St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

9 Vedtak nr. 8/08. Bidrag frå OSSE til gjennomføringsfasen av initiativet Allianse mellom sivilisasjonar

Ministerrådet,

som erkjenner trongen for å fremje gjensidig forståing og samarbeidstilhøve mellom nasjonar på tvers av kulturar og sivilisasjonar,

som har sett seg føre å motarbeide radikalisering og valdeleg ekstremisme som fører til terrorisme,

som understrekar OSSEs rolle som ei regional ordning etter kapittel VIII i FN-pakta,

som framhevar at OSSE framleis er interessert i initiativet Allianse mellom sivilisasjonar («Alliance of Civilizations»), som vart skipa i regi av Dei sameinte nasjonane, i tråd med ministerrådsvedtaka frå Ljubljana, Brussel og Madrid,

som tek opp att skyldnadene våre til å nedkjempe intoleranse og diskriminering og til å fremje gjensidig respekt og forståing,

som minner om det første bidraget frå OSSE til initiativet Alliansen mellom sivilisasjonar, som vart gjeve til FNs generalsekretær i 2006,

som tek omsyn til gjennomføringsplanen som vart utarbeidd av FNs høgrepresentant for initiativet Alliansen mellom sivilisasjonar,

vedtek, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane,

  1. å gje OSSEs generalsekretær fullmakt til å følgje utviklinga i Alliansen mellom sivilisasjonar og til å vurdere samarbeid om Allianse mellom sivilisasjonar-prosjekt på område av felles interesse og som er gjensidig fordelaktige, og som fremjar gjennomføring av OSSE sine skyldnader, og pålegg han å rapportere til deltakarstatane,

  2. tilrår at OSSEs generalsekretær, i samråd med Formannskapet, deltek på det komande andre forummøtet i Alliansen mellom sivilisasjonar, som skal haldast 2. og 3. april 2009 i Istanbul, og melde frå til deltakarstatane om utfallet av møtet.

Til forsida