St.meld. nr. 29 (2007-2008)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2007, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

6 Det nasjonale eksportkontrollapparatet

Utanriksdepartementet er nasjonal styresmakt og forvaltningsorgan for eksportkontrollen. Etter ein særskild kongeleg resolusjon har departementet fullmakt til å administrere eksportkontrollova og utarbeide forskrifter og retningslinjer.

I tillegg til politiske spørsmål, regelverket og deltakinga i det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet har Utanriksdepartementet ansvaret for lisensiering av både forsvarsmateriell og fleirbruksvarer (lisensieringsmynde). Departementet har òg ansvaret for å samordne den nasjonale innsatsen på eksportkontrollområdet. Det nasjonale eksportkontrollapparatet omfattar Tollvesenet, Politiets tryggingsteneste (PST) og Forsvaret. I enkelte saker kan det i tillegg vere aktuelt å samarbeide med andre etatar, særleg Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Institutt for energiteknikk (IFE) eller Statens strålevern.

Tollvesenet er ansvarleg for handhevinga av eksportkontrollen, PST for førebygging og etterforsking av mogelege brot på regelverket.

Auka oppgåver, mellom anna fleire og meir komplekse saker, krev tett samarbeid mellom involverte etatar. Utanriksdepartementet eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei involverte instansane med sikte på best mogeleg koordinering. Eit anna formål er å sikre god kompetanse- og ressursutnytting. Gruppa møtest jamleg.

I politilova av 4. august 1995 nr. 54 ble det i endring av 15. juni 2001 (§ 17b) m.a. lagt til at PST skal førebyggje og etterforske spreiing av masseøydeleggingsvåpen og av utstyr, materiale og teknologi for produksjon eller bruk av slike våpen. Vidare skal PST førebyggje og etterforske brot på føresegner i eller i medhald av lov om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. og lov til gjennomføring av bindende vedtak av De forente nasjoners Sikkerhetsråd eller anna lovgiving om tilsvarande særtiltak.

PST gjennomfører ein landsomfattande førebyggingsaktivitet retta mot relevante bedrifter, offentlege instansar, akademiske institusjonar og forskingssenter. Formålet er å informere om faren for spreiing av masseøydeleggingsvåpen og for ulovleg anskaffing av utstyr, teknologi og kunnskap til program for utvikling av slike våpen eller leveringsmiddel.

I tillegg til dei kontrollane Tollvesenet utfører på eige initiativ, samarbeider Utanriksdepartementet og PST med Tollvesenet om kontrollarbeidet. Slik kontroll kan gjelde verifikasjon av utførselsdokument og fraktdokument eller fysisk kontroll av varene. Ved gjennomgang av bedriftsrekneskapar skal Tollvesenet dessutan kontrollere dokument som gjeld den eksporten bedriftene har gjennomført. Vidare har PST og Tollvesenet styrkt samarbeidet om eksportkontroll i distrikta.

Ved fysisk tollkontroll, vurdering av tekniske eigenskapar og bruksområde for produkt, teknologi eller tenester kan det trekkjast vekslar på ekspertise hos FFI eller IFE.

Som resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale eksportkontrollregima har Utanriksdepartementet etablert ein database over utanlandske importørar og brukarar som det knyter seg visse bekymringar til i spreiingssamanheng. Denne databasen er tilgjengeleg for Tollvesenet, og planlagd utførsel til desse mottakarane kan dermed oppdagast og undersøkjast nærmare. Databasen blir oppdatert jamleg.

Til forsida