St.meld. nr. 29 (2007-2008)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2007, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

2 Dei politiske rammene for eksportkontrollen

Ansvaret for utførsel av våpen, militært materiell og militær teknologi kviler på kvart land og er nedfelt i FN-pakta artikkel 51. Roma-traktaten slår fast at avgjerder om eksport av forsvarsmateriell skal takast på nasjonalt grunnlag. Samstundes har ønsket om større internasjonalt ansvar når det gjeld avgjerder om våpenleveransar, ført til at det med tida har vakse fram eit internasjonalt politisk samarbeid på dette området.

I Noreg har det i heile etterkrigstida vore brei politisk semje om kontrollen med eksport av forsvarsmateriell. Det politiske grunnlaget er regjeringserklæringa frå 11. mars 1959, som slår fast at «det skal ved avgjørelsen legges vekt på de utenriks- og innenrikspolitiske vurderinger, og hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig». I vedtak same dagen tek Stortinget «til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en nøye vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted». Vurderinga som Utanriksdepartementet gjer i denne samanhengen, omfattar ei rekkje politiske og tekniske spørsmål, mellom anna spørsmål knytte til demokratiske rettar og respekten for dei grunnleggjande menneskerettane, jf òg st.meld. nr. 43 (1997–98), nr. 45 (2000–2001), nr. 29 (2001–2002), nr. 35 (2002–2003), nr. 36 (2004–2005) og nr. 19 (2005–2006).

Eit samrøystes Storting slutta seg til ei presisering som Bondevik I-regjeringa gjorde i 1997 om at «Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter». Regjeringa vedtok i 2008 å ta denne presiseringa inn i Utanriksdepartementet sine retningslinjer for vurdering av søknader om eksport av våpen, ammunisjon og anna militært materiell.

I tillegg til 1959-vedtaket og presiseringa frå 1997 har Noreg slutta seg til politiske retningslinjer som er fastlagde i relevante internasjonale forum. Dette legg føringar for vurderinga av søknader om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg.

Wassenaar-samarbeidet (WA) er det einaste multilaterale eksportkontrollsamarbeidet som er retta mot konvensjonelle våpen og militært materiell. Det politiske hovudprinsippet er at dei 39 medlemslanda gjennom nasjonal praksis skal medverke til auka regional og internasjonal tryggleik og stabilitet ved å leggje til rette for større innsyn og ansvarleggjering ved leveransar av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi, og mellom anna hindre destabiliserande akkumulering av militær slagkraft. WA tek òg sikte på å hindre terroristar og terrorgrupper i å få tilgang til konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi.

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for våpeneksport i 1998. I 2004 blei det inngått ein avtale med EU om eit nærmare samarbeid innanfor ramma av kodeksen, mellom anna regelmessig utveksling av informasjon om bruken av dei åtte kriteria i kodeksen når det gjeld vurdering av søknader om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg.

Kriteria gjeld ei rekkje sider ved situasjonen i mottakarlandet, m.a. når det gjeld demokratiske rettar, menneskerettane og tryggingspolitiske forhold. Kriteria ligg til grunn for vurderinga av om ein leveranse av våpen eller anna militært materiell kan finne stad. Det blir gjort nærmare greie for EU-kodeksen og dei åtte kriteria i kapittel 3.7.

Noreg legg stor vekt på gjennomføring av internasjonale standardar og på ansvarleg praktisering av det nasjonale regelverket for eksportkontroll. Det norske regelverket oppfyller både den politiske målsetjinga for WA og EU-kodeksen.

Søknader om eksport av fleirbruksvarer til militære sluttbrukarar blir behandla etter dei same prinsippa som kategori B-materiell. I kapittel 7 er det gjort nærmare greie for saksbehandlinga i Utanriksdepartementet når det gjeld søknader om eksport av strategiske varer.

Det internasjonale eksportkontroll- og ikkje-spreiingssamarbeidet er nærmare omtalt i kapittel 4 i meldinga.

Til forsida