St.meld. nr. 21 (2000-2001)

Styrt val i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga

Til innhaldsliste

2 Departementets vurdering

Kartlegginga frå Statistisk Sentralbyrå viser at det er mange lærarar som uttaler at dei ikkje har formell kompetanse i dei faga som dei underviser i. Når det gjeld engelskfaget, er det om lag 50 % som seier at dei ikkje har utdanning i faget. Av dei som har utdanning i engelsk og som underviser på mellom- og ungdomssteget, er det samanlikna med andre fag mange som seier at dei har ei utdanning på 10 vekttal eller meir i faget. På småskolesteget er det derimot få lærarar som oppgjev at dei har utdanning i engelsk samanlikna med andre fag. Dette kan blant anna forklarast med at faget ikkje har vore obligatorisk i allmenn- eller førskolelærarutdanninga. Det er her grunn til å merke seg at engelsk har eit relativt lågt timetal på småskolesteget.

Styrt val i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga vart blant anna innført for at ein god del studentar skulle velje engelsk. Kartlegginga som er gjennomført av det tidlegare høgskolerådet og vurderingar som departementet har mottatt frå Norsk Lærerstudentlag og Universitets- og høgskolerådet, kan tyde på at styrt val likevel ikkje vil medføre at mange fleire allmennlærarstudentar enn i dag vel engelsk. Det kan vere at motivasjonen for studentane til å velje engelsk har samanheng med at valfridommen etter ny modell er redusert frå 30 til 20 vekttal og at ordninga med styrt val i 4. studieåret i tillegg medfører at høve til val er redusert til eitt fag.

Vidare kan det synast som ordninga med styrt val har som konsekvens at breidda i valtilbod ved institusjonane på sikt kan bli redusert, i første omgang innan fag som samfunnsfag, praktiske og estetiske fag og naturfag. Dette kan, særleg for dei mindre høgskolane, medføre nedbygging av fagmiljø og påfølgjande redusert breidde både for studentane sitt fordjupingsval 4. studieåret og for lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning. Departementet meiner dette kan vere uheldig med tanke på at SSB si kartlegging viser at det er fleire fag i skolen der det er ønskjeleg at lærarane som underviser i faget har høgre fagkompetanse.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilrår ut frå dette at styrt val i engelsk ikkje blir innført frå studieåret 2001/2002.

Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 285 (1996-97) og St. meld. nr. 48 (1996-97) viser at engelsk er sett på som eit viktig fag i lærarutdanninga. Departementet vil vurdere nærmare korleis engelskfaget kan organiserast i lærarutdanninga. Det er føremålstenleg å sjå eit slikt arbeid i lys av departementets oppfølging av Innst. S. nr. 120 (1999-2000), der Stortinget ba regjeringa kome tilbake med nødvendig vurdering av lærarutdanninga. For å få eit breiare grunnlag å vurdere lærarutdanninga ut frå, har departementet bedt Noregsnettrådet organisere ei evaluering av førskole- og allmennlærarutdanning og praktisk- pedagogisk utdanning. Evalueringa blir i hovudsak gjennomført i 2001. På bakgrunn av både denne evalueringa og meldinga om høgre utdanning, vil regjeringa i 2002 leggje fram ei melding om lærarutdanning.

Departementet føreset at utdanningsinstitusjonane har eit tilbod om engelsk både i valfri del av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanning. Noregsnettrådet ved Statens lærarkurs vil prioritere faget ved tildeling av midlar til etter- og vidareutdanning for pedagogisk personale i skoleverket, jf. St. meld. nr. 12 (1999-2000). Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har også støtta forprosjektet «Skolebasert fjernundervisning 10 vekttal engelsk for småskole- og mellomsteget». Det at 90 % av dei som underviser i engelsk seier at dei ønskjer å halde fram å undervise i faget, skulle tilseie at mange er interesserte i å ta vidareutdanning.

Rapporten frå SSB blir følgt opp på eigna måte i departementet. Tiltak retta mot engelsk vil bli sett i samanheng med arbeid for å styrkje andre fag.

Til forsida