St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

5 Politisk-militært samarbeid

Arbeidet innanfor det politisk-militære området har i 2008 vore prega av Georgia-konflikten, Russlands suspensjon av CFE-avtala, og det russiske framlegget om ein ny tryggingsarkitektur for Europa. Trugsmåla i dag mot regional tryggleik stammar i første rekkje frå internasjonal terrorisme, organisert kriminalitet, interne maktkampar og etniske eller religiøse konfliktar. Men krigen i Georgia viste at den tida ikkje er forbi då også land i Europa tyr til militær makt for å oppnå måla sine. Trongen for konvensjonell nedrusting og tryggleiks- og tillitsskapande tiltak i Europa vart ikkje redusert i fjor.

OSSE står i fremste rekkje i utviklinga av eit fleirnasjonalt regelverk mot ulovleg handel med handvåpen. Arbeidet baserer seg på OSSE-handvåpendokumentet frå 2000, og det er skipa ein samarbeidsmekanisme for å få til lik standard i alle deltakarlanda. OSSE samarbeider òg med andre regionale organisasjonar i dette arbeidet. Deltakarlanda i OSSE arbeider kontinuerleg med destruksjon av overskotsvåpen og overskotsammunisjon, og i perioden 2001–2007 vart det destruert 7,7 millionar handvåpen i OSSE-regionen.

OSSE medverkar òg til sikring og destruksjon av lager av konvensjonell ammunisjon som til dels er dårleg sikra og utgjer eit tryggingstrugsmål både direkte og indirekte. Ammunisjonen er òg eit stort miljøproblem som hemmar lokal økonomisk utvikling. Det er difor viktig å raskt få denne ammunisjonen under kontroll og å destruere overskotet. Ei rekkje deltakarland har bede OSSE om støtte til destruksjon av overskotslager. Noreg stødde i 2008 sikrings- og destruksjonsprogrammet i Tadsjikistan både økonomisk og med personell, og har gjeve finansiell støtte til sikringsprosjekt i Kviterussland. Vidare har Noreg stilt med teknisk sakkunnige i ei første kartlegging av tilsvarande oppgåver i Ukraina.

OSSE er likeins engasjert i destruksjon av gammalt, giftig rakettdrivstoff («mélange») som utgjer eit stort miljøproblem i fleire OSSE-land, mellom anna fordi lagringstankane har byrja å leke og sleppe ut gift i grunnvatnet. Noreg gjev økonomisk støtte til destruksjon av rakettdrivstoff i Ukraina. Regjeringa vil framleis stø OSSE sitt arbeid for å hindre spreiing av handvåpen og medverke til destruksjon av ammunisjon og rakettdrivstoff.

5.1 Konvensjonell nedrustning

OSSE har utvikla ei rekkje tillits- og tryggleiksskapende tiltak, mellom anna gjensidig utveksling av informasjon om forsvarsplanlegging, stridskrefter, utrusting og aktivitetar. Ei viktig plattform for dette arbeidet er Wien-dokumentet av 1999. Informasjonen vert verifisert ved inspeksjonar og evalueringsvitjing. I samsvar med denne avtala vart det i 2008 gjennomført i alt 109 inspeksjonar og 54 evalueringsvitjingar i OSSE-området. Av desse stod Russland for omkring ein tredel, 30 inspeksjonar og 28 evalueringsvitjingar. Noreg gjennomførde ein inspeksjon i Russland og ei evalueringsvitjing i Tadsjikistan og tok imot ein inspeksjon frå Russland og ei evalueringsvitjing frå Kroatia. Det er venta at aktiviteten vert vidareførd på same nivå i 2009.

Avtala om opne luftrom tok til å gjelde i 2002. Føremålet med avtala er å skape større openskap gjennom gjensidig opning av landa sine luftrom for eit avtalt tal årlege overflygingar med fly som er utstyrde med bestemte sensorar. Det er 34 statspartar i avtala, og ho dekkjer eit vidare geografisk område enn Wien-dokumentet av 1999 og CFE-avtala («frå Vancouver til Vladivostok»). Avtala om opne luftrom styrkjer sjansane til innsyn i og openskap om tilhøve på bakken i land som er av interesse. Ho stør såleis opp om verifikasjonsarbeidet som er fastsett i andre avtalar, og tillits- og tryggleiksskapende tiltak. Flygingane vert i stor grad gjennomførde i fellesskap av to eller fleire statspartar, og samarbeidet mellom alle medlemslanda er velutvikla og godt. I 2008 vart det gjennomført i alt 106 flygingar etter avtala om opne luftrom. Noreg gjennomførde tre flygingar over Russland, og tok imot to russiske flygingar. Det er venta at aktiviteten held fram på same nivå eller aukar noko i 2009.

Den såkalla åtferdskodeksen for politisk-militære tryggingsaspekt av 1994 omhandlar skyldnader om mellom anna avståing frå militær maktbruk eller trugsmål om slik maktbruk, og samarbeid i terrorismenedkjemping. Føremålet er mellom anna å medverke til demokratisering av væpna styrkar i heile OSSE-området.

I tillegg overvaker og verifiserer OSSE destruksjon og avgrensingar av tyngre våpen for Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia. Gjennomføringa har gått rutinemessig i 2008 òg og har medverka til ei normalisering mellom partane. Noreg stør dette regimet kvart år med inspektørar i samband med to av inspeksjonane i området.

5.2 CFE-avtala

CFE-avtala har sidan 1992 medverka til å fjerne over 64 000 tyngre våpen i Europa. Avtala avgrensar offensiv militær kapasitet og medverkar til å hindre destabiliserande styrkekonsentrasjonar. Dette gjeld òg i nærområda til Noreg.

På OSSE-toppmøtet i 1999 vart ei ny avtale vedteken som var betre tilpassa dei endra tryggingspolitiske realitetane i Europa. Den tilpassa avtala vil ta til å gjelde når alle 30 statspartane har ratifisert ho. Ratifikasjonsprosessen har aldri kome i gang på vestleg side fordi føresetnaden om tilbaketrekking av russisk personell og utstyr frå Georgia og Moldova (dei såkalla Istanbul-skyldnadene frå toppmøtet i 1999) ikkje er oppfylte. Russland «suspenderte» frå og med 12. desember 2007 etterleving av dei operative skyldnadene sine etter CFE-avtala. Grunngjevinga er hovudsakleg manglande vestleg ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtala, restriksjonar på utplassering av russiske styrkar i flankeområda i avtala, og NATO-utvidinga. Russland meiner dessutan at CFE-avtala ikkje lenger er i tråd med dei tryggingspolitiske realitetane i Europa i dag. Det var ikkje rørsle i forhandlingane i løpet av 2008, trass i ei rekkje freistnader i den felles samrådsgruppa og andre fora.

CFE-avtala er rettsleg bindande og har verka slik det var meininga. Komponentane i avtala, restriksjonar på konvensjonelle styrkar, openskap gjennom utveksling av informasjon om militær struktur og materiell samt verifikasjon ved inspeksjon av militære avdelingar, kan ikkje erstattast med politiske bindande avtalar. Dersom CFE-avtala fell bort, forsvinn breidda i den openskapen, det innsynet og den gjensidige forståinga som er opparbeidd sidan 1992. Det dårlegare klimaet som følgjer av dette, kan òg få negativ innverknad på Wien-dokumentet av 1999 og avtala om opne luftrom.

Regjeringa ser det som svært viktig å halde ved lag CFE-avtala og å få Russland til å oppheve «suspensjonen» sin. Restriksjonane på russiske og andre land si utplassering av styrkar i flankeområda i avtala er ein viktig del av CFE-avtala og den tilpassa CFE-avtala.

I 2008 vart det gjennomført i alt 91 CFE-inspeksjonar. Russland avslo alle inspeksjonar med tilvising til suspensjonen sin. Noreg gjennomførde ein inspeksjon i Ukraina og ein i Aserbajdsjan, men tok ikkje imot nokon. Aktiviteten vil venteleg halde fram på same nivå så lenge den russiske suspensjonen varer.

5.3 Tryggingssektorreform

OSSE gjer ein stor innsats når det gjeld tryggingssektorreform og medverkar særleg til politireform og politiutdanning, auka demokratisk kontroll med tryggingsstyrkane og justissektorreform. OSSE sitt arbeid på politiområdet omfattar ekspertrådgjeving, fagleg hjelp og utvikling av ansvarlege nasjonale polititenester som hjelper og vernar innbyggjarane. OSSE-sendelaget er òg involvert i utviklinga av nasjonale lovverk i dei respektive vertslanda.

Seksten av OSSE sine sendelag medverka i arbeidet på politiområdet i 2008. Dei største politiprogramma er på Vest-Balkan, men det er etter kvart kome i gang program i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Aust-Europa òg. Arbeidet vert finansiert delvis gjennom frivillige midlar. Noreg har dei siste åra medverka til OSSE sitt arbeid med politireformer i Serbia, Makedonia, Armenia, Georgia og Kirgisistan. Regjeringa vil vidareføre støtta til OSSE sin innsats for tryggingssektorreform.

5.4 Grensetryggleik

På ministermøtet i 2005 vart deltakarlanda samde om eit OSSE-konsept for grensetryggleik og forvalting av grensekontroll. Føremålet med konseptet er å fremje samarbeidet mellom grense- og tollstyresmakter og leggje til rette for rørsle av menneske, varer, tenester og investeringar over landegrensene innanfor lovlege rammer. Deltakarlanda samarbeider om reisedokument og visum, med lette av visumregime som eit langsiktig perspektiv, og vil òg samarbeide om å motarbeide terrortrugsmål og å førebyggje og motarbeide organisert kriminalitet, medrekna handel med menneske, narkotika og våpen og ulovleg migrasjon. I 2006 vart det skipa eit nettverk av nasjonale kontaktpunkt for grensespørsmål for å lette informasjonsutvekslinga mellom deltakarlanda.

I 2007 og 2008 har OSSE hatt eit særleg fokus på grensetryggleik i Sentral-Asia, og særleg når det gjeld grensa mot Afghanistan. Ønsket om å trappe opp OSSE sin innsats til støtte for tiltak for å sikre grensene mellom deltakarlanda i OSSE i Sentral-Asia og Afghanistan er eit viktig element i vedtaket frå 2007 om OSSE sitt engasjement i Afghanistan. Vedtaket legg òg vekt på å trekkje afghanske motpartar sterkare med i verksemda til OSSE, mellom anna i arbeidet med grensetryggleik og grensekontroll.

OSSE er i ferd med å setje i verk ei rekkje prosjekt for å styrkje grensetryggleiken og grenseforvaltinga i dei sentralasiatiske landa, mellom anna ved utarbeiding av nasjonale grensestrategiar, opplæring i patruljeringsverksemd og tollkontroll, samt skiping av eit regionalt senter for grensetryggleik og grenseforvalting i Dusjanbe og eit tilsvarande senter for tollopplæring i Bisjkek. Aktivitetane vil òg kome afghanske tenestemenn til gode.

Tryggleik og stabilitet i Afghanistan på lang sikt er av stor verdi for OSSE-området, og særleg Sentral-Asia, der dei nasjonale kapasitetane er svakast. Smugling av våpen, narkotika og menneske har ein destabiliserande verknad på landa i regionen og har òg ein negativ verknad på Noreg. Regjeringa legg stor vekt på det arbeidet som OSSE gjer på områda grensetryggleik og grenseforvalting. Forutan støtte til eit grensetryggleiksprosjekt i Kviterussland har Noreg i 2008 ytt støtte til prosjekt i Tadsjikistan, Kirgisistan og Turkmenistan.

5.5 Kamp mot organisert kriminalitet

OSSE har dei siste par åra styrkt innsatsen mot organisert kriminalitet. Gjennom organisasjonen sin breie og heilskaplege tilnærming til tryggleik og nærvere i ei rekkje land kan OSSE hjelpe til med langsiktige preventive tiltak. Tilskotet frå organisasjonen ligg særleg i å yte støtte til spesialiserte organisasjonar og deltakarlanda i arbeidet deira med å styrkje kampen mot denne forma for kriminalitet, mellom anna ved nettverksbygging, informasjonsutveksling og kapasitetsbygging.

Noreg har stødd dette arbeidet aktivt og tok i 2007 eit initiativ til eit tettare samarbeid mellom OSSE og FN-kontoret mot narkotika og kriminalitet (UNODC) og gav i 2008 to millionar kroner til eit program for å medverke til at dei sentralasiatiske deltakarlanda vert sett betre i stand til å kunne gjennomføre skyldnadene i FN-konvensjonen for nedkjemping av organisert kriminalitet (Palermo-konvensjonen). Dette arbeidet, som vert avslutta i 2009, har møtt stor interesse i regionen.

5.6 Kamp mot internasjonal terrorisme

FNs tryggingsrådsresolusjonar, protokollar og konvensjonar utgjer det juridiske og politiske rammeverket for OSSE sitt arbeid mot terrorisme. OSSE si rolle er å medverke til å auke medvitet og kunnskapen om dei problema ein står overfor i innsatsen mot internasjonal terrorisme i OSSE-regionen. Vidare medverkar organisasjonen til å skape politisk tilslutnad til nye initiativ og tener som plattform for samarbeid mellom tekniske ekspertar frå deltakarlanda og spesialorganisasjonar. Føremålet er å stimulere til internasjonalt samarbeid og finne mottiltak mot terrorisme samt å forhindre dobbeltarbeid gjennom samarbeid med andre regionale institusjonar. OSSE har dei siste par åra fokusert særleg på korleis offentlege og private aktørar kan samarbeide for å motarbeide terrorisme, og ein større konferanse med deltakarar frå private selskap og frå styresmaktene i deltakarlanda vart halde i Wien i 2008. Søkjeljoset har òg vorte sett på å kome fram til tiltak mot valdeleg ekstremisme og radikalisering som kan føre til terrorisme. På ministermøtet i Helsingfors i desember 2008 vedtok utanriksministrane å vidareføre OSSE sitt arbeid mot terrorisme langs desse linene. Dette er eit arbeid regjeringa framleis vil stø opp om.

Til forsida