 enno i leirar i Vest-Timor. Dei som ikkje ønskjer å vende attende, har fått tilbod om integrering i Indonesia.

Den 20. august vart det valt ei grunnlovgjevande forsamling, som ein ventar vil leggje fram eit utkast til grunnlov våren 2002. Etter valet vart det òg innsett ei fullstendig austtimoresisk overgangsregjering, som førebur ei erklæring om sjølvstende for Aust-Timor 20. mai 2002. Fram til då er det leiaren for UNTAET, Sergio Viera dei Mello, som framleis har den øvste mynda.

UNTAET er på mange måtar ein spesiell operasjon i FN-samanheng. Gjennom faktisk administrasjon av territoriet og total oppbygging av både dei militære styrkane og den sivile administrasjonen i landet vert det arbeidd med å førebu sjølvstendet til den nye nasjonen. Trass i store utfordringar er det i løpet av 2001 gjort store framsteg innan kapasitetsbygging og institusjonsutvikling på område som forsvar, politi, rettsstell og finansforvalting. I dagens situasjon ligg UNTAET an til å verte litt av ein suksess i FN-samanheng.

Etter sjølvstendet i mai 2002 vil det venteleg verta oppretta ein operasjon til å følgje opp UNTAET, og denne òg vil ha mandat frå Tryggingsrådet. Aust-Timor vil trenge støtte frå det internasjonale samfunnet i mange år framover. Noreg har gjeve monalege økonomiske tilskot og stilt personell til disposisjon for FN og andre organisasjonar i Aust-Timor.

3.4 Fredstryggjande operasjonar

Talet på militært personell knytt til FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 1990-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 2001 var talet ca. 37 000, ein auke på ca. 7 000 frå 2000. Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 7 600, ein nedgang på ca. 200 frå 2000. Noreg deltok ikkje i 2001 med regulære militære avdelingar i FN-leidde fredstryggjande operasjonar, men berre med einskildpersonar som militære observatørar, stabspersonell og politi. Noreg deltek likevel sterkt i dei FN-godkjende, men NATO-leidde, fredsoperasjonane på Balkan.

Noreg deltok per 31. desember 2001 i ni av FNs 15 fredstryggjande operasjonar, med 30 militære offiserar og 48 polititenestemenn. Om lag ein prosent av den norske politistyrken er utplassert i internasjonale fredsoperasjonar. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar for 2001 er kostnadsrekna til om lag USD 2,7 mrd., ein auke på ca. USD 700 millionar frå 2000.

Konfliktane i dag har i stor grad desse kjenneteikna: Dei er interne, dei omfattar fleire krigførande partar, dei har sterke regionale forgreiningar, dei vert i stor grad finansierte med ulovleg utnytting av naturressursar og dei fører til enorme lidingar for sivilfolket. Dette medfører eit behov for multifunksjonelle fredsoperasjonar med mellom anna stor humanitær innsats og dermed behov for styrkt planlegging og samordning. Operasjonane krev òg innsats innanfor avvæpning, demobilisering og reintegrering. Noreg har etter oppmoding frå FN og saman med Canada og Sverige utarbeidd eit utdanningsprogram for dette høvet. Dei tre landa har halde slike kurs for FN over heile verda.

Andre spørsmål som står høgt på dagsordenen, er FN sitt tilhøve til partane i konflikten og eventuell bruk av makt, FNs kapasitet til rask reaksjon og tilhøvet mellom Tryggingsrådet, sekretariatet og dei troppebidragsytande landa. Den sistnemnde problemstillinga er sett på dagsordenen av viktige troppebidragsytarar. Desse meiner at land som tek den politiske og menneskelege risikoen med å stille soldatar til FNs teneste, bør få dette godskrive i form av større gjennomslagskraft overfor Tryggingsrådet i avgjerdsprosessen og overfor sekretariatet i planlegginga.

Etter påtrykk frå Generalforsamlinga og ein lengre intern debatt vedtok Tryggingsrådet i desember 2001 å etablere ei arbeidsgruppe som skal sjå på moglege betringar i samarbeidet med troppebidragsytarane. Noreg er i 2002 leiar for denne arbeidsgruppa.

FN-sekretariatet sitt arbeid med å skipe vernebuingssystemet UN Standby Arrangements System (UNSAS) førte til at dei nye medlemmene, Canada, Armenia og Kviterussland, underskreiv eit omsamd memorandum om dette i 2001. Det vert framleis arbeidd for at Noreg skal underskrive memorandumet med FN og derigjennom melde inn både militære styrkar og sivilt politi til UNSAS. Dersom FN ønskjer det, kan Noreg òg melde inn dei omfattande sivile vernebuingssystema vi har bygd opp på ulike humanitære og demokratifremjande område.

Sivilt politi-komponenten vert tillagt aukande verdi i fredstryggjande operasjonar. I særskilde høve har ein dei seinare åra sett operasjonar der FN-politiet har utøvande politimynd. Dette gjeld i første rekkje operasjonane i Kosovo og på Aust-Timor. Desse operasjonane har òg avdekt behov for ein nøye samordna innsats av politi, rettsstell og fengselsstell. Dette understrekar kor mangearta fredsoperasjonane er. I tillegg driv FNs sivile politi oppbygging av kapasiteten til nasjonale politistyrkar og overvaking i samband med gjennomføring av val.

Brahimi-rapporten

FNs generalsekretær, Kofi Annan, nedsette i mars 2000 eit panel til å kome med eit framlegg til korleis FN kan forbetre planlegginga og gjennomføringa av fredsoperasjonar. Panelet la fram rapporten sin i august 2000. Panelet vart leidd av ambassadør og tidlegare utanriksminister i Algerie Lakhdar Brahimi og var elles sett saman av sivile og militære ekspertar frå USA, Storbritannia, Tyskland, Japan, Russland, Sveits, New Zealand, Trinidad og Tobago, og Zimbabwe.

Brahimi-rapporten var eit sentralt tema i FN hausten 2000. Under den 56. generalforsamlinga heldt dette arbeidet fram og vart delvis sluttført. Sjølv om ikkje alle tilrådingane frå Brahimi vart tekne til følgje, er det likevel klart at arbeidet som panelet har gjort, har medført ei gjennomgripande reform av den delen av FN som driv fredstryggjande verksemd. Brahimi sitt hovudmål har vore å skape ein fleksibel og effektiv organisasjon med kapasitet til å skape berekraftig fred. Nøkkelord i denne prosessen er ei styrking av sekretariatet med omsyn til talet på stillingar, betre militær planlegging (klare eintydige mandat og militære styrkar i høve til utfordring), vekt på integrert planlegging (som speglar at moderne fredsoperasjonar er samansette av både sivile og militære komponentar) og fleire ressursar til preventive tiltak og fredsbyggjande aktivitetar.

3.5 Økonomiske og sosiale saker

3.5.1 Økonomi- og utviklingsspørsmål

Handsaminga i Generalforsamlinga av økonomiske og sosiale spørsmål følgde eit noko uvanleg mønster under den 56. generalforsamlinga. Dette skuldast dels omleggingane i arbeidsprogrammet som følgje av terroråtaka på USA 11. september, og dels at ein i lys av førebuingsprosessane til dei to store FN-konferansane «Finansiering for utvikling» (Monterrey, 18.-22. mars 2002) og «Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling» (Johannesburg, 26. august - 4. september 2002) hadde vorte samde om å ikkje substansforhandle dagsordenspunkta om makroøkonomiske spørsmål som handel og utvikling, globalisering, gjeldslette og den internasjonale finansielle arkitekturen på den 56. generalforsamlinga.

Under den tredje FN-konferansen om minst utvikla land i Brussel i mai 2001 vart det lagt opp til å opprette ein oppfølgingsmekanisme på høgt nivå i FN-systemet for å auke merksemda om handlingsprogrammet for dei minst utvikla landa. Generalsekretæren vart beden om å føreslå detaljane i denne ordninga til den 56. generalforsamlinga. På grunnlag av framlegget frå Generalsekretæren vart det vedteke å opprette ei stilling som visegeneralsekretær for minst utvikla land, små øystatar og kystlause statar. Kontoret vil vere plassert i New York. Stillingane ved kontoret skal fyllast med alt eksisterande personale i UNCTAD og ved utlånt personale frå andre FN-institusjonar.

Det vanskelegaste punktet i årets resolusjon om fattigdomsnedkjemping var Tunisias framlegg om å opprette eit internasjonalt solidaritetsfond for fattigdomsnedkjemping. Frå EU og Noreg si side meinte ein eit slikt fond ville tilføre FN-systemet lite nytt, særleg i ein situasjon der UNDPs ressursar minkar, og der ein søkjer å samle ressursane om færre, sentrale forvaltingsfond, medrekna eitt som er retta mot fattigdomsnedkjemping. Fleire andre land hadde liknande innvendingar mot framlegget. Ein vart til slutt samde om å be Generalsekretæren utarbeide ein rapport til den 57. generalforsamlinga om reglar for ei eventuell oppretting av eit internasjonalt solidaritetsfond for fattigdomsnedkjemping. Det er uttrykkeleg nemnt at ein må unngå overlapping med FNs eksisterande fond. I dei andre delane av resolusjonen var hovudfokus retta mot å unngå duplisering av forhandlingane under Konferansen om finansiering av utvikling. Teksta inneheld òg ein paragraf som klart understrekar samanhengen mellom fattigdomsnedkjemping og respekt for menneskerettar, demokratiske prinsipp, og lov og rett. Særleg EU, Noreg og Canada la vekt på å få inn denne paragrafen.

3.5.2 Samordning av FNs hjelpeverksemd

Resolusjonen om samordning av FNs hjelpeverksemd vert forhandla kvart tredje år. Dei nordiske landa hadde i framkant av handsaminga i Generalforsamlinga gjennomført ei evaluering av korleis samordninga av FNs hjelpearbeid fungerer i utvalde samarbeidsland. Evalueringa og eit felles nordisk idépapir vart presenterte for leiarane av FNs hjelpeorganisasjonar (UNDP, UNICEF, UNFPA og WFP) og vart òg distribuerte til alle medlemslanda i FN. Det tette nordiske samarbeidet på dette området kan sjåast på som ei oppfølging av det nordiske FN-reformprosjektet frå 1996.

Både frå utviklingslanda og industrilanda si side la ein stor vekt på denne resolusjonen, som var den mest omfattande i 2. komité under den 56. generalforsamlinga. I tråd med tilrådingane frå den nordiske gjennomgangen la ein frå norsk side vekt på verdien av å konsolidere og vidareutvikle FNs samordningsmekanismar på landnivå på grunnlag av sterkare mottakarstyring og integrering i mottakarlandet sine strategiar m.a. for fattigdomsnedkjemping. Vidare vart det lagt vekt på å påskunde FN-organisasjonane sitt arbeid med å samordne planleggings- og rapporteringsrutinar som eit viktig verkemiddel for å sikre betre samordning mellom institusjonane på landnivå. Frå norsk side tok ein òg til orde for uttrykkeleg å integrere respekt for menneskerettane som ei tverrgåande prioritering for FNs hjelpeverksemd. Dette framlegget møtte monaleg motstand frå utviklingslanda, men referansen finst indirekte gjennom fleire tilvisingar til innhaldet i Tusenårserklæringa. Utviklingslanda var særleg opptekne av å understreke behovet for auka ressursar til FNs hjelpeverksemd. Bakgrunnen for dette er at tilskota til fleire organisasjonar, særleg til UNDP, har gått mykje ned dei siste åra. Til dømes Japan, USA og EU ønskte ikkje å leggje vekt på behovet for auka ressursar, men ønskte ei sterkare vektlegging av effektiv ressursbruk. Noreg stod på utviklingslanda si side i denne debatten. Utviklingslanda var vidare opptekne av å sikre sterkare mottakarstyring, og dei ønskte å understreke ansvaret FN-systemet har for å hjelpe utviklingslanda med å handtere globaliseringa. Industrilanda understreka på si side at hovudfokuset for FNs hjelpeverksemd må vere å kjempe mot fattigdom og å oppnå måla frå FNs tusenårserklæring og dei store FN-konferansane. Resolusjonen oppmodar vidare til tettare samarbeid mellom alle relevante aktørar på landnivå og oppmodar FN-systemet til å trekkje m.a. det sivile samfunnet og bilaterale gjevarar med i samordningsarbeidet, under leiing av nasjonale styresmakter. Behovet for meir samarbeid mellom FN og Bretton Woods-institusjonane vert særleg vektlagt, m.a. med sikte på å unngå overlappande arbeid. Det vert òg teke til orde for betre og meir effektiv evaluering av FN-systemets arbeid. Forhandlingsresultatet vart av alle partar sett på som svært bra, med klare signal til FN-systemet om prioriteringar for dei neste tre åra.

3.5.3 Globalt partnarskap

FN har dei siste åra lagt monaleg vekt på å utvide samarbeidet med det sivile samfunnet, medrekna frivillige organisasjonar og privat sektor. Generalsekretæren sitt initiativ til å opprette « the Global Compact» som ei ramme for samarbeidet med desse aktørane, knytt til m.a. internasjonalt vedtekne prinsipp for menneskerettar, miljøvern og arbeidsstandardar, er eit sentralt verkemiddel i denne samanhengen. Omgrepet «global partnarskap» er likevel møtt med ein viss skepsis frå einskilde utviklingsland. Ein er oppteken av at samarbeidet mellom FN og relevante partnerar skal vere i samsvar med mål og prinsipp i FN-pakta utan å underminere eller vatne ut den mellomstatlege karakteren organisasjonen har. Mange utviklingsland ønskte å avgrense rolla til partnarskapen til at han berre skal medverke til å realisere utviklingsmålsetjingane til FN. Ein motset seg ikkje partnarskap med privat sektor så lenge det medverkar til ressursmobilisering og teknologioverføring. Andre utviklingsland, og industrilanda, påpeiker at det er ein viktig del av FNs tilpassing til endra rammevilkår at samarbeidet med ikkje-statlege aktørar vert styrka og vidareutvikla. Ein har difor teke til orde for at temaet bør få si rettmessige handsaming i Generalforsamlinga. Samtidig vert det erkjent at det må vinnast praktisk røynsle med korleis dette samarbeidet bør utformast, før det eventuelt vert formalisert gjennom konkrete vedtak.

Av resolusjonen om global partnarskap går det fram at dette ikkje berre gjeld utviklingsdelen av FNs mandatområde. Resolusjonen fastset nokre allmenne prinsipp og retningsliner for FNs samarbeid med ikkje-statlege aktørar, særleg privat sektor. Generalsekretæren vert beden om å rapportere om status for FNs partnarskap med andre aktørar til den 58. generalforsamlinga. Det vert òg bede om at rapporten skal innehalde framlegg til reglar for FNs samarbeid spesielt med privat sektor.

3.6 Miljø- og ressursspørsmål

Forhandlingane om miljørelaterte resolusjonar under den 56. generalforsamlinga vart til ein viss grad prega av dei praktiske førebuingane til Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling (WSSD) som skal haldast i Johannesburg 26. august - 4. september 2002. FN-sekretariatet skal gjennomføre ein større informasjonskampanje for å auke det internasjonale medvitet omkring toppmøtet. Kampanjen vil trenge monaleg ekstrafinansiering, og dette førte til at ei rekkje industriland, særleg USA, Australia og Canada, gjekk sterkt imot framlegget. FNs informasjonsavdeling fekk òg kritikk for å ikkje ha teke omsyn til dette gjennom omprioriteringar i det regulære budsjettet sitt. Utviklingslanda la stor vekt på behovet for ein slik kampanje og viste til tilsvarande kampanjar i samband med andre store FN-konferansar. Det lukkast til slutt å oppnå semje om at kampanjen skal finne stad gjennom omprioritering innan eksisterande budsjett og frivillige tilskot. Det var òg debatt om i kva grad dei minst utvikla landa skal prioriterast når det gjeld finansiering av deltaking under dei førebuande møta til WSSD. Også spørsmålet om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar var vanskeleg fordi ei rekkje utviklingsland ønskte å avgrense deltakinga deira. Omtale av «nye partnarskap», som vart fremja av mellom andre EU og Noreg, viste seg å vere eit ømtolig spørsmål for mange utviklingsland. Dette skuldast manglande semje om kva rolle den private sektoren skal spele når det gjeld fattigdom og utvikling, og ønsket om å ikkje føregripe Konferansen om finansiering for utvikling som skal haldast i Monterrey i mars 2002. For å unngå at avslutninga av Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling skulle falle saman med årsdagen for terroråtaka 11. september 2001, vart det vedteke å flytte møtet til tidsrommet 26. august - 4. september 2002.

Eit anna viktig tema gjaldt diskusjonen om Den globale miljøfasiliteten (GEF) bør verte ein hovudfinansieringsmekanisme for Ørkenspreiingskonvensjonen. Fleire av framlegga frå utviklingslanda vart oppfatta som å føregripe vedtak som berre kan gjerast av statspartsmøtet for Ørkenspreiingskonvensjonen, og forsamlinga for Den globale miljøfasiliteten, som neste gong møtest i Beijing i oktober 2002. Det vart oppnådd semje om ei tekst som ikkje prejudiserer vedtak i desse organa. Utviklingslanda har i fleire år vore opptekne av å auke merksemda omkring konvensjonen og å understreke behovet for å mobilisere dei finansielle ressursane som trengst for å gjennomføre tiltak for å motverke ørkenspreiing.

USAs avgjerd om å trekkje seg frå Kyoto-protokollen prega handsaminga av Generalforsamlinga sitt dagsordenspunkt om internasjonalt samarbeid omkring klimaendringane. Dette vart langt på veg eit framhald av tidlegare diskusjonar mellom særleg EU og USA om tidspunktet for ratifikasjon av protokollen. Det såg lenge ut til at resolusjonen ville gå til røysting etter at m.a. EU ikkje fann å kunne akseptere ei utvatning av målsetjinga i Tusenårserklæringa om at Kyoto-protokollen skal tre i kraft innan Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling. I lys av dei store negative skadeverknadene dette ville kunne få med omsyn til amerikansk deltaking under Verdstoppmøtet, kom ein fram til ei akseptabel kompromissløysing grunna på formuleringane i Tusenårserklæringa.

3.7 Sosiale spørsmål

Noreg heldt, som vanleg, eit innlegg under dagsordenspunktet om sosial utvikling og fokuserte på ungdomsspørsmål. I innlegget vart det særleg fokusert på kor viktig det er at ungdom deltek i ulike FN-fora, både under Generalforsamlinga og i FNs mange konferansar og spesialsesjonar. I tillegg vart det sett søkjelys på utdanning, særleg for born i utviklingsland.

Innlegga til utviklingslanda var i stor grad konsentrerte om sosiale aspekt ved fattigdomsnedkjemping, medan ein frå vestleg side i større grad la vekt på spørsmål om ungdom, aldring og situasjonen til dei funksjonshemma. Trass i at ordninga med deltaking av ungdomsdelegatar har eksistert i nærare 30 år, er Noreg framleis blant dei svært få medlemslanda som tek med ungdomsdelegatar i delegasjonane sine. Under den 56. generalforsamlinga var det i underkant av ti medlemsland som praktiserte denne ordninga. Leiaren for 3. komité oppmoda til større deltaking av ungdomsdelegatar i framtidige sesjonar.

3.8 Menneskerettsspørsmål

Opptakten til handsaminga av menneskerettar vart òg prega av 11. september og kampen mot terrorisme. Aktørane vart meir varsame og til dels usikre på korleis dei tradisjonelle «blokkene» ville opptre, og korleis forhandlingsklimaet allment sett ville utvikle seg. Den stendige utsetjinga av rasismedebatten, som følgje av problema med å få ferdigredigert sluttdokumentet frå Durban, medverka ytterlegare til denne uvissa. Dette gav seg òg utslag i ei viss vedtaksvegring blant fleire aktørar, trass i det ikkje fanst utprega kontroversielle einskildsaker. Situasjonen vart òg prega av at generaldebatten i plenum kom midt i sesjonen. Ein miste såleis mykje av framdrifta i arbeidet fordi korkje røysting eller viktige uformelle forhandlingar fann stad før etter generaldebatten.

Mange av dei mest omstridde resolusjonane vart først handsama mot slutten av sesjonen. Dette gjaldt m.a. resolusjonen om menneskerettar og terrorisme, samt landresolusjonen om Afghanistan. Meininga var å vinne tid i høve til den dynamiske utviklinga på desse områda. Ein urimeleg stor del av arbeidet vart difor konsentrert mot slutten av sesjonen. Atmosfæren var likevel konstruktiv, og mindre konfrontatorisk enn frykta. Resolusjonen om menneskerettar og terrorisme fekk denne gongen langt større merksemd og tok meir tid enn under tidlegare generalforsamlingar.

Trenden ein var vitne til under Generalforsamlinga året før og under 2001-sesjonen til kommisjonen for menneskerettar, der det var stadig fleire voteringar over tradisjonelle konsensusresolusjonar, var ikkje merkbar under årets sesjon. Tvert imot syntest fleire delegasjonar å føretrekkje konsensus og viste som oftast stor fleksibilitet. Det var likeins ein større tendens til å forsvare tidlegare oppnådd semje enn å ta nye steg. Slik sett vil nok årets sesjon verte ståande som ein sesjon der ein på dei fleste område stod på «staden kvil». Det var ikkje noko større initiativ eller steg som dreiv menneskerettsagendaen framover. På den andre sida var det heller ikkje noko substansielt tilbakesteg.

Med omsyn til landresolusjonane vart det under denne Generalforsamlinga lagt fram sju resolusjonar, om Afghanistan, Burma, Søraust-Europa, DR Kongo, Iran, Irak og Sudan. Dei fire sistnemnde vart vedtekne med votering. Det var ei viss spenning knytt til utfallet av Iran-resolusjonen, som året før vart vedteken med liten margin. Oppslutninga om Iran-resolusjonen vart denne gongen likevel langt større enn venta og større enn året før. Teksta var no litt meir moderat, slik at fleire land lettare kunne røyste for. Forhandlingane om Burma-resolusjonen vart langt vanskelegare enn venta. Det var relativt store skilnader blant dei tradisjonelle medframleggsstillarane i vurderinga av korleis dei siste utviklingstrekka i landet skulle speglast i resolusjonen. Australia og Sør-Korea ønskte ein mest mogeleg oppmuntrande tekst, medan EU, USA og Noreg ønskte ein sterkare tekst som i større grad påpeikte at det framleis var uakseptable tilhøve i landet, i tråd med resolusjonen året før. Resultatet vart, etter fleire lange forhandlingar, ein balansert resolusjon som tek omsyn til dei positive utviklingstrekka, men samtidig opprettheld sterk kritikk av menneskerettssituasjonen.

Ikkje uventa var det under denne Generalforsamlinga stor interesse for resolusjonen om Afghanistan. Det første utkastet til tekst kom likevel svært seint i prosessen, og det viste seg vanskelegare enn venta å kome fram til semje. Berre etter lange forhandlingar dagane før røysting kom ein fram til ei tekst som alle kunne godta.

Fleire av dei tematiske resolusjonane var det også denne gongen vanskeleg å verte samde om. Resolusjonen om menneskerettar og terrorisme var mellom dei vanskelegaste. Resolusjonen vart fremja av Algerie. USA samarbeidde med Algerie før framlegginga av utkastet til tekst, i von om at ein kunne presentere ei tekst som ville få størst mogeleg oppslutning og venteleg oppnå konsensus. Men det viste seg vanskeleg. EU, saman med Canada, Australia, Liechtenstein og San Marino, valde til slutt å ta resolusjonen til votering, fordi ein av prinsipielle årsaker ikkje kunne godta omtalen av terrorhandlingar som brot på menneskerettane og omtale som innebar gradering av ulike menneskerettar. Denne uroa vart delt av Noreg og m.a. dei latinamerikanske landa. Resolusjonen vart vedteken då 84 røysta for, 64 lét vere å røyste og ingen røysta mot. Noreg lét vere å røyste saman med m.a. EU og andre industriland.

Resolusjonen om oppfølginga av Beijing+5-konferansen skulle òg vise seg å verte noko problematisk og tidkrevjande. Det var særleg sterk opposisjon frå G-77 mot å vise til tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. EU og JUSCANZ lukkast likevel til slutt med å få inn ein allmenn referanse til denne resolusjonen. Frå norsk side er ein òg nøgd med at resolusjonen inneheld eit godt og sterkt språk når det gjeld integrering av likestillingsperspektivet. Torturresolusjonen kom i hamn med konsensus, men berre etter lange, vanskelege forhandlingar.

Noreg heldt ein relativt høg profil under sesjonen i 2001. Ein fremja to viktige resolusjonar om høvesvis menneskerettsforsvararar og internt fordrivne personar (IDP). Arbeidet med desse vart òg tidkrevjande, hovudsakleg på grunn av innvendingar frå nokre land som meinte at delar av teksta greip inn i nasjonale tilhøve. På bakgrunn av den innleiande usemja om desse resolusjonane var ein frå norsk side nøgd med at begge til slutt vart vedtekne med konsensus.

3.9 Flyktningspørsmål

Under handsaminga av flyktningspørsmål og av rapporten frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) konsentrerte utviklingslanda som har relativt store flyktninggrupper, m.a. mange av dei afrikanske landa, innlegga sine om den børa det er å vere vertskap for flyktningane, både økonomisk og på grunn av at det skaper konfliktar med fastbuande. Det internasjonale samfunnet vart oppmoda om å ta sin del av det økonomiske ansvaret slik at omsynet til flyktningane ikkje får ytterlegare negative følgjer for trengande nasjonale grupper. Landa som flyktningstraumane ikkje får så direkte følgjer for, konsentrerte seg først og fremst om situasjonen til det afghanske folket. Somme bad likevel om at krisa i Afghanistan ikkje måtte få det internasjonale samfunnet til å gløyme dei om lag 13 millionane andre flyktningane i verda. Det internasjonale samfunnet vart òg kritisert for ikkje i tilstrekkeleg grad å dele flyktningbøra med nabolanda til Afghanistan. Det vart peikt på at Høgkommissæren treng å verte tilførd tilstrekkelege ressursar i framtida òg.

Noreg gav i innlegget sitt ein positiv omtale av arbeidet som Høgkommissæren for flyktningar har gjort, og oppmoda til å gje Høgkommissæren tilstrekkelege midlar. Det vart vidare orientert om Noregs sterke internasjonale engasjement når det gjeld flyktningspørsmål. Behova til kvinnelege flyktningar og flyktningborn vart omtala. I denne samanhengen vart programmet » Separated Children in Europe» nemnt som eit viktig program som Noreg er ein av støttespelarane til. Noreg oppmoda til å bruke flyktningar som ein ressurs, i staden for å sjå på dei som del av eit problem.

Finland samordna arbeidet med resolusjonen om UNHCR. Forhandlingane var mindre vanskelege i 2001 enn under sesjonen året før. Dette hadde samanheng med at teksta, etter framlegg frå Noreg, denne gongen vart omorganisert og vesentleg forkorta samanlikna med teksta året før. Den overordna målsetjinga med resolusjonen er at FNs generalforsamling skal uttrykkje støtte til Høgkommissærens arbeid og godkjenne Høgkommissærens rapport. Detaljar som ikkje trongst, og omstridde element som tok fokus bort frå denne målsetjinga, vart difor strokne. Resolusjonen vart vedteken med konsensus.

3.10 Humanitære spørsmål

3.10.1 Samordning av FNs humanitære hjelp

I handsaminga av humanitære spørsmål vart det gjennomgåande gjeve stor ros til den måten FNs avdeling for humanitær hjelp (OCHA) og FN allment hadde handtert den humanitære krisa i Afghanistan på. Andre tema som gjekk igjen, var behovet for å betre responsen på dei humanitære appellane, betre samordning innan FN og mellom FN og andre humanitære aktørar, betre tryggleik for humanitært personell, behovet for betre vern og hjelp til internt fordrivne og behovet for rimeleg balanse mellom respons på naturkatastrofar og komplekse kriser. Tendensen frå tidlegare år der særleg einskilde utviklingsland understrekar behovet for respekt for nasjonal sjølvråderett i arbeidet med å møte humanitære behov og påpeiker behovet for større fokus på naturkatastrofehjelp, var merkbar under debatten denne gongen òg. Desse skilnadene mellom innlegga frå utviklingslanda og innlegga frå gjevarlanda syntest likevel noko mindre markerte enn tidlegare. Eitt unntak var likevel den klare påpeikinga frå m.a. Egypt og India si side av at dei framleis meiner at FNs retningsliner for internt fordrivne bør verte handsama på mellomstatleg nivå i FN før dei kan sjåast på som gjeldande.

Blant dei konkrete hjelpesituasjonane som vart nemnde i innlegga, peikte Afghanistan seg ut. I tillegg vart det omtala ei rekkje situasjonar i nasjonale innlegg, m.a. Tsjernobyl, dei palestinske områda, Balkan og sentralasiatiske republikkar, samt dei pågåande humanitære krisene i Afrika. Frå mange hald vart det oppfordra til å ikkje la merksemda om Afghanistan føre til at ein gløymer behovet for å yte hjelp til andre humanitære kriser òg, ikkje minst i Afrika. Det vart m.a. vist til at FNs humanitære appellar for 2002 omfattar humanitære kriser i 18 land og regionar, og at dei samla behova utgjer USD 2,5 mrd.

Generalforsamlinga vedtok 18 resolusjonar under dagsordenspunktet om humanitære spørsmål, samt ein resolusjon om minetiltak. Av desse resolusjonane omhandlar 13 humanitær hjelp/økonomisk samarbeid med einskildland eller regionar. Forhandlingane om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell var vanskelege denne gongen òg. Einskilde utviklingsland var skeptiske til formuleringar som skulle kunne lesast som forsvar for «humanitær intervensjon» på kostnad av nasjonal sjølvråderett. USA motsette seg m.a. ei tekst som oppmoda til å vurdere ratifikasjon av Roma-statuttane til den internasjonale straffedomstolen (ICC). Det vart funne ei løysing som gjorde det mogeleg for USA å halde røysteforklaring i staden for å be om røysting. Resolusjonen vart difor til slutt vedteken med konsensus. Med omsyn til resolusjonen om samordning av humanitær hjelp vart det vedteke å utvide verkeområdet for det rullerande naudhjelpsfondet CERF til også å omfatte naturkatastrofar, langvarige kriser og tryggingstiltak for humanitært personell.

3.10.2 Landminetiltak

Resolusjonen om minetiltak er i hovudsak grunna på tidlegare konsensustekst. Dei mest kontroversielle temaa i denne resolusjonen er omtalen av landminekonvensjonen og kva prioriteringar som skal liggje til grunn for FNs landminetiltak. Dei landa som ikkje har ratifisert landminekonvensjonen, ønskjer å ikkje gjere han til det viktigaste grunnlaget for FNs arbeid med landminer. I tillegg kjem det at somme land som framleis har mange landminer frå den andre verdskrigen, ønskjer at FN skal prioritere rydding av desse høgare. Dei fleste gjevarlanda, m.a. Noreg, meiner likevel at avgrensa ressursar bør prioriterast tiltak i land som etterlever føresegnene i Landminekonvensjonen, og der landminer utgjer eit meir akutt tryggings-, helse- og utviklingsmessig problem. Denne usemja kom til uttrykk m.a. i spørsmålet om Generalforsamlinga skulle godkjenne den framlagde femårsstrategien for FNs minetiltak. Det lukkast til slutt å få til semje om ei resolusjonstekst der ein ber Generalsekretæren om å «optimalisere» femårsstrategien ved å ta omsyn til synspunkta til medlemslanda.

3.11 Oppfølging av FN-konferansar

Frå 25. til 27. juni 2001 arrangerte FNs generalforsamling ein spesialsesjon (UNGASS) om HIV/AIDS. Den norske delegasjonen vart leidd av dåverande utviklingsminister Anne Kristin Sydnes, som i hovudinnlegget sitt la vekt på nedkjemping av diskriminering, respekt for menneskerettar, behov for openskap, at aidsmedisinar må gjerast billigare og meir tilgjengelege, og at førebygging framleis er det mest effektive våpenet vårt. Norske prioriteringar vart tilfredsstillande varetekne i slutterklæringa. Auka norsk hjelp til AIDS og helse vart meldt (1 milliard kroner fordelt over dei neste 5 åra til HIV/AIDS, tuberkulose og malaria). Dessutan medverka Noreg m.a. aktivt til at menneskerettsorganisasjonar for homofile og lesbiske ikkje vart utestengde frå rundebordsdebatten.

Det var stor usemje om omtale av menneskerettar og sårbare grupper. Likevel vart slutterklæringa vedteken utan reservasjonar. Det vart sett opp ei rekkje konkrete målsetjingar, som skal oppfyllast innan fastsette tidspunkt (for det meste innan 2003 og 2005). Eigne avsnitt i slutterklæringa tek for seg målsetjingar på nasjonalt, regionalt og globalt plan. Til dømes skal det innan 2003 utviklast og gjennomførast nasjonale multisektorielle strategiar og finansieringsplanar for nedkjemping av HIV/AIDS. I land der det er aktuelt, skal HIV/AIDS òg, innan 2003, integrerast i all utviklingsplanlegging, medrekna strategiar for å nedkjempe fattigdom, nasjonale budsjett og sektorprogram. Erklæringa støttar òg oppretting av eit globalt HIV/AIDS- og helsefond, og stadfestar at det innan 2002 skal lanserast ein verdsomspennande innsamlingskampanje som skal gje eit tilskot til det globale HIV/AIDS- og helsefondet.

Som dei andre store verdskonferansane på 1990-talet vart òg FNs andre verdskonferanse om busetjingsspørsmål - Habitat II - som vart halden i Istanbul i 1996, følgt opp med ein «+5-konferanse» i form av ein spesialsesjon av Generalforsamlinga. Spesialsesjonen, som vart halden 6.-8. juni ved FNs hovudkvarter, samla representantar frå 157 medlemsland. I tilknyting til ein særskild tematisk komité deltok ei rekkje representantar frå lokale styresmakter og det sivile samfunnet. Den norske delegasjonen vart leidd av statssekretær Sverre Bugge, KRD. Delegasjonen spela ei sentral rolle i framforhandlinga av erklæringa frå sesjonen: «Cities and other Human Settlements in the New Millennium».

Erklæringa understrekar verdien av å styrkje arbeidet med gjennomføringa av Habitat-agendaen, hovuddokumentet frå Istanbul-konferansen, og trekkjer fram nokre av hovudpunkta i agendaen og i FNs tusenårserklæring som viktige satsingsområde. Det gjeld m.a. større vektlegging av rettar til bustad, der særleg vern av eige- og leigetryggleik vert fokusert, styrking av kvinnene si rolle, større vekt på verdien av eit godt styresett og effektiv desentralisering gjennom styrking av lokale styresmakter, samt meir utviklingshjelp. Erklæringa oppmodar òg FNs generalsekretær om å styrkje FNs busetjingskommisjon og Habitat-senteret i Nairobi. Senteret er no omgjort til eit program i FN, UN - HABITAT, som medfører ei klarare institusjonell forankring og plassering i FN-familien.

3.12 Finansielle og administrative spørsmål

3.12.1 FNs økonomiske situasjon og budsjettet for 2002-2003

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2001 viste for tredje året på rad ei forsiktig positiv utvikling for det regulære budsjettet. Medlemslanda si gjeld til FN var likevel USD 2,2 mrd., og av dette var USD 1,9 mrd. gjeld til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 43,8 mill. til krigsforbrytardomstolane. USA betalte i alt inn over USD 1,5 mrd. i 2001 og skulda ved utgangen av året USD 165,4 mill. til det regulære budsjettet, USD 786,7 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 14,7 mill. til krigsforbrytardomstolane. For første gong betalte USA inn meir til FN enn ilikna bidrag for året og betalte i alt inn USD 475 mill. i gamal gjeld. Innbetaling i 2001 av denne summen og motrekning av USD 107 mill. som FN skulda USA, inneber at USA oppfylte sin del av den pakkeløysinga som vart inngått i 2000 i samband med endring av FNs bidragsskalaer. Innbetalinga var ei oppfølging av at USAs krav om nedsett del til FNs regulære budsjett vart vedteke, og at kravet om nedsett del til FNs fredstryggjande operasjonar delvis vart innfridd. USA skuldar likevel framleis FN om lag USD 900 mill., og av dette er 5-600 mill. omstridd. FN på si side skulda ved årsskiftet land som yter troppe- og utstyrsbidrag til FNs fredstryggjande operasjonar, om lag USD 800 mill. i ubetalte refusjonar mot USD 917 ved førre årsskiftet. På grunn av USAs delvise nedbetaling av gamal gjeld, som heilt ut vil gå til å betale ned FNs gjeld til troppebidragsytande land, er det god von om at FNs gjeld vil verte redusert ytterlegare ved utgangen av dette året. Dette føreset likevel at medlemslanda betaler ilikna bidrag fullt ut og i tide til fredstryggjande operasjonar i 2002.

FNs fredstryggjande operasjonar har eigne budsjett. Dei steig kraftig frå 1989 til 1994 og fall deretter monaleg. Frå 1999 har utgiftene til fredstryggjande operasjonar vore stendig stigande, og i tidsrommet 1. juli 2001 til 30. juni 2002 er det venta utgifter på mellom USD 2,7 mrd. til USD 3 mrd. Det er særleg FNs engasjement i Aust-Timor, DR Kongo, Sierra Leone og Etiopia/Eritrea som har ført til denne kostnadsauken.

For første gong vart det presentert eit framlegg til eit toårsbudsjett som var utarbeidd på grunnlag av eit resultatbasert format, etter vedtak av Generalforsamlinga under den 55. generalforsamlinga. Det nye formatet skulle innebere eit skifte frå hovudsakleg kvantitativt fokus på ressursbehov til ein meir kvalitativ budsjettprosess, grunna på venta resultat, programlevering og måling av effektiviteten av aktivitetane til organisasjonen.

I presentasjonen av framlegget til budsjett for 2002-2003 slo Generalssekretæren fast at det ikkje har vore reell vekst i FNs regulære budsjett dei siste seks åra. Generalsekretæren viste til fleire reformer på personellsektoren, innføring av ny teknologi, betre samordning av FN-organa og at FN har klart å gjere meir med mindre ressursar. Sekretariatet ville gjere sitt ved å setje i verk ytterlegare reformer og effektivisering. Det vart likevel åtvara mot å stadig påleggje FN fleire mandat utan å samtidig sørgje for at FN får dei ressursane som trengst. I motsett fall ville resultatet vere dårlegare kvalitet på det arbeidet FN er sett til å utføre.

I det norske innlegget ønskte vi velkome framlegget om auka ressursar til utvikling, særleg når det gjaldt Afrika. Vi påpeikte mangel på adekvate ressursar når det gjaldt menneskerettssektoren og humanitær hjelp, som i aukande grad har vorte avhengige av frivillige midlar. Dette vart òg følgd opp i dei uformelle forhandlingane seinare. Det vart òg teke til orde for at det måtte vere rom for reell auke i budsjettet når det var naudsynt for å finansiere prioriterte aktivitetar eller for å møte nye utfordringar, men at dette ikkje utelukka arbeidet med ytterlegare effektivisering av FN.

EU gjekk inn for ein grundig gjennomgang av budsjettet og understreka kor viktig det er å kontrollere utgiftene og identifisere mogelege innsparingar. I forhandlingane stilte EU, CANZ-landa og USA svært detaljerte spørsmål. For EU-landa sin del var spørsmål/kommentar-runden eit høve for dei einskilde EU-landa til å lyfte fram hjartesakene sine gjennom formannskapen. For USA og CANZ-landa var detaljgjennomgangen eit utgangspunkt for framlegg om å redusere Generalsekretærens budsjettframlegg. FNs informasjonsavdeling fekk særleg hard medfart i forhandlingane. Det vart òg stilt kritiske spørsmål til dei mange publikasjonane som i dag vert produserte av FN, og etterlyst oversyn over kor mange som brukar desse publikasjonane. Frå fleire hald vart det stilt spørsmål om sakleg grunngjeving for ein god del føreslegne oppgraderingar av toppstillingar i FN, og det vart påpeikt at ein alt hadde eit for topptungt byråkrati i organisasjonen. Utviklingslanda klaga over manglande ressursar til sosial og økonomisk utvikling i utviklingslanda, sjølv om dei største aukingane var føreslegne til utvikling i Afrika.

Etter forhandlingar i tre månader, som først vart avslutta julaftan, vedtok Generalforsamlinga eit budsjett for 2002-2003 på USD 2,63 mrd. Dette var ein auke på USD 92 mill. i høve til budsjettet for 2000-2001, men innebar eit kutt på USD 75 mill. i høve til Generalsekretærens budsjettframlegg.

I resolusjonen vert det uttrykt misnøye over at Generalsekretæren ikkje har gjort ein omfattande gjennomgang av strukturen på sekretariatet og ikkje kome med framlegg retta mot det topptunge sekretariatet. Det vart difor vedteke å ikkje vedta framlegget frå Generalsekretæren om oppgradering av fleire stillingar. Framlegget frå Generalsekretæren til nye stillingar vart i stor grad støtta. Det vart likevel vedteke nedskjeringar i andre budsjettpostar, m.a. når det gjaldt informasjonssektoren og på reisebudsjettet. Det vart òg vedteke å budsjettere med ein høgare gjennomsnittleg arbeidsløysesprosent enn det Generalsekretæren hadde føreslege. Utviklingslanda fekk gjennomslag for at nokre nedskjeringar ikkje skulle gjerast i den økonomiske støtta til regionale økonomiske kommisjonar. Dei fekk dessutan gjennomslag for einskilde stillingar som ikkje var tilrådde av Den rådgjevande komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål (ACABQ) og i tillegg fem stillingar i UNRWA som Generalsekretæren ikkje eingong hadde føreslege. På vestleg side fekk ein oppretta tre nye stillingar i FNs kontor for samordning av humanitære spørsmål og to stillingar til å styrkje menneskerettssektoren, som heller ikkje var tilrådde av ACABQ.

3.12.2 Finansiering av krigsforbrytardomstolane

Når det gjaldt Generalsekretæren sitt framlegg til toårsbudsjett for 2002-2003 for krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, valda oppmodinga om endå fleire stillingar og auka ressursar på i overkant av 13 prosent i høve til budsjettet for 2001 store problem. Auken i budsjettframlegga var igjen grunngjeven med fleire varetektsfangar og større aktivitet i rettssalane. Budsjettframlegga lydde på over USD 248 mill. for domstolen for tidlegare Jugoslavia og på over USD 204 for domstolen for Rwanda.

USA, støtta av India, Singapore, Kina og Algerie, ville i utgangspunktet berre gje domstolane fullmakt til eit driftsbudsjett fram til den vidareførte sesjonen av Generalforsamlinga i mars 2002, for då å ta endeleg stilling til eit nytt budsjett, inklusive kravet om fleire stillingar. Misnøye med domstolane sin store pengebruk og manglande effektivitet, stort fråvere av dommarar ved domstolen for Rwanda, nye rykte om korrupsjon m.m. medførte stor uvilje frå desse mot å godta ein auke i ressursane på over 13 prosent enno ein gong. Dei ønskte dermed å gje domstolane eit kraftig politisk signal om at dette ikkje kan godtakast lenger. I tillegg kom det at Generalsekretærens budsjettframlegg vart offentleggjord tre veker etter tidsskjemaet, og rapporten frå FNs rådgjevande komité for administrative og budsjettmessige spørsmål (ACABQ) kom seint til 5. komité. Det var òg svært lita tid i komiteen sin overfylte dagsorden til å handsame budsjettframlegga så grundig som somme hadde ønskt.

Forhandlingane, som vart leidde av Noreg, resulterte i eit kompromiss, der domstolane fekk eit førebels toårsbudsjett for 2002-2003, slik ACABQ hadde tilrådd, minus kostnader for føreslegne nye stillingar. Dette innebar eit førebels budsjett for domstolen for det tidlegare Jugoslavia på USD 242,7 mill. og for domstolen for Rwanda på USD 192,3 mill. Talet på stillingar vert frose på det nivået det er no, men det vert gjeve fullmakt til å tilsetje mellombels personale etter behov frå resolusjonen vert vedteken til stillingsnivået skal handsamast på den vidareførte sesjonen av Generalforsamling i mars. Etter krav frå USA vart det gjeve ekstra midlar til å tilsetje to stadlege revisorar og ein etterforskar frå FNs kontor for internt tilsyn. Også desse må tilsetjast mellombels fram til den vidareførte sesjonen av Generalforsamlinga.

I resolusjonen som vart vedteken, vert det òg gjeve uttrykk for uro over alle stillingane som enno ikkje er fylte ved domstolane. Det vart vidare oppmoda om at domstolane kvart år skal leggje fram ein finansiell rapport og ein framdriftsrapport til Generalforsamlinga. Når det gjeld resolusjonen om budsjettet for domstolen for det tidlegare Jugoslavia, vert det òg klaga over fråveret av ein fast strategi for når domstolen kan avvikle arbeidet sitt.

3.12.3 Tilsyn og kontroll

Til grunn for den 56. generalforsamlinga låg det føre ein rapport frå FNs eksterne revisorråd om FNs kontor for høgkommissæren for flyktningar (UNHCR). I debatten vart Revisorrådet rosa for ein grundig gjennomgang av rekneskapane til UNHCRs frivillige fond. Ein sa seg lei for at Revisorrådet hadde måtta teke atterhald ved godkjenninga av rekneskapane, og UNHCR vart beden om å følgje opp tilrådingane frå Revisorrådet. Dette vart òg kjernen i resolusjonen som vart framforhandla med konsensus.

I det norske innlegget som vart halde, peikte vi òg på at det hadde vore klare forbetringar i dei seinare åra, og at UNHCR synest å følgje godt opp Revisorrådet sine tilrådingar frå tidlegare år. Revisorrådet kritiserte m.a. UNHCR for å nytte midlar på tiltak som strengt teke ikkje berre kjem flyktningar til gode (til dømes vøling av ei bru eller husly til ei større gruppe der tradisjonelle flyktningar berre utgjer ein del av gruppa). I innlegget støtta vi ikkje opp om denne kritikken og åtvara mot at slike mandatdiskusjonar skulle stå i vegen for langsiktige løysingar for flyktningane.

I debatten om FNs inspektørgruppe (JIU) vart det frå fleire hald, m.a. frå Noreg, påpeikt at JIU ikkje måtte spenne for vidt og bør konsentrere seg om å fremje tilrådingar som raskt lèt seg gjennomføre. Det vart hevda at JIU-rapportane var av varierande kvalitet. På nokre område hadde inspektørane spela ei positiv rolle når det gjaldt å oppmuntre til reformer av organisasjonen, medan andre rapportar mangla vekt og hadde liten positiv innverknad. Det vart òg påpeikt at sjølv om Generalforsamlinga nyleg hadde vedteke ein mekanisme for å følgje opp gjennomføringa av tilrådingane frå JIU, viste fleire av JIU-rapportane at få av dei tiltaka som var tilrådde, var gjennomførde av dei organisasjonane som hadde vorte inspiserte. Det var difor behov for betre formulerte tilrådingar og ei betre oppfølging av gjennomføringa av tilrådingane. Det var vidare misnøye med at JIU ikkje kunne leggje fram eit endeleg arbeidsprogram for 2002 før handsaminga i Generalforsamlinga av budsjettet for JIU.

I resolusjonen som vart vedteken, vert JIU oppmoda om å forbetre presentasjonen av det førebelse arbeidsprogrammet, og behovet for at JIU fokuserer på godt definerte og relevante spørsmål av høg prioritet, vart understreka. Behovet for betre samordning med andre eksterne og interne tilsynsorgan innanfor FN-systemet vart òg understreka. JIU vart vidare beden om å rapportere til den 57. generalforsamlinga om gjennomføringa av tilrådingane frå JIU og leggje meir vekt på evaluering av arbeidet sitt i rapportane til Generalforsamlinga.

Noreg var tilslutta eit EU-innlegg om årsrapporten frå FNs avdeling for internt tilsyn (OIOS), der ein rosar arbeidet som OIOS hadde gjort for å forbetre internkontrollen og leiinga av organisasjonen. I innlegget vart det òg uttrykt støtte til OIOS sine tilrådingar. Under dette dagsordenspunktet vert òg andre rapportar frå OIOS handsama, m.a. ein rapport om leiing og den administrative praksisen ved FNs kontor i Wien. OIOS var svært kritiske til toppleiinga og det påstått oversentraliserte avgjerdsapparatet der. OIOS oppmoda Eksekutivdirektøren og leiinga til å gjennomføre drastiske endringar straks. Ein god del av endringane er alt gjennomførde og andre er i ferd med å verte gjennomførde.

I den resolusjonen som vart vedteken, som tradisjonelt alltid har vore kontroversiell ettersom utviklingslanda meiner at opprettinga i 1994 var ei amerikanskinspirert sak, klarte ein etter påtrykk frå Noreg for første gong å gje lovord for det arbeidet OIOS utfører. Det var først under den 55. generalforsamlinga at ein klarte å kome til semje om å vedta årsrapportar frå OIOS heilt frå 1995 til 1999. Under den 56. generalforsamlinga vart årsrapportane frå 2000 og 2001 vedtekne.

3.13 Juridiske spørsmål

3.13.1 Havrettsspørsmål

FNs havrettskonvensjon av 1982 (HRK) utgjer den overordna rettslege ramma for alle nasjonale, regionale og internasjonale tiltak i marin sektor. HRK tredde i kraft i 1994, og frå og med då har Generalforsamlinga hatt ei årleg handsaming av gjennomføringa av HRK og andre utviklingstrekk på havrettsområdet. Handsaminga er grunna på ein årleg rapport lagd fram av FNs generalsekretær etter HRK art. 319 nr. 2 bokstav a). Rapporten, som er utarbeidd av FN sekretariatets Hav- og havrettsseksjon, er eit omfattande dokument som byggjer på innspel frå heile FN-systemet og gjev eit oversyn over alle sider ved marin aktivitet og integrerer i dette både rettslege, økonomiske og sosiale spørsmål og miljøspørsmål.

Drøftinga i Generalforsamlinga av spørsmål knytte til hav og havrett var også0 under denne Generalforsamlinga ein viktig arena for å profilere Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det maritime området. Havrettskonvensjonen er blant dei mest omfattande traktatane som nokon gong er forhandla i FNs regi og er av sentral verdi for Noreg både når det gjeld petroleum, fiske, skipsfart og tryggingspolitiske interesser, og FNs generalforsamling er det viktigaste forumet for ein global politikk på alle desse områda.

Konvensjonen representerer ei harmonisering av til dels kryssande omsyn og er eit kompromiss mellom ulike interessegrupper. I den seinare tida har ein sett fleire freistnader på å gjenopne nokre av dei kompromissa som konvensjonen representerer, m.a. gjennom oppretting av nye «samrådsprosessar» underlagde Generalforsamlinga. Likeins har debattane om dei sentrale prinsippa for vern- og forvalting av dei levande ressursane i havet vorte monaleg tilspissa og polariserte. Frå norsk side har det vore eit hovudpoeng å arbeide for og medverke til at konvensjonen vert gjennomført og respektert, og at ein unngår alternative løysingar og prosessar som går på tvers av føresegnene i konvensjonen.

Forhandlingane om den allmenne havrettsresolusjonen (omnibusresolusjonen) trekte mykje ut i tid og viste seg som svært vanskelege. Det er tydeleg at resolusjonen omhandlar spørsmål der statane har klare og ofte ikkje heilt samanfallande politiske agendaer. For spørsmål som er vanskelege sedde frå norsk side, kom ein fram til akseptable løysingar for alle desse bortsett frå når det gjaldt spørsmålet om tema for neste års uformelle samrådsprosess. Utforminga av den aktuelle paragrafen medførte at Noreg i motsetning til tidlegare år fann å ikkje kunne vere medframleggsstillar på resolusjonen. Noreg heldt i denne samanhengen røysteforklaring. Det klare norske standpunktet til den uformelle samrådsprosessen er at han skal vere eit reint førebuande organ for FNs generalforsamling. Årets resolusjon synest å vere eit ytterlegare steg i retning av ei institusjonalisering av den uformelle samrådsprosessen med den faren at han då kan verte etablert som ein arena for krefter som ønskjer ein «omkamp» om somme av HRKs kompromissløysingar.

Resolusjonen om FN-avtalen om fiske på ope hav av 1995 var i år prega av at avtalen trer endeleg i kraft etter at så mange statar som det krevst (30), no har tiltredd avtalen. Resolusjonen legg til rette for at avtalen kan tre i kraft. M.a. vart dagsordenspunktet vedteke vidareført på neste Generalforsamling. Resolusjonen var tidlegare toårig. Frå norsk side har ein lagt stor vekt på at FN-avtalen bør tre i kraft så snart som råd. Samla sett representerer avtalen eit internasjonalt gjennombrot i arbeidet for forsvarleg forvalting av vandrande og langtmigrerande fiskesetnader.

3.13.2 Opprettinga av ein fast internasjonal straffedomstol

Ein ventar at Den internasjonale straffedomstolen kjem til å tre i kraft i midten av 2002. For at domstolen skal verte oppretta, krevst det at 60 statar ratifiserer vedtektene. Ved utgangen av 2001 hadde 48 statar gjort dette. Heile 139 hadde underskrive vedtektene. Den internasjonale straffedomstolen må sjåast på som eit viktig tilskot til styrking av den internasjonale rettsordenen og som eit gjennombrot for folkeretten. Dersom domstolen vert oppretta, vil det kunne medverke til å førebyggje masseovergrep og til langsiktig fred og forsoning etter konfliktar. Domstolen byggjer på prinsippet om at statane har det primære ansvaret for å straffeforfølgje dei alvorlegaste internasjonale brotsverka, og ein ventar at han vil få ein vesentleg funksjon som spore til at statar tek dette ansvaret alvorleg.

Arbeidet fram mot skiping av ein fast, internasjonal straffedomstol går etter vedtakinga av Roma-vedtektene av 17. juli 1998 føre seg i Den førebuande kommisjonen. Under handsaminga i 6. komité av skipinga av Den internasjonale straffedomstolen vart det vedteke ein resolusjon, der det vert fastsett at Kommisjonen skal halde ytterlegare to tovekerssesjonar i New York i 2002 for å vidareføre arbeidet sitt. Resolusjonen ser òg fram til at Roma-vedtektene trer i kraft som venta i løpet av 2002 og ber i denne samanhengen Generalsekretæren om å setje i verk det som krevst av førebuingar for halde det første statspartsmøtet. Noreg heldt under hovuddebatten i 6. komité eit eige innlegg der ein særleg la vekt på at domstolen må skipast snart, og at han har eit potensial som verkty for å motverke dei mest grufulle internasjonale brotsverka. Debatten avdekte at det gjennomgåande var ei svært positiv haldning til å la domstolen tre i kraft snart. Det er verd å merke seg at USA er den einaste staten som ser seg nøydd til å ta ordet for å ta atterhald om posisjonen sin med omsyn til om domstolen skal tre i kraft.

3.13.3 Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia

Jugoslavia-domstolen, som vart skipa av tryggingsrådsresolusjon nr. 827 i mai 1993, har som mandat å straffeforfølgje personar som er ansvarlege for alvorlege internasjonale brotsverk som er gjorde i det tidlegare Jugoslavia sidan 1991. Domstolen spelar ei viktig rolle for det langsiktige forsonings- og atterreisingsarbeidet i området.

Domstolens president, dommar Claude Jorda, understreka ved framlegginga av domstolens åttande årsrapport på FNs 56. generalforsamling at situasjonen ved domstolen har betra seg i løpet av dei to siste åra, både med omsyn til talet på arrestasjonar, avsagde dommar og påbyrja rettssaker. Reformprosessen som vart igangsett i januar 2000 for å betre effektiviteten ved domstolen, har byrja å vise resultat. Dei vedtekne reformene har vorte innførde gradvis, og aktiviteten til domstolen har auka. I september 2001 vart dei seks første ad hoc-dommarane innkalla, noko som førte til at domstolen for første gong kunne handsame fire saker samtidig. Frå januar 2002 er ytterlegare tre ad hoc-dommarar i funksjon. Domstolen kan difor gjennomføre seks rettssaker parallelt, noko som doblar høyringskapasiteten og inneber at domstolen vil kunne avslutte handsaminga av saker i første instans i 2007, dersom alle dei tiltala vert arresterte omgåande.

Trass i oppmuntrande politiske endringar på Balkan og betra samarbeid frå statane si side med omsyn til arrestasjonar og innsamling av prov, gjentok presidenten at han såg med uro på at framståande politikarar og militære leiarar som domstolen har etterlyst og tiltala, framleis er på frifot. På denne bakgrunnen appellerte han til vidare forsterka samarbeid både med omsyn til arrestasjonar og utlevering og med omsyn til fullføring av dommar i dei einskilde statane. (Noreg er ein av sju statar som har inngått soningsavtale med domstolen.) Ei anna utfordring for domstolen er behovet for å tilpasse aktivitetane sine til dei seinaste politiske omveltingane både i det tidlegare Jugoslavia, jf. arrestasjonen av Milosevic, og på den internasjonale arenaen som følgje av terroråtaka 11. september 2001, som gjorde kampen mot terrorisme til ein ny prioritet for det internasjonale samfunnet. Til dømes bør domstolen fokusere sterkare på å straffeforfølgje dei mest alvorlege brota på folkeretten og den internasjonale strafferetten. Vidare hevda Jorda at ein bør oppmuntre til overføring av mindre viktige saker til dei nasjonale domstolane i statane i det tidlegare Jugoslavia, noko som likevel føreset rettslege system bygde på demokratiske prinsipp.

Frå debatten i Generalforsamlinga kan nemnast at FRJ meiner at dei demokratiske omveltingane i landet gav samarbeidet mellom FRJ og domstolen eit heilt nytt grunnlag i løpet av året, jf. m.a. utleveringa av Milosevic. Det vert arbeidd med ei ny lov om samarbeid med domstolen, med grunnlag i folkeretten og intern lovgjeving. Overføring av saker til nasjonale domstolar vart vurdert som eit viktig ledd i forsoningsarbeidet. Dette vart òg støtta m.a. frå kroatisk side.

3.13.4 Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda

Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda, som vart skipa av tryggingsrådsresolusjon 955 i november 1994, har som mandat å straffeforfølgje personar som er ansvarlege for folkemord og andre alvorlege brot på internasjonal humanitærrett gjorde i Rwanda, og straffeforfølgje rwandiske borgarar som er ansvarlege for slike brotsverk i nabolanda i tida mellom 1. januar og 31. desember 1994. Den norske dommaren Erik Møse er visepresident ved domstolen.

I domstolens sjette årsrapport, som vart lagd fram under den 56. generalforsamlinga, framheva domstolens president, Navanethem Pillay, at det var gjennomført effektiviseringstiltak, og at dette hadde ført til større aktivitet i domstolen i løpet av året. Det vert no gjennomført rettssaker i dei tre domskammera parallelt. Kompleksiteten i sakene og dei logistiske tilhøva i regionen set likevel grenser for kor rask domstolen kan arbeide. Presidenten hevda at ein kan få større effektivitet berre dersom det vert tilsett fleire ad hoc-dommarar, i tråd med framlegg presentert for Tryggingsrådet. Med tilførsel av nye dommarar vil den aktuelle saksmengda og forventa tilfang av nye saker i tråd med aktor sine planar om inntil 136 nye tiltalar kunne avviklast innan 2007. Presidenten oppmuntra samtidig til rettsforfølging på nasjonalt plan i statar der mistenkte er lokalisert. Med omsyn til nasjonal forsoning understreka presidenten verdien av outreach-program, som ved å bringe rettsoppgjeret nærare det rwandiske folket, medverkar til større kunnskap, forståing og oppslutning om rolla til domstolen.

Interessa for debatten i Generalforsamlinga var lita. Berre fire land tok ordet, mellom dei Noreg. Allment vart det uttrykt støtte til domstolens arbeid og glede over verknaden av dei gjennomførde effektiviseringstiltaka. Det vart òg gjeve allmenn støtte til framlegget om å tilføre domstolen ad hoc-dommarar. Derimot vart det, med tanke på ei framtidig avslutning av arbeidet til domstolen, uttrykt uro over dei ambisiøse etterforskingsplanane aktor hadde.

3.13.5 Tiltak for å motarbeide internasjonal terrorisme

Dei tragiske hendingane 11. september sette sjølvsagt preg på handsaminga av terrorismeresolusjonen i 6. komité. I motsetning til tidlegare lukkast ein no å oppnå konsensus om resolusjonen. Syria og Libanon, som i tidlegare år tok resolusjonen til røysting, ønskte ikkje å blokkere konsensus denne gongen. Men fleire av dei tradisjonelle problema som dei arabiske landa har med resolusjonen, kom likevel til overflata under hovuddebatten. Medan dei vestlege statane fordømmer alle former for terrorisme, fokuserer dei arabiske statane meir på dei underliggjande årsakene til terroraksjonar, til dømes kolonialisme og framand okkupasjon. Dei arabiske statane er opptekne av at ein må prioritere å kome til semje om ein definisjon av omgrepet terrorisme, og peiker i den samanhengen på at det er viktig å finne fram til ein definisjon som ikkje medfører at «legitim» fridomskamp mot okkupasjonsmakter vert sett på som terroristhandlingar.

Hendingane 11. september har òg ført til eit ønske om å freiste å forsere arbeidet med å utarbeide ein allmenn (heilskapleg) terrorismekonvensjon. Arbeidet med vurdering og gjennomgang av eit indisk utkast til konvensjon, som er i gang i Ad hoc-komiteen mot terrorisme, vart av mange halde fram som svært viktig. Det er likevel eit faktum at dette arbeidet i Ad hoc-komiteen står i fare for å mislukkast på grunn av den ovannemnde usemja i spørsmålet om ein definisjon av omgrepet terrorisme.

I resolusjonen vert det vedteke å vidareføre mandatet til Ad hoc-komiteen slik at komiteen kan halde fram arbeidet med ein allmenn (heilskapleg) terrorismekonvensjon, samt arbeidet med ein internasjonal konvensjon om kjernefysisk terrorisme og det førebuande arbeidet med å halde ein eventuell verdskonferanse om terrorisme.

3.13.6 FNs arbeid for kodifisering og utvikling av folkeretten

Generalforsamlinga sin 6. komité og Folkerettskommisjonen spelar nøkkelroller i vidareutviklinga og kodifiseringa av folkeretten. Det er eit nært samspel mellom dei to organa, og Folkerettskommisjonen legg kvart år fram rapport for Generalforsamlinga om arbeidet sitt. Handsaminga av denne rapporten står sentralt i arbeidet i 6. komité. Det går med mykje tid til å gje føringar og instruksar og fastsetje prioriteringar for det vidare arbeidet i Kommisjonen og til å drøfte og kommentere tekster/konvensjonsutkast som Kommisjonen legg fram.

I resolusjonen om Folkerettskommisjonens rapport seier ein seg nøgd med det arbeidet kommisjonen fekk gjennomført under sin 53. sesjon. Særleg framhevar ein ferdigstillinga av eit utkast til reglar om statsansvar for handlingar som er i strid med folkeretten. Eit viktig spørsmål i 6. komité var såleis korleis arbeidet no skulle vidareførast. Eit alternativ her var å kalle saman til ein diplomatkonferanse for å setje i verk traktatforhandlingar. Men mange statar er skeptiske til at det vert halde ein diplomatkonferanse fordi dette etter deira syn inneber ein risiko for gjenopning av sensitive tema som bruk av væpna makt, miljøvern m.m., der Folkerettskommisjonen òg har vore splitta. I tråd med Folkerettskommisjonens eige framlegg til kompromissløysing vart det vedteke ein eigen resolusjon, der utkastet til reglar om statsansvar vert teke til etterretning og følgjer som vedlegg. Dette vil ikkje medføre same klarleik som ein traktat, men vil medverke til at utkastet til reglar vert eit viktig referansedokument og vil kan hende fremje skiping av sedvanerett.

Av særleg interesse elles når det gjeld initiativ til kodifisering og vidareutvikling av folkeretten kan nemnast resolusjonen om verkeområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell og tilknytt personell. Bakgrunnen for resolusjonen er ein rapport frå FNs generalsekretær om verkeområdet for konvensjonen. Rapporten inneheld tilrådingar om utviding av verkeområdet til å dekkje fleire grupper av hjelpepersonell og då kanskje særleg lokalt rekruttert hjelpepersonell. Resolusjonen skipar ein ad hoc-komité som skal vurdere tilrådingane som er framlagde i Generalsekretærens rapport.

Nemnast bør òg resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot reproduktiv kloning av menneske. Bakgrunnen for resolusjonen er eit fransk-tysk initiativ før den 56. generalforsamlinga. Framlegget om å utarbeide ein konvensjon vart svært positivt motteke. Resolusjonen skipar ein ad hoc-komité som skal vurdere utarbeiding av ein slik konvensjon. Denne komiteen skal i første omgang diskutere mandatet for dei vidare forhandlingane og rapportere om dette til den 57. generalforsamlinga.

3.14 Deltaking av frivillige organisasjonar

På byrjinga av 1990-talet vart det innført ein praksis der frivillige organisasjonar deltok i førebuingane, gjennomføringa og oppfølginga av dei store FN-konferansane. Retningslinene for dei frivillige organisasjonane si deltaking vart revidert av FNs sosiale og økonomiske råd (ECOSOC) i 1996. Dei nye reglane var meir fleksible enn dei gjeldande retningslinene frå 1968. Mellom anna vart det mogeleg for frivillige organisasjonar som enno ikkje hadde vorte formelt godkjende av ECOSOC, å følgje arbeidet i dei funksjonelle kommisjonane når det gjeld oppfølginga av FN-konferansane. Vidare vart det vedteke at Generalforsamlinga allment sett skulle vurdere statusen til dei frivillige organisasjonane vis-à-vis FN-systemet. Men dette arbeidet har vist seg vanskelegare enn ein trudde det ville verte. Rapporten som Generalsekretæren la fram under den 52. generalforsamlinga, vart vurdert som ufullstendig, og den 53. generalforsamlinga vedtok ein resolusjon der ein bad om ein ny rapport på grunnlag av kommentarane til den første rapporten. Denne nye rapporten vart framlagd under den 54. generalforsamlinga. Rapporten inneheldt kommentarar og tilrådingar frå medlemsland om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar. Det vart m.a. understreka at ein må arbeide for ei meir open tilnærming til frivillige organisasjonar frå FNs side, og at kommunikasjonen mellom partane bør betrast og verte meir effektiv. Under den 55. generalforsamlinga vart det vurdert å fremje ein resolusjon om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar i FNs generalforsamling. Etter samråd mellom fleire medlemsland synest det likevel klart at tida ikkje var mogen for å fremje ein slik resolusjon. Det ville truleg vere vanskeleg å få konsensus om ei tekst som i tilstrekkeleg grad opnar opp for større og breiare deltaking av frivillige organisasjonar i FNs arbeid. Særleg motstand kunne ein spore frå einskilde utviklingsland med ei meir restriktiv haldning til frivillige organisasjonar. Det vart ikkje gjort nye freistnader på å fremje ein slik resolusjon under den 56. generalforsamlinga fordi haldninga i miljøet ikkje syntest å ha endra seg vesentleg.

Til forsida