St.meld. nr. 22 (2005-2006)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005

Til innhaldsliste

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2006

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2006 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen.

Noreg har i 2005 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det er også i 2005 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, men det er likevel ikkje semje om ein avtale for 2006.

Noreg tek vidare del i årlege trepartsforhandlingar om makrell med EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Frå norsk side deltek ein i samarbeidet i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») om forvaltninga av kval. Partsmøtene til CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), som Noreg tek del i, er også viktige i forhold til handel med fisk og kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas») og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgivande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå ICES. Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgiving.

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske områder

Til grunn for Fiskeri- og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i, ligg det ei balansert vurdering. Denne byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg størrelse, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Noregs Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening og Noregs Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa drøftast. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen klarerast endeleg av Fiskeri- og kystministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører Fiskeri- og kystministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalane for 2006

3.2.1 Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse, lodde og kongekrabbe. Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Når det gjeld kongekrabbe, så vert kvotenivået for 2006 fastsette unilateralt av kvar av partane, men sjølve forvaltninga av kongekrabba er ein del av avtalen mellom Noreg og Russland. Avtalen inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtalen for 2006 mellom Noreg og Russland blei underskriven i Kaliningrad 28. oktober 2005.

Partane blei samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 471.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteke under 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten for 2006 blei derfor ikkje fastsett høgare enn til 21.000 tonn, som er det same som året før.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 64.600 tonn. Av dette kan 18.280 tonn bli fiska i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 26.940 tonn til NØS og 19.380 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg også i 2006. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 219.700 tonn, medrekna 21.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk, er på 207.700 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 120.000 tonn. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteke av partane. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 5.400 tonn, som er delt med 3.240 tonn til NØS og 2.160 tonn til RØS. Russland har overført 4.500 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2006. Etter overføring er den norske kvoten på 61.800 tonn og den russiske på 52.800 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2006 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 blei det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 opna ein opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og frå 2000 – 2002 blei kvoten auka til høvesvis 435.000, 630.000 og 650.000 tonn. For 2003 blei det fastsett ein kvote på 310.000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og storleiken er no på tredje året på eit botnnivå. På denne bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien vedteke av partane, opna ein ikkje for fiske etter lodde, verken i 2004, 2005, eller 2006.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2006, har Russland heller ikkje i 2006 blitt tildelt ein kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russlands kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer er vidareført frå i fjor og utgjer 2.000 tonn. Vidare har Russland ein kvote på 10.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse, og ein kvote på 2.000 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

I tillegg kan Russland fiske 50.000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si eiga sone i 2006. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2006.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2006, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst, og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er ført vidare frå i fjor med 10.000 vaksne dyr.

I forståing med Russland vidareførte Noreg i 2006 vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26° austleg lengegrad (Magerøya). Noreg står på denne måten fritt til å vedta dei tiltak ein finn nødvendige og tenelege vest for denne grensa for å avgrense den vidare spreiinga av kongekrabbe, inntil ein veit meir om dei økologiske effektane av denne introduserte arten. På grunn av spesielle biologiske forhold på russisk side fastsette Russland unilateralt ei kvote for fangst av kongekrabbe i RØS på 3 millionar krabbar i 2006. Noreg fastsette på denne bakgrunn ei norsk kvote på 300.000 krabbar. Landa er einige om å vidareføre samarbeidet om forsking på kongekrabbens biologiske og økologiske effektar.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å etablere «Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Noreg og Russland innførte gjensidig satellittsporing av fiskefartøy frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 blei det vidare underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og russiske myndigheiter (Murmanrybvod) og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrkjer kontrollen med fiskeria i begge land. På grunn av omstruktureringar på russisk side vert memorandumet korrigert i tråd med dette under 34. sesjon.

Hovudfokus for Det permanente utval i 2005 var å utarbeida ein analyse om «Omforente tiltak for forbedring av regulerings- og kontrollsystema i Barentshavet og Norskehavet» der ein skulle sjå på status for regulerings- og kontrolltiltak som eksisterer på fiskeriområdet og å setje kriterium for å oppnå eit optimalt regulerings- og kontrollregime. Vidare skulle ein sjå på tiltak for å oppnå eit optimalt nivå på regulering og kontroll med fisket samt analysera kva som kan gjera oppnåing av eit slikt nivå vanskeleg.

Dei viktigaste momenta Utvalet kom fram til i arbeidet er: Det må kunna utførast kontrollar som er egna til å avdekka dei mest alvorlege overtredelser og det må følgjast opp med sanksjoner. Vidare må ein ha kontrollsamarbeid med tredjeland og utveksling av kontrollinformasjon. Ein må og ha datasystem som kan kommunisera informasjon automatisk. Til alt dette trengs det auka ressursar.

Det permanente utval konkluderer i rapporten sin at det som gjer det vanskeleg med ein betre kontroll med fisket i Barentshavet og Norskehavet er manglande ressursar og politiske beslutninger, for omstendelege og langvarige prosessar og manglande prioritet og innsats frå andre styresmaktar.

Under 34. sesjon i Den norsk-russiske fiskerikommisjon vart partane samde om å oppretta eit underutval under Det permanente utval. Dette nye underutvalet skal utarbeide tiltak for å betre kontrollen og sikre bruk av straffetiltak i samband med brot på fiskerireglane som gjeld i Barentshavet og Norskehavet. Utvalet skal i tillegg til representantar frå fiskerimakta og kystvakta bestå av representantar for politi- og påtalemakta, tollmakta og skattemakta.

Også ei rekkje andre tiltak blei vedtekne for å få bukt med det ulovlege fisket og den ulovlege omlastinga som skjer i Barentshavet.

3.2.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for Nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ei avtale om forvaltning og fordeling av Nordsjøsild. Avtala vart revidert og forlenga for tre nye år i 2004. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsplanar for sei, torsk, hyse og raudspette som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane for sei, hyse og sild vart reviderte i i avtalen for 2005, mens man i avtalen for 2006 reviderte forvaltningsplanen for torsk. Det står att å revidere planen for raudspette, og å få på plass ein forvaltningsplan for kviting.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.

I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedøying og faktisk døying. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Noreg vil fortsette å fokusere på denne problemstillinga.

I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er sidan dette ytterlegare forverra, og då særleg for Nordsjøtorsken. Totalkvoten for torsk blei difor i 2003 redusert med 45 % frå 2002, og Noreg og EU vart i kvoteavtalane for 2004 og 2005 samde om å føre vidare denne kvoten på same lave nivå som i 2003. For 2006 blei kvoten ytterlegare redusert. Under forhandlingane hausten 2005 vart partane også samde om å fortsette det felles arbeidet med å bygge opp att torskebestanden og forbetre beskatninga av botnfisk.

Makrell

Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.3.4).

Forvaltningsregimet for makrell har vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU ei lang rekkje år. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.

Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområder. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsett ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbreiingsområde (Biscaya).

Kontroll

Generelt er arbeidet for å skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve. Dette blir gjennomført til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.

Like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar, og ein standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 %, vart innført frå 1. februar 2004. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, vart Noreg, EU og Færøyane under trepartforhandlingane om forvaltninga av makrell hausten 2005 samde om ei ytterlegare skjerping av kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. På bakgrunn av det sterke fokuset på landingar av uregistrert norsk arktisk torsk i EU-land, var kontroll eit sentralt tema under forhandlingane med EU hausten 2005. Partane vart einige om at arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal utvide sitt mandat til også å gjelde kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Dei skal i tilegg arbeide for å betre kontrollen med landingar av kvitfisk i Nordsjøen.

2006-avtala

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 2. desember 2005, ei kvoteavtale for 2006.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for ­fellesbestandane i Nordsjøen i 2006 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk23.2053.94519.260
Hyse51.8507.016144.925
Sei123.25064.09059.160
Kviting23.8002.38021.420
Raudspette57.4411.621155.820
Makrell47.13230.17816.954
Sild454.751131.878322.873

1 Kvote til Noreg etter overføring av respektive: 4.910 tonn hyse, og 2.400 tonn raudspette til EU.

Kvoteavtala for 2006 reflekterer den vanskelege situasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Partane har vedteke å redusere kvoten på torsk ytterlegare til 23.205 tonn i 2006, noko som er den lågaste kvoten nokosinne. I tråd med dei reviderte forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei redusert frå høvesvis 66.000 og 145.000 tonn i 2005 til 51.850 og 123.250 tonn i 2006. Kvitingkvoten er redusert frå 28.000 tonn i 2005 til 23.800 tonn i 2006, medan kvoten for raudspette er ytterlegare redusert frå 2005 til 2006.

Totalkvoten for makrell er i 2006 sett til 362.510 tonn mot 344. 562 tonn i 2005. Av totalkvoten for 2006 kan 47.132 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 83.185 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62ºN og i internasjonalt farvatn, og 232.194 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 113.365 tonn.

Situasjonen for nordsjøsild bestanden er god, men den har hatt sviktande rekruttering dei fire siste åra. I samsvar med den felles forvaltningsplanen er totalkvota difor redusert med 15% til 454.751 tonn i 2006. Det er vidare sett ein bifangstkvote på 42.500 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2006.

Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2006 (tonn):

FiskeslagKvotar til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål1.0005.000
Kolmule152.44219.000
Tobis00
Blålange200
Lange6.8001.000
Brosme4.000200
Kombinert kvote140
Pigghå90
Reker900
Hestmakrell1.600
Andre artar4.7207.000
Tunge200
Breiflabb1.750
Sjøkreps1.300

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Situasjonen for tobis og augepål i Nordsjøen er svært vanskeleg, og kvotane for augepål er difor svært låge og kan berre fiskast som bifangst, mens det ikkje vart overføringar av tobiskvotar i det heile i 2006. Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er oppretthaldne på det låge nivået som var i 2005. Kolmulekvota til Noreg i EU-sona auka frå 120.000 til 152.442 tonn i 2006. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er noko redusert frå 1.800 tonn til 1.750 tonn, mens EU sin kvote på sjøkreps er auka frå 1.000 tonn til 1.300 tonn.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2006 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk18.920
Norsk arktisk hyse2.760
Sei3.600
Blåkveite (bifangst)75
Anna (bifangst)450

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2006 er redusert frå 2005, medan hysekvoten er auka med 500 tonn frå i fjor. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Samstundes pliktar Noreg å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2006 på 1.500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2006 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)10.000
Blåkveite (EU-sona)350
Reker (Grønlands sone)2.750
Blåkveite (Grønlands sone)1.600
Uer (Grønlands sone)3.500
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)477

Dei norske kvotene på blåkveite, kveite og uer i grønlandske farvatn er på same nivå som i fjor. Det same er Noregs botnfiskkvote i EU-sona. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart auka til 10.000 tonn. Loddekvoten ved Grønland er tatt ut av kvotebytet for 2006 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til partane. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2006 blei inngått i København 6. januar 2006. Etter avtalen er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62ºN har Færøyane i 2006 høve til å fiske 2.108 tonn norsk arktisk torsk, 963 tonn hyse, 1.070 tonn sei og 100 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2005 blei hysekvoten, kvoten på sei og kvoten på andre artar auka. Færøyanes seikvote skal også dekkje bifangst i fisket etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1.100 tonn makrell nord om 62ºN. Kvoten er 55 tonn høgare enn kvoten i 2005. Avtalen opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57º30""N.

Det blei ikkje gitt loddekvote for 2006.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar på mellom anna nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noregs økonomiske sone. I 2006 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.780 tonn norsk arktisk torsk og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62ºN på 100 tonn tildelt av Noreg og 200 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.

I Noregs økonomiske sone sør om 62ºN er Færøyane tildelt 2.000 tonn kolmule, 500 tonn brisling og 280 tonn andre arter. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei, sild og augepål. Augepål kan i 2006 berre fiskast som uunngåeleg bifangst. Vidare kan færøyske fartøy fiske 600 tonn sei og 1.000 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 1.000 tonn hestmakrell. Kvotane av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62ºN. Kolmulekvoten blei redusert frå 16.800 tonn til 2.000 tonn. Seikvoten i Nordsjøen er redusert frå 1.415 tonn til 600 tonn i forhold til avtalen for 2005. Det blei ikkje gitt kvote på tobis i 2006.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 12 n. mil. Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 946 tonn norsk arktisk torsk og inntil 228 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg i 2006 tildelt ein kvote på 2.457 tonn lange/blålange, 1.800 tonn brosme, 100 tonn sei og 910 tonn andre artar. Kvoten av andre artar skal berre fiskast som bifangst. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare bestemt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 27 dagar i løpet av 2006.

I Færøyanes økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 20.800 tonn kolmule. Noreg er også tildelt 1.577 tonn makrell, ein reduksjon på 1.291 tonn frå 2005. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske. Hestmakrellkvoten er for 2006 fastsett til 230 tonn.

3.2.4 Noreg – Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 7. desember 2005 kan grønlandske fiskarar i 2006 ta desse kvantuma i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62ºN: 1.800 tonn norsk arktisk torsk, 300 tonn norsk arktisk hyse, 850 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Nord om 62ºN blei kvoten på torsk redusert med 40 tonn, seikvoten er redusert med 75 tonn, medan kvoten på hyse er vidareført, på same nivå som i 2004. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62ºN: 925 tonn sei. Kvoten er redusert med 75 tonn frå 2005. Andre botnfiskartar kan berre fiskast som bifangst, men avgrensa til 100 tonn og innanfor norske føresegner om bifangst.

Noreg har fått tildelt desse kvantuma i Grønlands sone i 2006:

Ved Vest-Grønland: 650 tonn blåkveite. Denne kvoten er på same nivå som i 2005. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2006 kan trålfiske finne stad sør om 64º30""N eller nord om 68ºN med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Noreg må melde frå innan utgangen av januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske nord om 68°N, maksimum er 200 tonn.

Ved Aust-Grønland: 425 tonn blåkveite, 600 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med bunntrål og 335 tonn kveite. Kvoten av blåkveite og uer fiska med bunntrål er dei same som i 2005. Kvotane av uer fiska med pelagisk trål blei redusert med 125 tonn, og kvoten av kveite blei redusert med 15 tonn.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 625 tonn torsk. Kvoten er auka med 25 tonn frå 2005. På grunn av stort innslag av ungfisk i bestanden skal kvoten av torsk i 2006 fiskast med line.

I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005.

Partane er samde om at ein i løpet av 2006 skal foreta ein gjennomgang av gjeldande satellittsporingsavtale med tanke på ei oppdatering og evaluering. Partane tek også sikte på å legge til rette for eit pilotprosjekt for gjensidig elektronisk fangst og aktivitetsrapportering (elektronisk rapporteringssystem, ERS) i løpet av 2006.

3.2.5 Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtalen»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtalen» er gitt ei omtale i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2005/2006 fiske 4.237 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For sesongen 2005/2006 er loddekvoten sett til 16.681 tonn.

3.2.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU blei 2. desember 2005 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2006.

Tabell 3.5 Desse kvotane gjeld for 2006 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk3.3151083.207
Hyse3.1891343.055
Kviting1.500271.473
Raudspette7.6801547.526
Reker11.2005.2195.981
Sild81.60010.88370.717
Brisling52.0003.90048.100

Totalkvoten for hyse og torsk er redusert med 829 tonn og 585 tonn, medan totalkvotane for kviting er uendra i forhold til kvotane i 2005. Kvoten for raudspette noko auka, medan sildekvoten er redusert med 14.400 tonn. Totalkvotene for reker og brisling er noko auka samanlikna med 2005.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter den same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i Nordsjøen i 2006.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 20.528 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2006. Som i 2005, vil norske fiskarar også i 2006 kunne fiske inntil 50 % av den norske Skagerrak-kvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

3.2.7 Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2006 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 2. desember 2006.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2006:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 158 tonn reker, 963 tonn sild, 275 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fisk­eslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane for torsk, hyse, sei, sild og makrell er reduserte frå 2005, medan kvoten for reker er noko auka. Dei andre kvotane er ført vidare frå 2005.

3.2.8 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Det er ikkje kome i stand ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2006.

Noreg har i forhandlingane om ein avtale for 2006 framleis eit krav om ein auke i den norske delen av totalkvoten. Noreg grunngir kravet sitt ut i frå prinsippet om sonetilhøyring, og dessutan at Noreg fekk ein urimelig låg del av TAC då den første fempartsavtalen blei inngått i 1997.

Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels tosidig avtale med EU og Russland for 2006. Avtalen med EU vart inngått 9. desember og inneber at EU kan fiske og lande 62.000 tonn norsk vårgytande sild nord for 62°N, av ein total kvote på 868.000 tonn for 2006, i Noregs økonomiske sone og fiskerisona rundt Jan Mayen. Avtalen var del i at det blei nådd brei semje med EU på ein rekkje område på fiskerisida hausten 2005.

Avtalen med Russland inneber at farty frå Russland kan fiske i NØS i 2006 i tråd med tradisjonelt fiske.

3.2.9 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen blei underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen blei det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane leidde frem til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Hovudendringa i den nye avtalen er at den gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare blei artikkel 10 om satellittsporing teken ut, ettersom punktet var forelda. Ingen av partane valde å seie opp avtalen innan fristen. Avtalen vil dermed også gjelde for 2006.

3.2.10 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – saman med Russland som spesielt invitert part, arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden.

16. desember 2005 blei det underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island og Noreg. Til saman får Noreg 26,245 % av kyststatane sin totale fangst på 2 millionar tonn for 2006. Noreg får 524.900 tonn kolmule som Noreg kan fiske i tillegg til det Noreg byter gjennom bilaterale avtalar.

Avtalen tek opp i seg ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein årleg reduksjon av fisket inntil forvaltningsmåla er nådd. Kyststatane vil leggje fram forvaltningsstrategien i avtalen for ICES for evaluering og ta omsyn til råd som måtte komme. Kyststatane var også einige om å søke å bli samde om eit vedtak gjennom NEAFC for avsetning til andre statar.

I tilknyting til at Noreg inngår ein kyststatsavtale om kolmule, har Noreg blitt einige med EU om ein bilateral avtale om korleis fisket skal gjennomførast. I følgje avtalen kan Noreg fiske 61 % av norsk del under kyststatsavtalen i EU-farvatn. For 2006 utgjer dette 320.189 tonn. I tillegg kan heile kvota av kolmule i EU-avtalen, 152.442 tonn, fiskast i same områder. Til saman gir dette norske fartøy tilgang for fiske av 472.631 tonn kolmule i EU-farvatn i 2006. I færøysk sone har Noreg tilgang til å fiske totalt 80.800 tonn kolmule.

Noreg ser avtaler om sonetilgang som svært viktig med tanke på å verne viktige oppvekstområde for kolmule, mellom anna i norsk økonomisk sone.

3.2.11 Regulering av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget blei vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttført 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ei avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000. Partane har inngått tilsvarande avtalar for åra 2001 til 2006.

Trepartsavtalen inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgare langtidsutbytte.

Fordelinga mellom Noreg og EU er gjenstand for bilaterale forhandlingar. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU for 2006 (sjå punkt 3.2.2). Færøyene har i 2006 ein kvote på 12.887 tonn makrell.

På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 42.289 tonn i 2006. Av denne kvoten blei det sett av 24.476 tonn til Russland, 16.544 tonn til kyststatane og 1.269 tonn til Island. Kvoten til kyststatane er fordelt med 9.208 tonn til Noreg og EU og 7.337 tonn til Færøyane. Island har reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

3.2.12 NAFO

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området, fastset NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.

Figur 3.2 viser NAFOs konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFOs konvensjonsområde

Figur 3.2 NAFOs konvensjonsområde

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det sett forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Noreg har òg sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap).

Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert ved at ein avgrensar talet på fartøy og fiskedøgn.

NAFOs vitskapskomité gav i 1998 for første gong ei kvotetilråding for rekefisket ved Flemish Cap. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn i rekefisket ved Flemish Cap har sidan vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Derfor var spørsmålet om ei kvoteregulering av reker i 3M ikkje tema i organisasjonen for fisket i 2006, men det kan kome opp seinare. På årsmøtet hausten 2005 vedtok partane same regulering som tidlegare år, slik at norske fartøy også i 2006 kan fiske i til saman 1.985 fiskedøgn i underområde 3M. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten. I underområde 3L auka Noregs kvote frå 144 tonn i 2005 til 244 tonn i 2006 som følgje av auke i bestanden. Dette kan fiskast av eitt norsk fartøy.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. For 2005 fastsette NAFO ein eigen kvote på 7.500 tonn uer for dei NAFO-medlemmane som ikkje er medlemmar av NEAFC, medan NEAFC-medlemmane kunne fiske inntil 25.000 tonn av NEAFC-kvoten i NAFO-området. Dette innebar at den norske uerkvoten for 2005 var ein totalkvote for begge områdene, og at kvotar tekne i eitt område blei rekna mot kvotar tekne i det andre området. (Sjå pkt. 3.2.13). Denne reguleringa er ført vidare i 2006.

Bestanden av blåkveite er dramatisk endra, og Vitskapskomitéen anbefalte eit uttak av blåkveite på 16.000 tonn i 2004, mot ein kvote på 42.000 tonn i 2003. På årsmøtet hausten 2003 blei partane etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned frå 20.000 tonn i 2004 til 16.000 tonn. Dei blei også einige om ein plan for gjenoppbygging av blåkveitebestanden. Planen står fast og gir ein kvote på 18.500 tonn for 2006. Det er særleg Canada og EU, og til ein viss grad Russland og Japan, som desse tiltaka får størst følgjer for, i og med at det er desse statane som har dei største delane av blåkveitekvoten.

Heile kvoten på 18.500 tonn er no delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30.000 tonn. Då gjeninnførast ein «others»-kvote på 1.300 tonn. Dette vil kunne gjere det mogleg for Noreg å fiske blåkveite, då dei fleste andre «konkurrentane» no har faste kvoter.

Basert på arbeidet i kontrollkomiteen, STACTIC (Standing Committee on International Control), blei det vedteke enkelte endringar av NAFOs kontroll- og handhevingsregime. Blant anna blei det, på norsk initiativ, vedteke eit meir omfattande og presis system for rapportering ved omlasting av fangstar. Dei to siste åra har det vore i gang et pilotprosjekt angåande observatørar, for å få betre og hyppigare rapportering. Man hadde ikkje tilstrekkeleg data til å evaluere prosjektet og det blei vedteke å forlenge med eitt år.

I STACFAC (Standing Committee on the Fishing Activities of Non-Contracting Parties in the Regulatory Area) kom ein med anbefaling om eit system for å svarteliste fartøy som har delteke i eit IUU-fiske i NAFO-området og som tilhøyrer statar som ikkje er medlemmer av organisasjonen. Dette vart vedteke på årsmøtet, slik at NAFO og no har eit slikt system. Systemet byggjer i stor grad på dei ordningane som allereie er vedteke for CCAMLR og ICCAT. Det vart ikkje semje om eit tilsvarande system for medlemsstatar.

Meir informasjon finst på NAFOs heimesider: http://www.nafo.ca

3.2.13 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFCs myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Blant bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, finst mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

I desember 2005 vart kyststatane for første gang samde om regulering av fisket etter kolmule. På årsmøtet i NEAFC i november 2005 vart partane samde om at når kyststatane vart eininge om ein fordeling av bestanden, skulle det fremjast eit forslag til reguleringstiltak for kolmule i NEAFC-område for 2006, som skulle sendast på postavstemming. Partane har såleis blitt samde om ei kvote på 253.000 tonn kolmule i NEAFC sitt reguleringsområde. Av denne kvoten er det sett av 100.000 tonn til Russland og 10.000 tonn til Grønland. Resten er fordelt mellom kyststatane etter fordelinga fastsett i kyststatsavtalen (sjå punkt 3.2.10).

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2005 samde om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2006 og fastsette ei totalkvote på 62.416 tonn. Av dette har Noreg ein part på 2.231 tonn. Russland har reservert seg mot reguleringa i NEAFC.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2006 er, som i åra 2001 til 2005, ein totalkvote for begge områda. Den norske totalkvoten for 2006 er totalt på 3.331 tonn etter overføringar som følgje av kvoteavtalane med EU og Grønland.

NEAFC har gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2004, men vedtaket vil først tre i kraft når ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild er på plass (sjå punkt 3.2.8). Ein slik avtale er hittil ikkje kome i stand for 2006.

På årsmøtet i NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området blei for 2006 fastsett til 42.298 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa (sjå punkt 3.2.11).

NEAFC har innleidd ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. På årsmøtet i 2002 var det semje om å innføre mellombelse forvaltningstiltak som gjekk ut på at partane skulle fryse sin innsats. På eit ekstraordinært møte i mai 2003 drøfta kommisjonen permanente forvaltningstiltak, men partane oppnådde ikkje semje om dette. Partane vedtok på årsmøtet i 2003 å setje ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med regulering av djuphavsartar. På årsmøtet i 2004 var det semje om at partane i 2005 skal redusere innsatsen i fiske etter djuphavsartar med 30 %. Det var også semje om å utvide talet av artar som skal omfattast av denne reguleringa frå 22 til 49 artar. Reduksjonen er ført vidare i 2006. Noreg tok opp spørsmål knytta til tapte og forlatte garn i djuphavsfiske på årsmøtet. Som eit resultat vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, med regler mellom anna om røkting av garn.

Partane vart på årsmøtet i prinsippet einige om endringar i konvensjonsteksten for å gi organisasjonen mandat til å foreta ein meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i forhold til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, vedrørande Havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Konvensjonsendringa vart ikkje formelt vedteken ettersom ikkje alle partane hadde mandat til dette. Det var semje om at forslaget skulle sendast på postavstemming når alle partane hadde klarert sine mandat.

Partane vedtok på årsmøtet i 2005 for første gang ei sokalla svarteliste, det vil seie ei liste over fartøy som ikkje hadde rett til å fiske i NEAFC område eller som har motteke fisk frå slike fartøy.

NEAFC si permanente gruppe for kontroll og handheving fikk på årsmøtet i oppdrag å legge fram eit forslag til regelverk for havnestatskontroll etter ein modell utvikla av FAO. Forslaget skal leggast fram på årsmøtet i 2006.

Det vart vidare semje om å foreta ei evaluering av organisasjonen i 2006.

Meir informasjon finst på NEAFCs heimesider: http://www.neafc.org/

3.2.14 IWC, NAMMCO OG CITES

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC blei oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det. Før IWC vil oppheve moratoriet, vil organisasjonen ha på plass eit revidert forvaltningsregime. Dette har det vore arbeidd med sidan 1994. Arbeidet står no i stampe, og ingen veit korleis ein kan finne ei løysing på denne saka. Dette vil bli drøfta på årsmøtet i juni 2006.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteberekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at den kan brukast til å berekne kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten fastsettast på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWCs vitskapskomité. For 2006 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 1052 dyr.

Under årsmøtet i 2006 vil Noreg legge fram forslag til ei justering av kvoteberekningsmodellen basert på forsking som er gjennomført i Noreg. Ein reknar med at det vil føre til høgare kvotar for norsk fangst.

Meir informasjon finst på IWC’s heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, blei etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, medan Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lykkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Canada og USA deltok på eit seminar om jaktmetodar for sel hausten 2004. Resultatet av dette arbeidet gir grunnlag for å revidere delar av det norske regelverket for selfangst.

NAMMCOs vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Det siste året har det vore nært samarbeid med vitskapskomiteen i IWC om å få til eit betre vitskapleg grunnlag for forvaltning av finkval i Nord-Atlanteren. Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCOs heimesider: http://www.nammco.no/

CITES

Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES («Convention of International Trade in Endangered Species of Fauna and Flora»), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som anten er trua av utrydding, eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1983 blei vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding.

Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel med produkt av vågekval ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette blei for tredje gong forsøkt oppnådd på CITES’ partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. På partsmøta i CITES i 2002 og 2004 blei det frå norsk side ikkje fremja nye forslag om nedlisting. Neste partsmøte er våren 2007.

Etter ei samla vurdering blei det frå norsk side i januar 2001 gjort vedtak om å opne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår. Det er eksport mindre kvanta til Færøyane og Island, og det arbeidast med å få tilgang til den japanske marknaden.

Dei siste 10 åra har det vore ei aukande interesse i CITES for å liste fisk og andre marine artar. Noreg har fått aksept for at forslag til listing av marine artar skal vurderast av eit ekspertpanel i FAO før CITES kan ta stilling til dei. Dette skjedde før partsmøtet hausten 2004, men det var fleire land som ikkje la vekt på tilrådingane frå FAO-ekspertane. På møtet i 2004 vedtok CITES samrøystes nye kriterium for listing av artar. Desse blei likevel ikkje avgjerande for alle land, idet dei av politiske omsyn inntok ei anna haldning når ein drøfta artar som opinionen er oppteken av.

Meir informasjon finst på CITES’ heimesider: http://www.cites.org/

3.2.15 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis, CCAMLR, blei oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggarane. «Bevaring» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting av ressursane. I byrjinga blei CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonsk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane delte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busett i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Som i 2004 dreiv ein norsk båt forsøksfiske etter patagonsk tannfisk i CCAMLR-området i 2005.

Det er store krillressursar i Sørishavet. I år deltar eit norsk fartøy i fiske etter krill. På sikt kan fisket etter krill bli særs viktig i CCAMLR-området. Det er inngått ei avtale mellom Noreg og Storbritannia om vitskapleg observasjon av dette fisket.

Noreg deltok på CCAMLRs årsmøte i 2005. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege (innanfor dei økonomiske sonene) og uregulerte (på det opne hav innanfor konvensjonsområdet) fisket etter patagonisk tannfisk, såkalla «IUU-fiske». Sjølv om estimata for IUU fiske er usikre, er det teikn som tyder på at omfanget no er monaleg mindre enn for få år sidan. Fisket gjennomførast både av fartøy som fører flagget til CCAMLR-medlemmer og fartøy under framandflagg. CCAMLR har i løpet av dei siste åra skipa ei rekkje tiltak for å motverke denne aktiviteten. I 2005 ble det vedtatt ein resolusjon om samarbeid med land som ikkje er med i CCAMLR. Regelverket for svartelisting av fartøy blei også justert.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som blir importert til eit medlem av organisasjonen, er teke i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teke utanfor CCAMLR-området. Det blir gjennomført ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Elektronisk fangstdokumentasjon ser ut til å være vanskelegare å forfalske enn tradisjonell dokumentasjon. Ei prøveordning med slik fangstdokumentasjon har vore i drift eit par år.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

3.2.16 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, blei etablert i 1969. Fiskeriorganisasjonens primære funksjon er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. ICCATs kompetanseområde omfattar ca. 30 artar, og av desse er makrellstørje av særleg interesse for Noreg.

Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Det har i dei seinaste åra vore teikn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn. Det kan derfor igjen bli aktuelt med fiske etter makrellstørje i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003.

1. mars 2004 blei Noreg medlem av ICCAT etter at Stortinget hadde ratifisert konvensjonen 17. desember 2003. ICCAT var lenge dominert av interessene til fjernfiskestatane, og opererte inntil nyleg med kriterium for tildeling av kvotar som var baserte på historisk fiske, og som ikkje tok omsyn til kyststatanes rettar (t.d. sonetilhøyringsprinsippet). På årsmøtet i 2001 vedtok ein nye kriterium for tildeling av kvotar. Dei nye kriteria vernar no interessene til kyststatane slik Noreg har definert dei.

Noreg deltok som fullt medlem for første gong på årsmøtet i 2004. Då fekk Noreg aksept for at vi som medlem kan fiske inntil 100 tonn makrellstørje av samlekvoten som er sett for dei som ikkje er tildelt særskilt kvote for inneverande forvaltningsperiode, som går fram til 2006. Det var ikkje makrellstørje i fiskbare mengder i våre farvatn i 2005.

I ICCAT arbeider Noreg for ei betre forvaltning av makrellstørje, med særleg vekt på vern av ungfisk. Under årsmøtet i 2005 samarbeidde den norske delegasjonen tett med dei medlemsstatane som ønskjer ei berekraftig forvaltning. Noreg la fram eit forslag om betre vern av ungfisk i Middelhavet. Forslaget fikk støtte frå mange land, men det blei ikkje vedtatt. Betre vern av ungfiskens oppvekst i Middelhavet er naudsynt for at bestanden på nytt kan bli så stor at den kjem ut i Atlanteren på beitevandring i eit slikt omfang at den kan nyttiggjere seg at dei store pelagiske fiskeartane er i god forfatning, slik at den enkelte makrellstørja kan utnytte sitt vekstpotensial.

Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet er i 2006 sett til 32.000 tonn. På årsmøtet i 2006 skal det forhandlast om kvoter for neste femårsperiode.

Meir informasjon finst på ICCATs heimesider: http://www.iccat.es/

3.2.17 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, blei etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO- konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg, Sør-Korea og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Namibia og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Vidare vil Noregs to- og fleirsidige bistandsengasjement i regionen kunne styrkast gjennom deltaking i SEAFO.

Noreg deltok på årsmøtet i SEAFO som blei halde i Namibia 3.- 6. oktober 2005.

Meir informasjon finst på SEAFOs heimesider: http://www.mfmr.gov.na/seafo/seafo.htm

Til forsida