St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

2 Sluttkommuniké frå utanriksministermøtet i Det nordatlantiske rådet i Brussel 9. desember 2004

I dag vurderte vi framdrifta i gjennomføringa av vedtaka på Istanbul-toppmøtet, drøfta dei viktigaste tryggingsutfordringane som alliansen står overfor, og vedtok tiltak for å styrkje allianseoperasjonane. Vi stadfestar den varige verdien av det transatlantiske sambandet og av NATO som grunnlaget for det kollektive forsvaret vårt og det viktigaste forumet for tryggingssamråd mellom Europa og Nord-Amerika for å forsvare vår felles tryggleik og felles verdiar. Vi fordømmer sterkt terrorisme, same kva motivet for han er og same kva form han har, og vil nedkjempe han saman så lenge som det krevst.

Å medverke til fred, stabilitet og demokrati i Afghanistan, gjennom den FN-mandaterte, NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken, er framleis den høgast prioriterte oppgåva til alliansen. Vi ønskjer velkomen framgangen som alt er gjort for å gjennomføre vedtaket vårt om å utvide ISAF-nærværet til dei vestlege delane av landet, og er fastrådde på å akselerere denne utvidinga for å hjelpe den afghanske regjeringa med å møte utfordringane kring nasjonalforsamlingsvalet, som det er planlagt skal haldast neste vår. Som ved presidentvalet 9. oktober vedtok vi òg å gje ekstra støtte ved nasjonalforsamlingsvalet. Engasjementet vårt, innanfor mandatet til ISAF og i samarbeid med andre internasjonale organisasjonar og operasjon Enduring Freedom, er avgjerande for å hjelpe og oppmuntre den afghanske regjeringa til å betre tryggleiken til det afghanske folket og til å møte utfordringane med narkotikahandel, med opprørarar og med avvæpning av alle lokale militsar og samtidig gjennomføre atterreising, institusjonsbygging og nasjonal forsoning. Vi står klare til å halde fram dette engasjementet etter den noverande Bonn-prosessen.

Kosovo er inne i ein kritisk periode. Vi oppmodar alle samfunn i Kosovo til å delta i institusjonane der og til å ta sin del av ansvaret for å byggje ei betre, felles framtid. Kosovo, og særleg dei mellombelse sjølvstyreinstitusjonane, må gjere konkret framgang for å oppfylle standardane som er fastsette av det internasjonale samfunnet; denne framgangen vil verte gjennomgått neste år. Ettersom tryggingssituasjonen framleis er skjør, har vi vedteke at KFOR skal halde ved like sin operative kapasitet til vi finn at betre tryggleik og politiske omstende tillèt ei endring. Ein robust KFOR-styrke vil framleis medverke effektivt til eit trygt, stabilt og fleiretnisk Kosovo på grunnlag av tryggingsrådsresolusjon 1244. Vi vil òg framleis samarbeide nært med andre aktørar frå det internasjonale samfunnet, særleg UNMIK, OSSE og Den europeiske unionen. Vi er samde om at NATO bør vere engasjert ikkje berre operasjonelt i regionen, men òg politisk, mellom anna ved å delta i Kontaktgruppa Pluss.

Som vi vart samde om i Istanbul, står vi framleis samla om vår støtte til det irakiske folket og tilbyr den irakiske interimregjeringa fullt samarbeid når ho prøver å styrkje den indre tryggleiken og leggje grunnlaget for val på nasjonalforsamling i 2005. I samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1546 og på oppmoding frå den irakiske interimregjeringa hjelper vi regjeringa ved å gje opplæring og ved å hjelpe til med å utstyre tryggingsstyrkane til interimregjeringa, slik at Irak kan ta på seg fullt ansvar for sin eigen tryggleik så snart som råd. Oppdraget vårt er ulikt, men utfyller likevel andre internasjonale innsatsar. Vi har alt byrja opplæring både i og utanfor landet, og har i dag vorte samde om å forbetre hjelpa vår. Denne forbetra støtta vil mellom anna bestå i å hjelpe regjeringa med å opprette opplærings-, utdannings- og doktrinesenteret utanfor Bagdad, og i å samordne tilboda om utstyr frå NATO-nasjonar og andre land som svar på irakiske oppmodingar. Vi støttar framleis Polen si leiing av den fleirnasjonale divisjonen i det sørlege Midt-Irak.

NATOs langsiktige forplikting til Bosnia-Hercegovina er framleis like sterk. SFOR-oppdraget vårt i dette landet, som er Alliansens aller første fredstryggjande operasjon, er no avslutta på ein vellukka måte. Den europeiske unionen si overtaking av hovudrolla for fredsstabiliseringa med sin operasjon Althea, grunna på Berlin Pluss-ordningane, er ein milestein når det gjeld å utvikle tilhøvet mellom NATO og EU. Eit ganske stort NATO-hovudkvarter i Sarajevo gjev råd om forsvarsreform og gjennomfører dei attståande operative støtteoppgåvene sine i samarbeid med EU som skissert tidlegare.

Vi stadfestar støtta vår til den territorielle integriteten og suvereniteten til alle landa på Vest-Balkan og er framleis forplikta til utviklinga av ein fredeleg, stabil og demokratisk region som er fullt ut integrert i euroatlantiske strukturar. Desse landa må framleis samarbeide i sin eigen region og fremje gode grannetilhøve, finne løysingar som er akseptable for alle, og inngå avtalar om attståande spørsmål. Dei må gjere reformprosessen til sin eigen og byggje varige fleiretniske demokrati, nedkjempe organisert kriminalitet og korrupsjon og sikre rettstryggleiken. Dei må òg samarbeide fullt ut med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), mellom anna ved å stille for retten i Haag alle dei som er tiltala av domstolen, først og fremst Radovan Karadzic og Ratko Mladic men òg Ante Gotovina, slik tryggingsrådsresolusjon 1503 og 1534 krev. I denne samanhengen ser vi med stor uro på den siste vurderinga som Tryggingsrådet i FN har fått frå aktor ved ICTY om korleis vedkomande land samarbeider med henne.

Vi oppmodar Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro om å gjere ytterlegare framgang når det gjeld å oppfylle dei fastsette vilkåra for medlemskap i Partnarskap for fred (PfP). Vi meiner framleis at tryggings- og lovhandhevingsstrukturane i Bosnia-Hercegovina må gjerast betre, slik det vart kravd i Istanbul. Sjølv om Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro har gjort litt framgang sidan Istanbul med omsyn til forsvarsreform, oppfyller ingen av landa dei internasjonale forpliktingane dei har til å samarbeide fullt ut med ICTY. Vi deler den uroa som Høgrepresentanten for Bosnia-Hercegovina nyleg gav uttrykk for, om at dei i Republika Srpska framleis ikkje oppfyller forpliktingane sine, mellom anna etter Dayton/Paris-avtala. Sjølv om vi står klare til å føre ein politisk dialog med begge landa om alle aspekt ved tilhøvet vårt og til å ta dei med i utvalde PfP-aktivitetar, vil vi først handsame søknadene deira om medlemskap i PfP etter at dei har oppfylt dei fastsette vilkåra.

Vi ønskjer velkomen framgangen som Albania, Kroatia og den tidligare Jugoslaviske republikken Makedonia har gjort når det gjeld gjennomføringa av dei nasjonale årsplanane i handlingsplanen for medlemskap, og oppmuntrar dei til å halde fram arbeidet med reformene som krevst på vegen til NATO-medlemskap.

Vi er takksame mot partnarlanda vår for at dei framleis yter tilskot til operasjonane våre. Vi ønskjer velkomen responsen frå mange av partnarane våre på dei nye opningane for samarbeid med NATO som vart avtala på Istanbul-toppmøtet, mellom anna partnarskapshandlingsplanen for bygging av forsvarsinstitusjonar, og framgangen som er gjort når det gjeld å inngå individuelle handlingsplanar for partnarland. Vi ønskjer velkomen at Generalsekretæren oppnemnde ein spesialrepresentant for Sentral-Asia og Kaukasus, og er i gang med å oppnemne NATO-sambandsmenn i desse regionane. Vi ønskjer å styrkje den euroatlantiske partnarskapen ytterlegare og ser fram til det første EAPC-tryggingsforumet i Sverige i mai 2005 som eit viktig nytt steg i samarbeidet vårt.

Vi er fastrådde på å byggje på den aukande politiske dialogen og det sterkare praktiske fokuset på samarbeid mellom NATO og Russland innanfor ramma av NATO-Russland-rådet. Vi oppmuntrar til snarleg russisk tilmelding til PfP-avtala om status for styrkane. Vi ønskjer velkomen at det er semje om NATO-Russland-rådets handlingsplan mot terrorisme og Russlands støtte til operasjonen Active Endeavour, NATOs maritime operasjon i Middelhavet som tek sikte på å medverke til å førebyggje, stanse og forsvare og verne mot terrorisme.

Vi tek opp att forpliktinga vår til CFE-avtala som ein hjørnestein i europeisk tryggleik og til ei snarleg iverksetjing av den tilpassa avtala, som tillèt tilmelding av nye statspartar. Vi minner om at oppfylling av dei attståande Istanbul-forpliktingane med omsyn til republikken Georgia og republikken Moldova vil gjere det mogleg for allierte og andre statspartar for å gå vidare mot ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtala. Gitt mangelen på framgang i 2004 når det gjeld tilbaketrekking av russiske militære styrkar frå republikken Moldova, er det viktig at innsatsen for å fullføre tilbaketrekkinga så snart som råd vert intensivert. Vi bed om at det vert teke opp att substansielle forhandlingar mellom Georgia og Den russiske føderasjonen om å løyse dei attståande spørsmåla i samband med felleserklæringa deira frå Istanbul av 17. november 1999.

Vi legg særleg vekt på tilhøvet mellom NATO og Ukraina slik det vart stadfesta i Istanbul, og følgjer nært utviklinga i landet. Vi oppmodar alle partar til å raskt gjennomføre vallovreformen, som vart vedteken av Verkhovna Rada og underskriven av president Kutsjma 8. desember, og til å sikre at den nye gjennomføringa av den andre runden av presidentvalet 26. desember blir rettferdig, og at resultatet nøye speglar viljen til det ukrainske folket utan innblanding i indre tilhøve i landet. Vi støttar sjølvstendet, suvereniteten og den territorielle integriteten til Ukraina og oppmodar alle sider til å unngå vald og til å fremje demokrati. Dei ukrainske styremaktene har eit særleg ansvar i denne samanhengen.

I går feira vi tiårsdagen for Middelhavsdialogen og heldt det aller første møtet på ministernivå med middelhavspartnarane våre. Vi ønskjer velkomen og deler deira interesse i å skape ein meir ambisiøs og utvida partnarskap ved å utdjupe det politiske samrådet og praktiske samarbeidet vårt i ei ånd av felles eigarskap og inklusivitet. Vi set pris på interessa som fleire middelhavspartnarar har vist for å støtte operasjonen Active Endeavour.

Vi ønskjer velkomen den veksande interessa som ei rekkje land i Golfsamarbeidsrådet har vist for Istanbulinitiativet. Vi ser fram til å byggje tilhøve med interesserte land i ei ånd av felles eigarskap og til å utvikle og gjennomføre, saman med dei, arbeidsplanar som fokuserer på dei områda der NATO kan tilføre verdi, på grunnlag av avtala vår i Istanbul.

Støtta frå nasjonalforsamlingane våre er framleis avgjerande for gjennomføringa av agendaen til Alliansen. Vi applauderer fellesmøtet av parlamentarikarforsamlinga i NATO i plenum og Det faste nordatlantiske rådet i Venezia i november.

På Istanbul-toppmøtet la leiarane i alliansen fram eit breitt program for omdanning. Vi ønskjer velkomen det pågåande arbeidet med å føre det vidare, mellom anna ved å forbetre NATO-leiinga og finansieringsordningar. Vi er òg takksame mot regjeringa i Belgia for å leie bygginga av det nye NATO-hovudkvarteret, som vil verte ein høveleg stad å føre vidare arbeidet til alliansen i framtida.

Til forsida