St.meld. nr. 36 (2002-2003)

Noregs deltaking i Europarådet i 2002

Til innhaldsliste

2 Det politiske samarbeidet

2.1 Europarådet - snart ein alleuropeisk organisasjon

Europarådet har i dag 44 medlemsland. Land som ikkje er medlemmer er Serbia og Montenegro (Jugoslavia), Monaco, Kviterussland og Vatikanet. Søknader om medlemskap frå Serbia og Montenegro og Monaco er under behandling. Vatikanet er observatør. Behandlinga av søknaden frå Kviterussland er suspendert på grunn av dei innanrikspolitiske tilhøva i landet. Bosnia-Hercegovina vart medlem i april 2002. Dei grunnleggjande vilkåra for medlemskap i Europarådet er eit fungerande demokratisk styresett med frie val, respekt for rettsstatsprinsippa og vern om menneskerettane, medrekna minoritetsvern. Ei av hovudutfordringane for organisasjonen er at mange av desse landa enno har eit godt stykke igjen før vilkåra er oppfylte.

Dei politiske hovudorgana i Europarådet er ministerkomitéen og parlamentarikarforsamlinga. Ministerkomitéen består av utanriksministrane i medlemslanda og møter to gonger i året. Ei omlegging til årlege i staden for halvårlege møte er under vurdering. Noreg er positiv til ei slik reform då det har vore dårleg deltaking på politisk nivå frå hovudstadene. Eit forsøk på å dreie møta i retning av meir politisk debatt er ønskjeleg også sett frå norsk side. Mellom møta i ministerkomitéen har komitéen av faste representantar fullmakt til å gjere vedtak på vegner av Europarådet. I komitéen av faste representantar, som normalt møter ein gong i veka, sit dei faste representantane (ambassadørane) for medlemslanda i Strasbourg.

Parlamentarikarforsamlinga er samansett av representantar for nasjonalforsamlingane i medlemslanda og har ein rådgjevande funksjon i høve til ministerkomitéen. Forsamlinga har fire sesjonar i året, kvar på ei veke. Den norske delegasjonen til parlamentarikarforsamlinga omfattar ti stortingsrepresentantar - fem medlemmer og fem varamedlemmer. Konflikten i Tsjetsjenia stod også i 2002 sentralt i arbeidet til parlamentarikarane. Forsamlinga har jamleg utarbeidd rapportar om den politiske situasjonen i Tsjetsjenia, og har i 2002 retta skarp kritikk mot måten russiske styresmakter har handtert konflikten på og mot framferda til dei russiske styrkane i Tsjetsjenia. Medlemskapssøknaden frå det tidlegare Jugoslavia har òg stått sentralt i arbeidet i parlamentarikarforsamlinga.

Den europeiske menneskerettsdomstolen er Europarådets hovudorgan for å sjå til at medlemslanda etterlever Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som tok til å gjelde i 1953. I domstolen sit ein dommar frå kvart av medlemslanda. Som nemnt i innleiinga er situasjonen i domstolen kritisk då mengda av saker som kjem inn er langt større enn domstolen har kapasitet til. Reformarbeidet i domstolen er i gang, og ein rapport om dette vil bli lagd fram på ministerkomitémøtet i mai 2003.

Eit anna sentralt europarådsorgan er Kongressen for lokale og regionale styresmakter, som møtest ein gong i året og som består av representantar for kommunale og regionale styresmakter i medlemslanda. Kongressen arbeider for å fremje samarbeidsprosjekt på lokalt og regionalt nivå, med særleg vekt på oppbygging av lokale styresmakter i dei nye medlemslanda. Frå Noreg deltek representantar frå Kommunenes Sentralforbund. Politisk leiar i KS, Halvdan Skard, leier den eine av dei to avdelingane i kongressen (lokale styresmakter). Ei av hovudsakene i 2002 har vore konsekvensane av visumplikt for borgarane i Kaliningrad når nabolanda blir ein del av Schengenområdet.

Europarådets utviklingsbank (CEB) 1 er ei vidareføring av det tidlegare europeiske sosialfondet. Banken har 35 medlemsland og gjev lån til prosjekt innan flyktning- og asylspørsmål, utvikling av små og mellomstore bedrifter, utbygging av helse- og sosialsektoren og støtte til offer for miljøkatastrofar. Banken prioriterer dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Kapitalen i banken vart i 2001 utvida med 1,85 milliardar euro. Noreg skaut inn 21,2 millionar euro i denne utvidinga.

Utviklinga i Europarådet går i retning av ein fullt ut alleuropeisk organisasjon. Dette er ei utvikling vi støttar frå norsk side, samtidig som vi er opptekne av å verne om Europarådets eigenart og verdigrunnlag. Europarådet er aktivt på politikkområde som er sentrale for medlemslanda. Ei hovudoppgåve i åra som kjem, også under den norske formannskapen i 2004, vil vere å vidareføre arbeidet i Europarådet på ein meiningsfull måte, samtidig som rolla til organisasjonen må bli klart definert, ikkje minst i høve til det utvida EU.

2.2 Det 110. og det 111. ministerkomitémøtet

Det 110. ministerkomitémøtet vart avvikla i Vilnius 2.-3. mai 2002, der Luxembourg overtok formannskapen for det neste halvåret etter Litauen. Ministrane diskuterte felles tiltak mot terrorisme, regionalt samarbeid i Europa og eit eventuelt tredje toppmøte. På møtet vedtok ministrane ein konvensjon om kontakt mellom born og pårørande. Denne er ikkje underteikna av Noreg då konvensjonen ikkje er i samsvar med norsk politikk på området. Noreg meiner at det vert fokusert for mykje på dei vaksne og for lite på borna i dette spørsmålet.

Det 111. ministerkomitémøtet vart halde i Strasbourg 6.-7. november 2002, der Malta tok over formannskapen. Hovudtema for møtet var effektiviseringsbehovet ved menneskerettsdomstolen, kampen mot internasjonal terrorisme, eit eventuelt tredje toppmøte og medlemskapssøknaden frå Jugoslavia. Ministrane oppmoda Europarådet om å arbeide med konkrete tiltak for ei domstolsreform slik at substansielle vedtak kan gjerast på det neste ministerkomitémøtet i mai 2003. Noreg gav i sitt innlegg under møtet klart uttrykk for at ein også måtte vurdere radikale tiltak for å betre situasjonen ved domstolen.

På dei to ministerkomitémøta i 2002 var den politiske deltakinga låg. Dette er dessverre ein vedvarande trend. Det vert diskutert om ein skal redusere møtefrekvensen til eitt møte per år og samtidig gjere møta meir politisk interessante. Skal Europarådet kunne oppretthalde sin posisjon i høve til andre organisasjonar, er dette spørsmål som medlemslanda må gjere noko med.

2.3 Utviklinga i medlemslanda og søkjarlanda

Som i 2001 har Europarådet i 2002 hatt situasjonen i Tsjetsjenia kontinuerleg på dagsordenen. Ved utgangen av 2002 var det framleis grunn til djup uro over forholda i utbrytarrepublikken. Ministerkomitéen har dessutan følgt nøye med på den bekymringsfulle utviklinga i Armenia og Aserbajdsjan etter at landa vart medlemmer av Europarådet i januar 2001. Utviklinga på Balkan har også stått sentralt i arbeidet i komitéen av faste representantar, og Europarådet sende valobservatørar til Bosnia-Hercegovina og til Kosovo under vala i fjor. Bosnia-Hercegovina vart teke opp som medlem i Europarådet i april 2002. Jugoslavia (Serbia og Montenegro) oppfylte ikkje vilkåra for medlemskap i 2002.

I tillegg til den vedvarande debatten om aktuelle politiske spørsmål i medlemslanda har ministerkomitéen etablert ein meir systematisk kontrollmekanisme for å sjå til at medlemslanda oppfyller pliktene sine innanfor kjerneområda til Europarådet. På grunnlag av innspel frå medlemslanda utarbeider generalsekretæren rapportar om medlemslanda på spesifikke felt innanfor kjerneområda. På grunnlag av rapportane vert situasjonen vurdert på lukka møte i komitéen av faste representantar. Konklusjonane frå desse møta gjev viktige retningsliner for bistandsprogramma til Europarådet. Mange land, deriblant Noreg, er misnøgde med overvakingsmekanismen. På grunn av likebehandlingsprinsippet medfører denne etter norsk syn ei sløsing med ressursar ved at overvakingstiltak vert sette i verk mot alle land og ikkje berre der behova synest størst. Vidare blir det som kjem fram om resultata av overvakinga under gjennomgangen i ministerkomitéen ofte ikkje tydeleg og sterkt nok poengtert overfor det aktuelle landet.

Kaukasus

Armenia og Aserbajdsjan vart begge tekne opp som medlemmer i Europarådet i januar 2001. Veneziakommisjonen er engasjert i begge landa og hjelper til i reformprosessen. Komitéen av faste representantar har sett ned ei eiga overvakingsgruppe som har fått i oppgåve å sjå til at landa oppfyller dei pliktene Europarådet pålegg medlemslanda. Europarådet har oppretta eigne rådgjevingskontor i Jerevan og Baku.

Trass i at landa forplikta seg til å arbeide aktivt for ei løysing på den langvarige konflikten i Nagorno-Karabakh, er partane ikkje komne nærare ei løysing.

Konflikten i Tsjetsjenia har også i 2002 vore følgd med stor merksemd og uro i Europarådet, og dei ulike organa i rådet har hatt ein kontinuerleg dialog med russiske styresmakter om situasjonen. Europarådet har sidan våren 2000 hatt tre ekspertar ved kontoret til president Putins representant for menneskerettar i Tsjetsjenia, Abdul-Khakim Sultygov. Ministerkomitéen får regelmessige rapportar frå kontoret, og Sultygov har vore til stades ved eit møte i komitéen av faste representantar, der han orienterte om arbeidet ved kontoret og situasjonen i delrepublikken. Parlamentarikarforsamlinga har arbeidd vidare med å finne ei politisk løysing på konflikten i Tsjetsjenia, og konflikten har vore drøfta på alle sesjonar i 2002. Arbeidsgruppa i parlamentarikarforsamlinga, med representantar frå parlamentarikarforsamlinga og representantar frå den russiske Statsdumaen, hadde fleire møte i 2002 og besøkte også Tsjetsjenia, der ein hadde møte med lokale styresmakter. Gruppa har til mandat å medverke til å finne ei politisk løysing på konflikten, fremje menneskerettane i regionen og bidra til å betre den humanitære situasjonen.

Europarådet har fått ei viktigare rolle i Tsjetsjenia etter at mandatet for OSSE-nærværet tok slutt ved utgangen av 2002. Det ser ikkje ut til at dette blir fornya med det første. Europarådet er dermed den einaste internasjonale organisasjonen som har eit nærvær i republikken. Dette legg eit stort ansvar på Europarådet og er eit synleg teikn på at Europarådet framleis har ei politisk rolle. I mars 2003 skal det haldast folkerøysting om ny grunnlov for Tsjetsjenia.

Balkan

Europarådet har også i 2002 lagt ned eit stort arbeid i prosessen med å stabilisere dei politiske tilhøva på Balkan. Mykje av dette arbeidet har skjedd innanfor ramma av Stabilitetspakta for Søraust-Europa, men Europarådet har også gjennomført eigne program i regionen. Europarådet har etablert eigne kontor, som er samlokaliserte med feltkontora til OSSE i Beograd, Pristina, Sarajevo, Mostar, Podgorica, Skopje og Tirana. Den vanskelege situasjonen i delar av Kaukasus og Europarådets omfattande engasjement der sette arbeidet på Balkan litt i skuggen i 2002, men det vil framleis vere ei stor utfordring å skape stabile forhold på Balkan. Assistanse innan politiarbeid og arbeid knytt til utviklinga av rettsstaten står som store og viktige oppgåver. Europarådet har eit særleg ansvar på det sistnemnde feltet.

Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet vedtok i 2002 å stette medlemskapssøknaden frå Jugoslavia på den føresetnad at unionsavtalen mellom Serbia og Montenegro vart ferdigforhandla og vedteken. I tillegg stilte ministerkomitéen krav om eit meir aktivt samarbeid med Den internasjonale straffedomstolen for Jugoslavia. Noreg støtta desse krava fullt ut. Det er venta at Jugoslavia (no Serbia og Montenegro) vert medlem i Europarådet i løpet av 2003. Frå norsk side legg vi stor vekt på dette. Europarådet oppretta eige kontor i Beograd i januar 2001.

Europarådet har vore til stades i Kosovo sidan krigshandlingane tok slutt, i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1244 om Kosovo. Sidan august 1999 har Europarådet hatt eige kontor i Pristina. I samarbeid med mellom anna FNs sendelag i Kosovo (UNMIK) og OSSE har Europarådet vore engasjert i prosjekt under stabilitetspakta knytte til utviklinga av lovgjeving, omstrukturering av rettsvesenet, trening av politistyrkar, utvikling av lokale styresmakter, utvikling av utdanningssystemet, vern av minoritetar, utarbeiding av vallov og folkeregistrering. Europarådet var sterkt involvert i prosessen før og under lokalvala hausten 2002.

I Bosnia-Hercegovina har Europarådet arbeidd for å få gjennomført dei sivile sidene av Dayton-avtalen. Målsetjinga har vore å hjelpe landet med å oppfylle krava til medlemskap i Europarådet. Organisasjonen yter mellom anna juridisk hjelp til reform av lovgjevinga. Det er etablert kontor i Sarajevo og Mostar. Europarådet har overoppsyn med at Den europeiske menneskerettskonvensjonen blir praktisert som nasjonal lov. Europarådet har også hatt ansvaret for opprettinga av Menneskerettskammeret for Bosnia-Hercegovina. Kammeret har kompetanse som ein domstol og dømmer i saker der enkeltindivid, frivillige organisasjonar eller ein av partane i Dayton-avtalen har klaga inn brot på menneskerettane.

Som eit resultat av gjennomføringa av nødvendige reformer og ei positiv politisk utvikling, særleg i siste halvår 2001, gav parlamentarikarforsamlinga i Europarådet klarsignal til at Bosnia-Hercegovina kunne melde seg inn i Europarådet, og landet vart medlem i april 2002.

Stabilitetspakta for Søraust-Europa er eit samarbeidsprogram mellom alle internasjonale organisasjonar som er engasjerte i regionen, mellom anna EU, OSSE og Europarådet, og er med dette svært viktig for Noreg, også som ramme for prosjektbistand. Pakta har som målsetjing å styrkje det politiske og økonomiske samarbeidet mellom landa i regionen og leggje til rette for integrering av landa i europeiske samarbeidsstrukturar. Det vert lagt stor vekt på å involvere dei aktuelle landa aktivt i arbeidet gjennom opprettinga av såkalla regionale bord. Europarådet konsentrerer sitt engasjement om følgjande hovudområde: utvikling av lovgjeving som er i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen og andre sentrale europarådsinstrument, styrking av lokalt demokrati og desentralisert samarbeid, oppretting av ombodsmannsinstitusjonar, oppbygging av fleirkulturelle samfunn som sikrar respekt for nasjonale minoritetar, styrking av ytringsfridom og frie media, utvikling av utdanningssystem bygde på demokratiske verdiar, likestillingsspørsmål, kamp mot organisert kriminalitet og korrupsjon, fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling. Dagsordenen er ambisiøs, men er uttrykk for prioriteringar som er grunnleggjande for arbeidet i Europarådet. Dette er heilt i tråd med norske prioriteringar.

2.4 Europarådets arbeid mot internasjonal terrorisme

Som ei følgje av terrorhandlingane i USA 11. september 2001 tok generalsekretæren i Europarådet initiativ til ein handlingsplan med den målsetjing å få i gang interkulturell og interreligiøs dialog for å fremje toleranse og forståing mellom ulike samfunnsgrupper. Dette arbeidet vart følgt opp i 2002. Europarådet vil i første rekkje kunne medverke på dei områda der det har mest kompetanse og erfaring, som til dømes demokratiutvikling og utvikling av rettsstaten. Det er brei semje om at dette arbeidet må gå føre seg i nært samarbeid med andre organisasjonar som EU, OSSE og FN for å oppnå konkrete resultat og for å unngå dobbeltarbeid. Dette er ei sak som vi har vore opptekne av frå norsk side.

Det vart òg sett ned ei ekspertgruppe som har gått gjennom gjeldande europarådskonvensjonar med sikte på å oppdatere desse som middel i kampen mot internasjonal terrorisme. Rapporten frå gruppa vart lagd fram for ministerkomitéen på møtet i mai. Utkast til ein protokoll som oppdaterer den europeiske konvensjonen om kamp mot terrorisme frå 1977, vart lagt fram på ministerkomitémøtet i november.

2.5 Samarbeidet med andre organisasjonar

Europarådet og EU møtest to gonger i året til konsultasjonar i såkalla høgnivåmøte. På høgnivåmøta i 2002 diskuterte ein først og fremst EU-charteret for grunnleggjande borgarrettar, som Europarådet er sterkt oppteke av. Bakgrunnen for dette er uro over at eit slikt charter kan vere med på å svekkje Den europeiske menneskerettskonvensjonen dersom det får rettsleg bindande kraft. Det vil då oppstå ein situasjon med to parallelle rettslege system for vern om menneskerettane i Europa. Parlamentarikarforsamlinga og generalsekretæren har føreslått at EU formelt tiltrer som part i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Dette spørsmålet vert vurdert av EU-konventet.

Samarbeidet mellom OSSE og Europarådet fokuserer særleg på demokrati, menneskerettar inkludert minoritetsrettar og styrking av rettsstatsprinsippa. Det vert lagt vekt på at samarbeidet mellom dei to organisasjonane skal vere saksorientert. OSSE har sin styrke i det preventive diplomatiet og i evna til å handle raskt i felten ved hjelp av sine institusjonar og sendelag, mens Europarådet først og fremst arbeider i djupna med juridiske instrument og ekspertise for å medverke til langsiktig demokratisk utvikling. OSSE og Europarådet har hatt eit spesielt godt samarbeid i Kosovo, ikkje minst ved gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1244. På politisk nivå samarbeider dei to organisasjonane mellom anna i form av høgnivåmøte.

Samarbeidet mellom Europarådet og FN fekk eit gjennombrot i år 2000, då FNs generalsekretær Kofi Annan gjesta Strasbourg. I 2002 har samarbeidet halde fram på hovudområda til Europarådet, dvs. demokratibygging, menneskerettar og rettsstatsprinsipp. Det vert samarbeidd med fleire av særorganisasjonane i FN og i ei rekkje land, framfor alt på Balkan. Europarådet deltek kvart år på generalforsamlinga i FN i New York, og samarbeidet er oppført som eige dagsordenpunkt. Det vert kvart år fremja ein resolusjon om samarbeidet.

Europarådet har opp gjennom åra utvikla nære kontaktar med ei rekkje internasjonale ikkje-statlege organisasjonar som er aktive på Europarådet sine fagområde. Rundt 400 organisasjonar har status som samarbeidsorganisasjonar hos Europarådet. Samarbeidet med ikkje-statlege organisasjonar er særleg godt utvikla innanfor arbeidet med ungdom. Alt dette medverkar i vesentleg grad til å understreke kor viktig samarbeidet innanfor Europarådet er.

2.6 Europarådets budsjett

Europarådet har dei siste åra hatt null realvekst i sine budsjett. Storbritannia, Russland og Frankrike er av dei landa som ikkje har ønskt vekst i Europarådet sine budsjett. På grunn av den kritiske situasjonen i Den europeiske menneskerettsdomstolen er det likevel i stor grad semje om at budsjettet for domstolen bør aukast noko for å kunne gjennomføre ein nødvendig reformprosess. Ikkje minst av denne grunn har Noreg gått inn for auka budsjett til Europarådet.

Dei fem største bidragsytarane til Europarådet - Frankrike, Italia, Storbritannia, Tyskland og Russland - dekkjer kvar 12,8 % eller til saman 64 % av organisasjonens ordinære budsjett. Det ordinære budsjettet var i 2002 på 169 millionar euro, der Noreg stod for 2 332 470 euro eller 1,4 % av Europarådets totale budsjett. Medrekna finansiering av pensjonar og delavtalar som Noreg er med i, betalte Noreg til saman 3 174 390 euro. I tillegg til denne budsjettdelen ytte Noreg støtte til ulike prosjekt i europarådsregi. Frivillige norske bidrag til Europarådet i 2002 utgjorde såleis 370 758 euro.

Fotnotar

1.

Informasjon om Europarådets utviklingsbank (CEB) er å finne på Internett: www.coebank.org

Til forsida