St.meld. nr. 36 (2008-2009)

Det gode innkjøp

Til innhaldsliste

2 Fakta om offentlege innkjøp

2.1 Tal frå Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeider årleg statistikk over offentlege innkjøp brote ned på statsforvaltninga, forsvaret, kommunar, fylkeskommunar, statleg forretningsdrift, kommunal og fylkeskommunal forretningsdrift og oljesektoren. SSBs statistikk over offentlege innkjøp omfattar utgifter til varer, tenester og bruttoinvesteringar i statleg og kommunal forvaltning og forretningsdrift.

I 2007 var det samla talet for offentlege innkjøp, inkludert oljesektoren på om lag 330 milliardar kroner, noko som utgjorde 14,5 prosent av brutto nasjonalprodukt. Utviklinga i dei offentlege innkjøpa har vore som ein kan sjå av tabell 2.1.

Tabell 2.1 

Milliardar kroner
Offentlege innkjøp2001200220032004200520062007
I alt209,2228,1242,1257,7278.5314,3329,9
Offentleg forvaltning174,6184,5192,9204,7212,2232,2251,7
Statsforvaltninga88,8111,7113,4121,2127,1136,7144,8
 Statsforvaltninga eks forsvaret73,694,696,4103,3110,2115,8123,1
 Forsvaret15,217,217,017,816,820,921,8
Kommuneforvaltninga85,872,879,583,585,395,5106,9
 Kommunar61,862,969,173,474,182,992,5
 Fylkeskommunar23,99,910,410,211,212,714,4
Offentleg forretningsdrift34,643,649,253,166,282,178,2
 Statleg eks. oljesektoren5,27,26,19,37,75,57,5
 Oljesektoren23,931,237,737,954,166,357,9
 Kommunal- og fylkesk. forretningsdrift5,45,25,45,94,410,412,8
Offentlege innkjøp i prosent av BNP13,614,915,214,814,314,514,5

2.2 Data frå kunngjeringsdatabasen – Doffin

Doffin er den offisielle databasen for offentlege innkjøp i Noreg. I forskrift om offentlige anskaffelser vert det stilt krav om at oppdragsgivar skal kunngjere konkurransen i Doffin dersom det aktuelle innkjøpet overstig den nasjonale terskelverdien. På frivillig basis er det òg mogleg å kunngjere konkurransar for innkjøp som ikkje er omfatta av kunngjeringskravet i forskrifta. Avtalen om drift og utvikling av Doffin vert forvalta av Difi.

Dersom verdien av innkjøpet overstig EØS-terskelverdiane, skal konkurransen også kunngjerast i EØS-området gjennom den europeiske kunn­gjeringsdatabasen Tenders Electronic Daily (TED). For desse innkjøpa stiller regelverket òg krav om at oppdragsgivar skal kunngjere si avgjerd om kontraktstildeling når konkurransen er avslutta. Regelverket opnar vidare for at oppdragsgivarar kan varsle marknaden om planlagde kommande innkjøp, såkalla «veiledende kunngjøringer».

Datamateriale frå Doffin

Ved å sjå nærmare på den informasjonen som finst i Doffin, er det mogleg å få noko meir innsikt i kva som vert kjøpt, og av kven. Utviklinga i tal kunn­gjeringar frå 2002 til 2008 kan ein sjå i tabell 2.2.

Tabell 2.2 

  2002200320042005200620072008
Nasjonale kunngjeringar5 7357 8678 5378 4416 7267 3397 261
EØS kunngjeringarStatistikk manglar 3 0163 0524 4494 871
Frivillige kunngjeringarTenesta starta sommar 2006170741896

Fylkeskommunal og kommunal administrasjon står for flest kunngjeringar. Fordelinga av kunngjeringar mellom ulike oppdragsgivarar i 2008 kan ein sjå i tabell 2.3.

Tabell 2.3 

Type verksemd   2008
Departement eller underliggjande etat42814 %
Statleg verksemd eller anna nasjonal myndigheit54918 %
Fylkeskommunal/kommunal administrasjon1 21041 %
Offentlegrettsleg organ42714 %
Forsyning1957 %
Anna1605 %
Sum13028100 %

I kunngjeringa må det som skal kjøpast klassifiserast innanfor såkalla CPV-grupper. CPV står for Common Procurement Vocabulary, og er ein internasjonal standard som vert nytta for å beskrive kva som skal skaffast så presist som mogleg. Ei oversikt frå Doffin viser at to hovudgrupper, nemleg kjøp av byggje- og anleggsarbeid, og arkitekt-, ingeniør- og byggeverksemd mv, til saman utgjer over 30 prosent av alle kunngjeringane i EØS-området og nesten 60 prosent av dei nasjonale kunngjeringane.

Datagrunnlaget i Doffin er svakt når det gjeld meir detaljert informasjon om kven som kjøper kva, og frå kva leverandørar. Det er også svært vanskeleg å seie noko sikkert om kva innkjøpsvolum desse kunngjeringane representerer. Dette fordi ei kunngjering om at det er sett i gang konkurranse, berre inneber at oppdragsgivaren har estimert kontraktverdien til å vere over den nasjonale terskelverdien eller EØS-terskelverdien. Kunngjeringa seier i seg sjølv ingenting om kva den estimerte kontraktverdien er sett til, og heller ikkje kva som vert den endelege kontraktverdien. Når det gjeld innkjøp over EØS-terskelverdi, har oppdragsgivar plikt til å kunngjere kontraktresultatet etter at kontrakt er inngått. I desse kunngjeringane skal ein opplyse om kontraktverdien. Tal frå Doffin viser likevel at det er svært få kunngjorde kontraktstildelingar sett i forhold til tal kunngjorde konkurransar. Denne manglande oppfyllinga av plikta til kunngjering av konkurranseresultat gjer det vanskeleg å berekne kor stort innkjøpsvolum kunngjeringane representerer.

I ein rapport som Asplan Viak utarbeidde på oppdrag for Fornyings- og administrasjonsdepartementet i samband med evaluering av nasjonal terskelverdi 1, prøvde ein å berekne kor store innkjøpsvolum som vart omfatta av terskelverdihevinga i 2005, og kva volum som ligg i området mellom 500 000 og 800 000 kroner. Estimat viste at volumet på innkjøp mellom 200 000 og 500 000 kroner er mellom 1,3 og 2,8 prosent av det totale innkjøpsvolumet eller 3 – 6 milliardar kroner årleg basert på 2006-tal frå SSB. Volumet for innkjøp mellom 500 000 og 800 000 kroner vart estimert til å vere mellom 2 – 4 milliardar årlig.

2.3 Styrking av datagrunnlaget

Det er behov for å få betre datagrunnlag om offentlege innkjøp, og det er behov for meir kunnskap om totalt innkjøpsvolum, kven som kjøper, kva som vert kjøpt og frå kva leverandørar. For å betre etterlevinga av plikta til å kunngjere kontraktavgjerder, er det allereie sett i gang ei ordning der kunngjorde konkurransar vert følgde opp med automatisk purring. Dette vil gi eit betre kjeldegrunnlag for å berekne kor store innkjøpsvolum som vert kunngjorde i Doffin. Regjeringa er òg oppteken av å få eit betre datagrunnlag om kva som vert kjøpt inn, kva verksemder/sektorar som står for dei ulike innkjøpa og frå kva leverandørar varen eller tenesta er kjøpt. Behov for meir informasjon trengst òg når ein skal avgjere innretting og oppfølging av ulike satsingsområde, eksempelvis strategi for auka bruk av elektronisk handel som er nærmare omtalt i kapittel 9. For å kunne få eit meir utfyllande og korrekt bilde av offentlege innkjøp i Noreg, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet bedt Difi om å vidareutvikle kunngjeringsskjemaa og datagrunnlaget i Doffin, og lage betre statistikkmetodar.

Regjeringas tiltak

Tiltak 2.1. Regjeringa vil betre datagrunnlaget i ­Doffin,og Difi har sett i gang ei ordning der kunngjorde konkurransar vil bli følgde opp med automatisk purring. Dette vil gi betre datagrunnlag over dei innkjøpsvolum som vert kunngjorde i ­Doffin.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har bedt Difi om å utvikle kunngjeringsskjema, forbetre datagrunnlaget i Doffin og lage statistikk­metodar som gir betre tilrettelagt informasjon om offentlege innkjøp.

Fotnotar

1.

Asplan Viak – Offentlige anskaffelser – nasjonal terskelverdi og tiltak i konkurransefasen, 2008.

Til forsida